Epic Evening : Med rompelisens på by’n!

Idag bråka det rett og slett for mykje å opna augo. 

Eg vakna ein fredags morgon, 
etter ei torsdags natt.
Det gjekk ein spurv på tunet
og trampa som besatt!!

Det burde dekkje korleis eg følte meg. Eg vakna attmed ein nydeleg raudtopp, med lange, slanke bein og eit fantastisk sjarmerande smil, endå ho var minst like fyllesjuk som meg.
-Kva er klokka, mumla eg med ei mindre sensuell whiskey-stemme.
-Tolv.
-Mjau. (sa Hera, og meinte me burde kome oss ut av senga)
Denne gongen hadde i det minste gubben min  blitt informert om at eg ikkje kom heim, og eg hadde eigentleg bestemd meg for å invitere meg sjølv til å kapre ein overnattingsplass hjå Cecilie. Eg kravla meg på beina, medan eg prøvde å finne ut kva eg hadde vore med på, som eg hadde gått glipp av.

Etterkvart som det tok til å demre og klarne i toppen, kunne eg konstantere at eg i alle fall hadde hatt det FANTASTISK gøy!
Me starta med grilling i hagen her hjå meg, for å feire at me var ferdige med eksamenane våre, og at sumarferien stod for døra. Sjølv om det blas friskt, så tulla me oss inn i varme tepper og gode gensarar, og trassa vêrgudane etter beste evne. Det blei kyllingvengjer og BBQ-kyllingbryst og salat og mandelpoteter og noko fancy greier med tofu. Me kosa oss stort, med andre ord. Cecilie spretta champisen sin, Kriss kom i fnisemodus, Sandra kosemosa marsvinjentene mine, og eg shotta tequila. For å nemne nokre av kveldens aktivitetar.
Etterkvart som promillen steig, blei det avgjort at me skulle leggje ruta til by’n ein tur. DownStairs? Der var det 18-års aldersgrense, det kosta 60 kroner å kome inn, og mest sannsynleg hadde eg vore for nær pensjonsalderen til å sleppe inn. Så me snudde i døra og held stø kurs opp på Fotballpuben. Og der var det karaokekveld, til min og Sandra sin store glede!! Me var på plass på scena med kvar sin mic i handa før nokon rakk å seie “rock on”! 

I love rock ‘n’ roll
So put another dime in the jukebox, baby!
I love rock ‘n’ roll
So come and take your time and dance with me! 

 
 

Og jammen byrja folk å stimle saman framfor scenen, og danse og syngje med! Då me hadde sunge ferdig, kom det til og med ei bort og stoppa meg:
-De MÅ berre syngje ein song til!
Hehe, og eg er ikkje akkurat kjend for å sky merksemd, så eg smilte og lova at me skulle nok opp igjen og ta ein song til. Ikkje lengje etter stod me der igjen og song Paradise City av full hals! ^^ Trur på eit punkt at Sandra mekka eit namn til denne fantastiske rockeduoen me utgjorde? xD
Tilbake til bordet vårt og meir pils i glaset, og kveldens desiderte ljospunkt stod for døra. Ein fyr, som sikkert var kring 21 eller så, snur seg frå nabobordet, ser på meg og seier: -Du? Har du lisens for den flotte rompa?
Eg blei sett ut, det skal han ha! Haha, mrs. Cougar for you, young man! xD Men eg henta meg fort inn igjen.
-Jepp, har søkt og fått innvilga sertifikat! Alt under kontroll!
Eg måtte rett og slett søkje litt tilflukt ute på dassen og fnise litt. Og paranoid som eg er, byrja eg å fundere på om kanskje nokon hadde betalt han for å sei det, sidan eg….såg ut til å ha nada sjølvtillit…? Etter den opptredenen på scenen, med lilla hår på toppen og gode greier, så var kanskje det ein høgst usannsynleg teori når alt kom til alt.

 

Me sjangla oss heimover gjennom by’n. Planen var nachspiel, men eg er høgst usikker på kva som hindra oss i å kome så langt? Eg og Cecilie kubba i alle fall ikkje før klokka var kring halv seks i dag tidleg!

 Eg kan med handa på hjarta sei at eg ELSKAR å vere meg. Kvifor kunne eg ikkje syns det same for 10 år sidan!? Ein går faktisk glipp av JÆVLIG masse gøy når ein skal sitje i ein mørk krok og vere sjølvkritisk og usikker!!  

 

 

4 kommentarer
    1. Sminköse Line: Ein må feste medan ein kan! ^^ No blir det alkostopp i…tja, kor lengje må eg eigentleg vente?! Det har eg heilt gløymt å forhøyre meg om!! :O

    2. Hehe, blei du sitjande lengje og rope på elgen, søtnos? ^^ Du får kose deg og hente inn nye krefter i Syden-land, så prøver me på’an igjen når du returnerar og eg står på beina igjen!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg