Amerikansk bodyhorror (1986)
Med Jeff Goldblum, Geena Davies & John Getz
Regi: David Cronenberg
Lengde: 1 time og 36 minutt

“I’m becoming: The Brundlefly.”

Eg var ikkje gamle knerten då denne filmen blei vist på TV2, og eg fekk streng beskjed om å gå og leggje meg.
Gamlingane kjende meg kanskje i overkant for godt, og visste både at eg sitra etter å få sjå denne flicken OG at eg nok hadde kome til å slite med mareritt i fleire veker etterpå. Dei visste heldigvis ikkje at eg allereie hadde sett Haisommer og derfor på nattestid blei plaga av haiar som kom ut av både doskåla og sluken i badekaret.

Så kanskje var det ikkje så dumt at eg fekk marsjordre til draumeland, og måtte vente nokre år før eg fekk sett dette mesterverket av gørr og galskap. Det var min introduksjon for bodyhorror, ein sjanger som eg vanlegvis ikkje hyllar så veldig, men så hadde eg eit lite crush på Jeff Goldblum … I rolla som Seth Brundle er han perfekt. Han har perfeksjonert den nervøse og keitete nerden av ein vitskapsmann heilt ut i fingerspissane, og Cronenberg visar at ein treng ikkje ein storslått location for å skape skikkeleg god skrekkfilm.
Det meste av filmen føregår i labratoriet til dr. Brundle, ein vitskapsmann som har funne løysninga på korleis ein kan teleportere livlause objekt frå ein pod til ein annan. Men han vil noko meir. Han vil klare å teleportere levande skapnader.
Og etter eit heller mislukka forsøk med ein bavian og ein diskusjon med den nye kjærasten sin etter å ha teleportert ein biff, finn han løysninga. Han teleporterar atter ein bavian, og bestemmer seg for å ta det store skrittet sjølv: Han skal sende sin eigen kropp gjennom tid og rom.
Problemet er berre at han uvitande får selskap av ei fluge, og dermed er snøballen i gong å rulle.

The Fly er ein remake av orginalen frå 1958, som var ein av dei fyrste bodyhorror-filmane som kom på lerretet, og både før og etter The Fly frå ’86 har det kome mange fleire. Men Cronenberg sitt mareritt frå 80-talet er likevel blant dei absolutt beste. Det er så grotesk at det kunne ikkje vore gjort betre, sjølv med dei begrensa SFX-moglegheitane dei hadde på den tida samanlikna med i dag.
Det er ein historie, og ein god historie, der alle dei ubehagelege bileta er der av ein grunn.
Problemet er berre at det går litt for fort. Forholdet som oppstår mellom Brundle og Ronnie (Geena Davies) blir ikkje heilt truverdig, og eg skulle veldig gjerne sett korleis det utvikla seg frå one-night stand til djup og inderleg kjærleik. Mange av scenene kunne gjerne vore lengjer og det kunne vore brukt litt meir tid på stemningsoppbyggjing. Men når det er sagt, så får ein alt ein treng på den eine og ein halve timen filmen varar. Eg skulle berre så gjerne ynskje det varte litt lengjer, for det er spennande. Og gøy. Og herleg morbid og fullstendig motbydeleg.

Be afraid. Be very afraid.

Endeleg kan eg få lov å fortelje om kva eg har putla med siste året: Eg er godt i gong med den nye roman-serien Eirill Seidkvinne!!

Sountrack: Gåte – Bendik & Årolilja

Jepp, det stemmer! Siste halvåret landa eg på ein ny serie om Eirill. Eg prøvde meg fyrst på ein serie frå 1800-talet med ein romantisk vri, men det gjekk ikkje så bra som eg hadde håpa. Eg er cirka like romantisk som ein våt ullsokk, så det blei kleint. Veldig kleint. Eg måtte vri meg litt i smerte nokre gongar før eg innsåg at dette gjekk ikkje vegen.
Heldigvis er eg og Eirill ganske like. Ho er ikkje så oppteken av romanse ho heller, og akkurat som meg føler ho seg rimeleg dum når ho havnar i den typen situasjonar. Ikkje spør korleis eg enda opp gift, for eg slit framleis med å forstå kva knep eg brukte for å sjarmere Dùnedain i senk! Men eg bestemde meg for å utfordre jenta litt, for kven hugsar ikkje kor pinleg absolutt ALT var i den tida då forelskingar gjorde sitt fyrste inntog i liva våre?

Dermed blei det ei fortsetjing på historia om den vetle villstyringen frå middelalder-Sogn.
For dei som ikkje har lese den fyrste serien min, så handlar det om dei to systrene Live og Eirill som mistar familien sin etter eit røvarangrep, og som overlever då mor deira klarar å få dei over i ein båt som ho skyv ut på fjorden. Dei driv lengje og vel, heilt til den gode storbonden Gamle-Nikulas tek dei inn på garden sin.
Live er pliktoppfyllande og arbeidssam, og drøymer om mann og born og eit godt liv som bondekjerring, medan veslesystera Eirill er ei handfull som helst vil springe i skogen, leite etter huldra og skulle nesten ynskje ho var fødd som gut fordi dei har det så mykje gøyare enn jentene i hennar auge.
Det er ein ganske action-pakka historie som føregår i tida kring svartedauden, ein periode i historia der døden var ein hyppig gjest i dei fleste heimar, og då kristendomen hadde eit uhyggeleg grep om folk flest.
Sjølv tykkjer eg serien var både hinsides spennande (å skrive for meg som forfattar) og ikkje minst full av herleg humor. Og det var i mine auge vanskeleg å ikkje bli utruleg glad i både Eirill og den herlege trollkjerringa Gygri som bur djupt inne i skogen saman med ei snakkande ravn.
På mange måtar var Eirill det barnet eg sjølv var. Ho var undrande, såg troll og nøkk på høgljos dag og ho elska dyr. Og så stilte ho spørsmål ved det meste og hadde ein rettferdigheitssans utanom det vanlege. Ho var ein tidleg feminist, til tross for at ho berre var ei lita jente då me blei kjende med ho.
Så då eg måtte innsjå Lokkri + romantikk = fullstendig krise var neste steg å sjå korleis det hadde gått med den vetle heltinna mi.

Litt tid har gått, og Eirill er no ei 16 år gamal (ung) kvinne som framleis bur i stova si i skogen over Stuphedla saman med dyreflokken sin. Verda har vore roleg i tida etter svartedauden, der Eirill har vore den nye seidkvinna på garden og teke imot born, hjelpt sjuke og blitt tante til mange små håpefulle englar.
Men brått blir ho kasta inn i ein noko dramatisk kjærleikstrekant, og det kjem eit nytt kvinnfolk til garden som Eirill hamnar så til dei grader på kant med. Og som i alle gode historiar, så ballar det på seg.
I førre serie fann syster hennar ein liten baby som nokon hadde lagt att i skogen, og ga ho namnet Sága. Ho er no blitt 6 år gamal, og har teke mykje etter tanta si. Ho er ein liten villstyring, med sterke meiningar og masse spørsmål, og dei to knyter eit sterkt band. Sága er overbevist om at det er huldra som la ho att i skogen, og meir enn noko anna skulle ho ynskje ho kunne få møte den ekte mor si.

Eg vil ikkje avsløre for mykje om historia, for det blir nokre plot-twists og ein del action, men eg har gjort mitt beste for at serien skal vere mogleg å lese sjølv om ein ikkje har vore gjennom alle Søstre-bøkene.
Serien Eirill Seidkvinne kan lesast heilt for seg sjølv eller som ei fortsetjing på den fyrste serien.
Det har vore litt av tanken min heile vegen; eg vil gjerne fortelje historiane til så mange som råd av etterkomarane til Eirill og Live, men samstundes vil eg ikkje at nokre av seriane skal bli på meir enn kring 20 bøker. Og at det dermed skal vere mogleg å lese ein av desse seriane utan å binde seg til 120 bøker for å få heile historia. Om NorskeSerier lar meg halde fram med visjonen min, så håpar eg på sikt at det skal ende opp som ei slektssoge som går fram mot vår eiga tid, og at det ein dermed kan lese noko frå 1300-talet og så hoppe til 1800-talet dersom det er ein tidsepoke som ein likar betre. Men dette ligg sjølvsagt LANGT fram i tid i så fall. Bøkene skal skrivast òg, ikkje berre diktast opp i hovudet mitt! :p

I mine auge er Eirill Seidkvinne ei bittelitt meir roleg historie enn den til tider brutale Søstre-serien. I og med at pesten ligg bak oss, så tek det vekk litt av det morbide elementet som hang over historia ganske lengje. Men livet i middelalder-Noreg var likevel hardt, og ein kjem ikkje vekk ifrå at døden var ein mykje hyppigare gjest på denne tida enn kva me er van med i dag. I skogen var det ulv og bjørn, og sjølv om dei sannsynlegvis gjekk etter sau og hjort var dei sett på som farlege å møte på, særleg på ei snøfull vinternatt.
Kvinner gjekk gjerne gravide frå fyrste menstruasjon til dei ikkje lengjer var i stand til å setje fleire born til verda, og ein fødsel var ikkje til å kimse av. Mange døydde, både born og mødre, og fødsel var blant dei vanlegaste orsakene til at kvinner omkom.
Så sjølv om det er mindre sott og henrettingar i denne serien, så blir det ei spennande reise gjennom middelalder-vestlandet denne gongen òg. Kanskje berre sett gjennom augo til ei som har blitt litt eldre sidan sist.
Og akkurat som med førre serie, er det den fantastiske Eline som står for illustrasjonane, noko eg så absolutt er heilt henrykt over, for ho kan dette med å skape MAGI på framsidene mine!

Eg håpar du har lyst å følgje meg, Eirill og Sága på denne ferda gjennom 1350-talet, for at det blir spennande kan eg absolutt skrive under på!
Fyrste bok, HULDERDATTEREN, er i sal 7. mars!

Utanfor stovedøra mi er eg sikker på at me er oppe i meteren no. Og framleis lavar det ned, medan dei som styrer vêret på TV seier me skal få endå meir på måndag! Ikkje at eg klagar. Eg ELSKAR snøen!! <3

Soundtrack: The Prodigy – No Good (Start the Dance)


Folk må berre klage til dei blir lyselilla i trynet, men vinteren er den vakraste tida på året.
Ikkje at eg ikkje likar sumaren, våren og hausten, men når verda blir pakka ned under eit teppe av vakre kvite fnugg som glitrar i måneljoset, så kan alt anna ta seg ein bolle. Dei fleste heng med leppa fordi el-bilen ikkje vil starte, vegane er glatte og dei får snø i skoa når dei går ut. Men det er konsekvensane av å sverge til ankelsokkar året rundt, folkens! Få deg eit par varme fluffy sko og NYT kor vakkert det er! <3

Dùnedain er jaffal på saka og held stien mellom ytterdøra og Skrivarstovao open og relativt snøfri mellom bygene. Og det med eit stort smil om munnen! Han har til og med teke på seg ansvaret å måke kring pippe-restauranten (les: fuglebrettet) slik at dei små fjørkledde gjestane våre finn att det som måtte ramle ned når dei er på vitjing.
Eg er vel og merke fødd med ei pussig genetisk innstilling som gjer at eg ikkje KAN la vere å smile når det snør.
Naboane må tru eg er småleg tussete når eg står her ute på trappa og stirer opp mot himmelen med eit fårete glis om munnen kvar bidige gong det lavar ned.
Jentene mine er derimot mindre entusiastiske, og eg trur ingen av dei har opphelde seg utandørs meir enn kring 10 minutt i slengjen siste dagane …

I dag var planen eigentleg å ta fullstendig fri utan å sitje med nasa ned i tastaturet og fantasere. Eg trudde eigentleg eg var ferdig med sjette bok i den nye serien min då eg til mi store overrasking oppdaga at eg var oppe i over 56.000 ord! Noko som fekk meg til å tru at pc’en min var blitt ganda, sidan eg har site og rive meg i dei små tustane som spirar på toppen i fleire dagar fordi eg følte eg ordteljaren min ikkje rikka seg over 42.000 ord!! (minimumskravet mitt er 50.000 ord. Trur eg. Eg har for å vere heilt ærleg mista litt oversikten … )
Så der sit eg då til langt utpå kvelden i går, medan magen min allereie var i fullt opprør både i topp – og botnseksjonen etter all jolematen og anna usunt snadder eg har stappa i kjeften gjennom jola, og freista å klippe og redigere og kutte og styre for å kome under maxgrensa mi … som eg heller ikkje heilt har kontroll på lengjer!
Heilt til eg kom til siste kapittelet, og oppdaga at eg framleis sto fast på dei 42.000 orda. For denne dama hadde limt inn seks kapittel TO GONGAR!! Og dei hadde gøymd seg heeeeilt på slutten av boka.
Oh joy.
Det var eit stykk grumpy forfattar som slo av maskina fortare enn svint og gøymde seg under eit teppe inne i sofaen der og då.
Dessverre er det ein gong slik at både folk i kreative yrker og sjølvstendig næringsdrivande ikkje har ein av-knapp, så her er eg igjen. Men skrivelysta (den fiktive sorten, altso) sit ganske langt inne i kveld, så om det blir produsert så veldig mykje meir før eg loggar av for kvelden, vågar eg ikkje uttale meg om.
Deadlinen min er om ei veke frå i morgon av, og då er det berre å krysse fingrane for at eg finn roen nok til å kome i mål.

I dag hadde eg for så vidt lova å ta fri. Eg og mannen skulle køyre Deadpool-maraton og sjå alle tre filmane. Noko me heilt fint klarte.
Eg er ein sucker for superheltar, men hjarta mitt er for alltid i anti-heltane sine hender. Og ingen kjem høgare på den lista enn min fine Wade Wilson. Han vitsar, han er ein nerd, han elskar einhjørningar, han sparkar romper og han har null filter. What’s not to love?
Det er litt som med anti-woke-komikarane; ingenting er heilag og eg elskar det.
Eg kan med handa på hjarta sei at eg er så lei av at ting skal vere politisk korrekt at eg trur eg spyr. Det er ikkje eit politisk korrekt fiber i skrotten min, og då er det rett og slett forfriskande at det finst nokre som kan spøke med det meste.
Ikkje at det er feil med Ryan Reynolds i spandex (eller lær) heller <3 Den mannen er awsomme, og ingen andre får lov å spele Deadpool enn han. Eg har talt, og det står eg fast med. Om nokon prøver, så blir eg sur. Veldig sur.
Det er heller ikkje noko å klage på at Wolverine dukkar opp i 3’aren, for Hugh Jackman ER Wolvie. Utan at eg skal nekte for at Henry Cavill var ein heftig fin cameo i filmen han òg.

Okay, for dei som ikkje er heilt på bølgjelengde, og som eg har mista fullstendig i dette spindelvevet av klissete manneprat her, så kan eg opplyse om, i korte trekk, at Deadpool opprinneleg er ein teikneserie. Han var ein gong ein leigemordar som fekk kreft, og som var ein del av eit medisinsk eksperiment som førte til at han fekk helbredande evner og gjorde han i stand til å bli frisk frå det aller meste. Inkludert kreften, men det har etterlete han med ein mindre … hm, tiltalande utsjånad. Litt som Freddy Kreuger sitt kjærleiksbarn, om Kreuger sine arr hadde vore genetiske. Han er i stand til å gro ut ein arm eller spire ein ny kropp dersom han mistar hovudet. Og han er ein del av Marvel-universet, og eg har digga karakteren sidan eg oppdaga han i teikneseriane FØR fyrste filmen kom ut. Men kanskje endå meir etter at mr. Reynolds BLEI Deadpool. Og Wolverine er den råaste av alle X-Men som nokon gong har eksistert, med knivfingrar og ein awsomme kropp … eh, hårsveis. Sånn for ordens skuld. Spelt av mr. Jackman. Han er jo slett ikkje så verst å sjå på han heller.
Og heilt til sist, så er Henry Cavill karen som har spelt Superman og The Witcher, og som ser akkurat like snasen ut som dei to eg akkurat har snakka om. Yummy.
Når det er sagt, så må eg leggje til at eg har ein underleg tendens til å forelske meg i fiksjons-karakterar framfor folk IRL.  Trur ikkje eg hadde reagert sånn kjempemasse dersom eg hadde møtt ein av desse på gata (mogleg eg hadde snudd meg og løfta litt på augebryna, men … ) med mindre dei gjekk i kostyme. Då er det ein større fare for at eg hadde vend om og sprunge etter dei.

Men så var det på høg tid å returnere til middelalderen, og kanskje klare å få ferdig den boka som ikkje VIL bli lengjer. Seriøst. Eg føler at eg står bom fast uansett kor mykje eg skriv! Antalet ord sniglar seg opp, utan at eg har noko kjensle av at eg har skrive kapittela kortare denne gongen enn nokon gong før! Likevel er eg no oppe i 40 kapittel, når eg vanlegvis kan klappe meg sjølv nøgd på skuldera etter cirka 35.
Eg avsluttar dermed dette innlegget med nokre bilete av vinterstemning frå dalen kring hytta, og vonar de alle har ein mindre frustrert sundag enn det eg strir med!

Elessär er supernøygd med vêret, og klarar ikkje halde seg nok i ro til at bileta blir klåre!!

 

 

 

Godt nyttår frå meg og Dùnedain! Og skål for at 2025 kjem med ALT de måtte ynskje dykk!

Nytt år, nye moglegheitar. Og fleire nyttårsforset. I år har eg eit: Eg skal klare å skrive minimum TO blogginnlegg i løpet av veka! Og så langt har eg faktisk klart det ganske bra, sidan eg tjuvstarta litt sånn på haustparten! 

Soundtrack: Nightwish – Noise

Eg har prøvd med det same nyttårsforsettet tidlegare, men då har det vore meir “eg skal skrive meir i bloggen”. No set eg meg eit meir konkret mål i håp om at det skal føre fram. I tillegg blir det kanskje litt meir press på å faktisk produsere litt tekst når eg no legg ut link på Facebook-sidene mine. Eg kjem ikkje til å linke til alt eg skriv bortsett frå det som er relevant til film – og bøker, men om nokon kik innom og les litt, så er det jo kjempekjekt det òg! Det blir mest av alt ei form for dagbok for min eigen del, for å få ut litt av alt som samlar seg oppi knollen, og som ikkje passar inn i det eg vanlegvis skriv!

For dei som då vel å ta fyrste turen innom (velkomen forresten!) så tenkte eg å skrive bittelitt om meg sjølv!
Eg heiter Lukritzia, og bur utanfor Bergen. Eg er oppvaksen i Balestrand (eller BaleBy om du vil), men flytta lengjer sør for å studere då eg var i byrjinga av 20-åra. Og her blei eg!
Forhåpentlegvis får eg moglegheita til å flytte “heimatt” snart, for eg elskar bygda mi der oppe i Sogn.
No bur eg saman med mannen min Dùnedain, dei tre kattane Thrallya, Eówyn og Khavi, samt hundane Pixie og Elessär i eit koseleg lite hus fjernt frå folkeskikken, og eg trives veldig godt her. Men det er smått med plass, så det hadde vore fint med til dømes eit kjøken der ein ikkje trengde å gå ut for å skifte meining.
Eg er stolt sogning, dyreelskar, hippie-bonde-gothar, reinkarnasjons-spiritist og definerar meg sjølv som heks.  Og så er eg nynorskfanatikar, sjølv om jobben min helst ser at eg skriv på bokmål. *fnys*

Sånn til dagleg skriv eg bøker. Blant anna. Eg er forfattaren bak den historiske romanserien Søstre, og har snart gitt ut 20 bøker! No er eg i gong med ein ny serie, men den skal eg heller kome tilbake til seinare.
I tillegg driv eg filmselskapet Alien Ghoti AS saman med mine fantastiske kollegaer Wenche og Jonny.
Eg har i fleire år vore potet i filmbransjen, og jobba med alt frå produsent og regissør til skodespelar, statist og sminke. Det einaste eg ikkje har prøvd er lydmiks, så vidt eg kan kome på! Og eg elskar det, sjølv om det ikkje er så lett å leve av i det lange løp.
Men det er ikkje så mange som har moglegheita til å leve av det dei elskar, og film og det å skrive er så absolutt blant mine største lidenskapar. Eg kunne knapt vente til eg forsto korleis ein skulle bruke bokstavar til å forme ord og setningar då eg byrja på skulen, og eg byrja på mi fyrste bok då eg var 9 år. Den blei på litt over ei halv dataskriven side, for det tok så hinsides lang tid å sitje der og taste med to fingrar. Så lærte eg meg touch-metoden, og resten er historie. Eller ganske mange historiar, for å vere ærleg.
Eg skriv film/TV-seriemanus, noveller, dikt og romanar. Ikkje alt er like mykje å rope hurra over, men eg likar å sitje og drøyme meg vekk uansett. Så då kan ein likevel skrible ned det ein tenkjer på.

Skrekkfilm er min sjanger, sjølv om favorittfilmen er Ringnes Herre. Og så diggar eg Deadpool, både filmane og teikneseriane.
Eg er vel eigentleg ein skikkeleg nerd når det kjem til stykkje, som samlar på retro-My Little Pony, rare dokker, FunkoPOP! og dragefigurar. Eg elskar fantasy, brettspel/rollespel, World of WarCraft og teikneseriar. Og så har eg ein fasinasjon for ting folk gjerne ser på som litt dystre, og det var kanskje der idèen til å skrive Søstre hadde sitt utspring.
Svartedauden, norrøn mytologi og norsk folketru har alltid vore noko eg har lese ALT eg kom over om. Eg pugga bygdaboka heime så snart eg kunne lese, på jakt etter gamle soger og historiar om draugen, pesten og overtru, og eg elskar å lære om korleis verda såg ut for menneska i middelalderen. Alt frå korleis dei brukte urter og folkemedisin til kva dei trudde på av underjordiske og trollskap.
Litt historie-nerd er det med andre ord i meg, sjølv om moderne historie alltid har vore litt meir ‘meh’. Krigane på 1900-talet interesserar meg cirka midt der sola aldri skin.

Bonde-gothar var ein kategori eg blei putta i av ein medbloggar for mange år sidan. Eg kledde meg helst i svart, og danderte meg sjølv med naglar og store boots, lange skinnfrakkar og med svart hår og likesminke i mine yngre dagar, men eg var langt ifrå så dramatisk som dei gotharane eg gjerne møtte då eg flytta til Bergen. Dei lente meir mot metal-goth og victoriansk-goth, medan eg gjerne tok på meg svarte sæggebukser og digre hettegensarar.
No er eg noko meir fargerik, og har helst rosa, lilla eller blått hår, knæsjfarga sko eller neonfarga mesh. Eg elskar å leike meg med sminke og prøve nye frisyrer, og sidan eg eigentleg vimsar kring i min eigen vetle draumeverden mesteparten av tida, så har eg innsett at eg eigentleg er litt hippie òg. For eg er veldig peace ‘n’ luv, og tykkjer alle skal vere snille med kvarandre. Eg er ei diplomatisk sjel som ikkje kavar seg så lett opp, og eg elskar livet.
Eg sleit med psykiske utfordringar i ungdomstida, men etterkvart som eg byrja å bli tørr bak øyro (og det tok jaggu lang tid, for eg trur det framleis er teikn til fuktskader baki der endå!!) lærte eg meg å sjå ljost på livet, meg sjølv og alt det fantastiske som er kring meg.
Men eg er open om det eg har vore gjennom, for det er nok av dei som slit og treng å høyre at det kan bli betre. Eg veit jaffal at eg hadde trengd å høyre det då eg var nedi dei djupaste kjellarane …

Og så bør det nemnast at eg er både sarkastisk, ironisk og har særs tørr og gjerne litt svart humor. Men eg er ganske så snill på botn, sånn eigentleg!

Så velkomen til deg som våga deg innom! Kom gjerne tilbake ein annan gong!
Og til sist vil eg ynskje alle som ein eit fantastisk godt nyttår, med von om at 2025 kjem med mykje godt og ikkje forsvinn så fort som 2024!

Det snør, det snør! Noko eg meinar er eit godt teikn for det komande året <3

 


Amerikansk teen horror/slasher (2019)
Med Imogen Poots, Aleyse Shannon, Lily Donoghue & Brittany O’Grady
Regi: Sophia Takal
Lengde: 1 time og 32 minutt

Eg har sett Black Christmas frå 1974 og re-maken frå 2006. Og sjølv om det har gått lang tid, hadde eg ein viss idè om kva denne filmen, som òg skulle vere ein slags re-make, skulle handle om. Eg kunne ikkje teke meir feil.

Jau, eg er ein sucker for girlpower, slasher-filmar og karakterdrivne filmar. Og her er det rikeleg av alt saman. I tillegg ligg hovudfokuset på korleis kvinner framleis på mange måtar er undertrykte sjølv i vår tid, og Takal balanserar det på ein nydeleg måte der menn som ikkje er verken alfa-wannabes, sove-valdtektsmenn eller sjølvopptekne jocks får moglegheita til å sei ifrå at ikkje alle menn er like.
Ho grip tak i korleis nokre mannfolk framleis kjempar for å få relevante leiarar som dominerar kvinner og korleis verda har blitt styrd av kvite menn i altfor lang tid.
Og eg elskar det.
Med det utgongpunktet sit eg og ynskjer at filmen kunne vart mykje lengjer eller rett og slett vore ein TV-serie!
Det er spennande, sjølv om eg undrar meg over at det er særs lite blodsprut og avkappa hovud til å vere ein slasher, slik forgjengarane hadde. Ikkje at det gjer filmen dårleg; eg likar karakterane frå fyrste stund. Alle har ei historie, alle er engasjerande og eg får lyst å vite meir om dei.

Filmen følgjer Riley, som studerar ved eit college som blei grunnlagd av ein mannsjåvinistisk slaveeigar for over 200 år sidan. Ho er foreldrelaus og offer for ein sovevaldtekt, men framstår som ei tøff ung dame med bein i nasa som ikkje lar seg pille på tidlegare nemnd nase. Ho er ein del av eit søsterskap som ikkje er samansett av bimboar og babes med overdrivne store puppar, slik dei gjerne er i filmar frå andre sida av dammen.
Ho og venninnegjengen er opptekne av likestilling og vil felle patriarkiet. For komplisert? Neidå, dette er slik eg tykkjer det SKAL vere.
Men det er tydeleg at ikkje alle karane kring dei er einige i at kvinner skal ha så mykje å sei, og konflikten tilspissar seg når jentene opptrer på ein jolefest der dei syng om sovevaldtekter.

Det høyres kanskje litt platt ut, men så langt er filmen god.
Takal gjer ein nydeleg jobb med å samle dei lause trådane og du får svar på det aller meste utover i filmen. Ho klarar til og med å veve inn nokre lause trådar som du ikkje visste at var lause i utgongspunktet!
Hittil i filmen er dette ein moderne vri på dei føregåande filmane, og eg for min del sit og ventar på at Billy (mordaren i den orginale filmen og re-maken frå 2006) skal kome vandrande inn i bilete.
La meg avsløre at det skjer ikkje. I staden blir me kasta inn i ein sekvens med ein kappekledd mordar som kjem noko ut av det blå. Og så går det nedover. Og nedover.
Historien glir lengjer og lengjer vekk frå orginalen, og blir ei suppe kokt på svart gøgge, gamal overtru og konspirasjonar.
Så er det brått over.

Eg sit att med kjensla av at Takal fekk det litt travelt på slutten. Som om ho hadde tenkt å lage ein god karakterdriven slasher, og det byrja veldig bra. Men så ville ho revolusjonere filmen mot slutten og gjere noko nytt og spenstig som … rett og slett ikkje fungerte så godt som ho hadde trudd det kom til å gjere.

Det vippar veldig mellom ein 3’ar og ein 4’ar her. Eg vil dra han opp fordi eg så gjerne VIL at den skal vere god heile vegen når starten er så engasjerande, men slutten dreg meg ned på ein 3’ar. Ein sterk 3’ar. Og eg vonar inderleg at det blir fleire filmar med like gode karakterar frå Takal i framtida, for den delen elska eg verkeleg!!

Og det skal gå radigt, for dette året har gått så fort at eg rakk ikkje snu meg før det var over. Når eg fyrst byrja å fundere litt over tida som har gått, så har det skjedd eit og anna. Men dei heilt store høydarane har uteblitt, utan at det eigentleg har vore nokon big deal. Det har vore eit fint år! 

Soundtrack: Rammstein – Rein Raus

Party like it’s (new years -) 1999!!

Då eg tidlegare var ein ivrig bloggar, så skreiv eg gjerne ei oppsummering av korleis året hadde vore kring tida då rakettane ljoste opp desemberhimmelen.
Men i år? Eg har eigentleg ikkje så mykje å skrive heimatt om.
Ikkje skal nyttårsafta feirast nemneverdig denne gongen heller. Tidlegare var det the event of the YEAR, men no er me godt nøygde med å ete god mat og skåle med litt champange medan me ser nokre slappe fjertar av rakettar bli skotne opp i det fjerne. Stjerneskot er vel og merke eit must, og Dùnedain har stækka opp med x antal pakkar, så me får ljose opp nyttårsafta etter beste emne her på tunet.
Slik var det ikkje før: Då blei nyttårsfesten planlagd i månadsvis, og kvart år skulle overgå det førre.

No er me “småbornsforeldre” for ein liten flokk på fem englar, og det fristar ikkje å la dei vere aleine dersom nokon av naboane skyt opp rakettar og skremmer livskiten av dei.
Men kva skjedde eigentleg i 2024?
Eg fekk fjerna ein føflekk som har irritert meg sidan ungdomstida, og eg fekk meg ein ny awsomme tatovering.

Eg og Dùnedain farta til Oslo fleire gongar på adopsjonsførebuande kurs, berre for å få eit slag i trynet då Bufdir med eitt fann ut at dei ikkje tykte det var ein glimrande idè at born utanfor Noregs grenser skulle få lov å få foreldre i landet vårt.
Det svei litt. Eller, ganske masse faktisk. Me hadde fått det meste av papirarbeid i orden like før nyhendene kom, og for to som ikkje kan få eigne born var det vondt. Me var så glade for at me hadde landa på at me ville adoptere ei lita tulle eller ein knert frå Sør-Afrika, og sjølv om prosessen framleis var lang og hard, så var me i gong. Me skulle kanskje få bli foreldre på skikkeleg!
Men den gong ei. Me ventar framleis på å høyre om dei vel å snu, men sannsynlegvis har det allereie drege så langt ut at me blir for gamle før Bufdir kjem til ein konklusjon …

I mars fekk eg billettar til Wave’s of the 90s i bursdagsgåve frå min kjære ven og kollega Jonny, og me hadde ein fantastisk gøy tur. Eg møtte ein haug med herlege folk, og tok like greit med meg ei heftig influensa heimatt frå Danmark. Dermed blei bursdagen min feira i sofakroken under eit ullteppe med ein varm kopp kamille-te i lanken.

 

Mannen hadde bursdag og rund dag, som blei ubønhøyrleg feira med zipline og fisketur, og avslutta med storfest på Gimmeland med både puspas, quiz og karaoke.
Bror min hadde òg rund dag, i juni, men den blei ikkje feira før i august, og det i ekte BaleBy-style der berre eg, dei to hedersgjestane (bestekompisen vår har bursdag dagen etter bror min, så dei slo dagane saman og laga haraball saman) og far min sat att i garasjen og såg sola stige opp.
Ein LEIKAR ikkje fest i Balestrand!!

Sumaren gjekk for det meste med til å jobbe. Eg kom i gong med ein ny bokserie, og har arbeidd hardt for å ha sju bøker klare når dei skal kome ut i butikkane.
Evy, venninna mi frå vidaregåande som eg knapt har sett sidan, kom ein tur på vitjing og budde i campingvogn i hagen vår nokre dagar, Deadpool & Wolverine (<3) hadde premiere, og eg fekk møte ein heil drøss herlege forfattar-damer frå bergenstraktene på treff i by’n.
I august hadde eg og Dùnedain 2-års bryllaupsdag, men blei det feira? Næh.

Alien Ghoti AS – Verdas beste arbeidsplass!

Eg, Jonny og Wenche starta opp vårt eige filmselskap som fekk namnet Alien Ghoti AS, og så langt har me laga ein film. Så ballen rullar i det minste!

WarWithin-expansionen til World of WarCraft kom, og den var eigentleg … heilt grei. Eg veit ikkje direkte kjempeimponert, men det har teke seg opp etterkvart.

Meg & Dune på Waves of the 90s!

Då hausten kom blei det ein ny runde med Waves of the 90s sidan me vann nye billettar i mars, og det var like gøy denne gongen!

Eg var på teater og såg Kvinna i Svart saman med Kari Beate, som er eit av mine nye fantastiske bekjendskap gjennom året, det var innspeling av kortfilmen Skinnsyk, og brått var det blitt desember.Så då sit eg her, med kalkunen i ovnen og waldorfsalaten klar i kjøleskapet. Ute snør det, og mørkret senkar seg over dalen.

La oss håpe at neste år kjem med meir liv og røre, spennande opplevjingar og hakket mindre intense arbeidsdagar. For det hadde vore kjekt å få gjere noko anna enn å sitje aleine på kontoret og fortelje eventyr frå middelalderen!

 

 

Ei oppsummering av året som gjekk er vel ingenting utan å vise til eit lite utval av all galskapen har føregått på toppen min sidan me forlot 2024?

Godt nyttår, alle saman! 

Så må eg krype til korset og innsjå at det kanskje var i overkant optimistisk og eit relativt hårete mål å setje seg i desember. Ein kan ikkje berre skrive ei heil bok når huset skal vaskast, kaker skal bakast, gåver skal kjøpast og pakkast inn og jola skal feirast i BaleBy.

Soundtrack: Rammstein – Seemann


Sånn til dagleg er eg forfattaren bak den historiske romanserien Søstre, og eg elskar jobben min.
Ingenting er betre enn å fortape seg sjølv i det fanatiske universet som har vokse fram i prosessen med å skape serien, og få hengje med alle karakterane mine som er blitt så inderleg glad i. Med visse unntak sjølvsagt; Audun Prest og abbedissa har vore eit sant mareritt å forhalde seg til.
Men no er eg ferdig med det kapittelet (pun intended!!) og har gitt meg i kast med eit nytt prosjekt. Ørten prosjekt, skal eg vere ærleg, for eg sjonglerar filmmanus, novellesamlingar og barnebøker i eit einaste saleg kaos.
No var det ikkje nokre av dei sidespora mine som kom i vegen for den siste boka som eg etter planen skulle sende inn i dag. Det var jolestria.
Brått skjedde det ti tusen ting, og eg hadde ein million ærend og planar og husarbeid og Fandens oldemor som sto i kø, og for å ro alt i land måtte eg leggje ned pennen (tastaturet) i ei vekes tid for å fokusere på litt andre ting.
Det gjekk som det måtte; fyrste joledag var hovudet mitt klårt til å sprekke, for eg har ALDRI gått så lang tid utan å skrive sidan eg byrja på fyrste bok i Søstre-serien!! Ikkje ein gong då eg og Dùnedain gifta oss eller når me var på bryllaupsreise!
Men likevel kom eg ikkje i mål. I går og i forgårs skreiv eg SJU kapittel fordi skrivekløen blei for intens, men eg må kaste inn handkledet til den nakne kvinna som lærer å spinne: Det var litt meir vatn over hovudet på meg enn eg var klar over.

Så då var deadline’en skubba fjorten dagar fram, og eg skal vie vinteren til å innhente meg sjølv.
Måndagar er uansett ein skikkeleg drittdag å vere forfattar på, for då er kjøleskapet tomt og me er garantert manko på dopapir, hundemat og ikkje minst RedBull. Ein tur på bui er ikkje spøk, særleg ikkje når cirka halve Bergens befolkning har kikka inn i kjøkenskapa sine og oppdaga akkurat det same. Så då reiser dei på handling, og eg går der med handlevogna mi og fresar stille til ei kvar kranglete Karen, skrikande unge eller gamal dame som går akkurat litt for seint framfor meg mellom reolane. For på toppen av galskapen fekk eg mensen, og då er eg ikkje til å spøke med.
Dermed byrjar arbeidsdagen cirka no. Sånn nesten ni timar seinare enn den vanlegvis gjer.
Vanlegvis har eg for mål å skrive minimum to kapittel kvar dag, noko som tilsvarar mellom 1600 og 3000 ord, litt avhengig av kor mykje research som må gjerast undervegs. Dessutan er det ikkje alle kapittel som må vere like lange rett og slett fordi eg vil helst unngå å skrive berre for å skrive.
Då eg fyrst byrja som serieforfattar hadde eg det frykteleg travelt med å få putte inn ALT eg hadde i hovudet på så kort tid som mogleg, om det gir meining. Eg var ikkje flink å dele opp historien min, og eg likar å tru at eg er blitt betre på det. Det er særs sjeldan at eit kapittel i det heile nærmar seg 2000 ord no, medan eg gjerne hadde problem med å begrense meg i byrjinga.
Det er ikkje alle dagar at skrivekløen sit så langt ytterst i fingerspissane som den gjorde etter joleopphaldet mitt, og i dag er ein slik dag. Det er litt ekko i toppen, og det hadde vore digg å berre ditche skriveøkta og vie tida si litt World of WarCraft eller ein god film.

Kamilla & meg <3

Heldigvis hjalp det litt å stikke innom nesten-naboen min borti hood’n her og endeleg få helse på Kamilla; verdas mest bedagelege buhund! <3 Ein kan ikkje gå kring og vere grumpy når eit nurk av hennar kaliber bestemmer seg for å adoptere deg permanent og finn seg til rette på fanget ditt nesten med det same du kjem inn dørane!
Eg har fått RedBull, eg har Rammstein på øyra og dei som har kontroll på vêret har meld at det kvart augneblink kan byrje å snø igjen. Varmeovnen er på, og seinare skal det kome ein snill mann med meir jolesnop til meg.
I think I’m good. Så då var det berre å ta seg sjølv i nakken og dukke nedatt i middelalderen!

Så var jola over for denne gong, sånn bortimot. Dei småleg melankolske tonane til Alf Prøysen og Sølvgutane er bytt ut med industrial metal og P!nk, i alle fall for denne gongen. Magen er full av både pinnekjøt, riskrem og ribbe, og eg føler eg har marsipan tytande ut av øyro. Englane blei på loftet her hjå meg i år, sidan me feira jola i BaleBy!
Eigentleg skulle eg sitje og vore flink romanforfattar, men jaggu melde dokumentasjonstrongen seg, og sidan eg i tillegg er tom for RedBull, så har eg ei kjensle av at Eirill må bli der ho er ei lita stund til. 

Soundtrack: P!nk & Lily Allen – True Love

 

Plasttre?! Javel, så får eg leve med det. For now.

 

På mange måtar blei det den beste jola på lengje, sidan eg fekk vere der eg feira dei fyrste jolekveldane i livet mitt. Den vakraste staden på jord i mine auge: Balestrand.
Det var snø. Det var Boney M til sølvpussinga. Barnelatter og bikkjer som dansa kring joletreet; alle med like stor entusiasme som meg der eg låg på alle fire og grov fram gåvene. Det er slik det skal vere. Å ha nokon som finn like stor glede i jolekvelden som meg sjølv er magisk, og det er ikkje det same utan born i huset når kvelden kjem.
Det var meg og Dùnedain, bror min med madam og kids, gamlingane og hundane. Berre dei stakkars pusejentene mine var djupt sakna, men for å vere ærleg så drit dei litt i heile opplegget. Dei er ikkje interessert i pakkar og styr. Om dei får velgje vil dei liggje framfor peisen, ete våtfòr og bli klødd bak øyro, og det kan gjerast kvar einaste dag i året.

Jolestemninga kom til sist, og takk og pris for det! <3
Det hjalp litt med bakedag med Kriss og puseflokken hans. I år som alltid før blei det laga jødekaker og serinakaker hjå dei, og her heime fleska me berre til med kakemenn denne gongen. Ikkje fekk me tid til å pynte dei heller, men dei smakte heilt fint utan konditorfarge og smelta sjokolade!

Hjå oss bakar me med hovudlykt!

Eg òg Kriss har òg ein tradisjon med å reise på jolemarknaden i Bergen saman. I år var faktisk fyrste gong me klarte å kome oss innover medan det framleis var ljost!
Stemninga er noko anleis sånn før alle ljosa skin i adventsnatta, men då har me i det minste prøvd det òg.
Me åt pommes frites og crêpes (eg måtte gje tapt og kaste siste resten, for magen blei full før augo! Bòn apetit til byrottene …!)

Moo Ping. Ku og pingvin.

Og kvart år tvingar eg meg sjølv opp i pariserhjulet, så sant vêret tillèt det. I fjor regna det trollkjerringar og pusekattar, så me var ikkje så veldig gira på å sitje der og bli våte og kalde. Men i år var det berre småkjøleg, og då skal me opp i høgda!

Har eg nemnd at eg har høgdeskrekk? Noko så hinsides òg!! Men no har eg omsider funne ut at opp er verre enn ned, så om eg til neste år hugsar å sitje på rett side så eg ser meir nedover enn når me går oppover, så går det bra! Sånn nesten. Litt pusteproblem og skjelvingar høyrer med når ein trossar seg sjølv og kastar seg ut i slik noko toskeskap.

Så var jola nesten her, og me pakka snippsekken, sa farvel til pusejentene som skulle feire jola aleine (men svigerfar lova å sjå til dei, så dei hadde alt dei trengde!) og snudde snutane mot Sogn.

Me kom fram bittevetle jolafta, og Dùnedain blei parkert ved kjøkenbordet saman med far min for å pusse sølv, medan eg rigga opp høgtalaren og Spotify så dei kunne få høyre på Boney M til arbeidet.
Det høyrer med til jola. Det blir ikkje jol utan Boney M!!


Eg og mamma gjorde klar romma til dei som skulle kome dagen etter, før alle dumpa ned framfor kvar sin skjerm i stova.
Det vil eg berre gjere klårt for alle som kjem på vitjing til meg i framtida, når eg har plass i huset til å ta imot gjestar: Mobiltelefonar, nettbrett og denslags blir IKKJE godteke når de er hjå meg!! Eg skal ha mobilhotell i gongen, eller de må parkere fysjom-dingsane dykkar på rommet de har fått tildelt. Eg HATAR slike småskjermar. Det er derfor det kan vere i overkant vanskeleg å få tak i meg; eg legg att mobilen over alt.

But I digress: Ny dag, og me var på kyrkjegarden og vitja dei som ikkje lengjer fekk vere med oss. Bror min og flokken hans kom, og mannen min var ake-assistent medan me andre pynta joletre, krangla om kvar det kunne gjerast plass til jolekrybba (eg er kanskje ikkje så kristen av meg at det gjer noko, men jolekrybba SKAL opp!!) og etterkvart slo me oss ned for å sjå Hovmesteren & Grevinnen på NRK, tradisjonen tru.

Så var det ENDELEG jolekveld, og pakkehaugen var ENORM!

(og det må nemnast at eg fekk mandelen i grauten!!) 
Eg og troltao (niesa mi) var pakkeansvarlege, og las lappar og delte ut. Eg fekk så utruleg mykje fint!! Nye støvlar, boksar til vaskepulver, morgonkåpe, musikk og film, smykker, tøflar … ingen bøker i år faktisk? Haha! Men så hadde eg berre ei på ynskjelista mi òg då.

1. joledag skravla eg med Gunvor, som heilt hadde gløymd å opplyse meg om at han som skulle levere gåva mi ikkje kom seg opp bakken til foreldra mine sitt hus og hadde putta den i postkassa. Men der låg den framleis og venta på meg, og inni der var det ein nyyyydeleg langarma tee med matchande lue! <3 OMG lissom berre. Ho er eit genialt menneskje som kjenner meg altfor godt.
2. dag kom, og det var så vidt eg klarte å lokke med meg gubben min heimover. Han har lyst å bli der slik at han kan få vere dreng på heiltid, han. Men me hadde tre pusar som venta, og eit hus som var isande kaldt då me kom inn dørane. Og så er det litt godt å kome heimatt òg, sjølv om eg trives godt der heime mellom fjord og fjell …

God jol vidare alle saman!

Amerikansk skrekk/thriller (2023)
Med Russell Crowe, Daniel Zovatto, Alexandra Essoe, Peter DeSouza-Feighoney & Laurel Marsden
Regi: Julius Avery
Lengde: 1 time og 43 minutt

“You know any jokes? You should learn some. The Devil does not like jokes.”

Jau, det er litt forfriskande å sjå mr. Crowe i rolla som ein hardcore eksorsist med mørk og tørrvittig humor. Og DeSouza-Feighoney er nydeleg som besett liten gut. Effektane er det heller ikkje noko å sei på sånn eigentleg, men eg saknar ein besettelses-film som verkeleg skremmer.
The Exorcist sette standaren i 1973 var det gjort så hinsides perfekt at den einaste som har klart å nå den oppunder støvlekanten i etterkant må vere The Exorcism of Emily Rose (2005).
Dei aller fleste filmar om eksorsisme som har dukka opp sidan har stort sett blitt humoristiske, og gjerne med overlegg. Og her kjem då Paven sin Eksorsist inn.
Stemningen blir sett, der Father Gabriel Amorth (Russell Crowe) driv djevelen sjølv ut av ein mann og over i ein gris som så blir skoten point blank. Me forstår allereie i måten Amorth snakkar til “djevelen” at han er ein som kan virket sitt, som ikkje fryktar ondskap og som er i stand til å gjennomskue ein som berre latar som. Så langt, så vel.

Så følgjer me Julie (Alexandra Essoe) og familien hennar, som har flytta til Spania frå USA for å pusse opp eit gamalt kloster, der skumle ting lurer i kjellaren.
Med ein slik location og setting er eigentleg mykje gjort for å skape ei kjensle av at noko fælt kjem til å skje, og ganske riktig. Det tek ikkje så veldig lang tid før sonen Henry viser seg å ikkje vere heilt som han skal. Han blir sint. Og full i sår. Og veldig tynn. Slik smådjevlar gjerne får folk til å bli når dei kryp inn i sjela deira.
Pater Amorth to the rescue! Væpna med vievatn, dad-jokes og dårleg samvit for den kvinna han ein gong ikkje klarte å redde.

No skal det nemnast at Pater Amorth faktisk har eksistert og sysla med demonutdriving i røynda, og i og med at eg ikkje kjenner karen kan eg ikkje uttale meg kor realistisk Crowe faktisk portretterar han. Kanskje utførte han pliktene sine med eit glimt i auga akkompanjert av vitsar og godt humør, men filmen er ikkje basert på ein reell historie frå Pater Amorth sitt liv. Inspirert, ja. Men filmskaparane har vore litt på bærtur og plukka frå ulike notatar og skribleri som denne karen etterlet seg.
Det blir grei underhaldning, men er det nok til å kalle dette ein grøssar eller ein skrekkfilm? Eeeeeigentleg ikkje. Ein skrekkfilm har kanskje litt humor og eit par goofy karakterar, men i dette tilfellet blir filmen meir ein thriller enn noko som kan framkalle skrekk og gru. Det funkar greit. Men særs få horror-fanatikarar (som underteikna) mistar nattesøvnen av dette.

 

Jolestemninga lot vente på seg, men NO trur eg det byrjar å nærme seg noko. Eg skal ikkje skryte på meg å ha alt på stell, men så har eg ei deadline på neste bok før nyttår og då blir det lite tid til å vaske så omstendeleg som eg vanlegvis gjer!

Soundtrack: Ylvis – Da vet du vet er Jul

Til helga skal eg og min faste bakekompanjong og beste ven Kriss bake jødekaker og serinakaker. Eg ser ikkje for meg at det blir tid til å få kakemennene i ovnen i år, men det får så vere.  Jolegåvene er kjøpt inn (eg har EI igjen!), og gongen duftar friskt av grønsåpe. Kjøkenet er eit prosjekt under utvikling, og stova ser ut som eit bomba horehus. Men det var litt hjelp i å reise på Spar for å hente dei siste pakkane mine i går.
Den amerikanske cola-nissen var komen til bygda, og Dùnedain gløda som ein fem-åring med sukkerkick då han såg det.
-Trur du nissen lar oss ta selfie med han?
Han hoppa nærmast der han sat i bilen.
Som den omtenksome kona eg er lova eg å knipse eit bilete dersom han våga seg bort til nissen, og mannen kunne knapt stå i ro lengje nok til at barnehageborna som hadde trappa opp for å helse på nissefar blei ferdige i køen.
Bilete blei det. Og ein cola frå Sydpolen. Samt gevinst på lukkehjulet, så no kan me stolte skilte med å vere eigarane av ei cola-kakeform når me atter klarar å kome inn i den vande joletradisjonen med å bake dei sju sortane.

Liten mann og STOR trailer!

 

Jolenissen stilte gjerne opp til fotografering!

 

Sjåååå så glad! <3 (det er cookie-cutter’n han har i handa altso)

 

Glad mann har fått cola!

Same dag som me møtte nissen var det siste opptaksdag med drone for Skinnsyk. Me var i vakre Langedalen og fraus på føtene, men den heilt nydelege skodda som la seg over dalen gjorde bileta i overkant av fantastiske. Om filmen skulle floppe, så kan me i det minste skilte med at me har tidenes mest awsomme intro! ^^
Og jaggu kom ikkje min kjære ven og kollega Jonny dansande med ei tidleg jolegåve til meg!


Det ser kanskje mest ut som ein sjal på bilete, men det er faktisk ei sånn laaaaang (og då meinar eg SKIKKELEG lang!) balaklava-lue-sak som eg tidlegare ytra at eg ynskte meg til jol! <3 Snille mamma’n hans hadde gått i gong og dikta opp ei oppskrift som ho hadde sett seg ned og strikka, og eg ELSKAR den! Den er skikkeleg middelalder/alvisk og så varm og god og kul og … Damn! Eg kunne ikkje bedt om betre kollegaer!!

I helga som var dekka svigers opp med smalahovud. Eg er eigentleg van med at sauehovuda blir sett på bordet, men det var ikkje før eg var godt vaksen at eg fekk meg til å faktisk ete dei sjølv. Og framleis skal eg
innrømme at det ikkje er -alle- delane av dyret eg er like entusiastisk for. Skinnet, augo og innsida av kjakane skal dei få ha i fred, for det lempar eg diskret bort på tallerknen til gubben min. Saman med den innerste delen av øyro. Eg har mine fisefine trekk eg som alle andre, og noko med å ete øyrevoks fristar lissom ikkje heilt.

Dùnedain et alt. Han er truande til å bite hòl på beina for å suge ut margen.
Det rauk til to og eit halvt hovud når han kom i gong, for verken eg eller den andre smalahovud-n00ben ved bordet sette til liv heile framenden av sauen me hadde fått tildelt.
Når det er sagt så prisar eg meg eigentleg ganske så lukkeleg over at me ikkje har helde fast på den islandske tradisjonen med å ete sure værballar. Det hadde eg nok slite endå meir med å få ned!

 

 

 

 

Avsluttningen på ein smalahovud-middag ser strengt tatt noko morbid ut!

Men jola er ikkje her heilt endå! Gåvene skal pakkast og sendast, og eg har eit håp om å kome meg inn på jolemarknaden i Bergen før Sølvgutane stemmer i med søte tonar og jola kan ringjast inn. Om ikkje anna er adventsstjernene – og stakane komne opp, og eg trur eg har kontroll. Så får nissen kome på kjerringa akkurat som det passar han!

Aftenstemning i Dalen