Under oppussing!

Categories Kjære Dagbok

Det trengst. Sårt. For designet på denne sida var til å bli dårleg av. 

Soundtrack: Somebody’s Darling – Dans meg gjennom kropp og ånd

It’s a work in progress, som dei så fint seier. Då eg skreiv ynskjelista mi for nokre dagar sidan fekk eg blod på tann. Eg sakna bloggen min. Eg sakna å skrive noko anna enn middelalderhistorie.
Men den siste tida har det vore direkte flaut å gå inn på sida mi.
Eg har omtrent like mykje peiling på Photoshop som eg har på kvantefysikk, og skillsa mine i HTML får Trump i pillerus til å sjå ut som reine Einstein. Så det heilt store resultatet er kanskje ikkje å forvente, men så langt har den fått eit lite løft. (sjå på dette som ein bøn om hjelp!!)

Me kan jo sjå på kva eg hadde å skilte med frå før av?

Tja. Me kan vel alle vedgå at det ikkje såg så bra ut. Endå verre var det med den head’eren som låg på det ikkje-mobile nettet. Litt usikker på kva eg hadde røykt før eg la ut den, for det var eit pixlete mareritt laga i Paint. Men eg prøver. Kors på halsen.

Litt arbeid står framleis att før eg kan sei meg nøygd, og eg er stygt redd eg ikkje kjem i land på eigahand her. Fyrst skal eg rydde i kategoriane mine, og kanskje ta ein hard og lang kik på diverse som ligg under profilen min. Så får me sjå kvar eg endar, men enn så lengje: Velkomen tilbake til ein ryddigare kvardag som forhåpentlegvis er hakket meir komfortabel for augo!

2 kommentarer

2 thoughts on “Under oppussing!

  1. Det er mange som endrer og styrer på med design og headere. Jeg har blogget i 10 år, jeg tror jeg har hatt 3 headere. 😀 Ikke så opptatt av design etc tydeligvis, mest opptatt av innhold og andre rariteter 😀

    1. Hehe, eg likar eigentleg veldig godt å ha ein blogg med eit design som speiglar meg sjølv litt, men eg er einig med deg i at det viktigaste er innhaldet! 😉 For min eigen del så er det noko med å føle seg vel når ein presenterar innhaldet då. Trur kanskje eg kan skulde på litt OCD der? 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *