Løpetid og husvask og fandens oldemor!!

Eg er så sliten. Sååå sliten. Men huset er nedvaska, og eg byrjar å sjå ein ende på galskapen. La oss då berre slengje inn ein hannhund og ei tispe med løpetid, berre for å gjere ting litt ekstra spennande. 

Soundtrack: Wheeler Dealers

Slik ståa er no, må Elessär og Pixie vere adskilde. Både for vår og deira skuld; Elessär nektar å gje syster si fred, for gjett kva? Akkurat i det han kom i puberteten, køyrde ho i gong med løpetid. Stakkars guten fattar og begrip ikkje kvifor han brått oppfører seg rart, og kvifor Pixie er så spennande. Han grin og stressar, og Pixie er grumpy som fy. Khavi og fuglane nyt at ingen bryr seg med dei, men bikkjene driv gamlingane sine til vannvidd.

Så, what else is new?
Vel, eg har hatt bursdag! 😀 Det blei, tradisjonen tru, feira med ein aldri så liten weekend-festival. Laurdagen hadde eg vors her i nye-kåken, før me (det vil sei: Sara, Wenche, Sandra, Elin og Linn. Og meg sjølv, åff kårs.) snudde snuten ned mot by’n, der me dansa i timesvis og konsumerte litervis av alkoholhaldige substansar.

Wenche blei grundig nedvaska av Pixie under vorspielet!

 

Party-crewet mitt på 90-talskveld på InSide!!

 

Wenche og meg nyt ein siste strawberry daiquiri på Tonga før me la inn årene

Heilt fantastisk kveld, utan tvil! Den enda på Tonga Bar, der eg og Wenche tømde i oss kvar sin strawberry daiquiri, som ga oss au i magen, og fekk oss til å ta til fornuft og kome oss heimover. Eg presterte i same rennet å øydeleggje ein fyr for livet. I køen kom det 4-5 dritungar som snakka høgt og heftig om sine kvinnelege erobringar, med det resultatet at underteikna snudde seg og tok eit godt grep om utstyret hans, medan ho proklamerte: -Er det ALT du har å skryte av?!
Nuvel. He had it comming.

Dagen etter var det roleg kakefest, der Dùnedain diska opp med sjokoladekake, marsipankake, bollar og is! <3 Svigers kom innom, samt lillebror med familie. Heilt fantastisk koseleg! ^^
Og så fekk eg litt økonomiske bidrag til shoppoholicaren i meg, så i dag var eg på Lagunen for å utforske utvalet. Gina Tricot-buksa som eg har sikla på ei eve (slengbukse i kamuflasjemønster!!!) var sett ned frå 299,- til 125,-, så brått hadde eg peng til overs, og kunne innvistere i ein herleg tunika i tillegg!! Så fekk eg nye sølvøyredobbar på Glitter, handla litt mat og fekk med meg nokre potteplanter heim. Stort betre kan det vel ikkje bli!
Eg kan òg informere verda om at eg tydelegvis har vore ein tur innom ei tidsmaskin på vegen, for ikkje berre var det slengbukser i ørten variantar i butikkane, men dei sel Buffalo-sko på DNA no! Til den nette sum av 1700 kroner, eller noko deromkring. Ikkje heilt innanfor med mi lommebok, men eg skal ikkje nekte for at nostalgien trengde seg på….Ikkje nok med det, men det var ikkje grenser for kor mange butikkar som spelte 90-talsmusikk?! Eg skal ikkje vere vanskeleg; eg føler meg særs heime i den epoken, eg!

Og så good newz: Kåken på Askøy er historie. Eg har vaska og skurt og gnukka og gnidd, og no ser huset overkomeleg ut. Det er mykje som må gjerast for at nokon skal kunne bu der igjen; loftet var rett og slett i kritisk tilstand no som me ikkje har budd der og lufta eller hatt varme på!!

Venstre sida: Skurt ned. Høgre sida: Generell før-tilstand.

Det var ille, for å sei det mildt. Det trengst minst 3 nye ventilar i huset, ei skikkeleg vifte på badet, oppvarmingsmoglegheitar som ikkje baserar seg på elektriske ovnar, ein GOD del måling og utskifting av heile lofttaket. Eg er veldig glad EG ikkje må ta meg av den oppgraderinga….!!
Men nøkkelen leverar eg i morgon, og så er nok eit kapittel tilbakelagd. Og sjølv om det er noko vedmodig, etter 11 år i den stova, så skal det bli godt å basere seg på å bu varmt og tørt, og med plass til eit spisebord i stova! 😀

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg