Day of the Dead – Bloodline

 

Amerikansk (cringe-)skrekk (2018)
Med Sophie Skelton, Johnaton Schaech & Jeff Gum
Regi: Hèctor Hernàndez Vicens
Lengde: 1 time 30 minutt

Oh boy. Kvar SKAL eg starte?!

“A bold new reimagining of the George A. Romero classic” står det på coveret. Og det er ei underdriving. I kjølvatnet av dette, vrir nok stakkars Romero seg i smerte.
For kva i alle dagar ER dette!? Ein kvar zombie-addict veit at kongen på trona over sjangeren er Romero. Bold? Jau, i utgongspunktet er det eit ganske stort oppdrag å ta på seg, og eg vrei meg i smerte då dei laga re-make av Dawn of the Dead. Men dette? Dette vrir kniven i såret, strør salt i det, og fyller det med mjølk og honning midt i ein flugesverm i god, gamaldags middelaldersk stil.

Skodespelarane er håplause. Story’n er langtekkeleg og keisam. Og zombiane spring. Allereie der veit eg at eg burde ha slått av filmen og gjort noko fornuftig i staden. Kall meg gamaldags, men levande daude smakar best når dei haltar seg bortover med det meste av det som skal vere på innsida godt synleg på utsida.
Det som i si tid dreiv orginalen, var det faktum av dei verkelege monstera var menneska. Det er eit og anna monster her òg, men dei når ikkje sadistiske Rhodes opp til skotuppen.

Men la oss ta for oss kva historia handlar om: Legestudenten Zoe overlever zombie-apokolypsen, og havnar i ein bunkers saman med ein gjeng sivile og militære. Det er ein dumming der som heiter Miguel, og ho har ein militær-kjæraste med meksikanske aner som heiter Baca. Så langt er det visse paralleler til orginalen. Men så dukkar Max opp, som ein gong i tida (eller tidlegare i filmen, om du vil) freista å valdta Zoe. Introduserar dumming nr. 2. Han er halvt zombie og halvt menneske, og 100% like fiksert på Zoe. I tillegg er han sminka som Jokeren i Batman. Og så ballar det på seg med problemar, blanda med jakta på ei vaksine.

 

 

 

 

Det aller verste er kanskje at INGEN av karakterane i filmen har så mykje som SETT ein zombie-flick i sitt liv! Dei gjer ALLE feila ein kan gjere i skrekkfilmar; spring i feil rettning, skrik og skyt med automatvåpen i hytt og pine, får biltrøbbel midt i skogen….Det er ikkje måte på.
Og kvar er Bub? Kvifor i alle dagar bytte dei ut vår alles favoritt-zombie med usympatiske  Max? Det er så ein får lyst å skyte seg sjølv, for så å gjennoppstå og la nokon gjere det for deg på ny. Dette gjer berre vondt. Og klisjèane slår deg i trynet i eit slikt tempo at du knapt rekk å trekkje pusten mellom dei.

Nei, kjære regisør Vicens. Søtaste Hèctor. Finn deg ein annan sjanger å leike med. For det er overhovud ikkje her talentet ditt ligg.

Og brått var me kome til 2. februar, og eg har berre posta TO blogginnlegg. Kva skjedde?!

 

Nyttårsforsettet, for så vidt det einaste eg hadde, gjekk ganske greit rett vest. Eg skulle skrive eit blogginnlegg i veka, minst. Men det uteblei. Eg har skrive nokre filmanmeldingar, men dei kom aldri ut på bloggen. Kvifor? Det må dei greske gudane vite. Det er jo ikkje akkurat som om eg har gjort så mykje fornuftig siste tida!
Men det er noko med kor lite produktiv ein klarar å bli når ein er sjukemeld. For det var dèt som skjedde. Den siste månaden har eg stort sett site/lagt på sofaen med eit kne som ikkje ville samarbeide. I desember presterte eg å skade menisken, og det har vore vondt å gå, vondt å sitje, vondt å liggje….La oss berre konkludere med at eg har vore høgst ubrukeleg.
I dag er den fyrste dagen eg ikkje har vakna kvar gong eg har rørd meg i senga, og eg klarar å gå heilt fint utan at foten nærmast sviktar under meg. Det er ekle poppelydar i kneet når eg rettar det ut, men samanlikna med dei endå eklare smella og knekkelydane som regjerte for knapt ei veke sidan, seier eg meg nøygd med det. Haukeland neste for sjekk, men det kan virke som om det har reparert seg sjølv greit sånn ellers.

Så då har eg sett film, høyrd på skumle skrekk-historiar på YouTube, sove i overkant masse, og når kroppen har vore samarbeidsvilleg, har eg freista å rydde hus. Eg er så lei av å vere halt at eg snart SPYR! Men no augnar eg håp.
Forhåpentlegvis kjem eg sterkare tilbake. Eg har byrja å leggje litt planar for ting eg vil gjere, som å øve inn repetoar med Dùnedain (my new man; more about him later), sosialisere meg (tek gjerne imot forespørjingar!!), skrive, kome i gong med filmprosjekt igjen, kome tilbake i jobb utan at den stakkars sjefen min må tilretteleggje kvar einaste vakt for meg (kudos til deg, R!!) og få gjort ein storinnsats på loftet som aldri blir ferdig rydda.
Så det er håp. Og kanskje eg til og med får noko interessant å skrive om igjen?

Den 12. mann

Norsk drama/krigsfilm (2017)
Med Thomas Gullestad, Jonathan Rhys-Meyers & Marie Blokhus
Regi: Harald Zwart
Lengde: 2 timar 15 minutt

Ein stakkars motstandsmann får ein verkeleg kjip og lang tur til Sverige.

 

 

 

 

 

Historia om Jan Baalsrud er i seg sjølv sterk. Og lang. Forferdeleg lang. I korte trekk reiser tolv menn som ei sabotasjegruppe frå Shetland til Troms, med mål å lage krøll for tyskarane i 1943. Det går ikkje så bra, og båtferda endar med eit iskaldt og noko ufrivilleg bad, massearrestasjon og ei avskoten tå. Og så gøymer Jan seg. Han gøymer seg veldig godt; faktisk så godt at filmen grensar til uuthaldeleg keisam. Det blir tortur, kolbrann, snøskred og tær som kuttast av med tollekniv. Men likevel skjer det ikkje så mykje. Baalsrud har fleire liv enn ein gjennomsnitteleg huskatt, og det er imponerande at han overlevde, men filmen blir meir ein dokumentasjon av det som skjedde; nærmast ei rein oppsummering. Samt eit bilete på kor fæle nazistane var. For dei var skikkeleg dumme, men det har me vel allereie fått inn med t-skei i tida frå barneskulen?
Bileta er kjempefine, skodespelarane er truverdige, og effektane er flotte, men det er likevel ikkje nok. Då det var litt over ein halvtime att av filmen, keik eg på klokka og tenkte: -Herregud, er han ikkje snart i Sverige?! Kor langt kan det eigentleg vere til den pokkers svenskegrensa?!


Jan Baalsrud og alle som hjelpte han på vegen fortenar ein film, men det hadde gjort seg betre i form av ein dokumentar. Eller ein kortfilm. 2 timar og 15 minutt med ein kar som ligg i skjul i hytter, under steinar, bak snøhaugar og i iskalde nordlandsfjordar blir i overkant langt. Filmen har eit klimaks mot slutten, der du lenar deg litt fram i setet og heiar på nordmannen (og reinen. Den reinen var skikkeleg fin!) men det er ikkje verd to timar med venting.

 

Eg har eigentleg berre eit mål for 2018: Eg skal byrje å blogge igjen! 

Klokka er halv åtte ein tysdags morgon, og eg er oppe. Nokon lunde vaken. Og heilt frivilleg.
Sånn sett startar året greit, bortsett frå eit kranglete kne og noko kaldt vèr. Det er vel sånne ting ein byrjar å merke når åra trekk på? Helsa og vèret. Og ein merkeleg trong til å dokumentere livet sitt, av nostalgiske orsaker.
Eg har etterkvart gått nokre år utan å gjere akkurat det, og eg merkar eg saknar å skrive. Allereie før eg hadde lært meg å setje saman ord med bokstavar, sat eg som eit ljos og freista å dokumentere livet mitt i dagbøker. Eg lærte å skrive, og brått fylte eg den eine dagboka etter den andre med skriveri om teite lærarar, forelskingar, frustrasjon og glede. Så glei det over til at eg fekk brevvener, og det var dei som blei nøydd å lese om livet mitt i tjukke brev på nippet til romanar. Og så kom bloggane. Enjoydiary var plassen eg fylte med tekst, om smått og stort, humor og alvor. Men etter fleire år der, blei det stille. Eg anar eigentleg ikkje kvar det blei av skrivelysta mi, men eg kjenner på meg at den ligg og murrar og saknar å la fingrane flyge over tastaturet, og få tankar ut i form av tekst. Så her er eg! Velkomen tilbake, Lukritzia!

Det er eit skrikande behov for oppussing her på sida mi, vel og merke. Så foreløpig blir det nok berre eit innlegg i ny og ne, fram til eg har fått eit design som gir meg skrivelyst. Akkurat no er dette litt som å kome heim til mamma og pappa i studietida. Pikerommet står der, og det er den einaste plassen ein kan invitere eventuelle gjestar dersom ein ynskjer litt privatliv. Veggane er tett dekorert av bilete og minner frå tenåra, men du merkar du har kome noko lengjer sidan du klistra veggar opp og ned med bilete av idola dine, foto av fyllekuler med vener og gamle bamsar og dokker sit på enkeltsenga di, der du og din fyrste kjæraste ein gong låg tett saman og slåss om dyna.
Det er litt kleint, men det er likevel både trygt og fult i minner. Du veit at mamma har planar om å byggje gamlerommet ditt om til heimekontor, og at ein malarkost snart skal leggje nye lag med farge over den gamle Disney-tapeten din, som du skamma deg over når du hadde gutar på vitjing i den tida du framleis hadde streng på tennene og kviser i hopetall som du desperat freista å male over med det du hadde i sminkeskapet.
Me har vel alle vore der.

Men no er eg tilbake her, og har store forventningar til året 2018. Eg trur det blir bra. Og uansett så skal det dokumenterast med tekst og bilete, fryd og skam. Let’s get started! Godt nyttår, store og små!

I år er eg seint ute. Med det meste. Jolevask og kakebakst og joleshopping og jolekort. Ingenting nytt der i garden, eigentleg. Men det kanskje MEST overraskande, er at ynskjelista mi ikkje er komen ut, og me har allereie snubla langt inn i desember!! 

Så her er den, i all sin prakt. Kanskje kortare enn andre år, men imponerande nok for ein matrialistisk maksimalist som meg, så har eg eigentleg det meste eg treng?

Dyre og naudsynte ting fyrst:
– Joggesko
….fordi dei eg har på jobben heng snart ikkje saman lengjer!!
– Kjøkenmaskin
….kanskje ikkje 100% naudsynt, men det er no noko eg ynskjer meg.

Det treng jo då ikkje vere ein sånn fancy som dette her, men eg har veldig lyst på ein raud ein!!

Eg har forelska meg heilt i Gunvor sine Handmade Illustrations (http://gunvor.no/shop/product-category/prints/)!! Særleg denne t-skjorta har erobra hjarta mitt, og SKRIK om å bli mi:

Det blir vel ikkje så veldig mykje meir Lokkrisk enn som så, vil eg tru. Størrelse M burde sitje som eit skot! ^^

Og så hadde det vore kjekt med ein XBOX 360. Berre sånn for å ha nemnd det.
Om nokon snublar over noko drittøffe vindaugsfolie, så er eg på jakt etter ein bit med det til baderomsglaset mitt! Oppdaga nokon på Møhlenpris som hadde med DRAGAR på!! Og ja takk! Men dei har eg då ikkje greidd å spore opp på nett….Så tips blir òg motteke med stor takk, og kan kompansere for ei kvar jolegåve! xD

Atter eit år står Munchkin på ynskjelista mi, med eit håp om at i år er året der nokon finn ut dei vil leggje merke til det punktet! Her er eit bilete, så legg du garantert merke til det.

Kjempestort, til og med! Expansions er òg velkomne, men eg bør nok ha grunnspelet fyrst….

Forresten, sånn PS så har dei den komplette serien med Angel på DVD hjå Platekompaniet på tilbod!! Manglar så mange i serien, og eg trur det eg har er litt dårlege kinesiske kopiar, så det hadde vore kos med heile boksen!

Samt nokre CD’ar som eg framleis er på jakt etter. Eller vinyl! Begge delar funkar fett!
– Lordi : Monstereophonic (Theaterror vs. Demonarchy)
– Die Antwoord : Suck on This
– Die Antwoord : $O$
– Nick Cave & the Bad Seeds : Murder Ballads

Samt at det er ein del konsertar der ute i år!!
NICK CAVE spelar på Bergensfest ONSDAG 13. JUNI
WE LOVE THE 90’S rullar i gong igjen 30. APRIL
….og så skal Rammsund ha konsert i Bergen?

Gåvekort og denslags kjem jo greit med for ei som freistar å leve økonomisk! Så gåvekort hjå frisør, negledesign, piercing/tattoo og anna “nyttig” luxus er fantastisk bra!
Gåvekort generelt er jo morro, så køyr på! xD

Medlemskap hjå Soul Pole Dance Studio hadde vore heilt fantastisk òg. Jepp, for eg vil trene. Sånn type trening. Morro-morro!! Men sånt er litt dyrt. Så, ja. Ynskjer meg det.

Kort oppsummert andre ting:

– Røykelse
– Kubbe/kule-ljos
– Farga mascara
– Pengar
– Alkohol (ikkje raudvin!!)
– Eit stoooort sminkeskrin (gjerne noko liknande dette:)

….og skulle Blizzard heilt ut av det blå sleppe World of WarCraft: Battle of Azeroth før jol, så står jo det sjølvsagt på lista det med! ^^

Okay, eg gir meg no. Men dette er årets innfall!

 

EDIT: Kom faktisk på meir eg skulle hatt på lista, eg!
– Hårfargar (gjerne lilla eller rosa!! Men knallraudt er òg undervurdert! Og bleikemiddel….)
– Falske negler (gotta luv ’em når eg ikkje har råd eller moglegheit til å ha permanente fin-negler!!)
– Boksar (sånne som ein får kjøpt på IKEA, til dømes. Til å ha stæsj oppi. I alle størrelsar!! Eg ryddar. Nemleg.)
– Netflix, HBO, Spotify….Sånne betalingskort-ting! Dei kan aktiverast anytime, right?
 – Generelle gåverkort, men veldig gjerne frå Indiska, Glitter, Outland og Soria Moria!!
Awsomme Lokkriske øyredobbar
Kontorstol og eit lite bord til å ha printaren min på!

Så var me der på året igjen, der Lokkrisen skriv ynskjeliste. Det er omtrent det einaste denne bloggen blir brukt til, men eg skal innrømme at eg ikkje har same trongen til å blogge lengjer som eg hadde for nokre år sidan. Men here we go again!

Headset

Ikkje nokre superfancy greier; eg har hatt eit SkullCandy-headset no i nokre år, og det har funka fantastisk heilt til det brått ikkje ville meir….Men det einaste som er viktig er strengt tatt at det ikkje er for stort, og ikkje er sånne pluggar som du puttar inn i øyro. Øyrehòla mine er for små, nemleg.

Teppe til sofaen

Eit billeg, men digg, koseteppe! Veldig gjerne sånn i fake pels, gjerne lilla, eller ein annan mørk farge! ^^ Noko i rettning dette, kanskje?
Dei eg har er så tynnslitne at dei grensar til helseteppe, og teppe i ljose fargar funkar dårleg i ein dyrehage. Ikkje dyre teppe heller, sånn at det er understreka. Må med andre ord tåle vaskemaskin….

(Ute-)lykt

Eg har så sinnsjukt lyst på fleire lykter! Aller helst sånne som kan stå ute no i joletida….Så dei bør kanskje vere littegrann store og rubuste? Sånn at dei tåler vindkasta som til tider herjar kring hushjørnene her. Tunge, i det minste. Eg er jo ein sucker for sånne som ser litt gamaldagse og med fine detaljar, men eg veit ikkje om desse faktisk -kan- stå ute? Ynskjer meg sånne uansett. Både til å ha ute og inne. Innelyktene er mestast for at pusane ikkje skal stikke snuten sin inn i dei!

Datadelar
Altso, delar til å oppgradere den stakkars data’n min. Til dømes prosessor, grafikk-kort, minne, skjerm….Det meste er hakkande gale der! Så….kanskje eigentleg berre eit gåvekort på datastæsj….?

Stoooor koffert
Trillekoffert. Stor. Gjerne med plass til ein liten familie inni. Hadde vore greit å sleppe å låne meg ein kvar gong eg tek ein ferietur på meir enn to dagar! xD Treng ein mindre trillekoffert òg. Eller ein bag. Som rommar nok til å reise vekk i 3-4 dagar. Er ikkje så nøye på det, så den kan gjerne vere brukt! :p

Servietthaldar

Joda, eg har masa om det ei stund, men dei gongane eg HAR pengar, så finn eg aldri ein eg likar! Eg vil ha ein søt, gjerne ein i ljose fargar (og tydelegvis med hjarte på?? Det var ikkje med overlegg, men dei var jo fine! ^^ ) i litt shabby chic-stil.

Lyslenkje

Har så lyst på sååååånn!! Joda, eg har nokre allereie, men dei er så koselege! More please! ^^ I naturfargar, helst! xD

Munchkin

Gøye spelet! ^^ Dei har det på Outland! *hint-hint*

Alkohol
Tequila. Kvitvin. Gøye dramme-ting. Champis. You know how I roll!

Fin skrivebok med blanke sider
Til å skrive og teikne i! Skal prøve meg på ei såkalla “bullentin-diary”, men alle skrivebøkene eg har er det linjer i! 🙁

Falske negler
Eg har innsett at å få støypt på negler ikkje funkar så bra på meg. Dei varar knapt lengjer enn vanlege lime-på-negler fordi eg kræsjar i alt mogleg, og er generelt klønete….Eg ELSKAR lange negler, så då kan eg like gjerne ynskje meg fancy laus-negler.

Facescrub

Gjerne frå Soap&Glory!! Eg ELSKAR produkta deira!! Strengt tatt alt dei har er wohoo! Men facescrub er blitt supernaudsynt i mi verd. Bodyscrub er heller ikkje å forakte! 😉

Andletsmasker

Ooooh, for eit forbruk eg har fått av sånne i mine dagar som burgarflippar! Eg ser jo ut som ein burgar sjølv i trynet på dei verste dagane!! :/ Dei er heldigvis billege pr. stykk, men eg har ingenting imot å få samla opp nokre kilo med sånne posar! xD Favorittane mine er Peeling Masque og den med sjokolade!! Men eg prøver gjerne andre typar! Eller merker.

Snop
Sjokolade. Vingummi. Marsipan. Twist. Seigemenn. All slags nam. Ja takk! You know the drill.

Pengar og gåvekort
Alltid kjekt å ha! Særleg når ein konstant finn ting der ute som ein ikkje kan ta seg råd til, medan ein drøymer om millionær-status! Nokre av plassane eg ofte står i vindauga og siklar, er:

  • Outland
  • Dragens Hule
  • Frisør
  • Negledesign
  • Piercing/tattoo
  • Indiska

Generelt plassar der det blir seld klede, musikk, interiør og andre gøye ting er veldig whoopi! ^^

Spel til data/PS3/XBOX 360
Det er faktisk berre eit dataspel på ynskjelista mi i år, og det der Deadpool-spelet!

CD/LP
Noko album må du berre få tak i og setje i musikkavdelingen din. Fire av desse er:

 

  • Lordi: Monstereophonic (Theaterror vs. Demonarchy)
  • Die Antwoord: $O$
  • Die Antwoord: Suck on This
  • Nick Cave & the Bad Seeds: Murderballads

Og det var det for i år! 😀 Men strengt tatt; alle som kjenner meg veit kva eg likar. Er det dragar eller bøker eller englar eller fantastiske duppedingsar involvert, så blir eg glad uansett! xD Dette er hovudsakeleg meint for dei som vil ha noko heilt konkret! xD

 

Dersom du er stinn i gryn og veldig glad i meg, så ser eg eit vesentleg behov for følgjande:

  • Eit hus, med moglegheit for kino og bibliotek i kjellaren.
  • Ein jobb. Gjerne eit eige filmselskap.
  • Lappen….eller eventuelt nokon å øvekøyre med.
  • Ein schäfer. Og ein irsk ulvehund. Samt papegøye, ponny og marsvin.

For vanlege dødelege, som har undra seg over mi manglande ynskjeliste i samband med ein viss oppkomande bursdag, så har eg greidd å tenkje ut nokre andre, mindre krevjande ting å setje på ovanfornemde liste.

Hårfarge – Crazy-colours! Lilla, kvitt/sølv, knallraudt, sjokkrosa….Sånne herlege fargar som gjer verda glad!
Falske negler – Det finst så mange gøye negler, med diamantar og bling og spindelvev og hovudskallar….Slike ting vil Lokkri ha! 😀
Munchkin – Det awsomme kortspelet dei har på bl.a. Outland veit du?
Gode fargeblyantar – Treng noko som er hakket betre enn dei eg har tilgjengeleg, til fargebøkene mine!!
Ljosslynge – Sånn som denne, i såkalla “naturfargar” (altso, beige, kvit, eggeskal og sånne fine namn)

Hagestæsj – Eg har planar om å gjere noko i hagen i år. Men eg manglar utstyr! Alt til hage, både hagereiskapar og ting som kan pynte opp hagen min trengst. Såh, sidan eg er blakk ynskjer eg meg sånne ting framfor å prøve å leite etter kronestykkjer mellom sofaputene.

Og så driv eg jo med det evige prosjektet med å organisere loftet i vetlestovao mi, og har innsett at eg treng nokre sånne små “list-hyller” som dei hadde på IKEA, som ser slik ut:

Har prøvd å finne nokre av den kvite typen, men har dei slutta å selgje dei?! Seriøst?? Hm. Treng jaffal 2-3 stk, så om nokon ser dei sånn heilt tilfeldig: TENK PÅ MEG!!
Dessutan står det ein ting til frå IKEA på ynskjelista; eg treng ei sånn korg som dette:

Og eg treng ein bag. Den kan gjerne vere loppis-funn, Fretex eller ein brukt ein som nokon har liggjande! Men den må vere såpass stor at det går an å pakke den for ein helgetur. Dei eg har er AKKURAT for små!! o.O

Om nokon ikkje har merka det, så er det PÅSKE!! Dermed står desse ganske sterkt på ynskjelista:

Gåvekort er jo òg alltid kjekt, sidan eg aldri har råd til nokon verdens ting lengjer! Frå plassar som til dømes

  • Outland
  • Dragens Hule
  • Frisør (særleg type plassar der ein kan få dreads!!)
  • Negledesign
  • Piercing/tattoo
    …..og plassar der dei sel sko, vesker og/eller klede!

Samt søtleg kvitvin er alltid ein hit! ^^ Eller tequila!! 😀 (Black Death; er eg den einaste som veit kva det er?! Om du ser ei flaske, så tenk på meg! Igjen.)

Sånn! Då har eg gjort mi plikt! xD

 

 

 

 

 

 

 

Alle snakkar om holocaust; om korleis jødane blei behandla, drepne, forfølgd og jaga rundt i verda. Me grin når me ser “Schindler’s List”, og tenkjer: -For ein modig mann! Eg skulle ynskje eg kunne gjort det same, og redda så mange mennesker!
Hugsar du den vesle jenta i den raude kåpa? Ho som er den einaste fargen i ein lang fim i svart/kvitt? Ho døyr. Verda som utspelar seg på filmen er basert på sanninga. Om mennesker som døydde. Som kjempa og flykta, mange av dei fånyttes. For så mange av dei fekk aldri kome heim til familien sin og leve eit trygt liv.

27. januar 1945 blei Auschwitz-leiren frigjort av sovjetiske stykar. Alle har sett bileta av det som møtte soldatane. Dei utsvoltne kroppane som knapt kunne halde seg oppreist. Som ikkje kunne halde seg oppreist. Død, oppklorte veggar i gasskammer, skohaugane, dei medisinske eksperimenta. Og verda lova seg sjølv ein ting: Dette skulle ALDRI gjennta seg.

09. desember, 2015. Media, sosiale media, den vestlege verda….Det boblar over med eit framandhat me knapt har sett maken til. Bygningar som var meint å huset born blir sett fyr på. Det går ikkje ein dag utan at ein kan lese om korleis dei med mørkare hud eller hår blir trakassert. På gata. I media. På trikken. Born blir dytta i grøfta av vaksne mennesker som burde vite betre. Ein ser skrått på alle ein kan sjå at kjem frå andre delar av verda. Og det er blitt greit. Ein har på mange måtar forsont seg med at folk er redde, og då er det lov. Dei kan ha ei bombe. At Mohammed gjekk i klassen din på ungdomsskulen tyder ingenting. Han kan vere farleg.

Eg blir kvalm. Og situasjonen blir ikkje mindre skremmande når Donald Trump står på talarstolen sin borte i Ju-Naiten og tek til ordet for at muslimar må ha spesial-ID. Den visa har me høyrd før, frå ein viss kunstmålar i Tyskland, som øydela ein eigentleg ganske så fancy bartefrisyre for all framtid ein gong på 40-talet. (Ein kan kanskje hevde tupèar er i ferd med å bli ei utdatert greie òg no….?)

Korleis enda me opp her? Kor tid gløymde me all medkjensla me hadde for ei folkegruppe i fortida? Kva er det som gjer situasjonen no så ulik situasjonen då, i eit sånt omfang at me syns det er greit å oppføre oss som neandertalarar?! Har me ikkje lært noko av tidlegare feilgrep?
Og ein av dei tinga som verkeleg gjer situasjonen heilt vannvittig, er korleis eg har sett enkelte KRISTNE mennesker reagere! Det får meg til å hate konseptet religion så brennande intenst at eg nesten eksploderar! Kva skjedde med “elsk din neste”, “snu det andre kinnet til” og “du skal gjera mot andre det du vil andre skal gjera mot deg”? Kjære Jesus-fanatikarar; kva i alle dagar er greia med å kalle dykk kristne om de ikkje klarar å følgje dei VIKTIGASTE reglane guden dykkar har gitt dykk?!
For ikkje å snakke om ramaskriket som kom over at religiøse symbol måtte fjernast for å huse flyktningane. Heile den situasjonen var berre flau; det var eit felles krav om at lokala skulle vere nøytrale, men brått var alle i Noregs land så religiøse at ein kunne få mark av mindre.

Er det her eg skal kome med eit råd? Ein konklusjon? Nokre velvalde ord eller ein sarkastisk og morosam avsluttning?
Eg har ingen. Eg håpar berre at folk innser kva for sinnsjuk spiral me er komne inn i, og tek tak i seg sjølv. For slike haldningar har ført til tragedie før.

 

Så var me der igjen då! Jola står snart for døra, og året har swoosja avgarde. Så no er det på tide med ei oppdatert ynskjeliste! I år startar me med dei “små” tinga til ein forandring:

Kubbe – og kuleljos
Snop (sjokolade, marsipan, vingummi….Nom er alltid ein hit! ^^ )
Alkohol (gjerne kvitvin! ^^)
Gøye strømpebukser str. M/L (har akkurat rydda klesskapet mitt, og det er no litt slunkent på strømpebuksefronten)
Pengar
Fin-fin servietthaldar – gjerne noko i litt shabby chic-stil! Litt i denne rettninga:

Awsomme gensarar/toppar og svarte (enkle) singlettar (med eit lite uval som døme:)

Europris-koffertar – dei har nokre heilt RÅ trillekoffertar på Europris som eg har veldig lyst på!! Og så treng eg verkeleg ei ny koffert òg

Terningar! Eg treng nokre av dei, til rollespel og denslags. Ein får tak i slike på Outland, blant anna:

Gjerne med glitter og i fancy fargar!

Gåverkort hjå frisør, tattoo, piercing og negledesign er òg motteke med opne armar!
Og som vanleg så kjem Ringenes Herre-RISK på lista, med eit håp om at 2015 er året!

Sengesett treng eg òg. Type to dyner og to puter…

Av dei litt dyrare tinga på ynskjelista mi, ligg følgjande ting:
Playstation 3
Vinterjakke
Ny mobiltelefon
….og ein sånn flott golvljosestake!!

Og så kjem då den vanlege delen med CD’ar, DVD’ar, lesestoff og sånt noko.

CD’ar/vinyl:

Nick Cave & The Bad Seeds ? Murder Ballads
Die Antwoord – $o$
Tori Amos ? Little Earthquakes

Filmar/seriar (bluRay, DVD):

The Walking Dead season 5 & 6
Angel season 2, 6 & 7
Hobbiten-triologien

Dataspel:

Deadpool

Bøker:

Harry Potter-bøkene, helst på engelsk
Deadpool (du finn den eg har i tankane her:  https://www.platekompaniet.no/bok/deadpool-daniel-way2/)

Teikneseriar:

Buffy The Vampire Slayer
Angel
Spike & Dru
The Walking Dead (har #1!)
Fables

Og fordi Kriss er så kjempesnill, så har han sett saman ein liten inspirasjonscollage til meg, med alle bilete av ting eg elskar! Så om du kjem over noko av dette, så tenk på meg! 😀

Året fekk for min del ei ganske trist ending, då bestao brått ikkje lengjer var blant oss. 18. desember sovna ho inn på gamleheimen i BaleBy, og sjølv om det var knusande vondt å miste ho, har ho i det minste funne fred. Ikkje meir sjukdom, og sånn eg ser verda, er ho endeleg saman med besten igjen. Ho kan sjå att ommo og ollis, og alle andre som fòr før ho, og klø Marve og Luina bak øyro, stryke Mokki over den spraglete pelsen og bli overaust av varme sussar frå Gaya, Maggie og Pettit, og alle dei andre fantastiske firbeinte venene våre. Det hjelp å vere spiritist i slike stunder. For min del gjer det verda mindre fæl når eg mistar nokon eg er glad i. Og eg er takksam for alle minner og alle gode stunder med både bestao og alle andre som har forsvunne ut av livet mitt.

Men i det store og heile, var 2014 eit av dei beste åra i livet mitt.
For fyrste gong har eg følt meg FRISK! Psyka mi har vore i balanse på eit heilt nytt nivå. Eg har aldri opplevd så mange dagar der eg utan problem kan stå opp og sjå verda i andlete, utan å krype skjelvande tilbake under dyna. Endeleg fekk eg oppleve å bli tante til eit herleg lite vesen, som er så lik meg sjølv som baby at eg blir heilt varm inni meg. Synne, som kom til verda i august, er den nydelegaste babyen som nokon gong har sett dagens ljos, og eg gler meg til kvart augneblink eg skal få saman med ho òg.
Tida mi som student er omsider over (så sant eg får eit positivt svar på siste eksamen…*dum-di-dum*) og sjølv om det er aldri så vedmodig, så er det samstundes ganske godt. Eg har fått meg ein jobb hjå New Choices, og eg syns det er sinnsjukt spennande!! 😀

Økonomien har til tider vore trong, men eg har klart meg.  Pengar er faktisk ikkje alt, noko eg verkeleg har merka dette året. Det som gjer livet verd å leve er dei gode, små tinga. Ein god klem frå nokon ein ikkje har sett på eviglengje, ein entusiastisk våt suss frå ein firbeint ven, ein SMS frå nokon som bryr seg når ting er tungt med bodskap om at dei er der og tenkjer på meg. Slike ting er det som gjer livet verd å leve.
Og aldri før har eg vore SÅ klar over kor velsigna heldig eg er som har så hinsides mange fantastiske menneskjer i livet mitt! Eg har alltid hatt mange vener, og eg anar ikkje kva eg skulle gjort utan dei. Men det fossar inn med invitasjonar til festar og middagar og hengje-dagar og shopping-turar og skravle-dates. Og eg set så utruleg pris på kvar einaste ein, sjølv om eg til tider må takke nei fordi eg innser eg har teke meg vatn over hovudet.
Tusen takk til kvar og ein av dykk; de er heilt fantastiske alle saman! <3
Og eit riktig godt nytt år til dykk alle! Måtte dette året bli det beste året nokon sinne! Der eg forhåpentlegvis klarar å oppretthalde løftet mitt om å kike innom bloggen min sånn innimellom! ^^