Mitt eventyrlege draumerike – med eit dunkelt fargekart for tida

Eg er ikkje ukjend for ville draumar. Det Alice opplevde då ho ramla ned i kaninhòlet den gongen, blir ein såkalla walk in the park samanlikna med den krigssona eg gjerne kjempar meg gjennom på nattestid. 

I det siste har draumane mine vore mindre fargerike og morosame enn det dei brukar å vere. Når eg let att gluggane, kastar eg meg som regel inn i ei verd fylt med eventyr og artige vriar på merkelege idèar. Eg har vore på bussturar der eg har observert ein observerande Ibsen i spøkelsesform, eg har vore på fleire zombiejaktturar enn gjennomsnittsmannen, det har vore dragar og alvar, kinesiske mafiakrigarar og hanky-panky med Freddy Kreuger. Er det rart eg elskar å sove? Draumeland er magisk, og den verda eg ser til dagleg bleiknar i forhold. 

Men dei siste vekene har draumane mine berre vore realistiske, og eigentleg temmeleg kjipe. Eg likar det ikkje.
I natt var eg på ein slags leirskule-ting. Eg var sikkert berre 12-13 år gamal. Alle dei andre som var der, var gutar. Jake frå Two and a Half Men var der blant anna. Det var ein trenar der, som dreiv Jake veldig hardt. Me måtte klatre på nokre klatrestativ, og spring på ei bane. Leiren låg i ein skog med masse myr kring. Ein smal, kronglete veg gjekk forbi gjerdet. Eg gjekk ut dit for å ta bussen til by’n. Det var ingen andre måtar å kome seg derifrå på; om ein gjekk langs med vegane der ute, kom ein alltid tilbake til der ein starta.
Ein buss stoppa, og der står bror min og Ane i full bryllaupsmondur.
-Der er du, utbryt bror min. -Kvifor var du ikkje på bryllaupsfesten?
Eg innser at eg hadde gløymd det. Eg blir heilt fortvila, for eg skulle jo vore i bryllaupet til bror min, og ikkje på ein teit treningsleir?!
Det kjem folk ut av bussen, og eg kjem meg ikkje på. Dørane lukkar eg, og bussen forsvinn. Nokre av dei som har gått av, er folk eg kjenner eller har kjend tidlegare, som ikkje har noko tilknytning til bror min. Men dei har vore i bryllaupet. Dei snakkar om kor mykje alle sakna meg. Eg snur og spring tilbake til leiren, der eg klatrar opp på eit høgt høgt stativ, og blir sitjande og stire ut i lufta. Nokre av gutane på leiren kjem opp til meg og lurer på kva som er gale. Eg byrjar å grine, og seier at eg har gått glipp av så mykje. Eg har gløymd så mange viktige ting i livet mitt.
Under meg er det ei hard betongtrapp. Langt der nede. Eg hoppar.

Ein annan draum eg hadde som sit ganske godt i, handla om at eg jobba på gamleheimen heime i BaleBy. Dei fleste av dei gamle eg møtte på der, er tidlegare pasientar som no er døde, og har for så vidt vore det ganske lengje. Eg trur eg jobba på kjøkenet eller i vaskeriet, men av ein eller annan grunn var eg berre oppe i etasjen der pasientane held til.
Inne på eit rom, som virka heilt enormt, stod det berre ei seng med ei bittelita gamal dame oppi. Ho var så tynn og spinkel, og eg kjende ho igjen frå tida då eg jobba på aldersheimen. Ho døydde for snart 13 år sidan, og var veldig “vekke” før ho tok turen. Men no låg ho der, klår som krystall. Eg gjekk inn til ho, hjelpte ho å byte nattskjorte, og vaska armane, andlete og nakken hennar. Ho smilte til meg, og sa noko om at eg var snill, og at eg ikkje måtte gløyme. Gløyme kva?! Ho sovna igjen, og eg gjekk ut i stova på aldersheimen.
Det var nesten ingen ansette på huset. Det stod enorme sekkar med skitenklede i eine hjørnet, og eg skulle prøve å få dei med meg ned i vaskekjellaren. Medan eg sleit og bala på, blei dei gamle i rommet brått yngre og yngre. Dei forvandla seg til folk eg kjenner som idag er mellom 40 og 50 år gamle. Og stadig gjekk alderen nedover. Ein av pasientane samla på datamaskiner. Han var sikkert ikkje meir enn i 30-åra.

Midt oppi alt, har det sjølvsagt vore ein herleg befriande zombiedraum. Det må til.
Denne gongen var eg i BaleBy, og me hadde sikra huset til foreldra mine til å bli ein solid festning. Eg og ei handfull andre folk, reiste kring og samla saman folk som hadde overlevd. Mange av dei var born.
På eit tidspunkt var eg aleine i huset, og oppdaga ei svartkledd skikking som dreiv å sneik seg kring hushjørna. Då eg keik ut vindauga i andre etasje, på gamlerommet til bror min, oppdaga eg at altandøra nede i stova stod open. Eg sprang ned og fekk klæsja den igjen rett framfor nasa på den svartkledde dama, som viste seg å ikkje vere ein zombie. Ho var eigentleg veldig snill, og ville berre ha litt mat før ho la i veg igjen.
Då alle var komne tilbake og trygt innlosjert i huset, reiste eg til Bergen. Som ikkje lengjer var Bergen, men den byen som eg så ofte drøymer om. Eg stod og venta på ein trikk eller ein metro eller eit eller anna slags tog-greier, medan eg høyrde på ein liten radio eg hadde med meg. Det var ingen zombiar i sentrum, men eg visste dei lurte i mørke bakgater. Folk blei oppfordra til å halde seg langt unna folkemasser, men ingen brydde seg.
Eg kom meg på toget, men kom meg ikkje av igjen på mitt stopp. I staden måtte eg gå av nede ved ein stor togstasjon ved ei diger elv, der eg visste det var masse zombiar. Eg fekk følgje med ei gamal dame tilbake til der det var trygt, og alt gjekk heilt fint. *ler*

Men i natt kjem eg til å krevje å drøyme noko koseleg. Alveprinsessejeger i ein magisk skog til dømes. Eg treng ein pause frå djupe, teite draumar. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg