What now? *superstaaar!!!* Og vår. Må nemnast.

Det skjer ting! Fine ting! Og no skal eg fortelje om dei!!

Ah! Det er VÅR i lufta! <3 Sånne ting gjer meg happy-happy. Så i dag, etter møte hjå Filmselskapet AS kring kortfilmen Min Elskede (underteikna er produsent, sånn heilt på ordentleg!), blei dagen nytta til å spankulere (noko som høyres mykje finare ut enn den faktiske og slepande haltinga det eigentleg går i….) kring i by’n med Dùnedain, så lengje kneet mitt var villeg til å samarbeide. Det varte ikkje lengje. Me rusla innom ein kinarestaurant, åt ein betre middag, og avslutta med IIIIIIS på Deli De Luca!! Gotta luv it. Planen vidare var tur på kino, men det blei utsett. For now. Me reiste heller heim og kræsja på sofaen, snurra i gong ein av tidenes dårlegaste zombie-flixx, og sovna under teppet. Om nokon lurte, heitte filmen House of the Dead. STYR UNNA!! *hulke i fosterstilling *

Så alt i alt var denne dagen heilt herleg, og eg kryssar fingrane til krampa tek meg for at me held fram med sånt vèr ein stund! Herregud, så digg å rusle kring i lett dongerijakke, shorts, småsko og med fargerike hjartesolbriller på nasa! <3 
Men det til sides. 
Gode nyhende, i alle fall for meg: Eg har funne igjen ladaren til kameraet mitt! Etter å ha endevendt loftet på jakt etter dei rette kablane, dukka ENDELEG adapteren min opp, og gjorde meg til eit særdeles lukkeleg menneske! HerreGUD som eg har sakna å ha eit speiglrefleks innan rekkjevidde! Eg, gamal til sinns som eg er, har tross alt ikkje vidare sans for bileta mobilen min tek. Me leikar ikkje fotograf her, lzm! I tillegg blir eg mykje meir inspirert til både å skrive og faktisk ta bilete når eg har eit godt kamera! Og så blei det ryddig på loftet. Det var jo ein bonus i seg sjølv! Så det kan jo vere det er akkurat det sparket i ræva eg så sårt treng for å kome tilbake til bloggeverda? La oss håpe det. 

Og når me fyrst snakkar om bilete: Her om dagen gjorde eg noko særs ulikt meg. På 15-års jubileumet til BSTV, laga eg meg ein Instagram-konto. Sånn ein fancy bilete-micro-blogge-sosial-media-sak. I know, right? Kven hadde trudd det? Vel, orsaken var at eg skulle poste nokre bilete til ein foto-slide som viste livet i Student-TV gjennom åra, og tenkte eg skulle slette den med godt samvit etterpå. 
Sånn gjekk det ikkje. Då eg sjekka innom den i dag, hadde eg 52 følgjarar. FEMTI-TO!!! Kven i alle dagar er desse menneska som vil vite kva som foregår i livet mitt?! Og kvifor??!? Enden på visa var at eg hadde faktisk ikkje hjarte til å slette den! Så no må eg faktisk byrje å bruke app’en, leggje ut ting og freiste å halde meg oppdatert. Dæng. Følte meg som DEN Kardashian-kjerringa der eg sat; SUPERSTAAAAR! Haha! xD 
Så no skal eg la dette gå til hovudet på meg, og poste drit som eigentleg ingen vil sjå, og håpe at nokon betalar meg for det. Er det ikkje sånn det funkar? Eller har eg misforstått?

Planen framover no, er eigentleg å freiste å bli aktiv på bloggen framfor Facebook. Eg har Facebook opp i halsen. Ikkje grunna folka der, for eg har tidenes mest fantastiske veneliste! Men det er rett og slett stress å halde kontroll på ting der, for det renn inn med notifactions, og Fandens oldemor. Og i tillegg har eg altfor mykje på hjarta til å få ut alt eg har lyst til der, utan å bli stressa. Ikkje at eg har eit godt svar på korleis dette kan bli betre om det kjem ut via bloggen, men det tek me som det kjem. Eg saknar berre å sitje sånn som dette og skrive som ein tulling. 
Litt engsteleg i forhold til den nye saken på toppen av sida mi her no:  ​
Dette innlegget er: Betalt av annonsør, helt eller delvis sponset, innehar produktplassering eller har annonselenker
Da fuq? Eg har jo allereie masa om både Deli De Luca og Instagram og filmen min, utan planar om å huke av for at eg har drive produktplassering?? For i mine auge stemmer jo ikkje det, akkurat? 
Nuvel. 

La meg helse våren, og forhåpentlegvis sumaren, velkomen med rosa hår og eit smil om munnen, og så tek me resten av historia derifrå. Who’s ready?!
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg