Gastric by lap

Enkelte dagar er berre kjipe. Sånn som dagar rett før skulen startar igjen etter ein lenger ferie. For all del; eg gler meg faktisk til å starte igjen, for denne påska har verkeleg berre vore lang og daff!! Men eg ser ikkje fram til kvardagen som ventar. Den 5. juni skal eg leggjast på eit operasjonsbord, og om alt går etter planen skal eg sove litt og vakne opp med berre 10-20% igjen av magesekken min intakt. Huffameg. Som om eg ikkje blir stressa nok av at eg snart skal ha eksamen?! Neidå, la oss for all del slengje på ein operasjon der dei skal skjære meg opp, dra ut delar av innvollane mine, stifte meg saman med ei stiftemaskin, setje ein føkkings tappekran på pulsåra mi, og hive meg ut av senga omtrent samstundes som eg opnar augo. Og la oss for all del hugse på at det er ein sjanse for at guffen magesyre kan lekke ut mellom stiftene, og føre til at eg må bli liggjande på sjukehuset i x antal dagar. Veker. Månadar. Gudane veit, men i enkelte tilfeller var det ganske ekstreme lengdar på liggjetida. *grøss*

Det kallast gastric by lap. Og kvar gong det blir eit samtaletema, får eg sett opptil fleire auge hardt i meg, og det same spørsmålet kjem: -Har du tenkt over dette? Korleis vågar du?
Uhm, nei. Eg googla det berre heilt tilfeldig og tenkte eg kunne like gjerne prøve? Sånn for å ha noko å gjere på i sumarferien?
Så klart eg har tenkt igjennom det! Men etter å ha gått i årevis og ikkje få kontroll over diabetes 2’en min, så innser eg at eg må gjere noko. At eg i tillegg kan miste nokre kilo er ein fantastisk bonus, men for min del er det viktigaste at eg 1) kan få hjelp til å få kontroll over blodsukkeret mitt, som lever heilt og haldent sitt eige liv, og 2) kanskje få vekk nokre av PCO-symptoma mine. Og på toppen av det, hadde det vore fantastisk å ikkje ha dobbelhake! ^^ Den vil uansett forsvinne ganske kjapt, for bortsett frå kinna mine og puppane mine, er det den plassen det visar med ein gong eg går ned i vekt!


Dette er då det dei har tenkt å gjennomfør. I MIN mage.

 Men det er framleis to harde månadar framfor meg. Det vil sei; det er ikkje to heile månadar lengjer, men 57 dagar. Og på dei dagane skal eg gå ned 8-10 kilo, og naturlegvis dermed kutte ut sjokolade og alt anna med masse sukker og karbohydratar generelt i. Og eg skal kutte ut pepsi max, noko som eg ser på som den tøffaste oppgåva av dei alle. 

Eg skal leve på knekkebrød og grønnsaker. Og midt inni der skal eg ha eksamen. SJAKKTREKK LOKKRIS!! xD Men alt går. På eit vis. Håpar eg. 

Eg tenkte uansett at eg skulle blogge litt om det. Rett og slett fordi eg veit om mange som har teke operasjonen, men eg føler likevel at eg ikkje klarar å få nok informasjon om det eg skal gjennom. Spesielt ikkje det som skjer på forhånd, og eg har oppdaga litt undervegs til no. Imagen the shocks to come! xD Skal prøve å få teke nokre litt smakfulle bilete undervegs òg; dei fleste eg ser bloggar om det, ser jo så sinna og farlege ut når dei poserar med “før”-bileta sine?! :O Eg finst jo ikkje sinna, eg! Om eg blir aldri så moody utan sjokolade og pepsi max! Eller, okay, det er løgn. Eg er faktisk ganske så gretten her eg sit allereie og drøymer om sjokolade. Men eg er glad i meg sjølv akkurat som eg er, vel og merke! Stor? Ja. Ein mage som er lengjer framme enn puppane? Check. Dobbelhake og bollekinn? Double check. Og la oss ikkje gløyme lovehandles og bingokjerring-armane. Skipper’n hadde grine seg i søvn om han hadde sett dei! xD Haha!
Men eg må gjere dette for meg sjølv, tross i at eg meir enn noko anna ville gått som ei fane for store, stolte kvinner verda over. Kanskje starta eit jenteband for oss som er litt misfits i samfunnet, og tatt artistnamnet SumoSpice.

Frustrasjon til sides; eg håpar berre eg ikkje forandrar meg til tross for at eg lar meg operere. Eg gjer det ikkje for å bli slank og sexy, men for å prøve å tvihalde litt på det eg har igjen av god helse. Det står allereie ganske dårleg til der.
Og avsluttningsvis, tenkte eg å blåse ut bittelitt frustrasjon over korleis ting står til på innsida mi av skallen idag:  

 

Ting eg VIL gjere

– Reise på BurgerKing og bestille ein DIGER burgar med bacon!!
……men det er fy-fy sidan eg lissom skal prøve å ete masse-masse sunt og gå ned fleire kilo på to månadar. 
– Hive ut ALT i huset og re-interiørifisere heile kåken!!
…..men sånt noko ikkje lommeboka mi fleksibel nok til.
– Kjøpe meg eit hus med meir enn eit soverom og plass til hobbyrom, med eit kjøken som ikkje er så lite at ein må ut for å skifte meining, og der eg kan pælme heile duste-dusjen med idiotisk blandebatteri til ….tja, veldig langt vekk i alle fall!!
…..men det var den økonomien  då.
– Gå loco på by’n!!
…..men edru? Don’t think so. Blir ikkje heilt same…uhm, locomotivet av det!
– Drite i alt, og spele data resten av kvelden!!
….kvifor utsetje det uungåelege?
 

Ting eg BURDE gjere

– Lage meg ein kjernesunn middag, med masse masse grønsaker!!
…..men det er jo ein kjennsak at sunn mat sjeldan er like freistande som nomnom-fy-mat! 
–  Rydde på loftet og leggje på plass alle kleda som sleng overalt her!!
…..men skuffene er så fulle at dei går ikkje igjen her oppe! Min teori er at det ser ut som eg berre er ei bissi husmor når det står korger med klede overalt, mot at skuffene står halvopne og i spenn, og ser ut som ladde våpen. Ikkje noko interiørmessig sjakktrekk i alle fall.
– Kome meg ut av pysjbuksa og den ti nummer for store armytoppen min!!
…..men då må eg hive meg i dusjen, og den brukar eg som klesstativ, og dessutan står vaskemaskina på, så vatnet blir så kaldt! (ja, eg er ein meister i å finne orsakar!) 
– Lese til eksamenane mine!!
…..men eg trur motivasjonen min forsvann ned i sluket saman med restane av dei gule påskerosene eg fekk av gubbelusken. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg