Eg les tarot … orsak, ‘taro‘-kort sjølv, og med ein gong ein film indikerar at den skal omhandle nokre av “mine” greier, så blir eg skeptisk. Men når det er sagt, så likar eg sjølve korta i filmen. Eg elskar små-creepy tarot-kort. Og dei som Haley (Harriet Slater) tek i bruk klassifiserar vel til den kategorien.
Ein venegjeng har leigd ein gamal herregard for å feire 21-årsdagen til Elise (Larsen Thompson), og midt i festen går dei tom for alkohol. Dei leitar gjennom huset og finn ei dør som ikkje skal opnast. Den lar dei vere og leitar vidare. Neidå, sjølvsagt ikkje. Dei bryt den opp og tuslar ned i kjellaren, som er stappfull av alle slags okkulte og skumle greier. Blant anna ein boks med nokre suspekte tarot-kort. Haley kan lese tarot og har ei greie for astrologi, så ho køyrer i gong ein runde med spådomskunst for venane sine. Så pakkar dei saman og reiser heim, og det går ikkje så lang tid før dei byrjar å døy på måtar som kan koblast til det Haley las i korta. Klatre på karriere-stigen blir til å døy under loft-stigen. Vatn under brua blir i til å døy på brua. Du skjønar opplegget.
Det kvilar ei forbanning over denne kortstokken, i tillegg til at du aldri skal bruke andre sine tarot-kort. At nokon kjem og tek livet av det sånn IRL er vel lite sannsynleg, men dei som trur på at korta har noko magisk ved seg trur gjerne òg at tarot-kort kan bli “merka” og vanskelege å lese dersom for mange fingrar tafsar på dei. Men det er kanskje berre slike overtruiske trollkjerringar som meg som tviheld på denslags idèar?
Fyrste monster på bana: Yppersteprestinna. Med krune og det heile.
Nokre gode jump-scares har dei klart å få inn, og stemningen er heilt innanfor. Eg diggar monster-designet på skapningane som kjem til livet frå kvart og eit kort, men samstundes blir dei på eit vis litt for like mange av monstera frå Stories to Tell in the Dark (2019)? Det kan vere berre noko eg innbillar meg, så eg skal ikkje stå veldig hardnakka på akkurat det. Noko føles vel og merke litt halvhjarta med det heile. Eg hadde faktisk trudd den skulle vere mykje dårlegare enn den viste seg å vere, men samstundes blir det heile litt tamt. Det er mykje her dei kunne gripe tak i og brukt til å gjere filmen mykje meir intens og spennande, for det er mykje skummelt i ein tarot-kortstokk! Eg kan forstå at “Tårnet” eller “Månen” blir litt vanskeleg å bruke som spennande karakterar (og “Tårnet” er det kortet eg likar minst sjølv!) så kunne dei gjort meir ut av det dei hadde til rådigheit i forhold til mystikken og symbolikken. Eg må innrømme eg kjeda meg litt, men dei får ein 3’ar. Berre fordi eg tykte monstera var ganske kule!
Okay, la meg kjapt setje scenen her: Donald er den store dumme bølla i skulegarden. Putin er jocken som dopar ned jenter på fest og gjer som han vil med dei. Og Kim Jong-un er den halvkjipe kompisen deira som stappar i seg ostepop og ler medan Donald bankar opp nerdane. Landa i resten av verda er medelevane som må leve med desse lakabodlane.
Soundtrack: Lordi – Lucyfer Prime Evil
I filmane er vanlegvis bølla ein ekkel liten gut som har fått altfor mange cheeseburgarar fordi mamma aldri laga skikkeleg mat til han heime, og eigentleg ikkje var så glad i han. Han er usikker på seg sjølv og har liten tiss. Tilfellet vårt er mykje det same, bortsett frå at Donald ikkje er usikker på seg sjølv. Snarare tvert imot; han er den ufyselege gutungen som kjem frå ein rik familie med altfor mykje pengar, og som har fått lov å ture fram akkurat som han vil heile livet. Akkurat no har han peikt seg ut Danmark som sitt nye mobbeoffer, sidan det ikkje var gøy å plage Venezuela lengjer. Og sidan han veit å angripe der det svir mest, slik bøller gjerne gjer, har han gått etter lillesyster Grønland. Alle veit at Grønland er ganske forsiktig og uskuldig, men at ho alltid har sjokoladepulver til å putte i mjølka si til lunsj. (ein referanse for oss som gjekk på skule då ein fekk lettmjølk eller h-mjølk, og ikkje Litago som skulemjølk!) Og det har Donald lyst på.
Men som bøller flest er Donald ganske uberekneleg. Ein veit aldri kva han kjem til å finne på, for han skal tøffe seg for den kule Putin og blir heia på av den små-ekle Kim. Det skremmer alle dei andre elevane ved skulen hans, for det virkar ikkje som om verken lærarane eller foreldra hans er i stand til å tøyle han. Dei er altfor opptekne med å stikke nasa så langt opp i kaviarkrysset på fyren som det er å råd å kome i håp om at så lengje han er nøgd så gjer han ikkje for mykje gale. Og her er det eg byrjar å hisse meg opp.
Eg likar ikkje mobbing. Eg har ALDRI takla at folk plagar andre, oppfører seg som om dei er betre enn alle kring seg eller at nokon er stygg med andre. Slike folk tykkjer eg treng ein heftig dose juling og ein smak av eigen medisin. Då eg var ei rund og god lita kruttønne i barndomen, så sette eg meg på dei. Eg la dei som plaga andre i bakken, sette meg til rette oppå dei og let tyngdekrafta gjere jobben. Dei måtte sverge å vere snille før eg reiste meg igjen. Cred til Vetle-Bolla. Donald blir litt vanskeleg å setje seg på. Han er langt vekke, og eg hadde nok blitt plukka raskt ned av Secret Service om eg kom for nær. Ikkje slepp dei meg inn der borte på andre sida av dammen så mykje som eg har kava meg opp og skrive online om dette kreket av ein mann heller.
Men det Donald og venene hans driv med no er sidestilt med mobbing. Dei skal vere store og tøffe, og har derfor bestemd seg for å ta seg til rette. Akkurat som det måtte passe dei. Og i staden for å stå opp mot mobbarane, køyrer leiarane kringom i verda same taktikk som skremde elevar som fryktar at dei blir neste mål for banden: Dei bøyer seg baklengs i håp om at om dei berre gir akkurat passe masse etter, så vil Donald bli happy. Tingen er berre at slik fungerar det ikkje når ein har med ein fyr som er så høg på seg sjølv som Donald å gjere. Han er typen som får vetlefingeren og tek heile handa. Han bryr seg ikkje om eit “nei”, og trur at ingen reglar gjeld for han.
Me er komne til eit punkt som byrjar å grense til det latterlege. At ein puslete mann, sprø som kjeks og dum som ein frøloff, har ansvar for eit av verdas mektigaste land er i seg sjølv komisk, men at verda til ei kvar tid føyer seg for innfalla hans og freistar å snakke vit med han er heilt ko-ko. Fyren skryt av at han tek fyrsteklasses MRI-bilete av hjernen sin, utan at han ein gong veit kvifor dei la han inni tuben og fotograferte han! Han lever på cheeseburgere frå McDonalds og driftast på Cola Zero, og når han opnar kjeften undrar eg meg kvar einaste gong på kor mykje den eine hjernecella han har til rådigheit jobbar overtid for at han i det heile skal ha vit til å trekkje pusten. For det er jaggu ikkje mykje som foregår mellom øyro på den karen. Eg er sikker på at om han hadde ramla og slått hòl i hovudet, ville vakuumet i skallen på han vore stort nok til å suge oss alle inn i ein ny dimensjon.
Det einaste som gjer nytten for å setje denne karen på plass er å gje han ei sabla god oppdraging, slik foreldra hans heilt tydeleg ikkje gjorde. Det vil sei avskjære han frå burgarane og colaen, sjå til at han held leggjetidene sine og setje han i time-out når han ikkje oppfører seg. Slike ting må gjerast på heimebane, for det rår ikkje me utanfor Statane over. Men me kan jo nekte å leike med han og resten av USA til dei lærer seg folkeskikk! Sei at dei får ikkje meir maskiner, bilar, medisinar eller data-deler av oss før dei tek til vit. At det hadde blitt litt slunkent i grønsaksavdelinga deira om ikkje Mexico ville dele avocado’ane og tomatene sine, og Guatemala hadde snurpa att leveringa av bananer hadde kanskje ikkje Donald merka så mykje til, slikt sunt kosthold som han svergar til. Men om Canada og Chile (som er blant dei største eksportørane av kjøt og fulg til USA) hadde sagt klart og høgt NOPE!, og India og Nederland hadde stoppa opp leveransane av sjokoladebønner og kakao pulver, så er det mogleg at Donald hadde fått litt kalde føter fordi han såg opprøret i landet bryggje. For er det EIN ting eg veit om mitt eige kjønn, så er det at det er faen meg ingen du har mindre lyst å få på nakken enn ein gjeng premenstruelle sjokolade – og junk food-sugne kvinnfolk! Viva la REVOLUTION!!
PS! For ordens skuld så er det ikkje positivt å vere ein lakabodl!!
Det er ganske klassisk. Jonathan Rivers (Michael Keaton) saknar kona si, og blir kontakta av Raymond Price (Ian McNeice) som seier at han har motteke beskjedar frå ho på den andre sida. Gjennom EVP. Så må mr. Rivers overbevisast om at EVP er ei verkeleg greie, og han blir besatt av å kommunisere med dei vage skikkingane som dukkar opp på VHS-kassettar og lydopptak. Nokre er snille, andre er … ikkje.
White Noise er ein typisk “spøkjelses-film”. Det revolusjonerar ingenting, men det er ikkje direkte vondt å sjå på heller. Medan filmen rullar over skjermen sit eg og tenkjer på at eg har sett denne før. Seriøst. Eg HAR sett denne før. Fleire gongar. Og den er heilt okay, men likevel er det ikkje ein film eg eigentleg føler eg kan sjå om og om igjen. Kvifor er eg litt usikker på; det er visuelt bra, stemninga byggjer heilt greit, skodespelarane er flinke, og sjølv om det aldri blir så intenst at eg grip etter sofaputene, så funkar det. Det er tydeleg at dei som står bak White Noise kan lage film. Dei er overhovud ikkje n00bs i bransjen. Men kanskje er det akkurat det som øydelegg litt? Alt er for reint. For ljost. Det er som om dei har fått utlevert ei oppskrift på korleis dei skal gjere det og følgjer den slavisk.
Bø!
Du får utlevert nokre jump-scares, men ikkje fleire enn det som bør vere i ein skrekkfilm. Bileta gjer jobben sin, og så er det vidare til neste kapittel. Michael Keaton gjer ein god jobb i å portrettere ein sørgjande ektemann, men det er rett og slett ikkje nok.
Så kjem slutten, og det byrjar å demre for meg kvifor denne filmen eigentleg er ganske så platt når det kjem til stykkje. Du sit ikkje att med den kjensla av krypande gru som skal kome snikande fordi historia ikkje sluttar her. Me er ferdige med Jonathan, og hans del i historia er over. Ingen overraskingar. Og plot twisten er relativ tafatt. Det vippar veldig mellom ein 3’ar og ein 4’ar, men eg landar på fire veldig svake prikkar. Veldig svake. Og det er berre fordi eg likar Michael Keaton, og tykkjer det er greit nok. Sånn passe. Og forhåpentlegvis er det siste gongen eg gir meg i kast med denne rullen.
Okay, så er eg blitt flinkare å ikkje hive meg over alt eg finn på nettet som eg har lyst på. Vanlegvis sukkar eg tungt og held fram. Men denne gongen angra eg ikkje då pakken omsider kom!
Soundtrack: P!nk (feat. Chris Stapleton) – Love me Anyway
For sjåååå på den nydelege vetle skapningen som kom i posten til meg i dag! Heilt frå Nederland og hit til kalde nedsnødde Noreg! <3 Den skal bu i biblioteket mitt når eg er ferdig å pusse opp den nye kåken min og passe på bøkene mine. For det er ein vaskeekte bokdrage, for nemleg! 😀
Så var 2025 blitt historie, og eg tek dei fyrste noko nølande skritta ut i det nye året. Og jaggu snør det på denne sida!
Soundtrack: Alice Cooper – Poison
Faktisk hadde det lava så heftig ned at eg måtte måke ein liten flekk ute på tunet for at Pixie i det heile skulle klare å kome seg ut for å pisse på morgonkvisten. Den vetle trultao mi stoppa på dørstokken, såg på snøen som låg på trappa og snudde seg bestemd for å marsjere tilbake til ullteppet i sofaen inne. For i augo til ei lita nakenhundjente var det ein VEGG av snø som møtte ho der ute. Ein vegg som eg hadde bestilt til jol, men som tydelegvis hadde bydd på seriøse leveringsvanskar for vêrgudane. Ikkje at det gjer noko; eg elskar snøen uansett kor tid på vinteren at den bestemmer seg for å dukke opp! <3
På den fyrste dagen i det nye året, og den siste dagen før eg byrjar i jobb igjen etter joleferien har eg gitt meg i kast med å tømme mobilen for bilete. Det er jo ein prosess i seg sjølv, for pc’en min finn ikkje telefonen min når eg prøver å koble den til med USB, og derfor har morgonen gått til å overføre bileta via blutooth. Eg byrja klokka 11 eller deromkring i føremiddag, og endå har eg berre klart å flytte eit år inn på data’n!! Så, der gjekk jo då planen om å lage nyttårskavalkade. Kanskje i morgon. Om ikkje anna så fekk eg rydda litt i biletemappene mine, noko som var på HØG tid!!
Men kvardagen er over meg igjen, og i morgon skal eg hive meg rundt og byrje på den 15. boka i Eirill Seidkvinne-serien. Eg gru-gledar meg. Eg tok ferie akkurat då historia tok til å bli ganske … klein. Ingen spoilers, men la oss referere til den manglande romantikaren i meg og la det bli med det.
Sidan eg no ikkje fekk lage eit innlegg om året som gjekk, så snublar eg like godt nokre år tilbake med eit par-tre bilete frå tidlegare tider. Sånn for nostalgien si skuld:
Herlegaste vetle Pixie-mi!
Throwback til fyrste turen min på Waves of the 90s!
Meg og den stakkars karen eg er gift med ein vårdag i 2023!
Fyrste gong eg såg Carrie var eg litt for ung. Det var veldig skummelt, og slutten hadde i si tid eit rykte på seg å vere den skumlaste som filmverda har greidd å produsere. I tillegg har eg lest boka. Mange gongar. Og no som det har gått ganske lang tid sidan sist eg las den, blir filmen litt daff. Eg hugsar ikkje alt eg hadde friskt i minnet den gong, som ga karakterane mykje meir tyngde for min eigen del. Det øydelegg litt.
Filmen ber så absolutt preg av å vere laga på 70-talet, utan at det skal haldast imot dei som sto for prosjektet. Det var slik dei laga film den gong. Sett med mine meir moderne auge, blir mange av scenene hinsides langdryge, og dei halar ut delar av filmen til det keisamelege. Pyttsann. Me kallar det berre for “å byggje stemning” og lever vidare med det.
Frå nydeleg prom queen til skremmande hemnar! Carrie er ikkje til å spøkje med!
Me møter Carrie White, som er ei stille og nervøs ung jente som får mensen for fyrste gong i gymgarderoben. Dei andre jentene ler av ho og kastar bind og tampongar på den livredde jenta som aldri har blitt fortalt at det er normalt for kvinner å blø litt sånn ein gong i blant. Det er umogleg å ikkje få sympati for ho, for Carrie er så uskuldig som ein kan bli. Og ho har ei mor som er så fanatisk kristen at du får lyst å gje ho både ein og to knytnevar i naserota.
Berre to (og etterkvart tre) personar har noko form for medkjensle med ho: Gymlæraren Miss Collis (Rita Desjardin), klassekameraten Sue (Amy Irving) og seinare Sue sin kjæraste Tommy (William Katt). Sue overtalar Tommy til å invitere Carrie med på ballet, men plageandene til Carrie (og ein av dei er faktisk John Travolta, før han slo gjennom stort med Grease og Saturday Night Fever!) har ingen planar om å la ho få så mykje som ein einaste fin kveld i livet, og bestemmer seg for å spolere opplevjinga for den stakkars jenta. Det dei derimot ikkje veit er at Carrie er telekinetisk, det vil sei i stand til å flytte ting med tankane. Let the madness begin …
Det er ikkje ei einaste handling Carrie gjer gjennom heile filmen som er vanskeleg å forsvare. Ho er ikkje eit monster, men ei jente som omsider er komen dit at dråpen traff begeret og rann over. Og det renn så til dei grader over. Likevel heiar i alle fall underteikna på ho heile vegen. Eg vil så gjerne at den eigentleg så skjønne jenta skal få ein happy ending! Og stadig sit eg og tenkjer at ho kunne teke det endå litt lengjer. For det ville jaffal EG gjort! Men det blir ikkje skrekk. Knapt nok “revenge horror”. I alle fall ikkje for ei herda sjel på denne sida av 2000-talet. Hadde eg sett på denne som ein thriller, så hadde den kanskje fått eit terningkast høgare. Og det sit djupt inne å lande der eg til sist enda opp, for eg elska verkeleg denne filmen då eg var yngre. Det har kome to re-makes og ein The Rage: Carrie 2 (som eg òg elskar! Sue me! … pun intended!) og sjølv om den orginale Carrie alltid vil ha ein spesiell plass i hjarta mitt, så må eg innrømme at eg føretrekk den siste re-maken frå 2013. Av heilt personlege orsaker.
Huset er vaska, Sølvgutana har ralla frå seg og gåvepapiret er brutalt rive av gåvene i tur og orden. Sau og rype er fortært, og eg har ete meir marsipan enn noko mentalt friskt menneskje er i stand til å innta. No er jolemusikken bytt ut med god gamal metal, og romjola er over oss. GOD JOL! [tl-dr: ei detaljert og illustrert oversikt over jola 2025]
Soundtrack: Nightwish – She is my Sin
Pixie-promp & ‘Lessär
I dag skulle me eigentleg ete kalkun hjå svigers, men så braut det ut litt korona i slekta, og dermed blei planane lagt på hylla til fordel for litt heimekos med dyrehagen. Og godt er det; eg har hatt så hinsides dårleg samvit for at me feira jol utan dei i år! Det er jo sant som folk seier til meg at dei forstår ikkje konseptet med jol sånn direkte, men likevel så er det beibiane mine. Og det er litt magisk å sjå dei få utlevert deira eigne jolegåver og få pakke opp akkurat som resten av flokken …
Wynnie finn jolestemninga framfor peisen når stova omsider er blitt vaska skikkeleg!
Men tradisjonen tru hadde svigermor laga til jolegåve til nurka mine òg, så det vanka både hundepølse til voffeloffane og tunfisk til pusejentene då me kom heim på jolekvelden!
Før sjølve jolekvelden kom var det tradisjonen tru mykje som skulle på plass. For fyrste gong sidan eg snubla inn i vaksen alder blei det vel og merke ikkje vaska med q-tips i krokane, for halve adventstida var eg i BaleBy og rydda i kjellaren som snart skal bli den nye leilegheita vår. Den prosessen skal eg kome tilbake til, for sjølv om det var eit hinsides arbeid å kome til botn i rotet, var det eit lite eventyr i seg sjølv. Eg fann jolekort og gåvelappar som gjekk tilbake til tipp-tipp-oldefaren min si tid, og så mange gløymde skattar at det var ei rein fryd. Atter ein gong fryktar eg at den nye stova mi kjem til å sjå ut som ein spennande brukthandel for dei som gjestar den, for det er mykje eg rett og slett ikkje har hjarte til å berre kaste. Men pyttsann. Det har etterkvart blitt mitt kjennemerke, så kvifor skulle eg bry meg med å forandre meg? 😉
Retur til Bergen, og her skulle det vaskast, gåver skulle pakkast og leverast, og ikkje minst sto eg i bresjen for 50-årsdagen til den eine av dei to mest fantastiske kollegaene i verda! Eg vonar han kosa seg, men eg skal ikkje gå i detalj om korleis dagen hans gjekk for seg her og no. Eg måtte vidare, for så snart han var blitt feira ferdig måtte eg tilbake til vaskebøttene mine i desperat håp om å kome i mål før nissen banka på. I tida eg oppheld meg i Sogn ringde Dúnedain meg og kunne så muntert og stolt proklamere at han hadde vore og kjøpt joletre. -Utan meg?! -Jaaaa … men det er plasttre då! – … du veit kva eg tykkjer om plasttre? – Åh. Shit. Sjølv etter så mange år i same seng så hadde det ikkje gått heilt inn, trur eg. Eg HATAR plasttre. Eit godt alternativ for allergikarar, men eg vil ha TRE i stova. Ekte tre. Med nåler som stikk, edderkoppar som gøymer seg blant greinene og dufta av gran eller furu som fyller rommet medan treet dryssar om kapp med snøen utanfor (som for ordens skuld ikkje kom i år.) Det er jol. Og det skal pyntast etter alle kunstens reglar, med dei minste kulene i øverst og større kuler nedover, spyd i toppen og glittertrådar. Slik blei det IKKJE i år. I staden har eg eit monstrum ståande på spisebordet mitt med nokre billege plastkuler som eg ikkje ein gong anar kvar eg har plukka med meg frå og litt puslete joleglitter kasta kring.
Det kan få bu ute i vindfanget vårt kring joletider når me flyttar. Berre slik at alle som kjem innom kan sjå min inderlege forrakt for desse dårlege etterlikningane. Fysjom, tvi og æsj.
Men adventstida rulla vidare! Helga før jolafta heiv eg og bestevenen min oss rundt for å ta fatt på den faste joletradisjonen vår med å bake jødekaker og serinakaker, og ete til det taut perlesukker ut av øyro på oss. Sjølvsagt med ein god film på skjermen. I år blei det den nye Naked Gun-filmen med Liam Neeson, og for dei som elska desse goofy filmane med Leslie Nelson, må det understrekast at Liam er ein nydeleg arvtakar!
Men før mjølskya kunne stige oppunder taket og lufta fyllast med dufta av nysteikte jolebakst, så måtte me vitje jolemarknaden i Bergen! Det er litt av tradisjonen. I år blei det ikkje tur opp i pariserhjulet for fyrste gong i historia, for køen var langt og trengselen blant dei oppmøtte stor, så me kike i staden litt på kva dei hadde, eg fekk med meg ei gratis gravlykt frå ein av bodane for … tja, den var gratis? Og så åt me crêpes, diskuterte kor guffent det dufta langsmed ostebodane, og at jolemarknaden i år var noko tafatt. Kvifor veit eg ikkje, men det føltes ikkje heilt slik som det vanlegvis gjer når me tuslar kring og prøvesmaker lefser, spekepølser og heimelaga marsipan.
Vetle jolafta var eg oppe før fuglane feis og kasta meg atter oppi vaskebøttene. Faktisk var eg så tidleg oppe at eg fekk fotografert soloppgongen då voffane omsider bestemde seg for å starte dagen dei òg!
Eg låg for så vidt etter med ALT eg skulle gjere denne dagen, og ei stund såg det verkeleg ikkje ut som om det skulle bli jol i stova mi. Alt sto på hovudet, og sjølv om Boney M skreik seg hese i høgtalarane klarte eg ikkje heilt å kome til det punktet at eg fekk den magiske kjensla som vanlegvis fyller meg på denne tida av året. Eg skuldar på plastreet som gubben drog i hus.
Men innan hovmeister snubla seg bort til Miss Sophie med portvinen hennar kom den snikande. Huset dufta reint, englane mine hadde flytta inn i stova og dei fleste hybelkaninene var jaga på dør. Eg kan avsløre at dei var tilbake allereie då eg sto oppatt dagen etter, men pyttsann. Bur ein i ein dyrehage, så må ein berre leve med det. Jolefreden kunne senke seg, og me reiste ut til svigerinna mi for å ete altfor mykje pinnekjøt, svigermor fekk mandelen i riskremen og eg krabba rundt under treet og delte ut gåvene.
Og jaggu hadde ikkje folk lest ynskjelista mi med lupe i år: Eg fekk så masse fiiiint!! Nye Buffalo-sko (som eg for så vidt hadde plukka ut og hjelpt til med å bestille sjølv) frå Dúnedain (og WoW-expansion Midnight som eg allereie hadde fått lov å ta i bruk i forkant!), masse nye gøye strømpebukser, coffin-veske, smykker, sminke, masse gøy goth-dill, marsipan og Freia Boble nok til å halde meg med nom fram til påske, pengar og den fyrste Mr. Ballen-boka! I tillegg fekk eg FIRE FLASKER med 3 Monkeys-vin! Jiiz. Nokon har tydelegvis planar om at 2026 skal starte med ein heftig skallebank!
Bror min og nevøen min hadde til og med funne ein Freddy Kreuger-bamse til meg, og Dúnedain fekk seg VR-briller frå meg og mi side av familien. Han sat og spelte flysimulator til langt på natt i går, og vekte meg då han med eitt kom springande gjennom soverommet og ut på badet der han spydde som ein gris fordi flyet hans hadde styrta og han blei sjøsjuk. Arme mann. xD
Men har er tappert tilbake på hesten igjen i dag, så han fekk ingen varige mèn.
Så var det rypemiddag hjå svigers på 1. joledag, og i dag tek me livet med ro. Det er lov.
Sjølv om den byrjar å nærme seg slutten når eg omsider har fått tasta ferdig dette innlegget, så vil eg likevel nytte høvet til å ynskje dykk alle ei rettleg GOD JOL, og avsluttar med å vise fram årets jolekort no som alle som skulle få det i postkassa har fått sett det! Med ein stor takk til snillaste Jonny som stilte som fotograf og gjorde det mogleg å lage desse awsomme greiene! <3
Ja, eg er sur. Direkte gretten. Tidlegare kunne eg kome meg både fram og tilbake mellom Bergen og BaleBy for kring 800,-. No er prisen oppe i over ein tusing EIN VEG! Og då tykkjer eg at eg kan forvente Internett som i det minste klarar å opne DropBox slik at eg kan jobbe på vegen. Men neidå. Eg byrjar å mistenkje at dei har installert noko slags anti-teknologisk force field på skuta si, for her var det jaggu ingenting som virka som det skulle. Headset’et mitt gjorde opprør og nekta å slå seg på før eg hadde fått lada det heilt opp, og eg kunne teke både pissepause, røykjepause og ein kjapp ferietur til Granka på tida det tok å laste inn ei nettside. Om den i det heile lot seg opne. Bilete i avisartiklar kan eg berre gløyme, og den siste timen har eg site og freista å sende inn svar på Filmweb sin adventkalendar. Og så kom austavinden feiande innover fjorden, så eg sit og skriv medan laptop’en sklir fram og tilbake på bordet med meg hengjande på som eit silkeslips i full orkan. Ein blir litt muggen av slikt.
Men som eit førjolsmirakel kom eg faktisk inn på blogg.no! Og eg vel å ta det som eit teikn på at det no er på høg tid at eg må skjerpe meg. Bortsett frå ynskjelista mi har det tross alt ikkje blitt posta noko her sidan mars!! :O Kva skjedde?! Vel, livet. Det er som regel det som kjem i vegen for det meste. Eg skriv framleis bøker, men kvar gong eg har tenkt på bloggen min har eg innsett at eg har eigentleg veldig lite spennande å vise til i kvardagen. Å høyre om mine etterkvart særs einspora dagar kan neppe vere noko å skrive heim om. Eg står opp, prøver å få auge, skriv 3000 ord (minimum!!) før eg brukar eventuell tid fram mot middag på å jobbe med filmmanus, putte ting inn i rekneskapssystem og slikt noko spennande. Dermed blir det ikkje.
Det er lov å håpe at eg får orden på meg sjølv og skriv noko som kan vere hakket meir spennande å lese om framover, no som eg lever i håpet om å kome i gong med oppussing av kjellaren på “Fjorleifstad”. Kryss fingrane! Eg lovar ingenting!!
Den fyrste snøen kom i går, og eg har vore i overkant fråverande her på bloggen min i altfor lang tid (eg var flink ganske lengje!). Men jammen går me mot jol igjen, så då er det vel på høg tid å skrive ynskjeliste?
Soundtrack: Susanne – Kristin Solli
Eg har sjølvsagt masse på lista mi i år òg, sånn i tilfelle jolenissen skulle vere ekstra gåvmild i år. Ein veit aldri, og eg HAR vore snill jente!
Det er slunken i strømpebuksa-skuffa mi etterkvart, etter at eg hadde ei opprydning og kvitta meg med alle som var vel godt brukte. Og det var eigentleg ganske mange av dei som låg der. Så, då må den fyllast opp! Dei har mykje kult både hjå H&M, Lindex og Cubus! Eg diggar alle som ikkje er vanlege svarte, eg!
Slangemønster frå H&M, leopard, raud med hjarter på eller blomemønstra mesh frå Lindex, tjukke som tynne, eller netting for den saks skuld! Størrelse L er å føretrekkje! Og dei har utruleg kule tjukke strømpebukser på Lindex btw!
Og så treng eg ny toalettveske! Gjerne ei litt stor ei, med MASSE plass til alt eg drar på når eg reiser nokon plass. Gjerne svart, raud eller lilla, slik at den matchar alt anna eg drar rundt på!
Freia Boble-sjokolade, 3Monkeys-vin og sukkerfri RedBull er alltid kjærkome, akkurat som marsipan og sjokolade generelt!
Same med gåvekort på favoritt-sjappene mine! Som til dømes – Outland – Gina Tricot – Poki-Heaven – Glitter – EMP – Rituals (og eg ELSKAR Rituals of Sakura-serien!!)
Eller gåvekort hjå anten Let’s Buzz eller Genistreker!
Det er ikkje til å kome vekk frå at eg ELSKAR Killstar-merket. Dei har mykje gøy hjå Outland, og eigentleg ynskjer eg meg alt dei har. Størrelse M i toppar/overdelar, og L i bukser og kjolar. Sokkar og sko er str. 36! Eg har utruleg lyst på eit underbust-korset òg, men det er mogleg det bør prøvast og styrast og herjast litt for at det skal passe, så det må vel gå inn i ein gåvekort-kategori … Og det same kan ein vel sei om Buffalo-sko, som eg gjerne skulle hatt eit nytt par av. Dessutan falt eg pladask for denne toppen frå H&M; det er både mesh OG glitresteinar!! Og denne frå Zalando var berre heilt nydeleg … Størrelse M her òg! (og så såg eg denne når eg fyrst var så godt i gong, men den må kanskje vere str L og i grå-svart … )
Ikkje får eg nok av gøye toppar heller! Eg har slite ut alle WoW-toppane mine, så eg blir utruleg glad for påfyll!! Men generelt toppar i str. M med gøy tekst eller artige trykk blir høgt verdsett uansett!
To bøker står høgt på lista: Mr. Ballen er ute med ny bok, og eg ynskjer meg sjølvsagt den òg, men eg har ikkje fått lest den fyrste endå! Dei har den både hjå Outland og Ark! Og så har eg fått dilla på kunsten til Ashley Voortman, og ho har òg ei bok som eg ynskjer meg:
Creepy Crafts! Einaste plassen eg kunne finne den i sal i Noreg for augneblinken var hjå Akademika, men dei har tidlegare hatt den hjå Ark og Norli! Berre ikkje akkurat når eg skulle skrive ynskjeliste, tydelegvis …
Nokre sminkeprodukt ligg òg på lista mi … Eg har leita meg halvt ihjel etter ein svart tattoo-stamp penn med hjarteform!! Men ingen butikkar i Noreg har hatt det på lager sidan … vel, på lengje.
Og holografiske augeskuggar, eller kva det heiter! Til meir pigmenterte til betre! På bileta er Infinite Chrome Flakes-augeskugge og Twin Flames frå Danessa Myricks Beauty (bilete nr. 2 og 3) og KVD Beauty sin Dazzle Gel i blått. Men seriøst. Eg treng ikkje fancy dyr make-up! Så lengje det er gøy, så er eg happy! Og eg har leita etter ein skikkeleg god frosted sølvlepestift sidan 90-talet!! Hadde ein frå Dior back in the days, men til no har eg ikkje funne noko som kan konkurrere mot den. Den var FANTASTISK!!
Eg samlar jo på masse rart, og det er alltid kjekt å få utvide samlinga … (eg treng det vel strengt tatt ikkje, men damn. I luv these things!!) I FunkoPOP!-avdelinga er det desse fire som står øverst på lista i år:
Thrall og Alleria Windrunner frå WoW (#1046 og #1045), samt Gimli frå LotR #629 og Freddy Kreuger #02! Eg er ikkje så nøyen på om dei kjem i boks og mint condition. Eg samlar på figurane for figurane sin del, så om dei er pakka ut og kjøpt brukt gjer absolutt ingenting!
Det er eit stort hòl i Monster High-samlinga mi der Clawdeen Wolf skulle vore òg.
Den dama har vore heftig vanskeleg å få tak i, særleg i modellnr. N5947 (den på bilete)! Men eg leitar framleis!
MEN! Hjå Lekekassen har dei faktisk Wednesday frå Monster High-serien!! Og holy smoke, ho er heilt NYDELEG!! Så ja, eg ynskjer meg den òg, eg!
(og PS så har Lekekassen faktisk dinosaur-egg som du kan klekke og få din eigen dinosaur!! Eg berre nemner det! I mean OMG?!)
Og så er det sjølvsagt nokre DVD’ar/BluRay eg gjerne ville hatt: – 28 Years Later (2025) – Gonjiam: Haunted Asylum (2018) – The Ugly Stepsister (2025)
Okay, det var det for i år! ^^ God jol alle saman! Og hugs at det er veldig gøy å skrive ynskjeliste og ikkje minst for meg å få ei av deg, slik at eg kan kome i gong med jolehandelen!
I dag er fyrste dagen på nesten ei veke der eg har klart å halde meg oppreist lengje nok til å faktisk få dusje. Denne influensa-runden har vore brutal.
Soundtrack: Temple of Love – Black Veil Brides / VV
Det byrja så smått på sundag. Bursdagen min, sjølvsagt. Eg trudde kanskje eg var fyllesjuk etter den fantastiske kvelden med gjengen dagen i forkant, men noko stemde ikkje. Eg bruka ikkje ha vondt i halsen etter hurratur på by’n? Mannen min var ikkje heilt i lodd etter sjauen på Bryggen heller, men då han omsider gjennoppsto tok han meg og voffeenglane på McDonalds-picknick ute ved Hordamuseet i vårsola. Planen var at me skulle gå tur der ute, men då me hadde ete byrja skrotten min å protestere. Eg var slapp, sliten, skallebank, sår i halsen og litt småfrosen. Så me reiste heim, og der venta feberen på trappa gitt!
Derifrå har det gått fort nedover. Eg trur eg enda opp med å leggje meg før klokka blei 9 på sundag, for eg var heilt utmatta. Og natta blei eit sant mareritt. Eg sov berre i maxx 10 minutt i slengjen, sjølv om det føltes som om eg hadde sove i timesvis. Eg fraus. Eg kaldsveitta. Eg skolv så eg rista, og eg er sikker på at eg kunne vridd dyna etter dei verste feber-synke-turane. Måndag og tysdag er heilt i tåka. Bokstaveleg talt.
Det var like før eg forventa å sjå ein britisk soldat frå 2. verdskrig kome snublande inn porten gjennom tåka. The Others-referanse. If you know, you know. I periodar såg me ikkje ein gong gjerdet nedanfor vindauga, så kvitt var det. Og omtrent samstundes som skodda la seg som tjukkast byrja Dùnedain å merke at me hadde utveksla basseluskar. Han byrja å hoste så kraftig at han fekk vondt både i rygg og magemusklar, og så kom feberen. Arme mann. Ingen er så sjuk som den sjuke mann, men eg VEIT kor ille han har det denne gongen, for eg var nøyaktig der han er to dagar på forskot.
Feberen svingar så kraftig at du rekk ikkje kle av og på deg mellom bølgjetoppane. Det er ingen mellomting; du kaldsveittar eller du skjelv heilt inn i sjela. Hostekulene er så vondt at du ber ei stille bøn om å få ta på deg tredressen i staden kvar gong du merkar dei byggje seg opp. Og ALT i skrotten er vondt. Ein ting er musklar og ledd, men me har begge hatt vondt i AUGO i tillegg! Eg kunne knapt sjå til sides fordi det var vondt å flytte på augeeplet! Kva gir du meg? Eg måtte snu på hovudet i staden, for det var mindre vondt! Og så var det som om heile kroppen var dekka av ei heftig 1. grads forbrenning, der huda var sår og øm og jævlig. Alt nokon av oss har orka å gjere dei siste dagane er å sove og sove og sove. Berre avbrote av nokre zombie-walks over golvet for å lufte eller mate englane. Eg var heldigvis nokon lunde fungerande til denslags innan Dùnedain verkeleg blei dårleg, så me har overlappa. Elessär har jaffal vore frykteleg bekymra, og har båre kring på bamsane sine for at dei skal passe på oss dersom eg og papsen ikkje er i same rom og han sjølv kan halde auge med oss. Det varmar jo å vite at ein er såpass verdsett at han låner vekk Nassif og Terry til oss, så glad i dei bamsane som guten er! <3 I’m deemed worthy!
Og no har eg brukt ein time på å klare å skrive eit heilt innlegg, og kjenner at skrotten forlangar ein retur til kvilande posisjon. Og eg må vel sjekke pulsen på den syke mann. Avslutningsvis må eg berre gje dykk alle eit godt råd: Om nokon så mykje som KVISKRAR noko om influensa, så snu om og spring. Spring langt. Spring fort. Og sjå deg ikkje tilbake. Eg unnar INGEN å liggje slik som dette i så langt tid!!