Det er faktisk irriterande at me har fått utlevert eksamenen vår allereie. Den ligg der og murrar og lurer meg til å tru at eg har ALT under kontroll. BAD EXAM! DOWN! Eg har allereie overlevd TO eksamenar, med glans (i alle fall litt glitter?) og den siste er berre teit, fordi eg anar ikkje kva dei eigentleg vil ha meg til å skrive i besvarelsen på torsdag. Eg kan jo kjempemasse, og eg kan skrive kjempemasse, men eg må plukke ut det aller aller aller viktigaste for ikkje å DØY av skrivekrampe etter fyrste halvtimen!
Så, sidan eg heller går ut i hagen min og prøver å bruke tida på noko fornuftig, så kan alle som ikkje les her kose seg med eit bilete av to søte alpakka’er:
Eg skal nemleg ha meg slike i dyrehagen min òg, eg. Når eg berre får plass! ^^
I går kveld beit eg i det sure eplet, og sette i gong prosessen med å forvandle det noko gufne håret mitt til ein fresh lillatone igjen. Så det er med andre ord duka for x antal dagar med lilla negler. Eg ELSKAR når håret mitt er finfint lilla, men neglene mine suuuug til seg farge, og det ser ikkje så det har ein tendens til å sjå ein smule *isj* ut:
Men dette er siste gongen for no; eg har ikkje lyst å bleike røtene mine igjen på ei stund. Så…frisørtime neste.
Blei det ikkje fancy? Men…kva i alle dagar?! Kva ER det som ligg i halsgropa til denne arachnofobiske dama no!? Det var skremmande likt ein arachnid? Som i arachnofobia? Som igjen går på å vere hysterisk livredd og på krype-hulkande-i-fosterstilling-stadiet så snart ein edderkopp er observert?! Vel, stemmer det! ^^ La oss ta ein nærmare kik:
Jammen santen! Det ER ein edderkopp!! Ikkje så veldig levande, vel og merke, men realistisk? Jah. Eg fann den på gatemarknaden i Ytre Arna idag, og falt pladask. Kjøpte den av ein gjenbruk – og redesign-kunstar som heitte Tone Hansen. Den er berre AWSOME!! (og i tillegg såg halsen min overraskande slank og fin ut på dette bilete, og eg lar cred’n gå til Arakel. Edderkoppen altso. Check out her stuff here: www.i-did-this.info Sjølv om det var vannvittig masse herlege skattar der, set økonomien (og ikkje minst plassmangelen i minihuset vårt!) sine begrensningar. Men -litt- skattar må ein ha med seg heim. Og mine små kupp denne laurdagen, var to skjønne glaskrukker, den eine fylt med pikekyss:
Eg ELSKAR sånne søte nostalgiske glasting! ^^ Og desse smykkene + sjallet kjøpte eg av Lill Henriksen (www.epla.no/shops/bymaligima) som solgte duppedittar med 70% rabatt!
Det var utruleg artig kva folk hadde kome på å lage smykker av! Eg har jo allereie binders-øyredobbar, og det var det fleire som hadde mekka sjølv der. Og så var det smykker med playmo, lego, skruer og mutrar, knappar og…ja, det var kreativt for å sei det mildt! ^^
Eg hadde med meg to schnupper på lasset, som virka som om dei kosa seg veldig! Særleg når dei oppdaga sukkerspinnmaskina og fekk lov å innvistere tungt i godteri-industrien!
Og slush. Ein viktig del av eit variert kosthald.
Og i tillegg var det ein gorilla av ein mann som løfta småungar der! Etter masse fram og tilbake, våga Michelle seg frampå og fekk seg ein tur nærmare stjernene.
Men då regnet byrja så smått å ramle frå oven, pakka dei fleste bodfolka saman og sette kursen heim. Me følgde deira eksempel, og stakk til Åsane. Eg lot meg lokke innom Indiska, og kom ut igjen derifrå med endå meir duppedittar.
Eg falt fullstendig for denne Buddha’en her. Når det kjem til religion/trusrettning, vil eg påstå at buddhistane scorar høgast på val av sjarmerande maskot! xD
Og ein søt te-boks har eg vore på jakt etter lengje. Men Indiska skuffar aldri! ^^
Og det var dagens shopping! Så no kan helgefreden leggja seg for min del.
Eg skjemde meg sjølv vekk med ein ekstra halvtime søvn i dag tidleg, og måtte av den grunn småspringe dobbelt så langt som vanleg til bussen. Men det var verdt det. Sidan eg i utgongspunktet var seint ute, hoppa eg like greit oppi Ed Hardy-uggsane mine (som til mitt forsvar er sånn cirka nesten den einaste design-duppeditten eg eig!) og trava avgarde. Etterkvart tok eg til å merke at det gjorde litt småvondt i hælane mine, og det sette hjernekapasiteten min i sving. For ei tid tilbake las eg ein artikkel som omhandla kor farlege enkelte sko var for beina; blant anna crocs, converse og uggs. Eg hadde tenkt å linke til denne artikkelen, men eg fann den ikkje igjen i farten. So be it. Poenget mitt er uansett at eg alltid har hatt full forståing for kor fæle og livsfarlege høge hælar *høhø* kan vere. Eg har to par høghæla sko, og dei blir sjeldan brukt sidan eg ser ut som Bambi på isen når eg tek dei på. Legg til eit par shots tequila og nokre pils, og du har underhaldning for kvelden. Når ein i tillegg har ein tendens til å gå og sitje som ein mann, burde noko stå klar med komiprisen. Det seier seg sjølv at dette fort kan gå på helsa laus.
Dei pratar om at føtene skal ha støtte i alle rettningar, og demping på hælane, og denslags. Men me blir då ikkje fødd med sko på beina? Så vidt eg veit har det aldri i evolusjonens namn vore tilfelle? Ein gong sprang me då kring, både nakne og berrføte. Og til lengjer nord desse intelligente apekattane emigrerte, til kaldare blei dei på føtene. Så på eit tidspunkt innsåg dei at dei måtte pakke nokre reinsdyrsskinn kring labbane, før dei held fram. Dei kom til Noreg, dei såg at her pøsa regnet ned mesteparten av året, og resten av året forsvinn verda i eit kvitt inferno av snø og is. Merkeleg nok, trass i dette, putta dei reinsdyrsfillene full i mose og halm, og bestemde seg for at “HER vil me bu!”
Og strengt tatt er vel ikkje mine uggs så veldig ulike desse eksemplara her?
Etter litt flittig bruk med google, kom eg fram til at verda vår faktisk er blitt for flat. Vegane våre er flate (jah, prøv å ta dykk ein tur til Sogn! ^^) golva våre er flate, og det er høgst sjeldan at me spring kring ute i skogen og klatrar i trea. Og harde flater krev støtte og demping til føtene. Javel. Så lærte eg noko idag òg. Men sånn for ordens skuld, så vil eg halde fram med å sverge til platåsko.
Eg og gubbelusken var for så vidt ein kjapp liten shoppingrunde borte på naboøya idag. Planen var å kjøpe skriveblokk (check), saltvatnløysning til Saga som har fått ein eller annan betennelse på auga sitt (check) og badevekt. I staden for badevekt, kom eg heller heim med nye øyredobbar, hårklyper, mobilklistermerker, og litt hobbystæsj. Jaja, det kunne vore verre. Badevekt får eg ordne meg med seinare. Så det blei litt kiking i butikkar, og sjølvsagt blei ruta lagt innom SparKjøp (favorittbutikken til gubbelusken, sånn cirka?) der eg rusla kring og keik på sminke, parfyme og hårkurar. Så ser eg det brått:
Haha! Er det andre enn meg som hugsar desse frå det glade 90-talet? Trudde det var fullstendig over og ut, eg? Men neidå, her stod dei utstilt, i alle regnbogens fargar. Eg hugsar eg hadde både blå- og bronzefarga hårmascara på den tida, og om det var nostalgien som greit tak i meg, eller eit faktisk behov for å eige slike igjen som greip meg, veit eg ikkje. Men noko seier meg at eg ganske snart kjem til å ha herlege crazy-striper i håret igjen!
Det er enkelte dagar som rett og slett ikkje blir bra. Uansett kva du legg i dei. Dei startar gjerne med at han du delar seng med forsøv seg, og du må nærmast rulle ut av senga, ned på eit kaldt golv, og håpe det vekkjer deg før du frys ihjel. Så, medan gubbelusken forsvinn ned trappa, ut på badet, og rømmer huset med tannkosten i kjeften og frukostbrødskiva i baklomma, tek du sikte på å rulle ned trappa, og prøver å lokalisere dusjen. Berre for å oppdage at vatnet overhovud ikkje er vått. Det var som om det trengde seg inn i håret mitt og fordampa før det nådde hårrøtene. Badet er sjølvsagt kaldt og guffent, Maggie parkerar rompa si utanfor baderomsdøra og nektar å flytte seg, i håp om at det skal føre til at eg tek ho med meg, og eg spring kring i huset og leitar etter busspengar og strømpebukse med eit knekkebrød i kvar hand. Det toppar seg litt når eg skal prøve å tilbakebringe litt fuktigheit til trynet mitt, berre for å oppdage at hudkremen berre RAMLAR AV! Då er du jaggu tørr i fjeset, får’n sei.
Bussen kjem ikkje. Vèret er heldigvis ikkje så ille, men det er like fult kjipt å stå ein halv time og vente på neste buss, når ein har stressa ræva av seg tidlegare på dagen for å nå den bussen som aldri kom. Eg møter forelesaren i døra, og innser at eg ikkje var så seint ute som frykta når eg omsider kjem med tunga til slips inn i skulebygget. To overlappande forelesningar. I forelesning nummer to, er eg berre delvis til stades. Snart eksamen. Eg klarar ikkje ta det heilt innover meg. Ingen av lærarane har prata om noko anna enn kjende verk som me skal vite. Basicly; that’s it. Eg klarar ikkje å bli nervøs ein gong, og då klarar eg ikkje fokusere på å vere flittig student. D’oh.
Så springe til bussen heim, det byrjar å regne når eg går av bussen, og resten av ettermiddagen sit eg og ser på Stripped med Eddie Izzard, etterfølgd av resten av Sweeney Tood – The Demon Barber on Fleet Street som eg aldri rakk å sjå ferdig sist eg byrja på den. Hjortebiff til middag; så rå at den framleis bura, og no sit eg her igjen. Ein bør ikkje utfordre skjebna på slike dagar.
I tillegg kan eg då opplyse om at eg no, og sannsynlegvis for alltid, vil vere online 24/7. Den har nemleg ankome huset.
Samsung GT-S5690 heiter den. Og eg er framleis heilag overbevist om at denne tingen kjem frå ei mørkare underverd. I motsetjing til den gamle og slitne Sony Ericsson’en eg no har gravlagd i Skuffa med dei Tusen Mobiltelefonar, Adaptere og andre Tekniske Duppedittar som ikkje lengjer er blant oss (heretter referert til som SMDTMAOATDSILEBS) som kunne ta imot samtalar, ringje opp folk, skrive meldingar og ta pixlete bilete + spele eit høgst irriterande bobblespel som eg blei hekta på, så inneheld denne saken ein heil del go’saker. Blant anna tek den relativt bra bilete, eg kan laste ned ting på den. spele WordFeud (og minst 5-6 andre spel som eg lasta ned i ettermiddag), surfe på nettet (og faktisk SJÅ kva som kjem opp på sidene!) etcetera-hei-fallera. Men eg er framleis skeptisk. Og heilt sikker på at den er OND!! Den får meg til å sitje og gjere heilt andre ting enn det eg burde, akkurat som data’n min, berre mykje verre. For denne kan eg sitje og leike med KVAR SOM HELST!! Og eg har allereie gjennomført den fyrste eksorsimen på vegne av den, sidan skjermen brått berre gjekk i svart i stad og ingenting ville fungere. *grynt*
Denne veka skulle eg etter planen starte og vere så fantastisk effektiv, men me ser kor langt det har nådd. I morgon skal Roger feirast, og ein av dagane MÅ eg og gubben på IKEA. Eg skal handle bokhylle, badevekt og kontorstol. Pluss at eg burde vore og henta ut p-plasteret mitt etterkvart. *sukk* Loftet må bli rydda snart, men sidan eg ikkje har ei einaste hylle å plassere rotet mitt i, så blir det berre flytta frå ein plass til ein annan. Og eg skulle vore hjå frisøren.
Om ein klarar å ignorere mangelen på sminke og klesdrakta (Freddy Kreuger-gensaren min <3 Kjøpt på herreavdelinga på H&M for x antal år sidan, og snart sliten i fillebitar!) så legg ein kanskje merke til at hårfargen min tek til å bli alt anna enn frisk og fin. Det ser hovudsakeleg lilla ut, men i så mange nyansar at det er flaut. Tuppane er kvite. Eller grøn-kvite. Eller grå-rosa-grøne. Det blir ein omgong til med lillafarge, og så klipper eg meg kort-kort-kort, og fargar det svart og kvitt. Trur det kan bli litt heftig! ^^
Ingenting får meg i betre humør enn dyrebeibisar! Så i desse dagar, når He Whose Name shall not be spoken sit i rettsalen og lirer av seg løgner og forskrudde fantasiar, treng me ei lita påminning om at det finst faktisk ting her i verda som kan smelte ishjarter, framkalle høge “nåååw”-faktorar og gjere livet verdt å leve. Blir du ikkje i betre humør av desse, er det dessverre fint lite eg kan gjere for deg:
Etter beste emne har eg då kome igjennom fyrste veka mi på “knekkebrød-kuren”. Med varierande suksess. Eg starta då veka med å kome heim, opne kjøleskapet og konstantere at der låg det ein pakke med bacon. Og for dei som ikkje veit det, så grensar det til dødssynd å ikkje bruke opp bacon før det går ut på dato. Det burde seriøst vore inkludert i boda som Moses kom labbande ned frå fjellsida med!
Dermed blei det pannekaker den dagen. Dei var i det minste sukkerfrie, om ikkje anna!! Neste dag bestemde eg meg for å vere flinkare, og svinga meg på kjøkenet med grønsaker og kjøkenknivar og to steikepanner og nudlar og målebeger. Resultatet var hakket sunnare enn det eg hadde på middagstallerken dagen før:
Heilt etter boka: 150 gram kylling, to spiseskeier nudlar og MASSE MASSE grønsaker! ^^ Gjett om eg er stolt når eg fyrst klarar å lure i meg slik sunn mat? Og så sklei det sjølvsagt ut igjen. Sognetur i helga, og når besta stiller med hjortesteik og pappa mekkar pizza, så slit eg kraftig med å halde meg. Eg kan motstå ALT, bortsett frå freistingar. I dag var det å ta seg sjølv i nakken og kaste seg ut i det igjen. Knekkebrød til frukost, lunsj og kvelds. Hahaaaa, me får sjå kor lengje eg held ut denne gongen! xD Så langt har det gått relativt greit, dei dagane eg klarar å halde meg til planen. Men no er ikkje eg den i verda som er utstyrt med mest sjølvdisiplin! :os Det er vel i utgongspunktet derfor eg er der eg er idag? Men faktisk, det aller verste er alle dei forbaska tablettane eg skal trykkje i meg! Eg meinar; sånn det er no er tablettar, kosttilskot og trantablettar nærmast eit eige måltid!! Og ikkje minst blir eg gåande og gulpe tran heile forbaska dagen. Trongen til å styrte ein halvliter pepsi max blir rimeleg sterk når eg går med transmak i kjeften døgnet rundt! :os *blæh*
Ooooh, eg og Nett’n var på shopping i by’n idag, og eg MÅ berre dele dei fantastiske skoa eg fann!!
Har du seriøst nokon gong sett noko meir Lokkrisk enn dette?! Haha, forsvarsvåpen 2 da maxx! xD Men 1499,- var litt dyrare enn eg er villeg til å punge ut for eit par sko her og no. Det får vente til sal, eller eventuelt ein overraskande LOTTO-gevinst. Og om nokon andre sit inne med rette LOTTO-rekkja, og ynskjer å få meg opp i høgda, så er det mogleg å finne desse prakteksemplara på DNA. Gubben sit jo i tillegg ganske hardt på bakbeina og hevdar at eg alt har nok sko og vesker. Noko eg overhovud ikkje kan forstå?? Kor mange sko er for mange sko?! Eg skal innrømme at eg har ganske mange, men alle har sin funksjon….? Akkurat som med veskene. Gah, walk-in-closet badly needed! xD Shoppingrunden var ikkje av dei mest intense då, vel og merke. Det blei mest hobbysaker, ein karaffel-ting til olje (eg HAAATAAAAR dei forbaska plastflaskene gubben kjem med og skal ha ståande på kjøkendisken!!) og ein såpedispensar, sidan den gamle brått ikkje ville meir.
Og etter ein skogstur med gubbelusk og voffeloff i kveld, fekk eg nytt kryssordblad i belønning av gubben! xD Hahaha, snakk om å ha ei lat kjerring; her må han lokke meg ut i naturen med løfte om kryssord! Fantastisk. Men planen er i alle fall no å krabbe inn under dyna mi og NYTE litt hjernetrim. Kryssord er rett og slett addicting.
Enkelte dagar er berre kjipe. Sånn som dagar rett før skulen startar igjen etter ein lenger ferie. For all del; eg gler meg faktisk til å starte igjen, for denne påska har verkeleg berre vore lang og daff!! Men eg ser ikkje fram til kvardagen som ventar. Den 5. juni skal eg leggjast på eit operasjonsbord, og om alt går etter planen skal eg sove litt og vakne opp med berre 10-20% igjen av magesekken min intakt. Huffameg. Som om eg ikkje blir stressa nok av at eg snart skal ha eksamen?! Neidå, la oss for all del slengje på ein operasjon der dei skal skjære meg opp, dra ut delar av innvollane mine, stifte meg saman med ei stiftemaskin, setje ein føkkings tappekran på pulsåra mi, og hive meg ut av senga omtrent samstundes som eg opnar augo. Og la oss for all del hugse på at det er ein sjanse for at guffen magesyre kan lekke ut mellom stiftene, og føre til at eg må bli liggjande på sjukehuset i x antal dagar. Veker. Månadar. Gudane veit, men i enkelte tilfeller var det ganske ekstreme lengdar på liggjetida. *grøss*
Det kallast gastric by lap. Og kvar gong det blir eit samtaletema, får eg sett opptil fleire auge hardt i meg, og det same spørsmålet kjem: -Har du tenkt over dette? Korleis vågar du? Uhm, nei. Eg googla det berre heilt tilfeldig og tenkte eg kunne like gjerne prøve? Sånn for å ha noko å gjere på i sumarferien? Så klart eg har tenkt igjennom det! Men etter å ha gått i årevis og ikkje få kontroll over diabetes 2’en min, så innser eg at eg må gjere noko. At eg i tillegg kan miste nokre kilo er ein fantastisk bonus, men for min del er det viktigaste at eg 1) kan få hjelp til å få kontroll over blodsukkeret mitt, som lever heilt og haldent sitt eige liv, og 2) kanskje få vekk nokre av PCO-symptoma mine. Og på toppen av det, hadde det vore fantastisk å ikkje ha dobbelhake! ^^ Den vil uansett forsvinne ganske kjapt, for bortsett frå kinna mine og puppane mine, er det den plassen det visar med ein gong eg går ned i vekt!
Dette er då det dei har tenkt å gjennomfør. I MIN mage.
Men det er framleis to harde månadar framfor meg. Det vil sei; det er ikkje to heile månadar lengjer, men 57 dagar. Og på dei dagane skal eg gå ned 8-10 kilo, og naturlegvis dermed kutte ut sjokolade og alt anna med masse sukker og karbohydratar generelt i. Og eg skal kutte ut pepsi max, noko som eg ser på som den tøffaste oppgåva av dei alle.
Eg skal leve på knekkebrød og grønnsaker. Og midt inni der skal eg ha eksamen. SJAKKTREKK LOKKRIS!! xD Men alt går. På eit vis. Håpar eg.
Eg tenkte uansett at eg skulle blogge litt om det. Rett og slett fordi eg veit om mange som har teke operasjonen, men eg føler likevel at eg ikkje klarar å få nok informasjon om det eg skal gjennom. Spesielt ikkje det som skjer på forhånd, og eg har oppdaga litt undervegs til no. Imagen the shocks to come! xD Skal prøve å få teke nokre litt smakfulle bilete undervegs òg; dei fleste eg ser bloggar om det, ser jo så sinna og farlege ut når dei poserar med “før”-bileta sine?! :O Eg finst jo ikkje sinna, eg! Om eg blir aldri så moody utan sjokolade og pepsi max! Eller, okay, det er løgn. Eg er faktisk ganske så gretten her eg sit allereie og drøymer om sjokolade. Men eg er glad i meg sjølv akkurat som eg er, vel og merke! Stor? Ja. Ein mage som er lengjer framme enn puppane? Check. Dobbelhake og bollekinn? Double check. Og la oss ikkje gløyme lovehandles og bingokjerring-armane. Skipper’n hadde grine seg i søvn om han hadde sett dei! xD Haha! Men eg må gjere dette for meg sjølv, tross i at eg meir enn noko anna ville gått som ei fane for store, stolte kvinner verda over. Kanskje starta eit jenteband for oss som er litt misfits i samfunnet, og tatt artistnamnet SumoSpice.
Frustrasjon til sides; eg håpar berre eg ikkje forandrar meg til tross for at eg lar meg operere. Eg gjer det ikkje for å bli slank og sexy, men for å prøve å tvihalde litt på det eg har igjen av god helse. Det står allereie ganske dårleg til der. Og avsluttningsvis, tenkte eg å blåse ut bittelitt frustrasjon over korleis ting står til på innsida mi av skallen idag:
Ting eg VIL gjere
– Reise på BurgerKing og bestille ein DIGER burgar med bacon!! ……men det er fy-fy sidan eg lissom skal prøve å ete masse-masse sunt og gå ned fleire kilo på to månadar. – Hive ut ALT i huset og re-interiørifisere heile kåken!! …..men sånt noko ikkje lommeboka mi fleksibel nok til. – Kjøpe meg eit hus med meir enn eit soverom og plass til hobbyrom, med eit kjøken som ikkje er så lite at ein må ut for å skifte meining, og der eg kan pælme heile duste-dusjen med idiotisk blandebatteri til ….tja, veldig langt vekk i alle fall!! …..men det var den økonomien då. – Gå loco på by’n!! …..men edru? Don’t think so. Blir ikkje heilt same…uhm, locomotivet av det! – Drite i alt, og spele data resten av kvelden!! ….kvifor utsetje det uungåelege?
Ting eg BURDE gjere
– Lage meg ein kjernesunn middag, med masse masse grønsaker!! …..men det er jo ein kjennsak at sunn mat sjeldan er like freistande som nomnom-fy-mat! – Rydde på loftet og leggje på plass alle kleda som sleng overalt her!! …..men skuffene er så fulle at dei går ikkje igjen her oppe! Min teori er at det ser ut som eg berre er ei bissi husmor når det står korger med klede overalt, mot at skuffene står halvopne og i spenn, og ser ut som ladde våpen. Ikkje noko interiørmessig sjakktrekk i alle fall. – Kome meg ut av pysjbuksa og den ti nummer for store armytoppen min!! …..men då må eg hive meg i dusjen, og den brukar eg som klesstativ, og dessutan står vaskemaskina på, så vatnet blir så kaldt! (ja, eg er ein meister i å finne orsakar!) – Lese til eksamenane mine!! …..men eg trur motivasjonen min forsvann ned i sluket saman med restane av dei gule påskerosene eg fekk av gubbelusken.
Eg hadde så store planar om å bli superbloggar igjen etter 30-årsdagen min, men jaggu ser eg kor langt eg kom med DET prosjektet. Det er så SJUKT mange ting eg føler for å skrive om; fotoprosjekta til meg og Wenche, alle slags rare innfall og idèar som eg til dagleg er plaga med, den komande operasjonen min, generelt kvardagen min (som ikkje er så innhaldsrik som eg likar å tru…trur eg?), lister berre for å liste opp ting, og så kløøøør eg etter å lage ein “dagens antrekk”-kategori! Haha, la meg berre sei at det er LITT kontrast til det fleirtalet av moteslavane der ute ifører seg! Noko som kunne blitt særs artig? Og eg skulle så gjerne blitt det kvinnelege motstykket til thefrogman.me sidan det er altfor få morosame chubby damer online der ute.
Men ting tek tid. Og reint teoretisk BURDE eg bruke meir av den tida som eg endar opp med å bruke på alt anna til å lese. Men våren har lissom den verknaden på meg; lesing blir så uaktuelt som det overhovud kan bli! Eg vil aller helst rydde i hagen, løyse kryssord og gå i by’n og momse is, eg! Og når desse lystene tek fullstendig overhand, sjølv om eg VEIT eg burde lese, blir eg i staden sitjande og nerde. Fuck logic; det er mangelvare her hjå meg.
Så etter å ha prøvd å sove av seg ein irriterande forkjølelse dei siste 16 timane, sit eg her igjen. Og leitar intenst etter motivasjonen til å slå opp på rett side i boka mi og lese. Eller i det minste til å finne noko fornuftig å skrive om. I morgon byrjar for så vidt knekkebrød-dietten min, så eg har MASSE snop og pepsi max som må fortærast!!
30 år. Hjelpe meg. Rett kring svingen, til og med. Det er jo eit fin-fint tal, og til slike trengst minst like fin-fine ynskjelister! ^^ Og ei slik ei skal eg vel klare å utarbeide utan dei heilt store problema. Eg ynskjer meg så klart eit nytt hus. Eit stort hus, gjerne med symjebasseng i hagen! Eller kanskje berre eit nedlagd småbruk, med hus i sveitser-stil? Og tilskot til dyrehagen min hadde heller ikkje vore å forakte! Ein liten pusekatt, ein hundekvelp, kakadue og shetlandsponni! Det hadde vore fint. Men realistisk? Kanskje ikkje det.
No skal eg ikkje hevde eg er ein vanskeleg person å shoppe gåver til. Eg er snarare enklare enn Fjordland. Involverar det til dømes dragar, horror, vampyrar eller andre fantastiske element, så veit du at du har skote blink! ^^ Men for dei som er på jakt etter noko meir spesifikk frå ynskjelista mi, så har eg ingenting imot å gjengje den! (har eg nemnd at eg elskar å skrive ynskjelister?)
Eg har stor bruk for ein god kontorstol. Og eit sånt massasje-innlegg som ein gjerne kan putte oppi ein slik stol. Noko i rettning denne her:
Eg treng som alltid pengar *kremt * til alle slags rare prosjekt. Og så har eg veldig lyst på fleire brettspel; dei har til dømes masse gøy på Outland!
Og gåvekort er ikkje å forakte. Anten på piercing/tattoo, frisør, negledesign eller spa/massasje. Andre stader der ein kan gå til innkjøp av gåvekort, som kan lokke fram ei tåre i augekroken hjå meg, er Dragens Hule, Kremmerhuset, Åhlèns, Black Design, Krinkelkroken, Indiska og Witchy Bitchy. For så vidt kan ein kjøpe omtrent kva som helst frå desse plassane, og gjere meg overlukkeleg!! :oD Andre gode forslag til glupe ting som gjer seg bra hjå meg, er:
PC-spelet Dead Island Alle Harry Potter-bøkene, gjerne på engelsk Ein skikkeleg god lip-scrub Bodyjewlery (sånne perler og diamantar og denslags som ein kan lime på huda) Fine bilete av snille folk eg omgir meg med (gjerne i forstørra utgåve!) Yoga-matte (ja, faktisk!) God kvitvin eller tequila (legg meg ikkje ned og grin om eg får andre typar alkohol!) Kontroll til PS3 Ei søt adressebok og ei søt bursdagsdagbok Venise Saphir-glas
(dei er faktisk gått ut av produksjon, så om du snublar over nokre: TENK PÅ MEG!!)
Eg har jo PlayStation 3 òg, men veldig få spel. Så spel innan horror-sjangeren er meir enn velkomne!
Og så har me desse to då, som stod på ynskjelista mi til jul òg:
Søte ulve-hue/votte/skjerf-tingen!! :oD Den er berre heilt fantastisk <3 Så JA TAKK!!
(Og tøffe Voodoo-knivmannen. Har sett sånne i enkelte butikkar her i Bergen, men eg hugsar dessverre ikkje nøyaktig kvar i farten! :os)
Parfyme, seier du? Jau, eg seier ikkje nei takk til det heller! Eg elskar Salvadòr Dalì-parfymane, og Hugo Boss-parfymane. Christina Aguilera sine er òg herlege, og Black Rose frå Avril Lavange er heilt fantastisk. Så veit du det.
Sjølvsagt har eg framleis ein del hòl både i DVD/BR-samlinga mi. Eg manglar blant anna
Harry Potter and the Goblet of Fire Harry Potter and the Deathly Hallows Part II Independence Day Bad Boys Bad Boys II Dark Floors
Og i CD-samlinga gapar det store hòl der desse CD’ane skulle stått:
HIM Venus Doom Greatest LoveSongs 666 Uneasy Listening Vol I & II
Lordi Bend over and Pray the Lord The Monsterican Dream The Arockalypse
The Rasmus Dead Letters Black Roses
P!nk Greatest Hits… So Far!!! Funhouse
Og alle CD’ane til Tori Amos, og alle frå Rhianna (bortsett frå LOUD).
På sånne store dagar, så er det ofte at folk gir blomar. Og det er ikkje meg imot! Gjerne potteplanter! Av favorittane der kan eg nemne orkidèar, hortensia, eføy og palmeplanter i alle slags variantar. Og krydderplanter! Dei kan ein kjøpe enkelt i omtrent kva som helst slagst daglegvarebutikk.
There you go! Då er det 9 månadar til neste gong eg skriv ynskjeliste! ^^ Og om du kjøper noko anna enn det som står på ynskjelista, så legg eg meg overhovud ikkje ned å grin! ^^ Dette var berre ein peikepinne til dei som spør så fint! xD
Yage, ja. Det er meg. Eg har akkurat flytta inn her, og prøver å finne meg til rette i dette nye kollektivet. Opprinneleg har eg flytta frå USA, vidare til austlandet, og no er eg då her. I eit kollektiv med ein haug andre som meg. Eller tilsvarande som meg. Eg er foreløpig den høgaste her, og ravar høgt over hovudet på mine nye romvenninner. I tillegg er eg faktisk den einaste som når opp til tastaturet på pc’en! ^^
I tillegg mistenkjer eg at eg er den einaste datanerden her i huset, så eg reknar med eg får lov å sitje her i fred og ro! ^^ Men no pratar eg meg vekk. Eg skulle presentere meg! Eg er Yage. Eg er 22 år gamal, og har som sagt flytta litt ikring. No hadde eg fått nok av austlandet, og bestemde meg for å prøve å bu litt her i nærleiken av Bergen. Så eg pakka sakene mine og la ut på tur. Ikkje at det gjekk for seg utan dramatikk; eg presterte å brekke ein finger og eit handledd så snart eg var komen innanfor dørane i min nye heim! :O Dramatisk, men husvertane mine var på plass med god fyrstehjelp, og eg er no fix og fin igjen!
Eg er eigentleg ein veldig layback karakter. Eg elskar å farge håret og prøve nye hårfrisyrer, kler meg helst i mørke fargar, og er livredd sprøyter. Hadde det ikkje vore for at syster mi tvang meg til å pierce øyro mine hjå frisøren då eg var 4 år, hadde eg ALDRI våga å få meg nokon form for piercing! Nåler er berre creepy! Ellers nerdar eg mykje. Eg er kanskje litt asosial til og med! Elskar å lese, særleg fantasy og schi-fi. Og teikneseriar. Eg er hekta på manga og anime!!! Tja, kva anna? Eg hatar generelt popmusikk, drøymer om å reise til Tokyo ein gong (mormor kjem derifrå), favorittmaten min er vietnamesisk og eg er verken emo eller gothar, sjølv om mange virkar til å tru det. Og så skriv eg dikt. Og nerdar. Og skal bli web – eller speldesignar ein gong i tida. Og når eg då ikkje sit framfor pc’en, ser eg slik ut:
Jepp, that’s me! Eg hatar eigentleg å bli tatt bilete av, men kva gjer ein ikkje for å skrive heim til ho mor om korleis verda står? Tvillingsyster mi, Cherry, har prata om å flytte etter meg, men det gjennstår å sjå kor tid DET skjer! ^^ Ho er ein smule meir urban av seg enn kva eg vil skryte på meg.
Så her bur eg altså no. Og det fyrste som møtte meg då eg kom inn døra her, var tre mørkkledde og dystre damer som sat samanklumpa på ei seng og røykte og prata om Allan Edgar Poe. Fullstendig normalt. Det var ikkje ein gong mykje til introduksjon å hente frå dei, men eg fekk så vidt tak i namna deira (sjølv om eg har mine tvil om at det er dei ekte namna, sånn eigentleg! Noko seier meg at desse goth-damene eigentleg berre er x-tremt dramaqueens):
Okay, så det er kanskje ikkje det beste bilete, men det virkar ikkje akkurat som om dei var så veldig happy over at eg fotograferte dei! Fyrste til venstre kallar seg Sinstress. Ho i midten med den nydelege kjolen, kallar seg Raven. Og sistemann med det rosa håret, går under namnet Victoria Creeper. Artige namneval, om ikkje anna! ^^
Dei to neste jentene eg møtte, var hakket meir livlege og pratesalege.
Chelsea til venstre, og Kennedy til høgre. Kennedy var ikkje vidare begeistra over å bli fotografert, fordi ho “såg jo heilt jæææævlig ut på håret!!” Hihi!
Ellers skal eg visstnok dele hus med ein psykotisk baby i tvangstrøye, ei kinesisk “porselensdokke” med hentesveis, og ein morderisk raudtopp som tydelegvis har vore under torva i lengjer tid. Det er då dei nye venane mine. For å nemne nokre. Eg må innrømme eg er spent. Veldig spent. Men kven hadde ikkje vore det under desse omstendigheitane?
(PS! Nemde eg forresten at det er ei skuff full av gamle My Little Pony’s her, og alle hyller og skap er stappfulle av dragar og alvar og englar og einhjørningar? Nei, ikkje det nei.)