Mat-prat. Og sko-tjoho!

Etter beste emne har eg då kome igjennom fyrste veka mi på “knekkebrød-kuren”. Med varierande suksess. 
Eg starta då veka med å kome heim, opne kjøleskapet og konstantere at der låg det ein pakke med bacon. Og for dei som ikkje veit det, så grensar det til dødssynd å ikkje bruke opp bacon før det går ut på dato. Det burde seriøst vore inkludert i boda som Moses kom labbande ned frå fjellsida med!  

Dermed blei det pannekaker den dagen. Dei var i det minste sukkerfrie, om ikkje anna!! 
Neste dag bestemde eg meg for å vere flinkare, og svinga meg på kjøkenet med grønsaker og kjøkenknivar og to steikepanner og nudlar og målebeger. Resultatet var hakket sunnare enn det eg hadde på middagstallerken dagen før:


Heilt etter boka: 150 gram kylling, to spiseskeier nudlar og MASSE MASSE grønsaker! ^^ Gjett om eg er stolt når eg fyrst klarar å lure i meg slik sunn mat? 
Og så sklei det sjølvsagt ut igjen. Sognetur i helga, og når besta stiller med hjortesteik og pappa mekkar pizza, så slit eg kraftig med å halde meg. Eg kan motstå ALT, bortsett frå freistingar. I dag var det å ta seg sjølv i nakken og kaste seg ut i det igjen. Knekkebrød til frukost, lunsj og kvelds. Hahaaaa, me får sjå kor lengje eg held ut denne gongen! xD
Så langt har det gått relativt greit, dei dagane eg klarar å halde meg til planen. Men no er ikkje eg den i verda som er utstyrt med mest sjølvdisiplin! :os Det er vel i utgongspunktet derfor eg er der eg er idag? Men faktisk, det aller verste er alle dei forbaska tablettane eg skal trykkje i meg! Eg meinar; sånn det er no er tablettar, kosttilskot og trantablettar nærmast eit eige måltid!! Og ikkje minst blir eg gåande og gulpe tran heile forbaska dagen. Trongen til å styrte ein halvliter pepsi max blir rimeleg sterk når eg går med transmak i kjeften døgnet rundt! :os *blæh*

 Ooooh, eg og Nett’n var på shopping i by’n idag, og eg MÅ berre dele dei fantastiske skoa eg fann!!

Har du seriøst nokon gong sett noko meir Lokkrisk enn dette?! Haha, forsvarsvåpen 2 da maxx! xD Men 1499,- var litt dyrare enn eg er villeg til å punge ut for eit par sko her og no. Det får vente til sal, eller eventuelt ein overraskande LOTTO-gevinst. Og om nokon andre sit inne med rette LOTTO-rekkja, og ynskjer å få meg opp i høgda, så er det mogleg å finne desse prakteksemplara på DNA.
Gubben sit jo i tillegg ganske hardt på bakbeina og hevdar at eg alt har nok sko og vesker. Noko eg overhovud ikkje kan forstå?? Kor mange sko er for mange sko?! Eg skal innrømme at eg har ganske mange, men alle har sin funksjon….? Akkurat som med veskene. Gah, walk-in-closet badly needed! xD
Shoppingrunden var ikkje av dei mest intense då, vel og merke. Det blei mest hobbysaker, ein karaffel-ting til olje (eg HAAATAAAAR dei forbaska plastflaskene gubben kjem med og skal ha ståande på kjøkendisken!!) og ein såpedispensar, sidan den gamle brått ikkje ville meir. 

Og etter ein skogstur med gubbelusk og voffeloff i kveld, fekk eg nytt kryssordblad i belønning av gubben! xD Hahaha, snakk om å ha ei lat kjerring; her må han lokke meg ut i naturen med løfte om kryssord! Fantastisk. Men planen er i alle fall no å krabbe inn under dyna mi og NYTE litt hjernetrim. Kryssord er rett og slett addicting.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg