På rett stad, til rett tid

Dette er eit noko personleg innlegg, men eg tykkjer det er verd å dele det likevel. Det har gitt meg håp og ein tanke om at ein kjem dit ein skal vere, når ein skal vere der. Uansett kor tungt livet til tider måtte vere.

Soundtrack: Rammstein – Mutter

Eg var ganske ung då eg byrja å slite med vonde tankar. Eg hugsar dei fyrste minnene mine som dreia seg kring kor dum og vanskeleg verda var, og tankane mine byrja etterkvart å dreie seg om døden.
Då eg var 9 år mista eg både katten min Mokki og marsvinet Marve. For folk flest er det vanskeleg å forstå kor mykje dyra i livet mitt betyr for meg, og eg har ofte blitt avfeia med at “det var jo berre ein hund/katt/marsvin/osb.” Ikkje for meg. For meg har det å miste eit av dyra i livet mitt vore like vondt som å miste andre familiemedlem. Men sånn er eg samanskrudd, og eg forventar ikkje at andre skal forstå det.

Det å miste desse to bestevenane mine ga meg i alle fall mi fyrste forståing av døden. Det at nokon du elskar skal på eit tidspunkt forsvinne, og at tida tikkar mot at dei fleste som er nær og kjær på eit tidspunkt svinn hen. Ein skulle bli vaksen. Og eg frykta tida som vaksen meir enn sjølve døden. Eg forsto at det ikkje var ei så enkel tid. Ein mista evnen til å leike, og i staden skulle ein ta ansvar for alt i sitt eige liv, få jobb og vere flink til det ein dreiv med. Du skulle få ungar, og kanskje mista ein evna til å drøyme og sjå huldra i skogen og dragar i skyene? Når kosebamsar og dokker ikkje lengjer var gode samtalepartnarar dei dagane verda var teit. Og brått var ein heilt aleine i ei verd der alle andre var like einsame.
Eg ville ikkje bli sånn. Eg ville ikkje at den dumme klokka skulle tikke nedover mot alt dette skumle og fæle som ein måtte igjennom. Pubertet. Ungdomsskule og så vidaregåande. Og så skulle ein studere og føde ungar, og uroe seg for pengar. Flytte frå heimbygda mi som eg elska.
Alle desse tankane skremde meg så intenst at eg ofte vurderte om eg ikkje berre skulle gjere slutt på alt sjølv og sleppe unna. Eg var 9 år og vurderte sjølvmord.

Men eg hadde ein ting som kunne få meg ut av desse mørke tankane. Inne i mi eiga vetle fantasiverd hadde eg ein plass eg rømde til.
Ein stad inne i ein skog, med grøne tre og ei eng som bølgja av gule smørblomar. Det låg eit vatn der, og hjortane beita under ein solfylt himmel der det aldri var skyer. Og på ein liten haug i det fjerne låg ei lita stove. Eg visste ikkje kva som var i stova, men i mine draumar var det ein god plass. Ein trygg plass, som låg der i det fjerne og lokka på meg.
Eg kunne leggje meg i den gyngande gule sjøen min og sjå på dyra kring meg. Det var fredfullt. Berre fuglesong og vinden som suste over meg.
Og for ei stund forsvann alle dei fæle tankane. Ei stakka stund var eg fylt av ei enorm ro som ingen kunne ta frå meg. Det var ingen krav der. Ingenting av alt det skumle som fylte alt anna i verda. Og det var aldri lengjer vekke enn at eg kunne late att augo og la meg sjølv forsvinne i alt det gode som var i skogen min.
Det var så livaktig til tider at eg kunne lukte trea. Piggsvina som kravla rundt i ly av eit gulv hav og ekorna som hoppa frå grein til grein kring meg. Høyre det skvulpe i tjernet mitt. For ei stund var alt perfekt og akkurat slik det skulle vere.

Åra gjekk. Eg blei vaksen. Eg snubla mange gongar på vegen, og periodane med vonde tankar trengde seg gjerne på nokre gongar opp igjennom åra. Men skogen min blei i bakhovudet. Som ein stad ein kunne trekkje seg tilbake om ein mediterte.
Det å vere vaksen fekk eg aldri heilt til, men eg klarte meg. Og eg møtte Dùnedain, som på mange måtar var alt eg hadde drøymd om i ein partnar, og meir til. Saman flytta me opp i det vesle huset der me no bur, og fylte det med firbeinte pelsungar.

Den fyrste sumaren kom. Eg sat på trappa medan hundane var i hagen og vimsa slik hundar gjerne gjer.
Blikket mitt søkte nedover bakkane. Til ei eng av blømande smørblomar som skilde meg og huset frå eit vatn der bittesmå bølgjer skvulpa lett i sumarvinden.  Det var ikkje uvanleg at eg såg hjortane beite der nede, sumar som vinter. Sola skein oppe på himmelen, og bada eit vidunderleg bilete i glansen sin.
Eg sat på trappa. Utanfor ei lita stove oppå ein haug. Ei stove fylt av uendeleg mykje kjærleik frå små snutar og ein mann eg ikkje ville vore forutan. Ei stove som var min heim.
-Eg klarte det, tenkte eg. -Akkurat her er det meininga at eg skal vere. Eg er heime.

Bilete er lånt frå Scottish Wildlife Trust (og ja, eg veit det ikkje er ein norsk hjort, men (sannsynlegvis) eit skotsk rådyr!!)
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg