Kirurgisk Post, dag 1

Eg er faktisk skremmande roleg. Eg har dusja og kravla opp i senga, kobla meg på nettet, og fått utlevert ei snerten underbukse som går heilt opp under armane mine, og sannsynlegvis er laga av gassbind. Gassbin? Gasbin? Nuvel. 
Senga mi har fjernkontroll, og eg har allereie eksperimentert med så godt som alle funksjonane, i alle tenkelege kombinasjonar. Eg delar rom med to eldre damer, og ei som skal ta same operasjon som meg i morgon. Skikkeleg tøff dame! Og så er det litt trøyst i at me er to som skal rusle kring her med broderi og slangar i magen! ^^
Dei eldre fruene me delar rom med, er allereie på god veg til draumeland, og dei har utstyrt meg med sovedrops sånn i tilfelle. Slett ikkje dumt, for eg trur ikkje eg hadde fått blund på auga utan!

Eg sjekka inn klokka 18.00 idag, og skal under kniven i morgon klokka 10.30. Fyrst måtte eg opp på vekta igjen, så fekk eg litt info om kva som kom til å skje det neste døgnet, og eg fekk utlevert noko som minna mest om eit byggjesett/leiketøy som me skal lære oss å blåse i, for at lungene skal klare å brette seg på plass igjen etter operasjonen. Så stakk dei meg i magen med noko som klødde noko inn i gamperæva, før dei ga meg brusetablettar mot sure oppstøyt og sånt noko.
Og medan eg låg her og skreiv, kom det ein sjukepleiar innom og titta på handa mi, og sa me fekk sjå om dei kanskje sette i veneflon på meg allereie i kveld! No kan det i tillegg nemnast at eg omtalte den innrettninga som at dei skulle “setje inn teflon” før i kveld, til gubbelusken. Han tykte det var ein fin vri på saka. Akkurat som at eg aldri klarar å hugse at det heiter EPI-DU-RAL, den tingen du får i ryggen når du skal kalve. Eg presterar å kalle det spiral. Og Gunvor syns det kunne blitt særs underhaldande om dei kom trillande med meg inn på fødestova, med nesten full opning og rier herifrå til evigheita, medan eg hylte av full hals at eg ville ha spiral, og det på augneblinken! xD 
Digresjon. Tilbake til veneflonen min, som så langt kanskje er det eg gruar meg ALLER mest til. Eg har ikkje blitt operert sidan eg var 6-7 år gamal og fjerna mandlane og polyppane, og då hugsar eg at det var vondt. Og skummelt. Og at eg måtte grine ein skvett når dei både sette den på meg og tok den ut igjen. 

Tøffe dama i nabosenga får veneflonen sin no. Eg gøymer meg seriøst i klesskapet om dei kjem i mi rettning etterpå og vil setje på ein slik!!
If you need me, I’ll be in the closet. Men det skal ikkje pleiarane vite, så eg gøymer meg offisielt under senga.  

4 kommentarer
    1. Sminköse Line: Tja, ho eg delar rom med blei stukken 3 gongar før dei greidde å få det til!! :O Så eg har bedt om bedøvelseskrem. Skal straxx mase på dei no!
      Glad i deg òg!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg