Opp som ein hjort – Ned som ei 90 år gamal dame med knekt lårhals

Men norsk helsevesen er visstnok i verdstoppen (enn så lengje! Eg mistenkjer at Erna har andre planar på sikt….) Så den gamle dama blei gipsa i hop, og send heim til underbemanna aldersheim for å nyte utvatna lapskaus. Det var berre vatn. Sundkokt vatn!

Soundtrack: The Rasmus – Supernova

La oss innsjå det; sumaren er komen. Eg merkar det i alle fall, i og med at myggen har funne vegen til dessertbufèen. På rappen kan eg telje fem myggstikk som har dukka opp i løpet av siste 24 timane. Eit av dei er til og med midt oppå planeten. Heldigvis har eg ikkje fått nokon av dei intense kløene (bank i bordet!!) som vanlegvis sender meg på randen til vannvidd. Revolusjonerande nok har kroppen min funne på ei ny greie; no skal alle myggstikk etterlate seg blåmerker! Vel, den var ny. Og i kjølvatnet av tapasfesten dei held på min venstre rompeball i natt, er eg særs spent på korleis den blir sjåande ut når eg om nokre veker skal sprade lettkledd rundt borti California!

Ting har vore temmeleg bra etter sist innlegg, som var noko post-angst-relatert. Eg er tilbake, og I’m on fire!! Det skjer så masse for tida at eg slit med å finne opningar i kalendaren min! Trur omtrent eg er fullbooka fram til eg reiser til L.A. og Palm Springs i midten av juni!

Men la oss fyrst starte sånn rundt angst-helga mi. Gabbi og Harelabb hadde som vanleg ein heidundranes fest i casa’n sin på 17. mai. Rømmegraut og kaker, etterfølgd av piker, vin og song, sånn standaren er. Eg kom heim med ei hofte ute av ledd (trur eg? Den poppa då på plass igjen etter to dagar!) og gjekk som ei gamal dame med lårbeinsbrot. Eg hadde x antal kutt på beina, og kunne ikkje i min villaste fantasi forestille meg korleis DET skjedde, for eg sat jo stort sett fint på ein benk og preika piss heile kvelden? Trur eg? Kan nokon informere meg om eventuelle merkelege sprell undervegs her?
Haha, eg ELSKAR at eg har ein sånn gal gjeng å leike med! ^^ Og Gabbi seier ho er særs nøygd med denne dama her, som ho bestilte via nettet for omtrent to år sidan. Ho etterlyste ei nerdete dame, som kunne danse inn med ei vinflaske i neven og ein attetude som matcha utsjånaden. Sånn basicly. Det fekk ho tydelegvis! Og takka vere at eg snubla halv-dritings inn i livet deira, fekk eg verdas nydelegaste mann inn i mitt.

Så blei eg raudtopp igjen, rett og slett fordi det eksisterar ikkje ein sveis eg klarar å leve med i det uendelege. Jiiz, eg føler meg rett og slett usynleg med kommunegrått og halvlangt hår?! Vòila, dis be me now! Så ser me kor lengje det varar. Men eg SKAL ha langt hår når eg giftar meg!!

 

Raudtopp FTW!

Eg kryssa i tillegg ei barriere eg har slite lengje med på fredag: Eg fekk meg tatovering!!

Litt tøff i trynet før me set i gong!!

Både eg og Dùnedain dekorerte oss med kvar vår ulvetatovering, som ved sidan av kvarandre utgjer yin/yang. Min er ei svart alfatispe med make stjerne som Elessär hadde i panna som kvelp, og hans er litt underdanig og leiken, vanskeleg å halde styr på, i kvitt. Det symboliserar oss så fantastisk perfekt! Dùnedain er kanskje ikkje direkte underdanig, ikkje misforstå! Men han kan vere noko «orsak at eg er til» sånn innimellom! Han er det vakraste mennesket på jord, men han klarar ikkje alltid å sjå det sjølv. Iiiih, eg elskar den mannen så utruleg masse-masse!! Han er perfekt!! * gå over i kliss-søt modus *

 

Men til dei som lurte, så er det vondt å få tattis. Gunvor kan ryke og reise med sine påstandar om at det berre «kitlar» litt og er skikkeleg «deeeeeilig». Meg i rompa. Det stakk og brann og var ømt i dagar etterpå! Eg har talt. (men eg angrar overhovud ikkje; eg klarar ikkje slutte å sjå på den!!)

Så timeplanen vidare: Eg skal til Los Angeles. Filmen vår Ella kom inn på kortfilmfestivalen i Palm Springs, og eg får reise dit! Premieren vår var heilt fantastisk; eg fekk blomar og raudvin, og go’orda hagla!

 

 

 

<3

Eg er så stolt av Tommy som står bak manus og regi, og som er bakmannen og skal ha all cred for ein heilt fantastisk og rørande film. Eg skal reklamere meir for filmen seinare, men no er det fyrst og fremst Amerika som står for turen.

La oss halde fram: Eg skal ut med fine Caro i helga, som eg ikkje har sett på år og daaaag! Så er det rollespel-kveld med D’n’D, sumarfest hjå Gabbi, roadtrip med Wenche, Foo Fighters-konsert med Ida, og forhåpentlegvis kan eg og kadlen min byrje å planleggje ein ferietur no som veslevoffen tek til å bli tørr bak øyro.

Og fram mot dei kaotiske kvardagen eg ventar på at skal starte (eg har fyrst to rolege dagar!), skal eg berre chille og vere babysjuk her i mi eiga vesle premenstruelle verd. Heldigvis går det i firbeinte pelsdottar når eg blir babysjuk, så eg drøymer om beibiboff eller pusebeibi, eg. Eller marsvin og kanin. Dvergponny. Kva som helst med pels og poter <3
(ikkje fortel Dùnedain; han er altfor lett å påverke, så brått planlegg han nye tilskot til dyrehagen. Utruleg nok er det EG som må setje foten ned i dette forholdet! OMFG, yet another reason for loving him….!)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg