God jol!

Då var alle lukene i Peppa Pig-kalendaren opna, alle pakkane i pakkekalendaren plukka ned, Askepott har fått prinsen sin og alle nelikkspikrane til Skomaker Andersen er pitla ut. Og snart rallar Sølvgutane jolekvelden i gong.

Soundtrack: Pippi som bakar peparkaker på NRK1

Det har blitt lite tid til å blogge den siste tida. Huset skulle etter planen huset vere stroke og alt på stell. Men soverommet og rommet til tvillingane står framleis like uvaska, og den heilt store pyntinga uteblei i år av praktiske orsakar. Dei to minstejentene har allereie gjort fleire forsøk på å demontere blomeoppsatsen eg fekk av mor mi, og eg vågar ikkje ein gong tenkje på kva dei hadde gjort dersom dei fekk tilgong til min himmelske herskare av englar!

Men så langt har eg og Dùnedain fått skryt for all jolenomen me har delt ut til liten og stor, til og med sukkerplæskane som eg sjølv var så lite nøygd med! Bror min var stor fan av den heimelaga marsipanen, og foreldra mine foret seg ganske kjapt på både honningkaramellar og kakemenn.

Til sjuande og sist er eg nøygd. Snøen kom i grevens tid, og sjølv om det ikkje er dei heilt store mengdane å skryte av, så tek eg det eg får!
I den siste kalendarpakken hadde Dùnedain kjøpt Flax-lodd og såpebobler til meg! Spoiler-alert: Eg vann ingenting.
Og dei dagane som gjekk utan at eg rakk å skrive, fekk eg Twix og Mars-sjokolade eine dagen, og ei negle-buffer-fil den andre.
Eg skulle etter planen bli med og pynte joletreet med kidsa til bror min, men som Synnis så oppgitt proklamerte: -Vi har pyntet det allerede, for du var altfor sein!
Men eg fekk lov å hjelpe dei ivrige små hendene å leggje gåvene under treet, så det var no eit plaster på såret.
Det blei fotodokumentert om ikkje anna, og treet blei veldig fint både med og utan pakkar under! Det er litt tungt å ikkje få feire kvar einaste jolafta med dei to små englane mine, for det er noko veldig unikt med det å ha born kring seg på jolekvelden. Desember er den einaste månaden i året eg merkar at det hadde vore kjekt med nokre smårollingar i livet mitt, som kunne vore med å bake og leggje pakkar under treet og som kunne springe rundt fulle i sukker og vere i ekstase over at jolekvelden nærmar seg.


Eg fekk ein rask liten handlerunde i Åsane med ungane, og bror min måtte minne dei på at dersom dei ikkje drog litt i meg, så kom eg til å stoppe opp utanfor ein kvar butikk me passerte. Det gjekk troll i ord, for eg fann meg drage som hadde lyst å vere med heim….Ungane forsto det godt, for den var skikkeleg flott, og tålte opp til 300 kg! Tenk å ha ein DRAGE i stova si som ein kan ri på?! Det står definitivt på ynskjelista mi til eg har rund dag til våren!!

Jolekort har det vore noko slunkent av i år, av ein eller annan grunn. Det virkar so om Posten berre ga opp på slutten og bestemde seg for at folk får heller reise avgarde og hente breva sine sjølv. Eine gåva som Dùnedain hadde bestilt kom ikkje ramlande ned i postkassen før i dag!
Men det kan virke som om det er fleire på veg, så eg smør meg med tålmod og gler meg til å opne både pakkar og kort i romjola.
Jola er likevel redda, for eg fekk det årlege kortet frå Hobben og familien.

Det blir rett og slett ikkje jol utan. I år hadde dei satsa på eit småkriminelt tema, og eg lo så tårene trilla. I tillegg hadde Hobben spora opp ein vaskeekte sognanisse som han hadde dekorert baksida av kortet med. Eg bøyer meg djupt i støvet; Hobben & co. skuffar aldri! <3
(kortet har eg ikkje copyright på, så eg tek ikkje sjansen på at fyren saksøkjer meg over at eg har publisert det på bloggen. Han er tross alt advokat!!)

Avsluttningsvis så lova eg tidlegare i adventstida at eg skulle vise kor flott stova mi blei til slutt, trass i at det såg noko kritisk ut ei stund her. Eg seier meg nøygd. Det blei visst jol i år med!

HA EI FANTASTISK JOLETID, LITEN OG STOR! 
Måtte nissen ha sekken full i harde pakkar, og alle få kvar sin mandel i grauten eller riskremen! 
Ta vare på kvarandre, alle som ein! 




Dei beste joleynskjer frå Lokkri & Dùnedain, Pixie, Thrall, Wynnie, Elëssar & Khavi

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg