Konstant online. På ein dårleg dag.

Det er enkelte dagar som rett og slett ikkje blir bra. Uansett kva du legg i dei. Dei startar gjerne med at han du delar seng med forsøv seg, og du må nærmast rulle ut av senga, ned på eit kaldt golv, og håpe det vekkjer deg før du frys ihjel. Så, medan gubbelusken forsvinn ned trappa, ut på badet, og rømmer huset med tannkosten i kjeften og frukostbrødskiva i baklomma, tek du sikte på å rulle ned trappa, og prøver å lokalisere dusjen. Berre for å oppdage at vatnet overhovud ikkje er vått. Det var som om det trengde seg inn i håret mitt og fordampa før det nådde hårrøtene. Badet er sjølvsagt kaldt og guffent, Maggie parkerar rompa si utanfor baderomsdøra og nektar å flytte seg, i håp om at det skal føre til at eg tek ho med meg, og eg spring kring i huset og leitar etter busspengar og strømpebukse med eit knekkebrød i kvar hand. Det toppar seg litt når eg skal prøve å tilbakebringe litt fuktigheit til trynet mitt, berre for å oppdage at hudkremen berre RAMLAR AV! Då er du jaggu tørr i fjeset, får’n sei.

Bussen kjem ikkje. Vèret er heldigvis ikkje så ille, men det er like fult kjipt å stå ein halv time og vente på neste buss, når ein har stressa ræva av seg tidlegare på dagen for å nå den bussen som aldri kom. Eg møter forelesaren i døra, og innser at eg ikkje var så seint ute som frykta når eg omsider kjem med tunga til slips inn i skulebygget.
To overlappande forelesningar. I forelesning nummer to, er eg berre delvis til stades. Snart eksamen. Eg klarar ikkje ta det heilt innover meg. Ingen av lærarane har prata om noko anna enn kjende verk som me skal vite. Basicly; that’s it. Eg klarar ikkje å bli nervøs ein gong, og då klarar eg ikkje fokusere på å vere flittig student. D’oh.

Så springe til bussen heim, det byrjar å regne når eg går av bussen, og resten av ettermiddagen sit eg og ser på Stripped med Eddie Izzard, etterfølgd av resten av Sweeney Tood – The Demon Barber on Fleet Street som eg aldri rakk å sjå ferdig sist eg byrja på den. Hjortebiff til middag; så rå at den framleis bura, og no sit eg her igjen. Ein bør ikkje utfordre skjebna på slike dagar. 

 I tillegg kan eg då opplyse om at eg no, og sannsynlegvis for alltid, vil vere online 24/7. Den har nemleg ankome huset.

Samsung GT-S5690 heiter den. Og eg er framleis heilag overbevist om at denne tingen kjem frå ei mørkare underverd. I motsetjing til den gamle og slitne Sony Ericsson’en eg no har gravlagd i Skuffa med dei Tusen Mobiltelefonar, Adaptere og andre Tekniske Duppedittar som ikkje lengjer er blant oss (heretter referert til som SMDTMAOATDSILEBS) som kunne ta imot samtalar, ringje opp folk, skrive meldingar og ta pixlete bilete + spele eit høgst irriterande bobblespel som eg blei hekta på, så inneheld denne saken ein heil del go’saker. Blant anna tek den relativt bra bilete, eg kan laste ned ting på den. spele WordFeud (og minst 5-6 andre spel som eg lasta ned i ettermiddag), surfe på nettet (og faktisk SJÅ kva som kjem opp på sidene!) etcetera-hei-fallera. Men eg er framleis skeptisk. Og heilt sikker på at den er OND!! Den får meg til å sitje og gjere heilt andre ting enn det eg burde, akkurat som data’n min, berre mykje verre. For denne kan eg sitje og leike med KVAR SOM HELST!! Og eg har allereie gjennomført den fyrste eksorsimen på vegne av den, sidan skjermen brått berre gjekk i svart i stad og ingenting ville fungere. *grynt*

Denne veka skulle eg etter planen starte og vere så fantastisk effektiv, men me ser kor langt det har nådd. I morgon skal Roger feirast, og ein av dagane MÅ eg og gubben på IKEA. Eg skal handle bokhylle, badevekt og kontorstol. Pluss at eg burde vore og henta ut p-plasteret mitt etterkvart. *sukk* Loftet må bli rydda snart, men sidan eg ikkje har ei einaste hylle å plassere rotet mitt i, så blir det berre flytta frå ein plass til ein annan. 
Og eg skulle vore hjå frisøren. 

Om ein klarar å ignorere mangelen på sminke og klesdrakta (Freddy Kreuger-gensaren min <3 Kjøpt på herreavdelinga på H&M for x antal år sidan, og snart sliten i fillebitar!) så legg ein kanskje merke til at hårfargen min tek til å bli alt anna enn frisk og fin. Det ser hovudsakeleg lilla ut, men i så mange nyansar at det er flaut. Tuppane er kvite. Eller grøn-kvite. Eller grå-rosa-grøne. Det blir ein omgong til med lillafarge, og så klipper eg meg kort-kort-kort, og fargar det svart og kvitt. Trur det kan bli litt heftig! ^^ 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg