Jolestemninga lot vente på seg, men NO trur eg det byrjar å nærme seg noko. Eg skal ikkje skryte på meg å ha alt på stell, men så har eg ei deadline på neste bok før nyttår og då blir det lite tid til å vaske så omstendeleg som eg vanlegvis gjer!
Soundtrack: Ylvis – Da vet du vet er Jul
Til helga skal eg og min faste bakekompanjong og beste ven Kriss bake jødekaker og serinakaker. Eg ser ikkje for meg at det blir tid til å få kakemennene i ovnen i år, men det får så vere. Jolegåvene er kjøpt inn (eg har EI igjen!), og gongen duftar friskt av grønsåpe. Kjøkenet er eit prosjekt under utvikling, og stova ser ut som eit bomba horehus. Men det var litt hjelp i å reise på Spar for å hente dei siste pakkane mine i går.
Den amerikanske cola-nissen var komen til bygda, og Dùnedain gløda som ein fem-åring med sukkerkick då han såg det.
-Trur du nissen lar oss ta selfie med han?
Han hoppa nærmast der han sat i bilen.
Som den omtenksome kona eg er lova eg å knipse eit bilete dersom han våga seg bort til nissen, og mannen kunne knapt stå i ro lengje nok til at barnehageborna som hadde trappa opp for å helse på nissefar blei ferdige i køen.
Bilete blei det. Og ein cola frå Sydpolen. Samt gevinst på lukkehjulet, så no kan me stolte skilte med å vere eigarane av ei cola-kakeform når me atter klarar å kome inn i den vande joletradisjonen med å bake dei sju sortane.
Same dag som me møtte nissen var det siste opptaksdag med drone for Skinnsyk. Me var i vakre Langedalen og fraus på føtene, men den heilt nydelege skodda som la seg over dalen gjorde bileta i overkant av fantastiske. Om filmen skulle floppe, så kan me i det minste skilte med at me har tidenes mest awsomme intro! ^^
Og jaggu kom ikkje min kjære ven og kollega Jonny dansande med ei tidleg jolegåve til meg!
Det ser kanskje mest ut som ein sjal på bilete, men det er faktisk ei sånn laaaaang (og då meinar eg SKIKKELEG lang!) balaklava-lue-sak som eg tidlegare ytra at eg ynskte meg til jol! <3 Snille mamma’n hans hadde gått i gong og dikta opp ei oppskrift som ho hadde sett seg ned og strikka, og eg ELSKAR den! Den er skikkeleg middelalder/alvisk og så varm og god og kul og … Damn! Eg kunne ikkje bedt om betre kollegaer!!
I helga som var dekka svigers opp med smalahovud. Eg er eigentleg van med at sauehovuda blir sett på bordet, men det var ikkje før eg var godt vaksen at eg fekk meg til å faktisk ete dei sjølv. Og framleis skal eg
innrømme at det ikkje er -alle- delane av dyret eg er like entusiastisk for. Skinnet, augo og innsida av kjakane skal dei få ha i fred, for det lempar eg diskret bort på tallerknen til gubben min. Saman med den innerste delen av øyro. Eg har mine fisefine trekk eg som alle andre, og noko med å ete øyrevoks fristar lissom ikkje heilt.
Dùnedain et alt. Han er truande til å bite hòl på beina for å suge ut margen.
Det rauk til to og eit halvt hovud når han kom i gong, for verken eg eller den andre smalahovud-n00ben ved bordet sette til liv heile framenden av sauen me hadde fått tildelt.
Når det er sagt så prisar eg meg eigentleg ganske så lukkeleg over at me ikkje har helde fast på den islandske tradisjonen med å ete sure værballar. Det hadde eg nok slite endå meir med å få ned!
Men jola er ikkje her heilt endå! Gåvene skal pakkast og sendast, og eg har eit håp om å kome meg inn på jolemarknaden i Bergen før Sølvgutane stemmer i med søte tonar og jola kan ringjast inn. Om ikkje anna er adventsstjernene – og stakane komne opp, og eg trur eg har kontroll. Så får nissen kome på kjerringa akkurat som det passar han!