ARGH!! ….og sånn.

Soundtrack: Seigmenn – Hva vi Elsker

Det er ein -sånn- dag. Ein sånn dag der eg eigentleg ikkje har nokon verdens ting å klage over, men likevel føler for å rive ut det vesle av hår eg har på toppen og skrike av mine lungers fulle kraft. 

Eg vakna med ein katt på hovudet, ei bikkje midt i senga (som forøvring var heilt i skyene over at ho ENDELEG fekk vaske katten….) og bikkje nr III parkert på magen min. Og det er sand i senga. SAND i SENGA. (å vakne med ein kvart zoo i senga gjer eigentleg ikkje noko. Men SAND!! GAH!!) 

Huset er rotete. Ikkje så veldig, men eg får lyst å skrike likevel. Og det står koffertar i stova mi etter scenografi-oppdraget. Men eg er ikkje i ein tilstand der eg får gjort noko med det. Les: Eg GIDD ikkje.

Etter å ha vore og handla for å fylle eit heller botnskrapa kjøleskap, sleng eg meg på sofaen og trykkjer i meg ein halv pose chips. Og trass i at eg ikkje har lyst på meir, sånn eigentleg, så blir eg liggjande og glo på Family Guy og momse i meg endå litt meir. For så å liggje strak ut på sofaen og sutre høglytt over at eg er kvaaaaalm….

Dùnedain forstår ikkje kva knapp eg freistar å få han til å trykkje på for å avslutte programmet som køyrer på maskina. Eg må kontrollere meg sjølv kraftig for å ikkje pælme heile pc’en ut vindauga. 

Eg angrar på at eg ikkje kjøpte sjokolade på butikken i dag. Og is. 

Ting skjer ikkje fort nok. Ikkje rett nok. Feil-feil-feil! Kvifor var det ikkje fleire episodar i sesong 5 av American Horror Story?! Eg ville sjå meir Liz og Tristan! *småtute litt* Og så er tøyskoa mine skikkeleg teite som tek så lang tid å få på. Eg vil berre bli her på sofaen og skrive og skrive og skrive….Samstundes som eg vil ringje alle dei fantastiskaste menneska i livet mitt og tigge dei om å ta meg med på eit helsikes fyllekalas. I need ma peepz, but please leave me alone!! 

Hm. Noko seier meg at mensen er RETT kring hjørnet?

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg