I helga fekk eg spørsmål om kvifor eg kallar kjærasten min Dùnedain. Fyrst og fremst brukar eg det namnet på han online, for han likar ikkje så godt å vere “synleg” på nettet…(men han har jo skaffa seg HEILT feil kvinnfolk om han på død og liv skal vere anonym!! Præhæææ!) Men eg kallar han det reint privat òg. Og kvifor? Jau, no skal du høyra.

Soundtrack: HIM – Resurrection

Fyrste gong eg og Dùnedain møttes, var på ein fest hjå Gabbi og Harelabb. Han var sjåfør for nokre kompisar, og eg var der av gamal vane. Partyløve, her.
Me byrja å syngje karaoke saman, og etterkvart som kvelden gjekk byrja me å snakke om dei kreative interessene våre. Han var litt Reodor Felgen; han elska å putle med alle slags oppfinnelsar og diverse småplukk (modellbåtar, LEGO, u name it), og både teikna og var trubadur.
Eg har ikkje så mykje skapande kreativitet i fingrane reint fysisk, men har ein vill fantasi og er full av kreative idèar oppi toppen. Så eg fortalde han at eg skriv mykje. Filmmanus, songtekstar, dikt, noveller, og ikkje minst romanar.
Eit av mine livsverk, som tydelegvis aldri blir ferdig, er ein fantasy roman som heiter Calendilah.
-Kva handlar det om? spurde han.
-Ei einsam halv-alv-jente som lever aleine i skogen, fortalde eg og la ut om den magiske verda mi som eg hadde skapt, full av troll og alvar og dvergar og hekser, og alt anna som høyrer heime i slike landskap.
Han smilte, og lagra meg på telefonen sin som Calendilah.
Då han i tillegg kunne fortelje at han treivst godt heilt aleine i skog og mark, utbraut eg: -Om eg er Calendilah, då må jo du vere ein dùnedain!

Det blei hengjande ved han. For dei som ikkje veit så mykje om Ringenes Herre, så var dei etterkomarane av alvevenene som kjempa saman med alvane i kampen mot Morgoth, for å sei det veldig kort. Aragorn var ein av dei, og han har vel dei fleste høyrd om etterkvart.
Hunden vår, Elessär, har fått namnet sitt i og med at det var det alviske namnet til Aragorn, men det er ein annan historie.

Den natta blei me sitjande og prate lengje om alt mellom himmel og jord. Eg fortalde han at eg var heks og spiritist, men i starten tykte han at å kalle nokon “heks” var frykteleg brutalt.
-Men du er magisk, sa han.
-Kanskje eg er ein alv, spøkte eg.
-Det skal du ikkje sjå bort ifrå, svarte han.

Eg likar tanken på at me er litt magiske, både eg og han. Det føles i alle fall magisk å ha funne eit anna menneske som elskar meg så ubetinga og høgt, og kjensla er så absolutt gjensidig. Tye-méla Dùnedain <3

 

Foto: Wenche Olsen

 

Dette er eit noko personleg innlegg, men eg tykkjer det er verd å dele det likevel. Det har gitt meg håp og ein tanke om at ein kjem dit ein skal vere, når ein skal vere der. Uansett kor tungt livet til tider måtte vere.

Soundtrack: Rammstein – Mutter

Eg var ganske ung då eg byrja å slite med vonde tankar. Eg hugsar dei fyrste minnene mine som dreia seg kring kor dum og vanskeleg verda var, og tankane mine byrja etterkvart å dreie seg om døden.
Då eg var 9 år mista eg både katten min Mokki og marsvinet Marve. For folk flest er det vanskeleg å forstå kor mykje dyra i livet mitt betyr for meg, og eg har ofte blitt avfeia med at “det var jo berre ein hund/katt/marsvin/osb.” Ikkje for meg. For meg har det å miste eit av dyra i livet mitt vore like vondt som å miste andre familiemedlem. Men sånn er eg samanskrudd, og eg forventar ikkje at andre skal forstå det.

Det å miste desse to bestevenane mine ga meg i alle fall mi fyrste forståing av døden. Det at nokon du elskar skal på eit tidspunkt forsvinne, og at tida tikkar mot at dei fleste som er nær og kjær på eit tidspunkt svinn hen. Ein skulle bli vaksen. Og eg frykta tida som vaksen meir enn sjølve døden. Eg forsto at det ikkje var ei så enkel tid. Ein mista evnen til å leike, og i staden skulle ein ta ansvar for alt i sitt eige liv, få jobb og vere flink til det ein dreiv med. Du skulle få ungar, og kanskje mista ein evna til å drøyme og sjå huldra i skogen og dragar i skyene? Når kosebamsar og dokker ikkje lengjer var gode samtalepartnarar dei dagane verda var teit. Og brått var ein heilt aleine i ei verd der alle andre var like einsame.
Eg ville ikkje bli sånn. Eg ville ikkje at den dumme klokka skulle tikke nedover mot alt dette skumle og fæle som ein måtte igjennom. Pubertet. Ungdomsskule og så vidaregåande. Og så skulle ein studere og føde ungar, og uroe seg for pengar. Flytte frå heimbygda mi som eg elska.
Alle desse tankane skremde meg så intenst at eg ofte vurderte om eg ikkje berre skulle gjere slutt på alt sjølv og sleppe unna. Eg var 9 år og vurderte sjølvmord.

Men eg hadde ein ting som kunne få meg ut av desse mørke tankane. Inne i mi eiga vetle fantasiverd hadde eg ein plass eg rømde til.
Ein stad inne i ein skog, med grøne tre og ei eng som bølgja av gule smørblomar. Det låg eit vatn der, og hjortane beita under ein solfylt himmel der det aldri var skyer. Og på ein liten haug i det fjerne låg ei lita stove. Eg visste ikkje kva som var i stova, men i mine draumar var det ein god plass. Ein trygg plass, som låg der i det fjerne og lokka på meg.
Eg kunne leggje meg i den gyngande gule sjøen min og sjå på dyra kring meg. Det var fredfullt. Berre fuglesong og vinden som suste over meg.
Og for ei stund forsvann alle dei fæle tankane. Ei stakka stund var eg fylt av ei enorm ro som ingen kunne ta frå meg. Det var ingen krav der. Ingenting av alt det skumle som fylte alt anna i verda. Og det var aldri lengjer vekke enn at eg kunne late att augo og la meg sjølv forsvinne i alt det gode som var i skogen min.
Det var så livaktig til tider at eg kunne lukte trea. Piggsvina som kravla rundt i ly av eit gulv hav og ekorna som hoppa frå grein til grein kring meg. Høyre det skvulpe i tjernet mitt. For ei stund var alt perfekt og akkurat slik det skulle vere.

Åra gjekk. Eg blei vaksen. Eg snubla mange gongar på vegen, og periodane med vonde tankar trengde seg gjerne på nokre gongar opp igjennom åra. Men skogen min blei i bakhovudet. Som ein stad ein kunne trekkje seg tilbake om ein mediterte.
Det å vere vaksen fekk eg aldri heilt til, men eg klarte meg. Og eg møtte Dùnedain, som på mange måtar var alt eg hadde drøymd om i ein partnar, og meir til. Saman flytta me opp i det vesle huset der me no bur, og fylte det med firbeinte pelsungar.

Den fyrste sumaren kom. Eg sat på trappa medan hundane var i hagen og vimsa slik hundar gjerne gjer.
Blikket mitt søkte nedover bakkane. Til ei eng av blømande smørblomar som skilde meg og huset frå eit vatn der bittesmå bølgjer skvulpa lett i sumarvinden.  Det var ikkje uvanleg at eg såg hjortane beite der nede, sumar som vinter. Sola skein oppe på himmelen, og bada eit vidunderleg bilete i glansen sin.
Eg sat på trappa. Utanfor ei lita stove oppå ein haug. Ei stove fylt av uendeleg mykje kjærleik frå små snutar og ein mann eg ikkje ville vore forutan. Ei stove som var min heim.
-Eg klarte det, tenkte eg. -Akkurat her er det meininga at eg skal vere. Eg er heime.

Bilete er lånt frå Scottish Wildlife Trust (og ja, eg veit det ikkje er ein norsk hjort, men (sannsynlegvis) eit skotsk rådyr!!)

Eg er ikkje overraska. Kalendaren har for ein drøy halvtime sidan bikka over til 9. januar, og antalet innlegg i bloggen min har ikkje akkurat nådd svimlande nye høgder.

Soundtrack: “Trollsyn” – 1994

Dùnedain har slått seg ned framfor TV-skjermen med den norske gamle filmen “Trollsyn”, som skremde vatnet av meg i barndomen. Normale ungar blei skremd av Hufsa og historiar om troll og spøkelse, som eg med stor glede serverte dei. Eg kunne Bygdabokji på rams frå den dagen eg klarte å lese sjølv.
Eg? Vel, svartedauden var noko av det skumlaste eg kunne tenkje meg. Men som den morbide kid’n eg var så klarte eg ikkje la vere å lese alt om den som eg kunne kome over.
Og no har noko av denne morbide facinasjonen smitta over på han eg bur med. Stakkars mann.

I det minste har denne veka gått med til å dra meg sjølv i gong med skrivinga igjen. Det var…tungt. Men etterkvart har eg kome inn i ein god flow igjen, så det blir framleis bøker av det eg jobbar med.
Og brått kom helga, naboane inviterte på middag, så kom det tikkande ein invitasjon til å gå ut og ete på Villani i Skostredet og i morgon skal det akast og rulle i snøen med tantongane mine <3
Deretter kjem måndagen igjen, og minimum 7 nye kapittel skal oppstå.
Vel, eg blir ikkje arbeidsledig med det fyrste.

Noko spennande å skrive om på bloggen? Nope, det har eg ikkje. Men eg har eit håp om at det kjem betre tider. Eg må berre setje av tid til å lage meg ein slags skriveplan for dette prosjektet òg!

Eg merkar på kroppen at måndagen kjem til å bli hard. Snøen er vekke, skrotten lid under eit overinntak av mat som det sannsynlegvis ikkje var meininga at me vanlege daudelege skulle stappe i oss i så store mengdar, og eg vrir meg i indre smerte kvar gong eg kik innom nettavisene berre for å bli slått i trynet av nye oppslag om koronasituasjonen. 

Soundtrack: Dùnedain som spelar CoD

Herifrå kan det neppe gå andre vegar enn oppover? Men det tenkte eg i fjor òg, utan at ting blei så veldig mykje betre. Det føles merkeleg nok som om 2020 og 2021 var same året, og begge gjekk seigt som sirup OG fort som lynet.
Året som gjekk medførte endå meir kjipe dagar innestengd i eigen heim, koronatestar opp og i mente, utsett bryllaup, to tette dødsfall i familien og ein bortkomen Boromir-pus.
Men det kom to nydelege små nye familiemedlemmar, Thrallya og Èowyn, og ny jobb til meg der eg kan gjere noko av det eg elskar mest her i livet: Skrive. (film, dyr og drive avlastningsheim for både born, dyr og unge kjem på ein solid…uhm, fyrsteplass. Saman med skriving. Eg er allsidig. Kors på halsen.)
Så eg vil naudsynt klage, sånn sett! At bryllaupet vårt måtte utsetjast til 2022 er heller ikkje det verste som kunne skje, i og med at me har litt meir å rutte med økonomisk no OG midt oppi pandemien kunne me risikert å berre få lov å ha 20 gjestar dersom dagen vår havna midt i ein ny lock down.

Det er med andre ord lite å skrive heim om, både når det gjeld året som gjekk og året før der.
Nyttårsafta 2021 blei feira iført pysj/dasseklede i stova framfor TV’en, medan me åt oss gjennom pinnekjøtrestar og Hobbiten-filmane. Verken eg eller Dùnedain var i vidare god form; han småsnufsen og forkjøla, og eg generelt berre heilt kake etter all joleferieringa. Dermed fekk champangen stå i fred i kjøleskapet, og det nærmaste me kom ei utskeiing var kvar si skål sjokoladepudding med vaniljesaus.
Rett før klokka slo tolv høyrde me nokre slappe fjertar som minna om rakettar utanfor, og gjekk ut for å tenne oss kvar vårt stjerneskot. I det fjerne skaut nokre av naboane opp ei knippe fargerike fjertar til, som knitra og døydde hen i natta.
Dermed tusla me slukøyra innatt til dyrehagen og siste rest av Hobbiten: Femhærerslaget, før me tok kvelden og tusla vidare til sengs.

Eg tek vel og merke på meg å vere varsam optimist for året som kjem. Det står ein rund fødselsdag på programmet, ein baby er på veg som eg har lova å vere live-in nanny for ein periode, me skal gifte oss og Rammstein har (forhåpentlegvis!!) konsert i Oslo til sumaren. Og kanskje blir tvillingane våre så tørre bak øyro at eg slepp å plukke dei ned frå dørkarmar og gardiner i løpet av året som kjem?
Uansett kva året måtte bringe, så vonar eg det blir til det beste for alle kjende og kjære (og eventuelt andre som får med seg helsinga mi!) med eit håp om betre tider og ein utdøyande pandemi.

Godt nyttår! 

Toppen av latskap er når du sit så godt i sofaen at du ikkje gidd å plugge i ladaren til pc’en når den går tom for straum, og heller avstår frå å vere vidare online i tre dagar.

Soundtrack: Spinnville pusetvillingar

No skal det seiast at eg sat ikkje i sofaen i tre dagar, men kvar bidige gong eg tok laptopen opp på fanget og kom på at den var tom for straum, så droppa eg heile skrive/surfe-planen.
Dagane har ellers vore så fulle av middagsbesøk og familiesamankomstar, at eg har ikkje hatt vidare tid til å plante ræva mi i sofakroken for å nerde.
I går slo latskapsmonsteret inn for fullt, då Dùnedain reiste i årets siste middagsselskap hjå familien sin, medan eg blei heime og passa pjusk voff. Elessär fann nemleg ut kvar besten tømde ut pinnekjøtsået på jolafta, og 1. joledag var ein mindre givande dag for guten vår. Eller, han ga av seg sjølv i overkant store dosar, for å sei det slik. Så for å sleppe å gå i gong med jolevasken for tredje gong, bestemde me oss for at ho mor måtte bli heime og halde auga med han.
Det gjekk bra. Det som skulle ut kom ut i løpet av gårsdagen, og no er han fin og lett på foten igjen. Og Dùnedain kom heim med kalkunrestar til meg, så eg overlever.

Så var jola strengt tatt over for denne gong, og ein slags kvardag er tilbake. Me ligg framleis spreidde som slakt om i rommet og freistar å kome til hektene igjen etter all maten me har trykt i oss: Pinnekjøt på jolafta, svineribbe fyrste dag og kalkun/rype/pinnekjøt på andre. Og masse kaker og sjokolade og riskrem og is innimellom. Phew! Det var nesten ei velsigning å stappe i seg ein vanleg grandis i dag…!
Og mannen, som ikkje har lært seg å kle seg etter vèret, sit sylte forkjøla på golvet og prøver å fixe laseren på den nye PS4’aren sin. Han fekk Red Dead Redemption 2 av meg til jol sidan han skulle kjøpe PlayStationen til nevøen sin, men eit eller anna funka ikkje inni den boksen, så han har prøvd å finne ut kva som er gale, medan han hostar og harkar og pustar og pesar. Stakkars.
Eg kan vel og merke ikkje hjelpe han med den prosessen, for eg er like teknisk inkompetent som ein paralysert hamser med parkinson. Èowyn er derimot særs hjelpsam, men det er kanskje meir til frustrasjon enn noko anna for han stakkaren som prøver å få skikk på komponentane som ho med stor iver vil inspisere.

Alt i alt har jola vore like fantastisk som den alltid er, i mine auge. Dùnedain hadde slått på stortromma og kjøpt to bøker, peparkakeljoshuset som eg ynska meg, Buffy the Vampire Slayer-teikneserie og BluRay med Evil Dead 2 til meg. Trur aldri eg har fått så mange gåver på ein gong frå ein kjæraste før; blir reint flau, eg! :O Men utruleg takksam <3 Han er snillaste mannen eg veit! * mwah! *
Han fekk t-skjorte, to armband, Red Dead Redemption II og sigar av meg. Tykte eg var ganske flink sjølv, med tanke på at fyren ikkje klarar å makke seg til å skrive ynskjeliste! xD Og ikkje ynskjer han seg noko heller.
Ellers fekk eg masse bøker, ny vinterjakke, snooop, pengar, diverse såpe/make-up/body lotion-saker og vin for å nemne noko. Pengane går sjølvsagt til bryllaupskontoen, og eg må seriøst kome i gong med all bryllaupsplanleggjinga eg har framfor meg i dei komande månadane. Phew! Ser for meg at eg får ein temmeleg tett timeplan framover!!

Til sist vil eg få ynskje dykk alle ei fredfull og roleg romjolstid! Kos dykk masse og ta vare på kvarandre, alle som ein!

Då var alle lukene i Peppa Pig-kalendaren opna, alle pakkane i pakkekalendaren plukka ned, Askepott har fått prinsen sin og alle nelikkspikrane til Skomaker Andersen er pitla ut. Og snart rallar Sølvgutane jolekvelden i gong.

Soundtrack: Pippi som bakar peparkaker på NRK1

Det har blitt lite tid til å blogge den siste tida. Huset skulle etter planen huset vere stroke og alt på stell. Men soverommet og rommet til tvillingane står framleis like uvaska, og den heilt store pyntinga uteblei i år av praktiske orsakar. Dei to minstejentene har allereie gjort fleire forsøk på å demontere blomeoppsatsen eg fekk av mor mi, og eg vågar ikkje ein gong tenkje på kva dei hadde gjort dersom dei fekk tilgong til min himmelske herskare av englar!

Men så langt har eg og Dùnedain fått skryt for all jolenomen me har delt ut til liten og stor, til og med sukkerplæskane som eg sjølv var så lite nøygd med! Bror min var stor fan av den heimelaga marsipanen, og foreldra mine foret seg ganske kjapt på både honningkaramellar og kakemenn.

Til sjuande og sist er eg nøygd. Snøen kom i grevens tid, og sjølv om det ikkje er dei heilt store mengdane å skryte av, så tek eg det eg får!
I den siste kalendarpakken hadde Dùnedain kjøpt Flax-lodd og såpebobler til meg! Spoiler-alert: Eg vann ingenting.
Og dei dagane som gjekk utan at eg rakk å skrive, fekk eg Twix og Mars-sjokolade eine dagen, og ei negle-buffer-fil den andre.
Eg skulle etter planen bli med og pynte joletreet med kidsa til bror min, men som Synnis så oppgitt proklamerte: -Vi har pyntet det allerede, for du var altfor sein!
Men eg fekk lov å hjelpe dei ivrige små hendene å leggje gåvene under treet, så det var no eit plaster på såret.
Det blei fotodokumentert om ikkje anna, og treet blei veldig fint både med og utan pakkar under! Det er litt tungt å ikkje få feire kvar einaste jolafta med dei to små englane mine, for det er noko veldig unikt med det å ha born kring seg på jolekvelden. Desember er den einaste månaden i året eg merkar at det hadde vore kjekt med nokre smårollingar i livet mitt, som kunne vore med å bake og leggje pakkar under treet og som kunne springe rundt fulle i sukker og vere i ekstase over at jolekvelden nærmar seg.


Eg fekk ein rask liten handlerunde i Åsane med ungane, og bror min måtte minne dei på at dersom dei ikkje drog litt i meg, så kom eg til å stoppe opp utanfor ein kvar butikk me passerte. Det gjekk troll i ord, for eg fann meg drage som hadde lyst å vere med heim….Ungane forsto det godt, for den var skikkeleg flott, og tålte opp til 300 kg! Tenk å ha ein DRAGE i stova si som ein kan ri på?! Det står definitivt på ynskjelista mi til eg har rund dag til våren!!

Jolekort har det vore noko slunkent av i år, av ein eller annan grunn. Det virkar so om Posten berre ga opp på slutten og bestemde seg for at folk får heller reise avgarde og hente breva sine sjølv. Eine gåva som Dùnedain hadde bestilt kom ikkje ramlande ned i postkassen før i dag!
Men det kan virke som om det er fleire på veg, så eg smør meg med tålmod og gler meg til å opne både pakkar og kort i romjola.
Jola er likevel redda, for eg fekk det årlege kortet frå Hobben og familien.

Det blir rett og slett ikkje jol utan. I år hadde dei satsa på eit småkriminelt tema, og eg lo så tårene trilla. I tillegg hadde Hobben spora opp ein vaskeekte sognanisse som han hadde dekorert baksida av kortet med. Eg bøyer meg djupt i støvet; Hobben & co. skuffar aldri! <3
(kortet har eg ikkje copyright på, så eg tek ikkje sjansen på at fyren saksøkjer meg over at eg har publisert det på bloggen. Han er tross alt advokat!!)

Avsluttningsvis så lova eg tidlegare i adventstida at eg skulle vise kor flott stova mi blei til slutt, trass i at det såg noko kritisk ut ei stund her. Eg seier meg nøygd. Det blei visst jol i år med!

HA EI FANTASTISK JOLETID, LITEN OG STOR! 
Måtte nissen ha sekken full i harde pakkar, og alle få kvar sin mandel i grauten eller riskremen! 
Ta vare på kvarandre, alle som ein! 




Dei beste joleynskjer frå Lokkri & Dùnedain, Pixie, Thrall, Wynnie, Elëssar & Khavi

Då kapitulerte Dùnedain, medan eg held fram å kjempe meg gjennom ei eim av diverse vaskemiddel, og greidde omsider å leggje siste hand på verken ute på kjøkenet. Men ferdig? Hell no! Her gir me oss ikkje før grønsåpa siv ut av porane!!

Soundtrack: Marilyn Monroe – Santa Baby

Eg skjønar ikkje kvifor det kvart bidige år blir same visa: Eg startar så bra med vasking og shopping og jolekort og baking, men så er det brått berre dagar att til jolafta, og eg sit og lurer på kva svarten som eigentleg skjedde undervegs!
Det føles som om eg har stått på hovudet i vaskebøtta dag ut og dag inn, og etter alle forutsetningar skulle alt vore shina innan 13. desember. Men nei. Her står framleis stova på halv åtte, eg har ikkje sortert alle kleda i mitt kombi walk-in closet/bod/katteklatrerom eller i klesskapet sånn planen var, og badet har eg ikkje ein gong byrja å tenkje på!!
Heldigvis har dyrehagen gått til ro saman med kadlen, så då var det i det minste råd å få vaska over golvet utan at små og store poter og pailabbar tassa på kryss og tvers gjennom romma.

Dei prøver vel å merke å hjelpe etter beste evne. Tvillingane har teke på seg å stelle potteplanter og vaske vindauge, Elessär driv nøye kjeldesortering med hovudet djupt plassert i bossekkane mine, og Pixie….Vel, ho ligg stort sett i senga og furtar fordi ho ikkje likar slike store vaskeprosjekt. Khavi tek seg av strykinga.
Eg har etterkvart innsett pusebeibisar og stryking er ein risikosport. Men i og med at dei er så ivrige etter å bidra med huslege sysler, så har eg kome opp med eit genialt konsept som eg vurderar å ta patent på: Pusepressa!

Du treng:
1 stk stykebrett
Fuktige dukar/kjøkenhandklede (fungerar dessverre særs dårleg med skjorter og denslags)
1 lat pus

Plasser kleda du ynskjer å få glatte og fine i ein liten stabel på strykebrettet.
Legg eit (reint!!) teppe eller badelaken (dynetrekk kan òg fungere!) over dei lett fuktige kleda.
Plasser ynskt katt på toppen.


Opprinneleg var det berre ei midlertidig løysning for at pusane ikkje skulle labbe rundt oppå dei reine dukane mine før eg rakk å få stryke dei, men då eg løfta på teppet og skulle ta fatt på arbeidet, var dei så strokne (pun intended!!) etter at kattane hadde lagt og rulla på dei at det var ikkje naudsynt med noko strykerier! Mektig imponert over dei magiske dyra mine. Det spara meg i alle fall for litt arbeid i jolestria!

Men som han godaste Jens Petrus Andersen ville sagt det: -Nå er det fem dager igjen til jul!
Og det byrjar å minke på pakkane i kalendaren vår. Og sjokoladane i Peppa Pig-kalendaren. I dag hadde Dùnedain lagt ein godtepose med masse supersunne e-stoff i kalendarlomma mi! <3 Kjem godt med på ein laurdagskveld når eg eigentleg tek til å bli noko metta på marsipan og sjokolade, og ikkje minst prøvesmaking på jolekakene….

Midt oppi dette må eg ein tur tilbake til BaleBy i gravferd til ei i slekta som gjekk bort ganske brått. Eg byrjar å merke at det hadde vore fint å ha eit anna ærend heim enn gravferder; det er ikkje lengje sidan sist eg var der av same grunn…
Dessverre er livet sånn, og i min familie virkar det som om folk har blinka seg ut desember (eller i alle fall sånn kring joletider) til å ta på seg tredressen. Det er litt vemodig, i og med at slekta mi ikkje akkurat er den største i utgongspunktet. <3
Og eg skal sitje på med bror min som vil reise avgarde før fuglane fis, noko som vanlegvis ikkje er eit problem her hjå meg. Bortsett frå visst eg SKAL tidleg opp! Då går eg bokstaveleg talt både i dvale og koma, og hadde glatt sove igjennom det om så ein jumbojet bestemde seg for å parkere på soverommet mitt! Med fullt oompa-band og Svanesjøen framførd av ein flokk elefantar. Så til sjuande og sist er det kanskje ikkje så lurt av meg å sitje oppe heile natta og taste i veg slik at døgnet mitt atter ein gong blir snudd heilt på hovudet. Pixie er einig, for no kom ho tassande inn for å hente meg til sengs. Så då får eg gjere som eg får beskjed om, til ein forandring.

Før funderte eg ofte over at dei som jobbar som bakarar eller konditorar nesten alltid ser ut som sylfider. Eg tenkte kanskje at det var fordi dei rett og slett åt seg lei på bollar og sjokolade og kaker og anna snadder, og dermed unngjekk det som pesten etter ei tid, men no trur eg at eg har funne det faktiske svaret. Etter å ha knadd steinharde deigar, knust mandlar, stått over putrande varm karamell og klatra rundt på det knøttvetle kjøkenet mitt i to dagar, så innser eg at kiloane rett og slett RENN av dei!!

Soundtrack: Alf Prøysen – Julekveldsvise

Det skulle bli sju sortar, men klok av skade så blei det tre kakesortar og to snop-sortar, og så ventar eg i spenning for å sjå om det blir ein bakedag som resulterar i jødekaker og serinakaker med Kriss på sikt.
Om ikkje så har me jaggu nok ting å stappe i oss kring jol allereie!
Det blei kakemenn, honningkaramellar med sjokolade, kransekakestenger, heimelaga marsipan og sukkerplæsker! Phew!
Bortsett frå sukkerplæskane er eg særs nøygd; dei smakte altfor lite i forhold til kor mykje arbeid det var med dei. “Vend inn eggekvitene” my ass.

Stolt mann med fyrste brett klart til steiking! (kransekakestengjer)

 

Karamellar!!

Snikfotografering av sukkerplæskebakaren!
Tja, noko sånt. Oppskrifta mi er frå 1700-talet, så det var lite bilete å spore til korleis dei faktisk SKAL sjå ut!

 

“Posèr!” seier kadlen!
Så eg greip….handmiksaren?

 

Ferdige sukkerplæsker!

 

Caught in the act….!

 

Dùnedain syns eg har så sinnsjukt masse kule kakeformer! Eg har det. Heilt sant.

 

Fløffiaste kakemannane!

 

Og så laga me marsipan.

 

Nei, det er ikkje ein svær kli-bæsj. Det er faktisk kakao-farga marsipan!!

 

Dùnedain var så imponert over denne at han sprang og henta kamera….

 

Marsipankuler og sjokoladepynta kakemenn <3

 

Og ferdige kransekakestenger!

 

Og så er det alltid gøy å bake, heilt til ein kjem på at nokon må ta oppvasken….

….det er verkeleg ein ting eg merkar at eg saknar her i kåken. Faktisk det EINASTE eg saknar her i kåken: Oppvaskmaskin. Særleg på sånne dagar.

Elessär og Èowyn har vore flittige vaktar (og støvsugarar!!) gjennom heile prosessen, og så langt ser det ut til at dei har overlevd det. Men kjøkenet mitt er for trongt til å fotodokumentere innsatsen deira, for innan eg har fått opp kamera så er eg oppdaga og mine biologiske rumbaer er over alle haugar. Hm.

Og så var det min tur å opne kalendaren i dag! Sjokolade er jo aldri feil, særleg når ein allereie er så fullstappa på søtsaker….*kremt*
Dei blei i alle fall broderleg delt, og i morgon er det mannen sin tur. Han har til no fått ei lita parfymeflaske, chillinøtter, peparkakeform av ein pusekatt, og ein boks med cola! Hihi, det er heilt spesielt utvalde gåver i den kalendaren. Hadde lommene vore større, så skulle eg ha putta i ein pose med cheese doodles til han ein av dagane òg!! (han fekk jo ein liiiiiten pose 1. desember då. Får håpe det hjalp på.)

Så, då var det å kome i gong med vaskinga igjen! Kjøkenet er ferdig, så neste stopp blir stova. Grønsåpeduftande lokaler, here we come!!

Ikkje veit eg kvifor Lucia var så opptatt av gule bollar med rare snurrar, men ho var så absolutt inne på noko! Eg og Kriss har i alle fall hedra minnet hennar, heilt fritt for tente ljos og glitter og song. Me la i staden fokuset på bollane. Og det med STOR suksess!

Soundtrack: Khavi regn-klagesong

Måndag var både handledag og Lucia-dag. Forsøket på å kombinere desse to blei temmeleg utfordrande, i og med at eg hadde heftig mykje på handlelista mi, med tanke på all bakinga som ligg i nærmaste framtid.
Vanlegvis er det jødekaker og serinakaker som har vore meg og Kriss sitt faste opplegg når me har bakedag til jol, men me har lagt til ein ekstra dag. Lucia-dagen. Kanskje mest fordi Kriss lagar verdas beste bollar, og dei blir ikkje verre av å tilsetje safran og rosiner! (Eg tilset rosiner. Kriss vil ha sine rosinfrie.)

Bestemd mann i bakemodus!

 

Verdas beste bollar in the making!!
Ssssh! Geniet arbeidar!!

Fyrste brett klar for steiking!

 

“Sikker på du ikkje vil ha rosiner på dine? For ellers et eg dei opp!”

 

Så tok eg kanskje bollane -litt- tidleg ut. Men jaggu var dei nom fordi om!

 

KæssKiss var ganske nøygd med resultatet han med! <3

I kalendaren min i går låg det ein supersøt flamingopenn!! <3 Men av ein eller annan grunn nektar bloggen min å vise den fram i sin fulle prakt når eg legg den inn som minibilete, så den blei litt hovudlaus.
Fun fact: Visste du at flamingoen kan ha vore opprinninga til fugl Føniks, den raude fuglen som gjennoppsto av si eiga oske? Dei er i stand til å leve under forhold som for dei aller fleste andre dyr er dødelege, og kan både drikke geysirvatn (som er godt oppunder kokepunktet) og overleve i kalde områder der temperaturen kan falle til tretti blå! Fantastiske fuglar! Nesten så det må vurderast om dei skal få plass på farmen min i framtida.

Etter ein koseleg tur til Bulandet for å avlevere barnevogn, jolepresangar og litt jolestemning, kom me heim til tre pusejenter underernært på både kos og merksemd, og med meir oppsamla energi enn eit lite atomkraftverk. Og ishus. (pusane har hatt varme på badet, så dei har ikkje hatt det vondt!) Eg har akkurat vore og henta mitt fjerde vedlass for å få opp temperaturane, og no byrjar det omsider å merkast!

Soundtrack: Knitring i peisen

Pixie trives best i høgda når ho er på tur. Litt sånn som pusane heime.

Sjølv om turen vår eigentleg skulle vare ei helg, så blei den noko avstumpa då pusepassaren vår blei sjuk. Så me reiste opp til Bulandet fredag og returnerte seint i går. Sjølv om det er ein lang tur, og voffane som var med på lasset tykte det blei nok timar i bil, så var det utruleg koseleg. Både turen, med jolemusikk på full guffe, og det knappe døgnet me var hjå Gunvor. Finaste jenta mi som skal ha beibis om mindre enn to månadar!! <3 Både Pixie og Elessär meinte eigentleg at livet uti havgapet var verd turen, sjølv om det nok var ganske godt å kome heim til systrene sine!

 

Dùnedain slo opp augo i dag tidleg og lurte på om eg ville springe opp i vegen og kjøpe is då isbilen passerte, noko som eg tykte var særs uaktuelt. Ikkje berre frys eg i mitt eige hus no medan eg ventar på at kåken skal bli varm igjen, men ute er det eit vèr som eg i alle fall veit at eg ikkje bestilte på Black Friday.
Det regnar. Teite regnet. Eg ville ha SNØ til jol, ikkje ei grå sørpe full i salt og sand?! Kva skjedde med mitt winter wonder land?! Her er det i alle fall ikkje lengjer!!

Verdas finaste Gunvor med den nydelege beibimagen!!

Eg og Gunvor hadde som vanleg ganske mange verdsproblem å løyse, og han kavaleren min fekk endeleg rusla ein tur rundt og sett seg om i den bulandske naturen. Han presterte å gløyme å ta med seg jakke, så han var temmeleg kald då han omsider kom tuslande heimatt. Han lånte med seg kamera mitt, og rakk å ta nokre fine bilete før han sprang heim og kraup under varmepumpa.
Planen er i alle fall at eg returnerar til Noregs vestlegaste punkt i februar for å vere husmor/barnevakt/vaskehjelp/psykisk stønad/hobbytante, og eg merkar allereie at eg gler meg noko heilt vannvittig!!

Bulandet i solnedgong



Gunvor sa så passande at det har vore ein ganske stor omveltning i min haldning til småborn, i og med at då ho sette sin fyrstefødde til verda held eg ho så langt frå meg som råd, på strak arm, medan eg trippa nervøst i påvente av at ho skulle kome tilbake frå handleturen sin og avlaste meg. Eg var seriøst LIVREDD ungar. Eller, ikkje ungane. Eg var redd for at eg skulle gjere noko feil! Miste dei ned eller på annan måte skade dei for livet.
Men seriøst; eg elskar eigentleg ungar. Eg vil berre ikkje ha nokre sjølv!

I dag skal det i alle fall vaskast igjen. Vanlegvis føretrekk eg å ta bakinga FØR eg vaskar ned kjøkenet, men eg gjer eit unntak i år. I morgon og kanskje onsdag eller torsdag blir det bakedag, og før det skal kjøkenet bli reint og fint. Har innsett at det kanskje kan vere ein fordel å vere sikker på at det hygeniske er heilt på plass før eg byrjar å lage mat på disken. Tvillingane mine har nemleg ikkje heilt forstått at disken er fy-fy området endå, men eg trur kanskje det byrjar å synke inn etter x antal rundar med fresing og kjefting frå mi side….
Men før eg tek heilt pause, så skal pusejentene mine få vise fram dei to siste kalendargåvene mine, sidan eg har havna litt på etterskot med dei:

Èowyn presenterar Geisha-sjokoladane med karamell, nøttekrønsj og havsalt som låg i kalendaren min i dag. Og til høgre poserar Thrall med gåvekortet kadlen hadde laga på 1/2 times fotmassasje!

 

 

[skrive på morgonkvisten, posta på kvelden. Huset er varmt og kjøkenet er påbyrja!!]