Sko og hårmascara!

Eg skjemde meg sjølv vekk med ein ekstra halvtime søvn i dag tidleg, og måtte av den grunn småspringe dobbelt så langt som vanleg til bussen. Men det var verdt det.
Sidan eg i utgongspunktet var seint ute, hoppa eg like greit oppi Ed Hardy-uggsane mine (som til mitt forsvar er sånn cirka nesten den einaste design-duppeditten eg eig!) og trava avgarde. 
Etterkvart tok eg til å merke at det gjorde litt småvondt i hælane mine, og det sette hjernekapasiteten min i sving. For ei tid tilbake las eg ein artikkel som omhandla kor farlege enkelte sko var for beina; blant anna crocs, converse og uggs. Eg hadde tenkt å linke til denne artikkelen, men eg fann den ikkje igjen i farten. So be it. Poenget mitt er uansett at eg alltid har hatt full forståing for kor fæle og livsfarlege høge hælar  *høhø* kan vere. 
Eg har to par høghæla sko, og dei blir sjeldan brukt sidan eg ser ut som Bambi på isen når eg tek dei på. Legg til eit par shots tequila og nokre pils, og du har underhaldning for kvelden. Når ein i tillegg har ein tendens til å gå og sitje som ein mann, burde noko stå klar med komiprisen. Det seier seg sjølv at dette fort kan gå på helsa laus.

Dei pratar om at føtene skal ha støtte i alle rettningar, og demping på hælane, og denslags. Men me blir då ikkje fødd med sko på beina? Så vidt eg veit har det aldri i evolusjonens namn vore tilfelle? Ein gong sprang me då kring, både nakne og berrføte. Og til lengjer nord desse intelligente apekattane emigrerte, til kaldare blei dei på føtene. Så på eit tidspunkt innsåg dei at dei måtte pakke nokre reinsdyrsskinn kring labbane, før dei held fram. Dei kom til Noreg, dei såg at her pøsa regnet ned mesteparten av året, og resten av året forsvinn verda i eit kvitt inferno av snø og is. Merkeleg nok, trass i dette, putta dei reinsdyrsfillene full i mose og halm, og bestemde seg for at “HER vil me bu!”


Og strengt tatt er vel ikkje mine uggs så veldig ulike desse eksemplara her?

Etter litt flittig bruk med google, kom eg fram til at verda vår faktisk er blitt for flat. Vegane våre er flate (jah, prøv å ta dykk ein tur til Sogn! ^^) golva våre er flate, og det er høgst sjeldan at me spring kring ute i skogen og klatrar i trea. Og harde flater krev støtte og demping til føtene. Javel. Så lærte eg noko idag òg. Men sånn for ordens skuld, så vil eg halde fram med å sverge til platåsko. 

Eg og gubbelusken var for så vidt ein kjapp liten shoppingrunde borte på naboøya idag. Planen var å kjøpe skriveblokk (check), saltvatnløysning til Saga som har fått ein eller annan betennelse på auga sitt (check) og badevekt. I staden for badevekt, kom eg heller heim med nye øyredobbar, hårklyper, mobilklistermerker, og litt hobbystæsj. Jaja, det kunne vore verre. Badevekt får eg ordne meg med seinare. 
Så det blei litt kiking i butikkar, og sjølvsagt blei ruta lagt innom SparKjøp (favorittbutikken til gubbelusken, sånn cirka?) der eg rusla kring og keik på sminke, parfyme og hårkurar. Så ser eg det brått:

 

Haha! Er det andre enn meg som hugsar desse frå det glade 90-talet? Trudde det var fullstendig over og ut, eg? Men neidå, her stod dei utstilt, i alle regnbogens fargar. Eg hugsar eg hadde både blå- og bronzefarga hårmascara på den tida, og om det var nostalgien som greit tak i meg, eller eit faktisk behov for å eige slike igjen som greip meg, veit eg ikkje. Men noko seier meg at eg ganske snart kjem til å ha herlege crazy-striper i håret igjen!

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg