Sol, sumar, urinvegsinfeksjon og Fandens oldemor.

Soundtrack: Bob Marley & The Wailers – No Woman No Cry 

Det er SUMAR i Bergen!! Eg har fått blomar i hagen, stønad til å lage film, hengjekøye på altanen, ny sveis og ein helvetes urinvegsinfeksjon.

Det ville vel ha grensa til noko småleg unormalt dersom eg IKKJE hadde hatt noko å klage over, vil eg påstå? Men rett etter 17. mai kunne eg skilte med både feber og intens mage-au. Kvalm var eg òg, så formen var overhovud ikkje der eg hadde planar om at den skulle vere, no som kneet mitt byrjar å bli samarbeidsvilleg igjen. Plaster og bandasjar er vekke, og eg tuslar kring utan krykkjer innandørs. Bakkar og trapper er framleis ein utfordring, samt det å gå lengje. Å gå nokon plass med meg er som å ha med seg ei gamal bestemor som slit med gikt og dårleg lårhals; brått sukkar eg berre tungt og annonserar at nærmaste benk ser høgst innbydande ut. 
Dùnedain har til informasjon vore verdas mest fantastiske sjukesyster. Samt hushjelp, gartnar, vaktmeister, kokk og hundepassar. I owe him big time!! 

I tillegg går jo faktisk ting i min rettning; offisielt er eg no filmprodusent. Sånn på heilt skikkeleg og ordentleg. Med ansvar for schumle budsjett med fleire nullar bak tala enn det som er sunt å setje meg til å halde styr på. Men ingen skal kome og sei eg ikkje tek ein utfordring på strak arm! 
Så til hausten blir kortfilm-prosjektet Min Elskede endeleg realisert, og eg er hinsides gira og klar!! Manuset til Tommy er både sterkt og rørande, og eg har verkeleg tru på denne filmen blir noko av det beste eg har vore med å lage til no! Filmfestivalar på verdsbasis må berre stålsetje seg; I’ll be coming around anytime soon!! ^^ Og tek gjerne med nokre prisar heimatt! (strengt tatt er det vel regisøren som får nytte godt av det, men det er litt stas å skryte på seg at eg har vore ein del av ENDÅ eit prosjekt som får internasjonal merksemd! Så, kryss fingrane!!) 

Men, ja. Det er sumar i landet, og eg både plantar og haustar. Plantar i hagen, haustar på toppen! 
Etter x antal år med bleiking og farging og diverse anna usunn slitasje på dei stakkars bustane eg har på toppen, så gjorde eg like gjerne kort prosess:

Ups! Kva har skjedd her!?

Det er føkkings amazing. Det tek fem minutt å dusje, og null stress med styling! Berre tørk-tørk-tørk og ready to go! Det er berre 3-4 dagar sidan eg klipte det ned til cirka 1 millimeter, og eg trur allereie det har vokse ut att 3 eller 4!! Men no skal eg spare til langt. Freiste å ikkje kjøpe inn meir cray-cray colours, og la håret mitt vere. Flink meg. 

Og sånn til sist, før eg byrjar på eit av alle dei andre ørten prosjekta eg freistar å halde kontroll på for tida, så visar eg fram hagen min. Eg er stolt. Grøne fingrar skal eg ikkje skryte på meg å ha, men ingenting har daua foreløpig! Bank i bordet! 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg