Soundtrack: Lordi – Nailed by the Hammer of Frankenstein

Stemmer det at det ikkje er mygg på Island?! For i så tilfelle vurderar eg STERKT å melde flytting!!

Eg har ei fortid der eg overhovud ikkje kunne fordra sol og sumar. Pussig greie det der med hardbarka gothar/vampar. Eg har gjort det til ei freelance-karriere å tilby meg sjølv som samanlikningsgrunnlag for alle som trur dei ikkje får farge i sola; eg blir ikkje brun. Eg kan halde meg kvit som eit laken, eller raud som ein hummar. Ingen mellomting. Pr. no kan eg framvise eit ganske heftig skilje, men når eg då samanliknar farge med Dùnedain, innser at eg lenar meir mot griserosa enn nøttebrun. Når alt kjem til alt, så gjer det ingen verdens ting heller. Eg er unik, akkurat som alle andre, og ganske stolt av å vere rar, både mentalt og fysisk! ^^

Derimot har eg blitt ganske glad i sumaren! Sjølvsagt likar eg den betre når eg ikkje går på krykkjer, med sting i kneet og ein nyleg overlevd urinvegsinfeksjon. Det følgjer nokre utfordringar med midt i badesesongen, for sånne badenymfar som meg! Men pytt-pytt. Det er andre ting eg kan gjere i finvèret! Liggje i hengjekøyen, plante i hagen, pynte ute og ete masse-masse meir is enn det som er sunt for diabetikarar!
Det er derimot EIN ting som lagar skår i gleda: Myggen.
Normale individ får eit myggstikk, klør litt, og går vidare. Eg havnar på dødsleiet. Nei, eg er ikkje allergisk (så vidt eg veit), men om myggen stikk meg på beina, klør eg så hinsides at eg held på å døøøøy!! Andre plassar på kroppen reagerar relativt normalt, men beina? Det er eit eige kapittel. Og ikkje hjelp det at eg tydelegvis er ein vandrande dessert-buffèt for blodsugarane!! Dei elskar meg! Eg er sikker på at det heng posters av meg på eit kvart mygg-tenåringsrom i verda! Det kan virke som om eg går både Justin Bieber og Rihanna ein høg gong i det kjendisuniverset der. Dessverre.
Og når det er varmt og klamt ute, klør det endå meir. Mitt beste triks så langt har vore å smørje stikka med sprit og aloe vera, og det hjelp i eit begrensa tidsrom. Men så er det like ille igjen. GAH!
Medan andre sjekkar skapet og tittar under senga etter busemannen, saumfèr eg rommet etter mygg før eg legg meg. Ikkje at det hjelp; eg er nøydd å sove med ope vindauga, og då kjem dei snikande for å forsyne seg likevel.
Nokon burde byrje å tene pengar på meg; eg kan følgje folk kring i verda, og dei er GARANTERT å sleppe myggstikk. Eg tek dei alle saman.

Utover det skal eg ikkje klage. Men noko må då eg òg ha å gjere i sumarvarmen?

 

Forglemegei i Bergen sentrum! 

Eit søt lita mu eg helste på ute på Herdla <3

Frost og Fimbul; to karar som føler dei er på heilt feil side av vindauga i varmen!

Soundtrack: Bob Marley & The Wailers – No Woman No Cry 

Det er SUMAR i Bergen!! Eg har fått blomar i hagen, stønad til å lage film, hengjekøye på altanen, ny sveis og ein helvetes urinvegsinfeksjon.

Det ville vel ha grensa til noko småleg unormalt dersom eg IKKJE hadde hatt noko å klage over, vil eg påstå? Men rett etter 17. mai kunne eg skilte med både feber og intens mage-au. Kvalm var eg òg, så formen var overhovud ikkje der eg hadde planar om at den skulle vere, no som kneet mitt byrjar å bli samarbeidsvilleg igjen. Plaster og bandasjar er vekke, og eg tuslar kring utan krykkjer innandørs. Bakkar og trapper er framleis ein utfordring, samt det å gå lengje. Å gå nokon plass med meg er som å ha med seg ei gamal bestemor som slit med gikt og dårleg lårhals; brått sukkar eg berre tungt og annonserar at nærmaste benk ser høgst innbydande ut.
Dùnedain har til informasjon vore verdas mest fantastiske sjukesyster. Samt hushjelp, gartnar, vaktmeister, kokk og hundepassar. I owe him big time!!

I tillegg går jo faktisk ting i min rettning; offisielt er eg no filmprodusent. Sånn på heilt skikkeleg og ordentleg. Med ansvar for schumle budsjett med fleire nullar bak tala enn det som er sunt å setje meg til å halde styr på. Men ingen skal kome og sei eg ikkje tek ein utfordring på strak arm!
Så til hausten blir kortfilm-prosjektet Min Elskede endeleg realisert, og eg er hinsides gira og klar!! Manuset til Tommy er både sterkt og rørande, og eg har verkeleg tru på denne filmen blir noko av det beste eg har vore med å lage til no! Filmfestivalar på verdsbasis må berre stålsetje seg; I’ll be coming around anytime soon!! ^^ Og tek gjerne med nokre prisar heimatt! (strengt tatt er det vel regisøren som får nytte godt av det, men det er litt stas å skryte på seg at eg har vore ein del av ENDÅ eit prosjekt som får internasjonal merksemd! Så, kryss fingrane!!)

Men, ja. Det er sumar i landet, og eg både plantar og haustar. Plantar i hagen, haustar på toppen!
Etter x antal år med bleiking og farging og diverse anna usunn slitasje på dei stakkars bustane eg har på toppen, så gjorde eg like gjerne kort prosess:

Ups! Kva har skjedd her!?

Det er føkkings amazing. Det tek fem minutt å dusje, og null stress med styling! Berre tørk-tørk-tørk og ready to go! Det er berre 3-4 dagar sidan eg klipte det ned til cirka 1 millimeter, og eg trur allereie det har vokse ut att 3 eller 4!! Men no skal eg spare til langt. Freiste å ikkje kjøpe inn meir cray-cray colours, og la håret mitt vere. Flink meg.

Og sånn til sist, før eg byrjar på eit av alle dei andre ørten prosjekta eg freistar å halde kontroll på for tida, så visar eg fram hagen min. Eg er stolt. Grøne fingrar skal eg ikkje skryte på meg å ha, men ingenting har daua foreløpig! Bank i bordet!

 

Soundtrack: P!nk – Funhouse

Dei kunne kome inn og sei dei skulle lage puslespel med slegge av kneskåla mi, men det var til sjuande og sist veneflonen som ga meg i overkant høg hjarterytme og hyperventilasjon!!


Nydusja, men blotta for sminke og piercingar…Hæsjtægg: No filter what so ever. Og på veg mot nye eventyr.

Det blei ikkje så mange timane søvn på meg i natt. Operasjon og narkose? Bring it on. Men veneflon? Oh, please God spare me.
Trass i at Dùnedain hadde bursdag, via han dagen sin til å hengje på Haukeland med eit tappert smil kring munnen for å passe på meg. Sånn bortsett frå at han cruisa ein liten tur på nærmaste kiosk for å trykkje i seg to soft-is.

Eg var derimot på plass med (etter forhalda) godt mot, 20 minutt før eg skulle. Krykkjer, bok og tøflar; check. Staben ved ortopedisk var særs facinert over tøflane mine, som eg stolt introdusert som lukke-tøflane. Og jaggu presterte dei godt i dag. Eg fekk verdas herlegaste sjukepleiarar innom meg, som svarte på alt av spørsmål eg måtte sitje med, trøysta og roa nervene mine, og var berre heilt fantastiske. All hail the AWSOMME crew!! Og den biat-chen som var på Voss og presterte å få meg til å grine midt på natta med å skjelle meg ut der eg låg i halvsvime kan fuck off and DIE! *fnyse* Whole other story.


Verdas tøffaste tøflar og lesestoff under varm dyne <3

Eg fekk bedøvelseskrem der dei skulle setje veneflonen, og beroligande for sjela.
Så kom kirurgen tuslande, og spurde meg om eg var klar til å fjerne menisken….!! Han humra då kjeven min gjekk i bakken.
-Hæ? Fjerne?!
– Ja, worst case scenario.
– Kva konsekvensar får det?!
– Du mistar jo dempinga i kneet….
Og eg såg for meg ein Lokkri som aldri får svinge seg på dansegolvet igjen. Hjarta mitt sokk ti hakk.

All creamed up ‘n’ nowehere to go!

Nokre attention-whores er supergode skodespelarar on cam. Eg freista sjå tøff ut, men mista all piff rett før kamera gjekk av.
Dis is real fear, ladies & gentlemen.

Eg blei preppa etter beste emne; fekk fancy sjukehustruse, nattskjorte, badehette og plastposar på fotane. Og ikkje minst ein utvaska, blå slåbrokk som hadde sett sine betre dagar. Alle piercingar var ute, og eg følte at nasa mi brått var stor som ein kålrabi, sjølvmotseiande som det måtte høyrast ut. Eg føler meg både naken og bortkomen utan ringar i nasa!! Lærte meg òg kvifor piercingar må ut før operasjonar! Har alltid levd i trua at det var grunna infeksjonsfare, men det viste seg at det var grunna faren for brannskader fororsaka av noko av utstyret dei brukte! Jepp, så lærte eg noko i dag òg.

Så blei eg førd inn på operasjonsstova, som var både ljos og stor. Tre herlege sjukepleiardamer venta på meg, og sette veneflon på innsida av albogen (det gjekk ikkje; blodårene mine var for langt uti huda, og eg enda med ein snerten liten blåveis), før dei konkluderte med at oppå handa var nok best. Og eg fekk ei hand å halde i medan ei supersøt dame stakk. Det gjekk over all forventning!
– No skal du få sove, sa dei. Framleis hand i hand med meg. Maske over fjeset, iskald iling i handa, og borte var eg.

Eg vakna rett etter, føltes det som. Damene var like smilande og blide, og lempa meg over i sjukesenga mi. Så sovna eg igjen. Då eg vakna hadde eg ein bedøvelsespropp i nasa, som var særs irriterande. I halvsvime meinte eg det var lurt å plassere den i motsatt nasebor, før eg duppa av igjen. Eg sov kanskje ein times tid til, før eg byrja å bli litt mindre zombie. Dùnedain dukka opp med softis-ande og rullestol, og kirurgen keik innom igjen for å informere meg om at dei måtte fjerne noko av menisken min, fordi noko av den hang og slang på sida av kneet, før dei hadde lappa saman det som hadde sprukke. Men eg har framleis menisk, så på sikt er det håp for nye moves blant disco-ljos og fargerike drinkar, atter ein gong! <3
Det blir då 6 veker på krykkjer, men no skal det i det minste gå framover, etter mine berekningar!

FERDIG! Ny forbetra versjon: Lokkri 3.2!

Eit Deli de Luca-isbeger med kvit sjokolade og cookies ‘n’ cream + 1/3 av ei baconpølse seinare, og sat me i bilen. Eg sleit med å halde augo opne, og Dùnedain måtte stoppe heile to gongar i vegkanten så eg fekk spy. Delikate detaljar. Men så var me heime.
Smertestillande er no innteke for kvelden, eg har sove 3 timar på sofaen og fått servert fiskegrateng av go’mannen (snakkar om bursdagsmiddag….Men me får ta den att når eg klarar å gå meir enn fem meter. Han fekk i det minste presang av meg! Ny hettegensar, halsband, armband og ny øyrering, sidan han snakkar om å ta hòl i øyra igjen! <3 My man is hotter than yours!! <3 ) og er no klar for å re-kapitulere, så sant eg berre klarar å karre meg opp trappa!

Men aller sist vil eg takke for alle fine meldingar og helsingar eg har fått! My peepz; U are the BEST!! *avstands-mose*

Soundtrack: Die Antwoord – Happy Go Sucky Fucky

Medan Gunvor leitar fram senga, og ropar på Ole Jan-Ove Lukkøye, tenkte eg rett og slett skulle oppsummere siste fjorten dagane, for dei har jaggu vore hektiske nok! Ubrukeleg fot til trass! Men no ser det ut som det skal ordne seg, ENDELEG!! 

Eg har vore på nippet til å berre gje ein rennande f*** i heile operasjonen, og berre halde meg 100% sjukemeld og krykkjebasert til kneet fekk gro av seg sjølv, etter å ha ringd ned Haukeland sjukehus i snart 2 månadar. Men i dag blei eg vekt av ein telefon frå ein særs avbalansert og hyggeleg doktormann, som lurte på om eg kunne stikke innom dei på måndag og få foten fixa. Eh, ja? Detta har eg jaggu venta lengje på, var sånn cirka min respons. Så måndag skal dei då skjære av meg foten, med mindre det framleis er håp for å lappe den saman. Då vonar eg dei nyttar seg av siste alternativ.
Eg går sumar og shorts i møte med fine arr på kneet, men i det minste (forhåpentlegvis!!) utan krykkjer!! HURRA!!

Førre veke starta eg på settet til kortfilmen Ferox; satanist-skrekkfilm. Blod og tarmar og skriking i alle rettningar! Just the way I like it! ^^ *wink wink*
Eg var scenograf, kostyme og generelt ansvarleg for det meste som var laust av ikkje-teknisk opprinning. Ah, I do love my job. Sidan eg berre fungerar for halv maskin (og veldig mykje av det som skal gjerast på eit filmsett er avhengig av krykkjefrie individ) slapp eg unna etter to innspelingsdagar. Men det var utruleg morro fordi om! ​Eg var ansvarleg for å forvandle ei stove frå eit mørkt satanistisk lesbe-bol, til ei velorganisert kristen-stove. Og ikkje overraskande kunne eg spore opp alt som trengdes i mi samling av gothiske effektar og heilårs-englar.
Så, gøy. Eg gler meg til å kunne jobbe skikkeleg i filmverda igjen, og ikkje berre sitje og kommandere folk! xD

Så byrja kjøleskapet vårt å oppføre seg noko merkeleg. Det gjekk frå å lage finurlege dyrelydar (me har vore innom kyr, sau, sutrete bikkje og noko eg lurer på om kan klassifiserast som drage? Eller til nauden velociraptor?) til å fryste ALT me la inni det. Og brått ei natt eg var på ein av mine nattlege “må-ha-mat-og-drikke”-rundar, var det særs varmt inni skapet. Flott. Varmeskap. Det var høgare temperatur i kjøleskapet enn i resten av kåken!!
Dermed måtte eg og Dùnedain på kjøleskaps-shopping. Sånt tek tid, når ein ikkje berre kan bla opp tusenlappane heilt utan vidare! Eg ville ha i rustfritt stål, tradisjonen tru. Men dei er visstnok ganske høgt oppe i prisklasse, med mindre ein skal ha seg eit filleskap som reiser på dynga etter eit par år i kjøkenkroken.


Bye-bye mitt trufaste skrap-skap; 11 år ligg bak oss! Og velkomen nye drageskapet! Som VIRKAR!!

Så me kom heim med eit kvitt eit. Med drage på. Dragen kom vel og merke etterpå, men no har eg det råaste kjøleskapet syd for Nordpolen!! Og eg er happy.

Det var bowling – og burgarkveld med jobben, party-party med karaoke hjå Gabbi, og storhandling for å fylle kjøleskapet. Med tanke på at eg blir utsliten av ein tur på butikken for tida, så syns eigentleg eg at eg har vore flink.

 Nom burgar på Lucky Bowl, Kokstad <3

Finaste Morten & Gabbi i party-modus <3

Soundtrack: Seigmenn – Hva vi Elsker

Det er ein -sånn- dag. Ein sånn dag der eg eigentleg ikkje har nokon verdens ting å klage over, men likevel føler for å rive ut det vesle av hår eg har på toppen og skrike av mine lungers fulle kraft. 

Eg vakna med ein katt på hovudet, ei bikkje midt i senga (som forøvring var heilt i skyene over at ho ENDELEG fekk vaske katten….) og bikkje nr III parkert på magen min. Og det er sand i senga. SAND i SENGA. (å vakne med ein kvart zoo i senga gjer eigentleg ikkje noko. Men SAND!! GAH!!)

Huset er rotete. Ikkje så veldig, men eg får lyst å skrike likevel. Og det står koffertar i stova mi etter scenografi-oppdraget. Men eg er ikkje i ein tilstand der eg får gjort noko med det. Les: Eg GIDD ikkje.

Etter å ha vore og handla for å fylle eit heller botnskrapa kjøleskap, sleng eg meg på sofaen og trykkjer i meg ein halv pose chips. Og trass i at eg ikkje har lyst på meir, sånn eigentleg, så blir eg liggjande og glo på Family Guy og momse i meg endå litt meir. For så å liggje strak ut på sofaen og sutre høglytt over at eg er kvaaaaalm….

Dùnedain forstår ikkje kva knapp eg freistar å få han til å trykkje på for å avslutte programmet som køyrer på maskina. Eg må kontrollere meg sjølv kraftig for å ikkje pælme heile pc’en ut vindauga.

Eg angrar på at eg ikkje kjøpte sjokolade på butikken i dag. Og is.

Ting skjer ikkje fort nok. Ikkje rett nok. Feil-feil-feil! Kvifor var det ikkje fleire episodar i sesong 5 av American Horror Story?! Eg ville sjå meir Liz og Tristan! *småtute litt* Og så er tøyskoa mine skikkeleg teite som tek så lang tid å få på. Eg vil berre bli her på sofaen og skrive og skrive og skrive….Samstundes som eg vil ringje alle dei fantastiskaste menneska i livet mitt og tigge dei om å ta meg med på eit helsikes fyllekalas. I need ma peepz, but please leave me alone!!

Hm. Noko seier meg at mensen er RETT kring hjørnet?

….var eg tydelegvis oppe før fuglane feis for å kome fyrst i køen.

 

Ein av tinga eg verkeleg såg fram til med å bli “vaksen”, var moglegheita til å sleppe kviser. Eg har aldri vore eksepsjonelt plaga med kviser eller akne eller noko sånt, men når eg får dei, så plasserar dei seg strategisk….Og eg ser ut som eg er plaga med hudproblem som allereie i middelalderen var på veg til å bli utrydda!!
Takk og pris at eg ikkje er vidare forfengeleg når det kjem til stykkje. I alle fall ikkje så ille at eg vil gjennoppta kampen for burka som moteplagg, slik eg gjerne viste til i min ungdom! xD

BONUS: Kor mange prikkar klarar du å finne i trynet til Lokkri?
HINT: Det er fleire enn det som syns i det gule ljoset!!

Me sat på altanen i går, eg og Dùnedain, og kosa oss med kvar sin is frå isbilen. Brått sprett fyren opp og forkynner: “Me tek oss ein tur med motorsykkel!”

Noko forfjamsa over innfallet, og ein smule teken på senga, gjekk eg med på stuntet. Ingen skal kome og påstå at Lokkrisen ikkje er spontan! No sir!
Så me heiv oss i bilen, cruisa oppover mot heimstaden hans, og skulle hente motorsykkelen. I same augneblink som Vèrgudane tømde sin vrede nedover skog og mark.
Eg innrømmar eg kan vere litt pysete, og ting som går fort (eller høgt oppi lufta!) gir meg noko klump i magen. Gøy-klump for fort-ting, panikk-klump for høgt-ting. Og sjølv om eg var innstilt på å klamre meg fast i kavaleren min bortetter vegane, med vinden i øyro og , var eg noko happy for at det kunne sjå ut som det heller blei kaffi og kaker hjå svigermor.
Vreden varte derimot ikkje lengje, og brått stod eg der med full mc-festdrakt i garasjen til svigers. Hjelpes.

Eg følte meg litt som ei stappa pølse, men klarte likevel å kravle meg opp bak ein særs entusiastisk kar på sykkelen. Og så rulla me i veg, medan eg hylte som ei banshee i vårnatta, og klamra meg fast det eg makta. Noko forhåpentlegvis ingen registrerte over motordur og vinden som peip i øyro. Innimellom snudde køyremannen seg og freista å spørje om det gjekk bra, men eg trur ikkje han høyrde så masse til mine forsøk på å overbevise han om at framleis trudde eg var i livet.

Etter nokre kilometer, kom me til eit kryss, der nokre rånarar hadde plassert seg ganske strategisk i vegen. Farten måtte ned, og eg tenkte med meg sjølv at dette var ein gylden moglegheit til å få skubba meg sjølv litt bak på setet, sånn for å unngå ei permanent, fysisk symbiose mellom oss.
I det eg freistar å sparke frå på fotstøtta, smell det så kraftig i kneet at eg høyrde det over motorduren. Det er mogleg det berre var i mitt hovud det var så høgt, men kjensla av at nokon køyrde ein kniv inn bak kneskåla mi, var høgst reell. Då Dùnedain ga gass igjen, var det på nippet til at eg måtte snu meg for å sjekke om foten låg att i vegen bak oss. Spoiler: Den gjorde ikkje det.
På ny klamra eg meg fast til krampa tok meg, og då me endeleg stoppa for å ta ein gamal barneheim i nærare augesyn, skolv eg i kvar muskel i kroppen. Og la oss ikkje byrje å snakke om foten ein gong! Her var det verken rom for å stå eller gå, og som ei 90 år gamal førkje, måtte kavaleren min assistere meg særs fysisk til nærmaste benk. La meg understreke: Det var v-o-n-d-t!

Vegen heim gjekk heldigvis noko betre; eg fann ut korleis eg kunne halde meg fast på ein meir fornuftig måte som ikkje involverte noko form for kveletak på sjåføren. Og til sjuande og sist, så var det eigentleg ganske gøy! Eg køyrer gjerne meir motorsykkel, eg!
Men eg tek førebehald om at eg har eit fungerande kne FØR eg stig på sykkelen. For i dag er krykkjene framme igjen, og eg sit som eit potetsekk på sofaen og drøymer om betre tider.

Det skjer ting! Fine ting! Og no skal eg fortelje om dei!!

Ah! Det er VÅR i lufta! <3 Sånne ting gjer meg happy-happy. Så i dag, etter møte hjå Filmselskapet AS kring kortfilmen Min Elskede (underteikna er produsent, sånn heilt på ordentleg!), blei dagen nytta til å spankulere (noko som høyres mykje finare ut enn den faktiske og slepande haltinga det eigentleg går i….) kring i by’n med Dùnedain, så lengje kneet mitt var villeg til å samarbeide. Det varte ikkje lengje. Me rusla innom ein kinarestaurant, åt ein betre middag, og avslutta med IIIIIIS på Deli De Luca!! Gotta luv it. Planen vidare var tur på kino, men det blei utsett. For now. Me reiste heller heim og kræsja på sofaen, snurra i gong ein av tidenes dårlegaste zombie-flixx, og sovna under teppet. Om nokon lurte, heitte filmen House of the Dead. STYR UNNA!! *hulke i fosterstilling *

Så alt i alt var denne dagen heilt herleg, og eg kryssar fingrane til krampa tek meg for at me held fram med sånt vèr ein stund! Herregud, så digg å rusle kring i lett dongerijakke, shorts, småsko og med fargerike hjartesolbriller på nasa! <3
Men det til sides.
Gode nyhende, i alle fall for meg: Eg har funne igjen ladaren til kameraet mitt! Etter å ha endevendt loftet på jakt etter dei rette kablane, dukka ENDELEG adapteren min opp, og gjorde meg til eit særdeles lukkeleg menneske! HerreGUD som eg har sakna å ha eit speiglrefleks innan rekkjevidde! Eg, gamal til sinns som eg er, har tross alt ikkje vidare sans for bileta mobilen min tek. Me leikar ikkje fotograf her, lzm! I tillegg blir eg mykje meir inspirert til både å skrive og faktisk ta bilete når eg har eit godt kamera! Og så blei det ryddig på loftet. Det var jo ein bonus i seg sjølv! Så det kan jo vere det er akkurat det sparket i ræva eg så sårt treng for å kome tilbake til bloggeverda? La oss håpe det.

Og når me fyrst snakkar om bilete: Her om dagen gjorde eg noko særs ulikt meg. På 15-års jubileumet til BSTV, laga eg meg ein Instagram-konto. Sånn ein fancy bilete-micro-blogge-sosial-media-sak. I know, right? Kven hadde trudd det? Vel, orsaken var at eg skulle poste nokre bilete til ein foto-slide som viste livet i Student-TV gjennom åra, og tenkte eg skulle slette den med godt samvit etterpå.
Sånn gjekk det ikkje. Då eg sjekka innom den i dag, hadde eg 52 følgjarar. FEMTI-TO!!! Kven i alle dagar er desse menneska som vil vite kva som foregår i livet mitt?! Og kvifor??!? Enden på visa var at eg hadde faktisk ikkje hjarte til å slette den! Så no må eg faktisk byrje å bruke app’en, leggje ut ting og freiste å halde meg oppdatert. Dæng. Følte meg som DEN Kardashian-kjerringa der eg sat; SUPERSTAAAAR! Haha! xD
Så no skal eg la dette gå til hovudet på meg, og poste drit som eigentleg ingen vil sjå, og håpe at nokon betalar meg for det. Er det ikkje sånn det funkar? Eller har eg misforstått?

Planen framover no, er eigentleg å freiste å bli aktiv på bloggen framfor Facebook. Eg har Facebook opp i halsen. Ikkje grunna folka der, for eg har tidenes mest fantastiske veneliste! Men det er rett og slett stress å halde kontroll på ting der, for det renn inn med notifactions, og Fandens oldemor. Og i tillegg har eg altfor mykje på hjarta til å få ut alt eg har lyst til der, utan å bli stressa. Ikkje at eg har eit godt svar på korleis dette kan bli betre om det kjem ut via bloggen, men det tek me som det kjem. Eg saknar berre å sitje sånn som dette og skrive som ein tulling.
Litt engsteleg i forhold til den nye saken på toppen av sida mi her no:  ​
Dette innlegget er: Betalt av annonsør, helt eller delvis sponset, innehar produktplassering eller har annonselenker
Da fuq? Eg har jo allereie masa om både Deli De Luca og Instagram og filmen min, utan planar om å huke av for at eg har drive produktplassering?? For i mine auge stemmer jo ikkje det, akkurat?
Nuvel.

La meg helse våren, og forhåpentlegvis sumaren, velkomen med rosa hår og eit smil om munnen, og så tek me resten av historia derifrå. Who’s ready?!

Eg innrømmar det: Eg er hinsides sløv….

Og betre har det vel ikkje blitt denne vinteren. Som den balestrendingen eg er, så har eg gått i dvale. Ute snør det framleis, til mi store undring, i og med at eg har busett meg rett utanfor Bergen! Det er vel og merke ikkje berre kulden som har teke på, trass i fleire dagar med såkalla “sibir-kulde” her på bruket. Eg fekk omsider ei tilbakemelding frå legen min om at eg har ein skade på menisken, etter at eg med stor entusiasme freista å setje saman ein ny sofa i stova mi før jol. Det har ikkje blitt betre. Og når den isande kulden susa over landet, blei det i alle fall IKKJE betre!!
Påfølgjande kom ein strekt muskel i brystkassa, som sette høgrearmen min ut av spel i over ei veke, og brått forsvann vatnet vårt fordi underteikna hadde gløymd å setje i rett stikkontakt til varmekablane som skulle halde vatnet flytande. I staden stod me her med fast form i røyra.

Då gjekk eg og la meg. Verda var både dum og teit, eg følte meg som ein udugeleg bæsj, tatt i betraktning at bæsj i utgongspunktet dug til fint lite. Følgjande skjedde: Eg pakka meg ned i x antal tepper i sofakroken, slo på TV’en og blei der. Halt og skral som eg var, blei eg ubrukeleg på jobben, og eit sosialt liv har eg fint vinka bye-bye til for det meste.

Men i dag skjedde det noko!
Medan eg låg og vrei meg i draumeland, hadde eg ein mystifistisk draum om at vatnet vårt var kome tilbake! Eg har ALDRI vore så glad for å vri om vatnkrana og sjå ein flom av reint, flytande vatn straume ut av krana!! Og så vakna eg, gjekk på do, og oppdaga at eg ikkje akkurat var sanndrøymd. Røyra vrei seg framleis i smerte, og eg gjekk noko småsnurt tilbake til dyna mi. Atter ein gong drøymde eg. Denne gongen drøymde eg at eg vakna frå den førre draumen, og gjekk på ny ned for å sjekke om me hadde fått vatn. Denne gongen, som sist, flauma det ut med nydeleg, reint vatn!
Og så vakna eg igjen. Eg fortalde Dùnedain om den vidunderlege draumen medan eg fekk på meg fillene og gjekk ned. Gjett kva? ME HADDE FÅTT VATN!!
Så eg har dusja, inkludert heime-spa, vaska klede, rydda litt og styrt på. Oppvasken er omsider teken, og eg er glad som ei lerke her eg sit! Brått var det som om våren var komen for min del, og skrivekløen byrja å murre i fingertuppane.
Så gjennstår det å sjå då, om eg klarar å vedlikehalde den! <3

It Comes at Night

Amerikansk thriller – 2017
Med Joel Edgerton, Christopher Abbott & Kevin Harrison Jr.
Regi: Trey Edward Shults
Lengde: 1 time 31 minutt

Korleis overlever ein apokalyptiske tilstandar? Ikkje ved å isolere seg fullstendig i ein villa uti skogen i alle fall!

Då eg høyrde om filmen fyrste gongen, tenkte eg at det var ein skrekkfilm, og det virka særs lovande. Ein familie isolert i skogen, der dei lever etter strenge reglar for å overleve. Ei raud dør som ingen får opne, medan ein skummel sjukdom rasar i verda, og så kjem det nokon og bankar på. Brrrr!

Og det startar så bra; stemninga er dyster og trykkjande frå fyrste stund. Det einaste eg sit og irriterar meg over, er at eg aldri føler eg får ein skikkeleg oversikt over korleis dette enorme huset er delt inn! Det er eit rom som er dekka av plastikk, to soverom, ein korridor, eit kott og eit slags kjøken. Så blir det fire soverom. Og brått har me eit ekstra rom som visstnok tilhøyrde ein fyr som heitte Bud. Men kven svarten er Bud?! Litt lengjer inn i filmen, får eg mistanke om at det kan vere bestefaren. Som forøvrig døyr heilt i starten. Greit. Eg kan leve med det. (og for sikkerheits skuld googla eg det, og det viste seg at bestefaren faktisk heitte Bud. Mystery solved.) Me er tilbake til fire soverom. Og eg tenkjer med meg sjølv at det er kanskje ikkje ein dum idè å vise så lite av huset som mogleg, og ha det så mørkt som råd i alle rom, for ein kan tross alt spare ganske masse på scenografien på denne måten!

Men me er ikkje heilt ute av skogen endå. Faktisk, me er ikkje ute av skogen i så mykje som eit minutt i denne historia! Situasjonen blir stadig meir og meir anspend mellom dei seks + ein hund som gøymer seg bak gjenspikra dørar og vindauger. Etterkvart som historia utspinn seg, dukkar det stadig opp nye spørsmål som eg sit på nåler etter å få svar på.
-Pyttsann, tenkjer eg. -Det kjem vel ein genial tvist på slutten, og eg får svar på ALT eg lurer på!
Så eg ventar. Og gler meg. Og trådane blir stadig fleire, og eg gler meg som ein unge på jolekvelden til eg skal få nøste opp alt saman og kan krype til sengs med eit tilfreds smil.
Kvifor lyg Will?
Kven er dei to mennene i skogen?
Kva var det som smitta Stanley?
Kva er det slags sjukdom som har råka menneskeheita?
Kven opna den raude døra?
Men, nei. Det kjem aldri. Brått går skjermen i svart, og rulleteksten snurrar i gong. Tilbake sit eg og måpar. For sjølv om filmen var nydeleg på så utruleg mange måtar, så heng det fleire lause trådar i lufta enn på ein gjennomsnitteleg trådsnellefabrikk!
Og det største spørsmålet av alt: Kva i helsike var det som skulle kome om natta?!