Zombie Survival Guide – med Apokalyptisk Overlevelsesgaranti!

Categories Blogg

Eg tek så absolutt til å merke på kroppen at morgondagen bringer med seg fint lite godt. Det skulle då strengt tatt vere umogleg å vere SÅ pysete som det eg er?! “Normale” mennesker tenkjer med angst og uro på ting som: “Kjem alt til å gå bra?” eller “Vil eg vakne frå narkosen?” eller eventuelt: “Så godt når alt er overstått!”
Ikkje denne dama. Neidå. I min hjerne utspelar følgjande scenario seg:
“Iiiiik! Dei skal stikke meg! Med nåler! Og brodere på magen min! Og så kjem eg til å vakne opp i ei seng og ha kjempevondt! Og det kjem sikkert til å vere kjempevondt kjempelengje!”
Når sånne (eigentleg) filleting er dei største problema ein har her i verda, så er det nesten fristande å håpe ein ikkje vaknar att i det heile. Det er berre flaut å vere så pinglete.
Men eg har teke meg sjølv i handa på at dersom eg faktisk taklar dette, og overlever og returnerar til hus og heim, så skal eg jaggu pierce brystvortene. Jah. Det har eg bestemd, og gubbelusken er særs villeg til å både slå følgje under sjølve stikkinga, og for den saks skuld betale for morroa.

Ein annan ting som er veldig fint når ein har sånn ein fri fantasi som eg er utstyrt med, er alle dei absurde tinga ein gjerne finn på å filosofere over når ein står framfor sånne større revolusjonerande omveltningar i livet sitt. Dagens tema er zombiar.
For kva zombiefilm startar ikkje med at nokon vaknar frå koma eller frå narkose, og verda har gått under? Nemleg. Det er jo sjølve grunnsteinen i zombiefilm-universet!!
Og eg veit ikkje om andre enn meg har lagt merke til det, men borti Ju Naiten (les USA) skjer det ganske mange pussige ting for tida! På kort tid har det vore TO kannibal-situasjonar, og det dukkar opp avkappa lemmar og andre lugubre hendingar både her og der! Det tek jo heilt av!
Det vil i dette tilfellet vere lov å tenkje sitt. Eg tenkjer i alle fall mitt. Men heldigvis er eg godt forberedt på ei zombie-apokalypse.

 

Fyrst vil eg anbefale alle overlevande å på ein eller annan måte kome seg til Sogn. Hald stand anten på Vangsnes, Balestrand, Dragsvik eller Hella, til eg får i gong ei ferje og kan plukke dykk opp. Ikkje stress med å ta med dykk pengar eller andre verdigjenstandar; dette vil seinke flukta for dykk, og vil i framtida bli fullstendig verdilaust. 

Sognefjorden er både djup og relativt roleg, så om me ankrar opp midfjords, vil ingen av zombiane ha moglegheit til å kome seg ombord. Sjølvsagt må me halde strengt vakthald døgnet rundt, og ved den minste mistanke om smitte må individ isolerast.
På sikt er planen å leggje ruta mot ein oljeplattform i Nordsjøen, der det vil vere naudsynt å nedkjempe dei zombiane som eventuelt måtte opphalde seg, men i praksis vil dette vere blant dei tryggaste plassane å søkje tilflukt.

Eit tilbakevendande tema i ein kvar zombieapokalyptisk setting, er kva ein bør ta med seg når ein rømmer hus og heim på flukt frå kjøtetande slekt og naboar. Så i min overlevelsesguide her, vil eg kome med ein kortare presentasjon over ting ein bør prioritere å ta med seg:
Mat
Boksemat er ein fin ting. Alt av tørrvarer som held seg lengje, hermetisert mat og spekemat er fin-fint. Hugs at når folk døyr som fluger, er det lov å rane butikkar! Og sjokolade held seg i tillegg som kjend ganske lengje.
Våpen
Sjølv om skytevåpen er smarte å ha, vil dei tiltrekkje seg andre levande daude når ein fyrer av. Derfor bør desse berre brukast når ein er på trygg avstand, som til dømes ombord i ferja vår om ein invasjon skulle inntreffe. Dei siste åra har heldigvis Hollywood-regisørane byrja å ta til vit, og undervise sjåarane sine betre i kva våpen som er å anbefale, og pil – og boge ruvar høgt på lista over gode alternativ. Alle former for klubber og slagvåpen er òg praktiske. Kniv er heller upraktisk, men du kan klare å skaffe deg nokre kjærkomne ekstra augneblink på denne sida av livet om du har ein kraftig og god kniv. Motorsag anbefalast ikkje, men kan nyttast om dette er einaste alternativ.
Medisin og vatn
Grunnleggjande og viktig! Røsk med deg alt du har av medisin. Gjerne alkohol òg, sidan dette blant anna kan brukast til å sterilisere utstyr! Fyll flasker med vatn, men brus er faktisk å anbefale, sidan det held seg! Men dropp pilsen. Me kan heller rane ein nærbutikk for sånt seinare.

Dropp for all del ting med affeksjonsverdi!! Legg heller fotoalbum og andre ting du gjerne vil sjå igjen i plastkassar/boksar og gøym dei ein lur plass ute i hagen. Når ting roar seg, går det an å gå tilbake og hente dei! Men dette tenkjer jo aldri folk på i filmane. *facepalm* 
Styr unna traffikerte vegområder, noko som ikkje burde bli eit problem om du legg ruta mot Sogn, og hugs at zombiar kun døyr av hovudskader. Kapp av dei toppen eller skyt dei i hovudet. Eventuelt dask dei med alle dei kreftene du har i skallen. Ikkje kast vekk krutt og kuler på å skyte dei i bein og brystkasse.
Og om nokon ser daude ut, så er dei som regel det. Problemet er berre at dei då vanlegvis ikkje ligg i ro i denne settingen, og bør derfor ikkje:

1) Sperrast inne i låvar og fjøs
2) Bli med i følgjet ditt.
3) Få ein klem av deg. Eller andre.
4) Motta fyrstehjelp. Eller munn-til-munn metoden.

Ikkje la deg lure av hotte zombiebabes; they’ll still eat ya!!

 

Så om eg vaknar i eit forlatt operasjonsrom på tysdagen, satsar eg på at me sjåast ved trekant-sambandet ved Sognefjorden innan svært kort tid.  

 
Og om du møter denne karen etter vegen,
så ta han gjerne med på lasset!! Me skal
jo tross alt reprodusere oss på eit eller
anna tidspunkt…!! 

5 kommentarer

5 thoughts on “Zombie Survival Guide – med Apokalyptisk Overlevelsesgaranti!

  1. Haha, du skriver så bra snuppa, gleder meg til den dagen du gir ut bok!! Og jeg mener enda at du er mitt sikreste kort for overlevelse under en invasjon, så jeg kommer løpende fra Østlandet ^^
    MASSE lykke til på operasjon i morgen, ja det gjør vondt å våkne, men så får du så mye fint smertestillende at det går så bra 😉

  2. Støvkorn: Hehe, tusen takk! ^^ Eg håpar eg klarar å få ferdig ei i løpet av sumaren; eg har vore hinsides dårleg til å skrive siste tida! :os

    Men tusen takk! :o) Er faktisk ikkje så redd no som eg skulle tru, men me får sjå korleis utviklinga blir!

  3. Støvkorn: Hihi, eg skal ta imot deg med opne armar! ^^ Og tusen takk! Eg har faktisk tenkt masse på å faktisk få jobba litt med dei bøkene mine i sumar, sidan eg likevel skal sitje her og tvinne tommeltottar mellom måltida! ^^

    *klem klem*

  4. Hihi kjenner jeg nesten gleder meg til all denne vandringen i friluft når apokalypsen. Lars Monsen har jo en del å lære oss også om å finne oss til rette i naturen. Jeg tror vi skulle klart å overleve et par kapitler. Det beste er å ha en slags “brann øvelse” i zombie variant hvor vi gjenskaper et mulig scenario så vi får testet ut alle teoriene. Dvs samle noen hunks for nødvendig reprodusering, kvesse pilene og buene og ta på seg den egnede Tomb Raider outfitten 😀 Du glemte nødvendig “kanonføde” på lista di… Men det er vel kanskje best å ikke røpe for stakkaren før zombiene har trengt en opp i et hjørne og en må ty til reserve løsninger :p

  5. Gabbster: Ssssh! Kanonføden må leve i uvissa!! Så klart! Jiiz baby; og no publiserar du det fullstendig offentleg på nett lzm? Kven vil vere med oss frivilleg no, i og med at dei VEIT dei kan risikere å bli kanonføde? xD

    PS! Eg syns ein sånn zombie-treningsleir er løysninga. Er særleg med på den reproduserings-øvinga, sjølv om Dùnedain og Harelabb sannsynlegvis ikkje blir vidare begeistra! xD

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *