Amerikansk skrekk/thriller (2023)
Med Russell Crowe, Daniel Zovatto, Alexandra Essoe, Peter DeSouza-Feighoney & Laurel Marsden
Regi: Julius Avery
Lengde: 1 time og 43 minutt

“You know any jokes? You should learn some. The Devil does not like jokes.”

Jau, det er litt forfriskande å sjå mr. Crowe i rolla som ein hardcore eksorsist med mørk og tørrvittig humor. Og DeSouza-Feighoney er nydeleg som besett liten gut. Effektane er det heller ikkje noko å sei på sånn eigentleg, men eg saknar ein besettelses-film som verkeleg skremmer.
Då The Exorcist sette standaren i 1973 var det gjort så hinsides perfekt at den einaste som har klart å nå den oppunder støvlekanten i etterkant må vere The Exorcism of Emily Rose (2005).
Dei aller fleste filmar om eksorsisme som har dukka opp sidan har stort sett blitt humoristiske, og gjerne med overlegg. Og her kjem då Paven sin Eksorsist inn.
Stemningen blir sett, der Father Gabriel Amorth (Russell Crowe) driv djevelen sjølv ut av ein mann og over i ein gris som så blir skoten point blank. Me forstår allereie i måten Amorth snakkar til “djevelen” at han er ein som kan virket sitt, som ikkje fryktar ondskap og som er i stand til å gjennomskue ein som berre latar som. Så langt, så vel.

Så følgjer me Julie (Alexandra Essoe) og familien hennar, som har flytta til Spania frå USA for å pusse opp eit gamalt kloster, der skumle ting lurer i kjellaren.
Med ein slik location og setting er eigentleg mykje gjort for å skape ei kjensle av at noko fælt kjem til å skje, og ganske riktig. Det tek ikkje så veldig lang tid før sonen Henry viser seg å ikkje vere heilt som han skal. Han blir sint. Og full i sår. Og veldig tynn. Slik smådjevlar gjerne får folk til å bli når dei kryp inn i sjela deira.
Pater Amorth to the rescue! Væpna med vievatn, dad-jokes og dårleg samvit for den kvinna han ein gong ikkje klarte å redde.

No skal det nemnast at Pater Amorth faktisk har eksistert og sysla med demonutdriving i røynda, og i og med at eg ikkje kjenner karen kan eg ikkje uttale meg kor realistisk Crowe faktisk portretterar han. Kanskje utførte han pliktene sine med eit glimt i auga akkompanjert av vitsar og godt humør, men filmen er ikkje basert på ein reell historie frå Pater Amorth sitt liv. Inspirert, ja. Men filmskaparane har vore litt på bærtur og plukka frå ulike notatar og skribleri som denne karen etterlet seg.
Det blir grei underhaldning, men er det nok til å kalle dette ein grøssar eller ein skrekkfilm? Eeeeeigentleg ikkje. Ein skrekkfilm har kanskje litt humor og eit par goofy karakterar, men i dette tilfellet blir filmen meir ein thriller enn noko som kan framkalle skrekk og gru. Det funkar greit. Men særs få horror-fanatikarar (som underteikna) mistar nattesøvnen av dette.

 

Jolestemninga lot vente på seg, men NO trur eg det byrjar å nærme seg noko. Eg skal ikkje skryte på meg å ha alt på stell, men så har eg ei deadline på neste bok før nyttår og då blir det lite tid til å vaske så omstendeleg som eg vanlegvis gjer!

Soundtrack: Ylvis – Da vet du vet er Jul

Til helga skal eg og min faste bakekompanjong og beste ven Kriss bake jødekaker og serinakaker. Eg ser ikkje for meg at det blir tid til å få kakemennene i ovnen i år, men det får så vere.  Jolegåvene er kjøpt inn (eg har EI igjen!), og gongen duftar friskt av grønsåpe. Kjøkenet er eit prosjekt under utvikling, og stova ser ut som eit bomba horehus. Men det var litt hjelp i å reise på Spar for å hente dei siste pakkane mine i går.
Den amerikanske cola-nissen var komen til bygda, og Dùnedain gløda som ein fem-åring med sukkerkick då han såg det.
-Trur du nissen lar oss ta selfie med han?
Han hoppa nærmast der han sat i bilen.
Som den omtenksome kona eg er lova eg å knipse eit bilete dersom han våga seg bort til nissen, og mannen kunne knapt stå i ro lengje nok til at barnehageborna som hadde trappa opp for å helse på nissefar blei ferdige i køen.
Bilete blei det. Og ein cola frå Sydpolen. Samt gevinst på lukkehjulet, så no kan me stolte skilte med å vere eigarane av ei cola-kakeform når me atter klarar å kome inn i den vande joletradisjonen med å bake dei sju sortane.

Liten mann og STOR trailer!

 

Jolenissen stilte gjerne opp til fotografering!

 

Sjåååå så glad! <3 (det er cookie-cutter’n han har i handa altso)

 

Glad mann har fått cola!

Same dag som me møtte nissen var det siste opptaksdag med drone for Skinnsyk. Me var i vakre Langedalen og fraus på føtene, men den heilt nydelege skodda som la seg over dalen gjorde bileta i overkant av fantastiske. Om filmen skulle floppe, så kan me i det minste skilte med at me har tidenes mest awsomme intro! ^^
Og jaggu kom ikkje min kjære ven og kollega Jonny dansande med ei tidleg jolegåve til meg!


Det ser kanskje mest ut som ein sjal på bilete, men det er faktisk ei sånn laaaaang (og då meinar eg SKIKKELEG lang!) balaklava-lue-sak som eg tidlegare ytra at eg ynskte meg til jol! <3 Snille mamma’n hans hadde gått i gong og dikta opp ei oppskrift som ho hadde sett seg ned og strikka, og eg ELSKAR den! Den er skikkeleg middelalder/alvisk og så varm og god og kul og … Damn! Eg kunne ikkje bedt om betre kollegaer!!

I helga som var dekka svigers opp med smalahovud. Eg er eigentleg van med at sauehovuda blir sett på bordet, men det var ikkje før eg var godt vaksen at eg fekk meg til å faktisk ete dei sjølv. Og framleis skal eg
innrømme at det ikkje er -alle- delane av dyret eg er like entusiastisk for. Skinnet, augo og innsida av kjakane skal dei få ha i fred, for det lempar eg diskret bort på tallerknen til gubben min. Saman med den innerste delen av øyro. Eg har mine fisefine trekk eg som alle andre, og noko med å ete øyrevoks fristar lissom ikkje heilt.

Dùnedain et alt. Han er truande til å bite hòl på beina for å suge ut margen.
Det rauk til to og eit halvt hovud når han kom i gong, for verken eg eller den andre smalahovud-n00ben ved bordet sette til liv heile framenden av sauen me hadde fått tildelt.
Når det er sagt så prisar eg meg eigentleg ganske så lukkeleg over at me ikkje har helde fast på den islandske tradisjonen med å ete sure værballar. Det hadde eg nok slite endå meir med å få ned!

 

 

 

 

Avsluttningen på ein smalahovud-middag ser strengt tatt noko morbid ut!

Men jola er ikkje her heilt endå! Gåvene skal pakkast og sendast, og eg har eit håp om å kome meg inn på jolemarknaden i Bergen før Sølvgutane stemmer i med søte tonar og jola kan ringjast inn. Om ikkje anna er adventsstjernene – og stakane komne opp, og eg trur eg har kontroll. Så får nissen kome på kjerringa akkurat som det passar han!

Aftenstemning i Dalen

 

 

Eg har venta og venta på at min wrap skulle kome, og i dag dukka den ENDELEG opp på mobilen min!

Soundtrack: SIA – Puppies are Forever

Can’t Take Me Home – Albumet som gjorde at eg blei nasegrus forelska i P!nk!

Eg blir gjerne litt overraska når den kjem. I fjor var den stappfull av obskur middelalder-musikk og Grieg og gregorianske munkar. Det har gjerne vore det eg har guffa når eg skriv, for å kome i rette stemninga og reise så langt tilbake i tid som 1300-talet. Det var fint lite av både hardcore metal og ontsj-ontsj-bass på den tida.
Men i år trur eg er fyrste gong lista mi er representativ for min musikksmak.
Øverst på lista truna dronninga mi: P!nk.
Eg føretrekk kanskje metal, rock og old school hiphop/rap, men P!nk har vore heltinna mi sidan hennar fyrste album. Eg ELSKAR den dama!!
Det er ein klisjè, men nokre gongar lurer eg på om ho verkeleg sit og spionerar på meg og skriv tekstane sine OM meg. Anten det, eller så tenkjer eg og ho skremmande likt om det meste.
Og så må eg nemne at eg ein gong var ute med ein gjeng kollegaer, der me byrja å snakke om kven kring bordet som likna på ulike kjendisar. Me hadde ei med oss som var rimeleg lik Miley Cyrus, og så snur ei av jentene seg mot meg og seier: -Men du liknar jo på P!nk!
Seriøst. Det var nok berre fordi eg hadde knæsj rosa hår på det tidspunktet, men OMG. Det er kanskje det fiiiiinaste komplimentet eg har fått i mitt LIIIIIV, så eg tek det med meg til grava! <3

Men tilbake til wrap’en min.
Det kom nok ikkje som ei overrasking at den var dominert av Rammstein, Lordi og The Rasmus. HIM glimra med sitt fråvèr dette året, og var i staden blitt erstatta av Die Antwoord? Pussig, for eg tykkjer ikkje akkurat eg har høyrd så mykje på dei i år?
Og i januar skal eg ha høyrd på eit band som heiter Stargate? Det fekk meg til å klø meg litt i hovudet, og eg måtte faktisk google for å sjå kven i alle dagar dette var. Ikkje at eg blei masse klokare, og i og med at det ikkje ligg ute noko band med det namnet på Spotify, så trur eg kanskje app’en min har røykt sokkane sine. Det er eit -produksjonsselskap- så vidt eg veit, og kvifor dei har rota seg inn på lista mi må gudane vite!
Det kan vere eg tek feil, men eg finn dei ikkje og eg kan ikkje minnast at eg aktivt har søkt opp nokon med det namnet.

Men alt i alt; medan dei fleste eg har snakka med skjemst litt over alt det rare dei har høyrd på siste året, så vil eg påstå at mi er høgst representativ for det eg vanlegvis guffar på høgtalarane. Sånn utan å nemne at N’Sync sin “Bye Bye Bye” gjekk på repeat gjennom sumaren etter premieren på Deadpool & Wolverine. *kremt*
No er det uansett jol, og her i huset spelar me derfor berre jolemusikk i desse dagar. Den manglande jolestemninga har faktisk kome snikande etter at helga har gått med til å vaske ned gongen, så den duftar friskt av grønsåpe, ljosa og adventstjerna er komne på plass og eg har fått gjort klar i alle fall TRE gåver med god hjelp på nyfikne pusekattar som var særs hjelpsame då jolebanda skulle surrast kring pakkane!

Det er underleg. Vanlegvis hadde eg stått på hovudet i vaskebøtta og ralla med til både Alf Prøysen og Boney M på denne tida. Men jolestemninga uteblir. Null. Nix. Nothing. Nada.

Soundtrack: Alf Prøysen – Julekveldsvisa

Sjefspus Khavi ventar på sumaren og har derfor funne seg til rette på hageputene <3

Jolehandelen er nesten unnagjort, og femte luke i Rituals-kalendaren min er opna.
For fyrste gong i historia, sidan eg og Dùnedain møttes, har me droppa pakkekalendaren og gått for slike kapitalistiske mjølkekyr som alle slags butikkar freistar å presse på oss. Han har fått Kinder-kalendar, og eg får nye såper og hudpleieprodukt på ein dagleg basis.
Kanskje er det derfor? Eller kanskje er det fordi vinden utanfor truar med å sope med seg både bikkjer og pusekattar når eg slepp dei utanfor døra?
Khavi har søkt tilflukt i Skrivarstovao med meg, og på sofaen inne ligg han eg er gift med langstrekt under ullteppe og påstår at han merkar ei lita influensa kome snikande. Verken adventsstaken eller joleljos er kome opp, og huset ser bomba ut.
Det strir mot all fornuft i min desember-kvardag, når eg vanlegvis er godt i gong med vasking og baking på denne tida.

Jola er min absolutte favoritt-tid på året, men det er ikkje så mykje som ein tøddel å spore med lyst til å gjere noko av det normalt sett skulle ha gleda meg til i desember.
Eg investerte til og med i ei fancy ny adventstjerne til å ha i stoveglaset, sidan desse papp-stjernene eg har hengd opp dei siste åra har ein tendens til både å gå i oppløysning og spre uynskt glitter i heile huset. Tanken var at det skulle vere hakket meir bærekraftig å ikkje vere nøydd å kjøpe ny annankvart år, men då Dùnedain sette i kontakten var det ikkje så mykje som eit ljosglimt å sjå.
Den skal bytast så snart formen til den Syke Mann er såpass at me kan reise på bui igjen, med eit håp om at det vil tenne eit aldri så lite glimt av barnleg joleglede i denne skrotten.

Det heile gjer meg eigentleg litt trist. Eg går fullstendig i barndomen når jola kjem, og eg likar ikkje at ting ikkje er som dei skal vere. Då eg var lita var det faktisk noko eg var ganske redd for; at eg skulle bli vaksen og kjip, og ikkje lengjer vere i stand til å glede meg over jol og bursdagar. Vaksne folk var tross alt dei mest gledeslause individa på planeta i mine auge!
Heldigvis har det så langt ikkje vore tilfellet med meg. Og då blir det noko ekstra kjipt å sitje her og merke at den murrande glede-seg-klumpen i magen er no-show.
Kanskje var det rett og slett berre skuffinga over at eg mista dei fine dreadsa mine berre tre dagar etter at Sunniva hadde site i timesvis og pynta meg som berre gjorde verda litt i overkant dum? Dùnedain skulle vere så snill og hjelpe meg å feste ei flette som hadde løsna, og brått sto eg der med to skalla flekkar på toppen. Det går ikkje. Så då var det fram med barbermaskina og SWOOSJ var eg skinhead igjen.
I følgje mannen liknar eg på Sinead O’Connor i hennar glansdagar, og sjølv om eg stiller meg noko tvilande til utalelsen så tek eg det til meg.

Flettefin til pigg!

Vel, eg er ikkje den som legg meg ned og tutar over spelt vatn under brua. Her skal det jolifiserast til krampa tek meg!! Så, frå og med i morgon skal eg gje meg i kast med husvasken. Fram med grønsåpe, levang og støvkost, på med det beste Spotify har å by på at jolestemning. Så får eg heller vaske RUNDT den stakkars karen min, for eg skal ha den kjensla på plass om så med tvang!!

Eigentleg er dagen derpå etter ei filminnspeling minst like spennande som dagane på sett; ein veit lissom ikkje heilt korleis ein har det når ein vaknar opp og er ute av filmbobla!

Soundtrack: En Vogue – That’s What Christmas Means To Me

Sidan Remi var fråvèrande siste dag på sett, så måtte måtte me inn med litt klipp-og-lim for å få han med på fellesbilete vårt!

 

Hovudet er framleis ganske omtåka etter å ha hatt ti tusen tankar i skallen på ein gong. Samstundes tek det litt tid før ein landar; du er både sliten og gira på ein gong, og sjølv om skrotten er plassert i kontorstolen og skal skrive bok, så klarar ikkje resten av deg å hengje med fordi du framleis er i den verda du har eksistert i dei siste dagane. Og så er du tom. Det er som om ein har tømt sjela si, akkurat som då eg sat her framfor skjermen og hadde skrive siste kapittel i bokserien Søstre. Som med all kunst legg ein att litt av seg sjølv i det ein skaper, men fy faen for ei kjensle det er!

I helga hadde me innspeling av skrekk-kortfilmen Skinnsyk, skapt og produsert av Alien Ghoti AS. Min debut som filmregissør på noko anna enn musikkvideoar sidan eg var filmstudent. Vanlegvis er eg produsent, men denne gongen var den rolla overleten til Jonny Bjørkhaug. I tillegg hadde eg scenografi, sminke/kostyme, og spelte ei lita rolle. Me hadde med oss Wenche Christin Olsen på foto, Christina Vestgård på lyd og to fantastiske skodespelarar, Camilla Grindheim Larsen og Sunniva Ervik Mjønes. I tillegg var Romeo Ma, Remi Pedersen, Trond Stikholmen og min eigen kjære Dùnedain med som klapparar, røykmaskinoperatørar, SoMe-ansvarleg og generelt assistentar.

Film er på mange måtar ein livsstil. Det er hardt arbeid, men eg elskar det. Sjølv om dagen gjerne startar i 5-6 tida på morgonkvisten, og ein er kanskje ikkje i seng før kring midnatt, så er det verd kvart augneblink. Stemninga og humoren, mykje latter og masse prøving og feiling.
Fyrste dagen kom me til ein iskald location, for sidan me hadde fått låne huset våga me ikkje å ha ovnane ståande på over natta. Me tok sjansen dagen etter, og det gjekk heilt fint! Huset står framleis! ^^
Me hadde fått lov å bruke eit nydeleg lite hus på Sotra, som var heilt perfekt for å lage den gufne stemninga me var på jakt etter. Skinnsyk handlar om to systre som møtes for fyrste gong på fem år for å rydde ut av dødsboet etter bestemora deira. Men mormor var alt anna enn den koselege gamle dama som strikka gode votta, leste eventyr på senga og sløkte ljoset klokka åtta. (fritt etter Vinskvetten)

Tida flyg når ein har det så kjekt på jobb som det me har, sjølv om dagane blir lange. Og det er mykje venting medan kamera blir rigga, ljos blir flytta og skodespelarane blir instruert. Heldigvis har denne gjengen allereie ein felles produksjon bak seg, og alle veit kva dei skal gjere! Då blir det GØY å arbeide saman! <3

Så mange detaljar om sjølve filmen vil eg ikkje ut med, men me vonar me skal klare å få den med på i alle fall nokre filmfestivalar i det komande året! Då satsar me på at me ser DEG der!

 

Klappe-Trond med stålkontroll på galskapen. Likar me å tru.

 

The Director in action!

 

Med eit minimalistisk crew må til og med regissøren sjølv ned på golvet og lage movie-magic frå tid til anna! (og då eg fyrst var komen under trua resten av gjengen med å la meg bli liggjande der sidan eg ikkje kom meg fram att utan hjelp!!)

 

Lokkri godt nøygd med kaoset ho har laga.

 

Så kom Pesta-kostymet mitt til nytte igjen likevel! Kven skulle trudd det?

 

Guten i røyken aka Remi den Innrøykte, ivrig i tenesten!

 

Tabita! <3

 

Den sigrande parten i ein filmproduksjon må utan tvil vere RedBull …!

 

På eit punkt kjem regissøren til den konklusjonen at ein like gjerne kan gje opp og la skodespelarane få seigle sin eigen sjø …

 

1. desember, og Sunniva og Dùnedain stilte med litt jolestemning på sett. Det blei nisseluer og adventljos, med tilhøyrande allsong. Eller duett. Godt mogleg det berre var Lokkri og Sunniva som sto kring bordet og ralla.

 

TTT: Ting Tek Tid. I alle fall på eit filmsett der lyd og ljos skal klaffe med skodespelarar og ein lettare forvirra regissør!

 

Sunniva viser stolt fram blåmerket som Lokkri har trylla fram på handleddet hennar!

 

Omrigg!

 

Produsenten blei glatt kasta på gongen, og der måtte han sitje og sture til han fekk lov å leike med oss igjen etter opptaket!

 

Norsk skrekkfilm (2022)
Med Liv Mjönes, Elli Rhiannon Müller Osborne, Sjur Vatne Brean & Arthur Hakalahti
Regi: Stig Svendsen
Lengde: 1 time og 37 minutt

Det byrja så bra. Eller gjorde det eigentleg det?
Personleg har eg ei motforestilling mot filmar som startar med meir enn ein eller to tekstplakatar. Men håpet sat i meg lengje, for viking-forbannelsar kan vere spennande konsept. Men det visar seg etterkvart at det er fint lite relatert til denne farlege og skumle vikingulven, som eg så intenst hadde håpa at det skulle kome fram meir om. For det er ikkje ulven som er relevant her, det er varulvar.

Historia gir seg fyrst i kast med ein gjeng vikingar som reiste for å plyndre litt borte på dei britiske øyene. Der finn dei ein farleg ulv som dei tek med seg heimatte, noko som absolutt høyres ut som eit sjakktrekk. Denne krabaten har då rusla kring i Norden og stukke snuten sin borti litt av kvart, før den enda opp i den vesle bygda Nybo. Ein særs kreativ stad der det ligg ei vik som heiter Viken, ei strand som heiter Stranden og ein utsiktsstad der ungdommane kan gøyme seg vekk som heiter Utsikten. Og her møter me Thale som freistar å bli ein del av ungdomsmiljøet som nyinnflyttar.

Den fyrste delen av dialogen er keitete og klein. Hovudpersonen blir beskulda for å ha sysla med litt hardare stoff, men avfeier det med at ho “drap nokon”. Og det blir med det. Ingen spørsmål stilt, og heller ingen svar gitt, verken no eller seinare.
Og me blir stadig introdusert for karakterar som ikkje har kjøt på beina eller som er viktige for historia vidare. Casten kunne vore kutta til ein fjerdedel, og det kunne til og med gjort filmen betre. Ikkje er det tydeleg kven sin historie som blir fortald heller, for hovudfokuset er fyrst på den unge jenta Thale, som har flytta frå Oslo til ei lita bygd i Telemark, og som er blant dei fyrste som møter på denne varulven. Men så glir det over til å handle om mor hennar, Liv, som er svensk. Politidame. Tidlegare busett i Oslo. Og konflikta mellom desse to, som tydeleg er til stades, får me aldri eit skikkeleg innblikk i.

Men la oss snakke om bergensarane. Ingenting imot bergensarar (stort sett) men kvifor i alle dagar har så mange av dei emigrert nedover til Telemark? Stefaren til Thale er bergensar. Ordføraren er bergensar. Korleis havna dei her? Har det skjedd noko fælt i Bergen som gjer at dei måtte rømme? Blei Terje Søviknes vald som kultursjef i byen? Gjekk det som me trudde, me som har fornufta intakt, og heile Bryggen knakk saman då dei la Bybana den vegen?
Og han dyrlegen som skal vere Noregs framste ekspert på rovdyr, spelt av Arthur Hakalahti, var knapt komen ut av bleiene då han brått skulle framstå som ferdig utdanna veterinær, ekspert og ein som underviser på eit universitet. Eg kjøper det ikkje. Kanskje innsåg dei halvvegs ut i innspelinga at karakterane var så på tulletur at dei derfor valde å gjere Thale si syster døv så det ikkje skulle bli meir språkforvirring.
Fuglane veit. Men det gir ikkje filmen meir truverdigheit akkurat. Det er så mykje som skurrar i denne forteljinga, og irriterande nok kan eg ikkje utbrodere dei punkta som klør mest utan å spolere den siste delen av filmen.

Okay, så er det eit friskt pust inn i ein sjanger me ikkje har sett så mykje til i den norske filmverda. Det er flinke skodespelarar, nydelege bilete og eit pluss i boka for mange av dei herlege effektane som er teke i bruk. Det er nok til å dra denne opp på terningkast tre. Men til neste gong vil eg anbefale dei som pønskar ut eit liknande manus å gjere litt research and please kill some of your darlings. Hadde dette vore stramma inn, litt rusk vore luka ut og castingen vore meir gjennomtenkt, så kunne dette faktisk blitt ein knakande god film!

Det trengst. Sårt. For designet på denne sida var til å bli dårleg av. 

Soundtrack: Somebody’s Darling – Dans meg gjennom kropp og ånd

It’s a work in progress, som dei så fint seier. Då eg skreiv ynskjelista mi for nokre dagar sidan fekk eg blod på tann. Eg sakna bloggen min. Eg sakna å skrive noko anna enn middelalderhistorie.
Men den siste tida har det vore direkte flaut å gå inn på sida mi.
Eg har omtrent like mykje peiling på Photoshop som eg har på kvantefysikk, og skillsa mine i HTML får Trump i pillerus til å sjå ut som reine Einstein. Så det heilt store resultatet er kanskje ikkje å forvente, men så langt har den fått eit lite løft. (sjå på dette som ein bøn om hjelp!!)

Me kan jo sjå på kva eg hadde å skilte med frå før av?

Tja. Me kan vel alle vedgå at det ikkje såg så bra ut. Endå verre var det med den head’eren som låg på det ikkje-mobile nettet. Litt usikker på kva eg hadde røykt før eg la ut den, for det var eit pixlete mareritt laga i Paint. Men eg prøver. Kors på halsen.

Litt arbeid står framleis att før eg kan sei meg nøygd, og eg er stygt redd eg ikkje kjem i land på eigahand her. Fyrst skal eg rydde i kategoriane mine, og kanskje ta ein hard og lang kik på diverse som ligg under profilen min. Så får me sjå kvar eg endar, men enn så lengje: Velkomen tilbake til ein ryddigare kvardag som forhåpentlegvis er hakket meir komfortabel for augo!

Så var det gått eit heilt ÅR sidan eg sist skreiv på sida mi. Wops! 
Men no er det jol igjen (snaaaaart!!) og for dei som er slik som meg, så går det mot BlackWeek/Black Friday, og det er på høg tid å finne ut kva folk ynskjer seg! Så, here we GO!

Soundtrack: Sidsel Endresen – Du Vet Hvem Jeg Er

Fyrst: Om nokre romvesen kunne kome innom planeten vår og teke med seg Donald Trump tilbake der han høyrer heime, og gjerne hukka med seg han fyren i Russland og kompisen hans i Nord-Korea, så hadde det vore supert. Det står øverst på lista.

Neste stopp: Nokon som kan hjelpe meg å få orden på heimesida mi. Eg skulle såååå gjerne hatt den pussa opp slik at det faktisk frista å skrive innimellom! Men sånn den ser ut no blir eg reint flau av å i det heile invitere folk hit! *gøyme seg*

Det er ei bok eg ynskjer meg i år.
Mr Ballen Presents Strange Dark & Mysterious
Stor fan av den mannen; han er kanskje den beste historieforteljaren eg har kome over nokon gong!! Dei har boka på Outland, Platekompaniet og Norli i alle fall!

Og så treng eg regnklede. Og støvlar. Sistnemnde kan GJERNE kome frå barneavdelinge (eg er str. 36!! Men 37 funkar òg til støvlar!)

Eg meinar; kvifor har dei ikkje slike awsomme støvlar ståande i vaksenavdelingen? Har dei tenkt på at nokre av oss tykkjer svart og grønt er temmeleg kjipt?!

Det må nemnast at eg har funne mitt favoritt-merke innan klede dette året. Eg har vore innom det før, men OMG.
Killstar. Dei har så hinsides mykje fint! Yes please til leggings og strømpebukser derifrå (eller i same stilen) men ALT dei har er som skapt for sånne raringar som meg!! Det ligg mykje frå dei på Outland, sånn ps! 😉
Eg brukar M i toppar, og L til alt under navelen.
Og sjølv om eg VEIT at eg har bra med t-skjorter, men eg er ein sucker for gøye toppar.

Og den fornuftige delen av Lokkri seier at ho treng sokkar (str. 36) og hipster-truser (str. 42/L). Og fine kjøkenhandle og klutar. For det minkar litt på dei skikkelege eg har …
Eg har òg fått dilla på Sakura og Karma-serien til Rituals!! Handkrem har eg, men bortsett frå det har dei så utruleg masse gode produkt som eg diggar!!
Og så ynskjer eg meg Nude-parfymen frå Rihanna!
I tillegg til, som alltid, Freia Boble-sjokolade, sukkerfri RedBull og vin frå 3Monkeys! <3 Men generell nom er alltid velkomen! Marsipan til dømes? Alltid ein hit! ^^
Gåvekort på tattoo og hjå Outland er heller ikkje å forrakte!

Eg fann òg ein lepestift som eg såååå gjerne skulle hatt!! Den lilla glitter-lepestiften frå Dior (Rouge Dior Forever Liquid Sequin, 993 Magical) Har ikkje funne den i Noreg då, så bu-hu. Men eg ynskjer meg den.
Glitter har for så vidt gjort eit lite come-back med gøye goth-inspirerte smykker, og nokre av dei står sjølvsagt på lista mi!

Øyreringar med roser, sølvfarga halskjede med piggar, justerbar ring og hjarte-bling-øyredobbar!

Ellers er det jo dei vanlege syndarane – ting eg samlar på:

Av BluRay/DVD er det EIN ting som eg har kjempe-kjempe-kjempelyst på!!
DEADPOOL & WOLVERINE

Og på CD/vinyl-fronten står følgjande:

Lordi – Lordiveristy
P!nk – Trustfall
Rammstein – Made In Germany 1995-2011
Rammstein – Zeit

Så var det FunkoPOP!’ane mine!

POP!Movies – IT: Pennywise #780
POP!Marvel – Deadpool (#320)
POP!Movies – Freddy Kreuger (#2)
POP!Television – Wednesday (#1309)
POP!Rocks – TLC Chili #194

Og så har eg eit STORT tomrom i Monster High-samlinga mi!!

Clawdeen Wolf, modellnummer N5947 (2010)

Om nokon kjem over denne dokka, i denne versjonen, så har eg så sinnsjukt lyst på ho!! Treng ikkje vere i pakken så lengje ho ser fin ut og har med seg pusen sin!

Det var alt frå meg i denne omgong! Forhåpentlegvis blir det ikkje stille frå denne kanten heilt til neste jol! 😉

Jøsseball. Då var me der igjen! Black Friday ligg og lurer borti horisonten, og eg tenkjer at I ÅR skal eg vere tidleg ute med ynskjelista. Sånn for spesielt interesserte.
Soundtrack: Simon & Garfunkel – Sound of Silence

Så, kva står på lista i år? Eg elskar å skrive ynskjelister. Lister generelt. Så eg hiv meg over tradisjonen, og kan herved presentere kva eg drøymer om at skal liggje under treet i år!

 

La oss starte lett:

  • Kamille-te (for det er nesten håplaust å finne til ein fornuftig pris lengjer!)

  • Sokkar. Ankelsokkar og “vanlege” sokkar. Slunkent i skuffa gitt! Gjerne gøye!

  • Dusj-såper som duftar goooodt! <3

  • Handklede – beige, brune, lilla….helst ikkje kvite! (eg har mann!!)

  • Minnekortlesar til USB-port

  • Pengar (for eg sparar til ny pc-skjerm!)

  • Parfymen Nude by Rihanna

  • Freia Boble-sjokolade, 3Monkeys-kvitvin og RedBull sukkerfri (generelt nom er alltid velkomen!)

  • Hårbørste. Ein sånn litt brei og god ein som tek flokane lett som ein plett!


Gåvekort hadde vore kjekt. Frå stader som
– Let’s Buzz eller Ljungberg Tattoo (slik at eg MÅ få teke nokre av alle tattisane eg drøymer om!)
– Plantasjen (for plantene mine er eit sørgjeleg kapittel og eg føler ei trong til å fornye og starte på scratch!)
– H&M (fordi eg har ei ynskjeliste der, og treng ei orsaking til å korte den ned…)

Har eg nemnd at Ville Valo (eller VV som han no kallar seg?) skal ha konsert i Oslo til våren? Eg har veldig lyst på billettar. Heilt sant. Kors på halsen!!

Og eg har lengje ynska meg dørmatter som dette:

….men dei gongane eg finn dei i butikken sjølv, så slår det ikkje feil at eg ikkje har råd til dei der og då. Og så snart pengane er på konto, så er dei utselde. Bummer. Så dei får bli på ynskjelista mi, med eit håp om at EIN DAG er eg så heldig at dei havnar her hjå meg!

World of WarCraft Expansion – The War Within kjem til våren og kan førehandskjøpast! Så gjett kva? Eg ynskjer meg den!
Og Diablo IV er heller ikkje å forrakte?

Eg treng nye strømpebukser og leggings. Det vil sei; eg har i alle regnbogens fargar, men ALLE dei svarte er utslitne, utvaska, fulle i hòl, og så vidare, hei fallera. Så, eg treng svarte. Gjerne litt goth-prega, som desse her (str. L):

Eg snubla over fleire av dei hjå Outland, men gjett kva anna eg fann der?
Denne überkule gensaren her! Og tidenes mest sjarmerande cookie-jar! Så dei må få vere med på lista.

 

Og så var det FunkoPOP!’ane mine. For tida jaktar eg på tre stykkjer hovudsakeleg; Deadpool (#320) Freddy Kreuger (#2) og Wednesday (#1309).

Desse har dei både hjå Outland og Poki-Heaven (bortsett frå Freddy, kanskje….Han kan vere litt kinkig å spore til tider, but hey! Dreams are…!)

No er jo lista mi over FunkoPOP!’ar eg jaktar på ganske lang, så skulle ein likevel føle for å gå fullstendig over styr og shoppe figurar til meg, så er det fleire hòl i samlinga mi som skulle vore fylt, som til dømes:

POP!Movies – IT: Pennywise #780
POP!Movies – Interview with a Vampire: Claudia  #1417
POP!Disney – Snowwhite #339
POP!Movies – The Exorcist: Regan #203
POP!Movies – Lord of the Rings: Gimli #629
POP!Television – Buffy the Vampire Slayer: Buffy #121

Ikkje er det nøye at dei er nye heller! Eg samlar like gjerne på brukte figurar, anten i eller utan boks!

Eg treng nokre fleire joggebukser òg. Treng overhovud ikkje vere dyre greier; billege og dassete held meir enn lengje nok! Så lengje dei er behagelege, så er eg meir enn nøygd nok. Størrelse L!
I tillegg har eg forelska meg i denne morgonkåpa frå Apotek 1!

Og D&D-stæsj! Det er kanskje til no den dyraste hobbyen eg har rota meg borti, men terningar, figurar, terning-posar, monster-stat cards….Alt som har med Dungeons & Dragons å gjere er sårt tiltrengd!
Ein finn ganske masse i alle slags prisklassar under rollespelsidene til Outland då! Og eg treng det meste!

 

 

 

Eg har heller ikkje heilt gitt opp håpet om ein dag å bli den stolte eigar av ei ravnelampe!
Dei mest kjende er slike lampene er dei frå Seletti, og dei går ikkje for lommerusk dessverre. Men ein dag. EIN DAG!
I mellomtida tenkte eg å anbefale folk å sjekke ut dei fantastiske dyrelampene til KARE, som dei blant anna har her hjå Lampegiganten. Særleg den ekornlampa deira er heilt fantastisk, og så absolutt noko eg skal investere i når eg har ein plass å hengje den!

Sånn sett er ikkje eg så nøye på kven som har designa lampa EG vil ha. Eg vil berre ha ei ravn. På veggen. Med ljos i nebbet. Noko som liknar på den her på bilete.

 

 

 

 

Og til sist så er det litt musikk på ynskjelista mi som alltid:

CD/vinyl:
Lordi – Lordiveristy
P!nk – Trustfall
Rammstein – Made In Germany 1995-2011

Det var mi liste for 2023! Kva står på DI liste? 😉

Dersom me skremde vatnet av dei som tilfeldigvis var ute og traska langs gatene på Nesttun i dag, så kan eg berolege dykk med at det var ikkje russarane som invaderte oss med propellfly! Det var berre meg og Dùnedain minus eit eksosanlegg…

Soundtrack: Lordi – Celestial Serpents

I går kom endeleg underskjørtet til brudekjolen, som eg bestilte for ganske så lengje sidan. Den stakkars dama i brudebutikken orsaka at det hadde teke så lang tid, men det var litt leveringsutfordringar langs ruta i desse dagar.
Forståeleg nok; eg var berre glad til at det endeleg kom sjølv om eg føreløpig ikkje veit om det faktisk vil passe under kjolen.
Dùnedain er framleis noko * poff * etter koronarunden sin, så han søv i hytt og pine. Dermed gjekk klokka mot 16 før me omsider kunne rulle nedover mot Nesttun for å plukke opp stakken min.

Me kom berre til fyrste ferist før stakkars Till Lindmann på anlegget blei overdøvd av eit brak, etterfølgd av noko som skrapa heftig i asfalten og sikkert ga oss ein flammehale av dimensjonar.
-Kva er den lyden? utbraut eg.
-Eg veit ikkje, svara kadlen forvirra og hoppa ut av bilen (han hadde stogga den fyrst!) Ned på kne gjekk han, og mumla eit noko oppgitt “oj”.
-Kva er det?
-Eksosanlegget.
Dermed måtte mannen heilt ned på alle fire og under bilen. I pissregn og hestelort. Det kan gjerne rettast kritikk mot at eg, som det sterke og uavhengige kvinnfolket eg er, ikkje gjorde same manøver, men eg skal ærleg innrømme at eg veit like lite som kva som er under ein bil som du heilt sikkert veit om hjernekirurgi.
Så medan alle sluser sto vidopne over oss, låg han og kava i ein søledam medan han freista å få laus faenskapet, før han lempa det inn i bilen og starta motoren.
-Me får heller leve med lyden, sa han.
-Eg kan hente skjørtet mitt i morgon, protesterte eg. -Du skal sleppe å køyre Fana rundt med dette her!
-Nei nei. Eg må uansett på Biltema og kjøpe delar.
Og så rulla me avgarde, medan me pumpa opp anlegget med Rammstein i håp om å overdøve lyden på utsida.

Skjørtet blei henta, verda blei skremd og eit lite ærend som skulle innebære å hente eit skjørt og kjøpe ein sekk med kattesand enda med å inkludere ein god time på Biltema med Dùnedain springande som ein hovudlaus kylling mellom hyllene på jakt etter den rette mutteren til det perfekte røyret.
Det var min dag. Korleis har din vore?