Eksosrype med knekk i kneet

Me sat på altanen i går, eg og Dùnedain, og kosa oss med kvar sin is frå isbilen. Brått sprett fyren opp og forkynner: “Me tek oss ein tur med motorsykkel!”

Noko forfjamsa over innfallet, og ein smule teken på senga, gjekk eg med på stuntet. Ingen skal kome og påstå at Lokkrisen ikkje er spontan! No sir! 
Så me heiv oss i bilen, cruisa oppover mot heimstaden hans, og skulle hente motorsykkelen. I same augneblink som Vèrgudane tømde sin vrede nedover skog og mark. 
Eg innrømmar eg kan vere litt pysete, og ting som går fort (eller høgt oppi lufta!) gir meg noko klump i magen. Gøy-klump for fort-ting, panikk-klump for høgt-ting. Og sjølv om eg var innstilt på å klamre meg fast i kavaleren min bortetter vegane, med vinden i øyro og , var eg noko happy for at det kunne sjå ut som det heller blei kaffi og kaker hjå svigermor. 
Vreden varte derimot ikkje lengje, og brått stod eg der med full mc-festdrakt i garasjen til svigers. Hjelpes. 

Eg følte meg litt som ei stappa pølse, men klarte likevel å kravle meg opp bak ein særs entusiastisk kar på sykkelen. Og så rulla me i veg, medan eg hylte som ei banshee i vårnatta, og klamra meg fast det eg makta. Noko forhåpentlegvis ingen registrerte over motordur og vinden som peip i øyro. Innimellom snudde køyremannen seg og freista å spørje om det gjekk bra, men eg trur ikkje han høyrde så masse til mine forsøk på å overbevise han om at framleis trudde eg var i livet. 

Etter nokre kilometer, kom me til eit kryss, der nokre rånarar hadde plassert seg ganske strategisk i vegen. Farten måtte ned, og eg tenkte med meg sjølv at dette var ein gylden moglegheit til å få skubba meg sjølv litt bak på setet, sånn for å unngå ei permanent, fysisk symbiose mellom oss. 
I det eg freistar å sparke frå på fotstøtta, smell det så kraftig i kneet at eg høyrde det over motorduren. Det er mogleg det berre var i mitt hovud det var så høgt, men kjensla av at nokon køyrde ein kniv inn bak kneskåla mi, var høgst reell. Då Dùnedain ga gass igjen, var det på nippet til at eg måtte snu meg for å sjekke om foten låg att i vegen bak oss. Spoiler: Den gjorde ikkje det. 
På ny klamra eg meg fast til krampa tok meg, og då me endeleg stoppa for å ta ein gamal barneheim i nærare augesyn, skolv eg i kvar muskel i kroppen. Og la oss ikkje byrje å snakke om foten ein gong! Her var det verken rom for å stå eller gå, og som ei 90 år gamal førkje, måtte kavaleren min assistere meg særs fysisk til nærmaste benk. La meg understreke: Det var v-o-n-d-t! 

Vegen heim gjekk heldigvis noko betre; eg fann ut korleis eg kunne halde meg fast på ein meir fornuftig måte som ikkje involverte noko form for kveletak på sjåføren. Og til sjuande og sist, så var det eigentleg ganske gøy! Eg køyrer gjerne meir motorsykkel, eg! 
Men eg tek førebehald om at eg har eit fungerande kne FØR eg stig på sykkelen. For i dag er krykkjene framme igjen, og eg sit som eit potetsekk på sofaen og drøymer om betre tider. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg