Sjuk kid og tårevåte tryne

Categories Dyrehagen, Kjære Dagbok

Eg grin aldri. Sånn bortsett frå når eg ser triste eller rørande filmsnuttar om dyr like før Tante Raud dukkar opp. Og sidan eg no sit her og stortutar etter å ha sett ein video om ein edderkopp, så trur eg det er mogleg at ho er rett kring hjørnet …

Soundtrack: P!nk – All I Know so Far

Det skulle ikkje meir til. Ein liten hoppekopp (jumping-spider altso) som snakka om korleis det var å vere på “den andre sida” og sakne mennesket sitt var meir enn nok og rikeleg og i bøtter og spann. Tårene strauma, og eg snufsa og hulka her eg sat framfor skjermen.
Litt ekstra sårt var det òg, sidan denne helga har vore ein smule dramatisk for mitt vedkomande.

Ikkje dramatisk i form av at det kom eit ukjend kvinnfolk cruisande i ein gamal volvo 240, brasa gjennom porten og knuste fire blomepotter, før ho hoppa ut, hytta med kniv og AG3 medan ho skreik høgt og skingrande at mannen min var far til dei fire borna hennar og måtte sjå til å ta ansvar.
Nei, ingenting slikt. Det var dramatikk av den rolege typen der vetlejenta mi, Éowyn, overhovud ikkje var seg sjølv og mamma-Lokkri var så bekymra at ho fekk fysisk vondt.
Wynnie er vanlegvis ei veldig omgjengeleg jente som krev kos frå alle, til og med frå Elessär som er meir enn ti gongar så stor som ho. Og ho er eit matvrak og ein eventyrar. Men laurdags kvelden ville ho berre sove. Ho låg i gyngestolen og var heilt *poff*. Eg såg ikkje at ho åt eller drakk heile kvelden, men tenkte kanskje ho berre hadde herja masse og var sliten. Likevel var det ei stemme langt inni der ein plass som sa at noko ikkje stemde.
Sundag var ho framleis pjusk. Ho klarte å kome seg opp på favorittplassen sin; hyllene heilt oppunder taket i boden, og tok seg nedatt sjølv. Men mat og drikke var ikkje interessant, og ho ville helst berre sove.
Likevel var ho til stades og svara når eg snakka til ho. Overhovud ikkje likt mi Wynn-Wynn. Ho brukar å forlange kos om eg kjem bort, men no løfta ho berre på hovudet og svara med eit lite mjau.
Dyrlegen neste.

Eg sat med telefonen klar då dei opna på måndags morgon, og fekk time til ho like før klokka 11. Då eg putta ho inn i reiseburet orka ho ikkje ein gong protestere, og det var atter ei varsellampe.
Dyrlegen sjekka trultao mi opp og i mente. Ho virka frisk, bortsett frå at det lot til at ho hadde smerter nederst i ryggen og var noko dehydrert sidan me berre hadde greidd å lure i ho cirka tre spiseskeier med vatn gjennom heile helga.
Så me fekk ho sjekka inn til meir grundig undersøkjing, og blei oppringde seinare på dagen med beskjed om at Éowyn ikkje hadde noko form for indre skader, og ingen sjukdom som dei kunne påvise. Dei hadde gitt ho drypp og smertestillande, og då krøkna ho raskt til og åt godt.
Konklusjonen blei at ho sannsynlegvis har ramla ned frå noko eller fått noko tungt over seg som har gitt ho smerter i ryggen, men det var ingen teikn til brot.

Heile flokken sto klare då me returnerte med jentao vår. Alle skulle susse og vaske og kose, sjølv om hovudpersonen sjølv framleis var noko groggy etter bedøvelse og smertestillande. Ho blei sitjande på kattestativet og stire på englespelet mitt på ovnen i sikkert ti minutt, heilt hypnostisert og inderleg fascinert.
Men ho er seg sjølv no. I alle fall nesten. Framleis litt trøytt og slapp, men ho et og ho drikk. Og ho vil ha kos. Og ikkje minst er ho frykteleg fornærma fordi mamma ikkje lar ho gå ut på eigahand endå. Men eg vil vere sikker på at ho fungerar fint og ikkje er fullstendig på tulletur i halvsvime før eg slepp ho ut av syne.

Enter ei tutande mor som sit i Skrivarstovao si og hulkar over søte dyrevideoar. Dùnedain var heilt knust i helga og hjå dyrlegen, for han var så bekymra. Dermed var det opp til ho mor å vere roleg og balansert midt oppi det heile. Det merkar eg no.
Dyra mine er det kjæraste eg har i livet mitt, og slik har det alltid vore. Og når eg no kan senke skuldrane litt fordi det ser ut til å gå bra, knekk eg litt saman.
Eg veit ikkje kvar eg hadde vore om det ikkje hadde vore for desse firfotingane mine. Eg elskar alle fem som bur her, og alle som har vore innom livet mitt tidlegare, så høgt at eg blir nesten litt svimmel av å tenkje på det. Om det gjer meg til ein pussig treklemmande hippie, så får det berre vere; eg kan leve med det.
Éowyn-mi er i alle fall på betringens veg, og det er det aller viktigaste.

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *