Life hack med pus i hus!

Då kapitulerte Dùnedain, medan eg held fram å kjempe meg gjennom ei eim av diverse vaskemiddel, og greidde omsider å leggje siste hand på verken ute på kjøkenet. Men ferdig? Hell no! Her gir me oss ikkje før grønsåpa siv ut av porane!!

Soundtrack: Marilyn Monroe – Santa Baby

Eg skjønar ikkje kvifor det kvart bidige år blir same visa: Eg startar så bra med vasking og shopping og jolekort og baking, men så er det brått berre dagar att til jolafta, og eg sit og lurer på kva svarten som eigentleg skjedde undervegs!
Det føles som om eg har stått på hovudet i vaskebøtta dag ut og dag inn, og etter alle forutsetningar skulle alt vore shina innan 13. desember. Men nei. Her står framleis stova på halv åtte, eg har ikkje sortert alle kleda i mitt kombi walk-in closet/bod/katteklatrerom eller i klesskapet sånn planen var, og badet har eg ikkje ein gong byrja å tenkje på!!
Heldigvis har dyrehagen gått til ro saman med kadlen, så då var det i det minste råd å få vaska over golvet utan at små og store poter og pailabbar tassa på kryss og tvers gjennom romma.

Dei prøver vel å merke å hjelpe etter beste evne. Tvillingane har teke på seg å stelle potteplanter og vaske vindauge, Elessär driv nøye kjeldesortering med hovudet djupt plassert i bossekkane mine, og Pixie….Vel, ho ligg stort sett i senga og furtar fordi ho ikkje likar slike store vaskeprosjekt. Khavi tek seg av strykinga.
Eg har etterkvart innsett pusebeibisar og stryking er ein risikosport. Men i og med at dei er så ivrige etter å bidra med huslege sysler, så har eg kome opp med eit genialt konsept som eg vurderar å ta patent på: Pusepressa!

Du treng:
1 stk stykebrett
Fuktige dukar/kjøkenhandklede (fungerar dessverre særs dårleg med skjorter og denslags)
1 lat pus

Plasser kleda du ynskjer å få glatte og fine i ein liten stabel på strykebrettet.
Legg eit (reint!!) teppe eller badelaken (dynetrekk kan òg fungere!) over dei lett fuktige kleda.
Plasser ynskt katt på toppen.


Opprinneleg var det berre ei midlertidig løysning for at pusane ikkje skulle labbe rundt oppå dei reine dukane mine før eg rakk å få stryke dei, men då eg løfta på teppet og skulle ta fatt på arbeidet, var dei så strokne (pun intended!!) etter at kattane hadde lagt og rulla på dei at det var ikkje naudsynt med noko strykerier! Mektig imponert over dei magiske dyra mine. Det spara meg i alle fall for litt arbeid i jolestria!

Men som han godaste Jens Petrus Andersen ville sagt det: -Nå er det fem dager igjen til jul!
Og det byrjar å minke på pakkane i kalendaren vår. Og sjokoladane i Peppa Pig-kalendaren. I dag hadde Dùnedain lagt ein godtepose med masse supersunne e-stoff i kalendarlomma mi! <3 Kjem godt med på ein laurdagskveld når eg eigentleg tek til å bli noko metta på marsipan og sjokolade, og ikkje minst prøvesmaking på jolekakene….

Midt oppi dette må eg ein tur tilbake til BaleBy i gravferd til ei i slekta som gjekk bort ganske brått. Eg byrjar å merke at det hadde vore fint å ha eit anna ærend heim enn gravferder; det er ikkje lengje sidan sist eg var der av same grunn…
Dessverre er livet sånn, og i min familie virkar det som om folk har blinka seg ut desember (eller i alle fall sånn kring joletider) til å ta på seg tredressen. Det er litt vemodig, i og med at slekta mi ikkje akkurat er den største i utgongspunktet. <3
Og eg skal sitje på med bror min som vil reise avgarde før fuglane fis, noko som vanlegvis ikkje er eit problem her hjå meg. Bortsett frå visst eg SKAL tidleg opp! Då går eg bokstaveleg talt både i dvale og koma, og hadde glatt sove igjennom det om så ein jumbojet bestemde seg for å parkere på soverommet mitt! Med fullt oompa-band og Svanesjøen framførd av ein flokk elefantar. Så til sjuande og sist er det kanskje ikkje så lurt av meg å sitje oppe heile natta og taste i veg slik at døgnet mitt atter ein gong blir snudd heilt på hovudet. Pixie er einig, for no kom ho tassande inn for å hente meg til sengs. Så då får eg gjere som eg får beskjed om, til ein forandring.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg