Nei, eg kan vel ikkje sei gårsdagen var sånn vidare kjempelat då. Eg og Kriss kjøpte oss 5-dagarsbillett til tog, buss og trikk, og står dermed fritt til å cruise kring i byen. Genialt konsept. ^^ Så i går reiste me til kjøpesenteret SPICE, som visstnok er det største handlesenteret i Baltikum. Eg var ikkje sånn kjempeimponert. Me keik litt, men handla ikkje noko spesielt. Det vil sei, eg kjøpte meg Monster High-dokka Catrine de Mew, billegare enn i Noreg, ein nøkkelring som likna på Khavi med bambiblikk og ein ring-haldar utforma som ein divan.
Senteret var i to bygg; eit “motehus” og eit til meir huslege artiklar. Eg oppdaga til mi store overrasking at dokka eg hadde kjøpt meg, presterte å utløyse kvar einaste alarm i kvar einaste butikk me gjekk inn. Og då me kom til Elkor-avdelinga der dei selde eletriske produkt og leiketøy, blei eg innhenta av ein streng, eldre vakt som trudde eg hadde naska med meg noko!
-You buy this?
Eg nikka.
-At the shop on the other side of the parkinglot, sa eg. Han endevende pakken min, og ga meg nokre morske blikk. Eg rota gjennom ein million kvitteringar, og fann til slutt den rette. Han keik på den, så på meg, og så opna han eska til dokka mi og fjerna ein skjult alarm. Og eg kunne puste letta ut. Eg HATAR tanken på å havne i trøbbel i eit land der eg ikkje kan språket!!
Då me var på det medisinske museumet, sat det ei gamal dame i kvar sal og passa på, og ei anna eldre dame sat i kassen. Og dei kunne NADA engelsk! Eit og anna tysk ord på sitt beste. Såh, eg måtte friske opp mine tyskspråkelege kunnskapar, til min store frustrasjon! xD

Men tilbake til SPICE. På andre sida av gata der, var det ein kyrkjegard!! Eg drog med meg stakkars Kriss inn dit, og fòr mellom gravene som ein unge i ein fornøyelsespark. Eg ELSKAR kyrkjegardar og gamle gravplassar! Og eg er heilt facinert over kor vakkert det var der! Folk stelte verkeleg gravene; det var laga til meir som bittesmå hagar kring kvar grav, og heile gravplassen låg meir som inni ein skog! Det var berre så nydeleg og idyllisk, at eg var på nippet til å kjøpe meg ein tomt! xD
Kriss innrømma han tykte det var fint der han med, men hans entusiasme for slike plassar er vel mildt sagt langt ifrå like intens som min! xD

Så bussa me tilbake. Rusla litt i hood’n, og så freista eg å dra med meg Kriss på ein tur i parken etter mørkrets frambrot. Heller lite entusiasme å spore hjå karen då òg; han frykta det var narkisar bak kvart tre! Fælt så skeptisk ein blir til slike plassar når en har røt ifrå Bergens-området?? Haha! Syns det er minimalt med narkisar her, eg! Og gamle damer rusla då fredfult gjennom parkanlegget, trass i at det var natt? Men pyttsann. Eg fekk teke nokre fine bilete, og skal gå amokk med kamera i nokre dagar til før eg gir meg.

I dag har me vore heller sløve. Det vil sei; eg har vore sløv. Eg vakna med så masse au i skalle og mage, at planen vår med å gå i dyrehagen var fullstendig uaktuell. Ikkje orka eg tanken på å gå på Naturhistorisk Museum heller, sjølv om det ligg rett kring hjørnet her. Alt var berre au, og kroppen min ville berre tilbake til senga.
Så me la oss, og sov og sov og sov. Og så vakna me, og la ruta til eit kjøpesenter på andre sida av kanalen, som heitte Olimpia. Dei hadde ikkje så veldig stort utval av ting og tang der, men me var innom Cubus og fekk kjøpt ei ny t-skjorte til Kriss, sidan han nærmar seg punktet der han må gå i nettoen no! xD Eg kjøpte meg eit par nye hipster-truser, ein topp og ein nettingsinglet + eit par nye øyredobbar.
Kriss hadde ikkje akkurat lagt sjela si i å finne ut  korleis det var med bussar heim igjen, så for å sleppe kjeft foreslo han at me skulle gå tilbake. (trur han angra meir på det forslaget enn meg; eg fekk sett meg meir om i gamlebyen, OOOOG tatt nokre fin-fine bilete! ^^) Men det blei ein varm tur, for i dag har det vore skikkeleg lummert her!

Vel, me er tilbake på hotellet, og har shoppa med oss masse snæxx frå Rimi’n her borte. Så no ligg me slengd på senga og momsar i oss alt mogleg rart, og nyt livet i lange drag. Og i morgon SKAL formen min vere fin, for eg vil i dyrehage og helse på dyrenurk!!

Eg har slite ut Kriss idag. Dakar guten har blitt dratt gjennom Riga, på kryss og tvers, fordi eg skulle berre “nett” innom den butikken og den butikken og den butikken. Uffe. Han kræsja til slutt ned på senga og slokna som eit ljos. Hihi!

Vel, dagen idag. Me kravla oss ut av loppekassa klokka 09:00 (eller; EG gjorde!) og hoppa i dusjen. Klar for nye eventyr, berre ete frukost fyrst. Og FOR ein frukost?! Det var brød og frukostblanding og pannekaker og frukt og bacon og egg og te og kaffi og salat og pålegg og….Phew!! Min frukost blei to små loffskiver, ei lita skei eggerøre, ein ring med ananas, tre slicer bacon (HIMMELSK bacon her borte!!) og tre minipannekaker med jordbærsyltetøy. Og ein kopp te + eit glas eplejuice. Kjipt å ha minimage når ein får SLIK mat! Kriss momsa i seg bacon og pannekaker, crossaint, rundstykke og pølser.
Mette og nøygde heiv me oss over neste etappe. Bestille spa til i morgon, og ordne med sightseeing-billettar. Så var det å finne busshaldeplassen og vroom-vroom kring byen.
Ein titt i speiglen på veg ned med heisen i dag tidleg fekk meg til å innsjå at det såg nesten ut som om det var mamma og pappa Bårlåg som var på hurratur her! xD
Herreguuud så mykje eg har lyst å sjå nærmare på?! Medisinsk museum og eit slags naturhistorisk museum står på lista mi i morgon. Har sjukt lyst å vitje det erotiske museumet borti her òg, men Kriss vågar ikkje! xD Haha!
Me stoppa i parken ved Fridomsstatua, eller kva den heiter. Ei dame på toppen av ein stolpe som held tre stjerner opp i lufta, i alle fall. Der åt me litt McDonalds-mat, og Kriss blei ein glad gut. xD Så kika me litt i butikkar og rusla ein tur i parken. Der sat det ei is-selgje-dame og klappa på ei kvit due. I utgongspunktet såg det veldig idyllisk ut, sjølv om Kriss kviskra: -Hon ska’ sikkert drepe den!
Me sette oss på ein benk i nærleiken, og dama med istralla freista å gje dua litt brød og litt vatn.
-No ska’ du sje hon prøvar å drokne den, sa Kriss. Dama la dua frå seg i graset og sat litt på avstand og såg på den. Eg og Kriss skravla no vidare, me. Brått tek dama opp ein pose, og pakkar inn dua, som tydelegvis (forhåpentlegvis?) var daud!
-Hon drepte den! Hon har drept duen, kom det frå Kriss. Eg syns vel og merke det såg meir ut som om den eldre dama hadde freista å hjelpe ei skadd due, men Kriss var ikkje så lett å overbevise. Den dua var blitt utsett for eit attentat, det var det ingen tvil om!

Me rusla heimover, og leika turistar på høgt nivå. Knipsa skikkeleg turistbilete, keik på rare ting og var veldig norske! xD Så kapitulerte Kriss, medan eg skreiv kort til samtlege, og så gjekk me på shopping. Dagens fangst idag:

  • Digg svart hettegensar med bamseøyre <3
  • Shotteglas i ølglas-utforming med “Riga” på
  • Søøøt bitteliten keramikk-panda!
  • Nye raude solbriller i hjarteform, sidan dei gamle eg hadde ramla frå kvarandre </3
  • Skriveblokk; essensielt når ein er på ferie, og eg gløymde sjølvsagt å ta med….
  • Lilla og svart-rutete/stripe-kjole til cirka 20 kroner
  • HALE!!!!! (i svaaart!)
  • Postkort
  • Hårklemmer. Var rimeleg lei av å få håret ned i augo heile tida!!

Men best av ALT: Eg fann meg PEPSI MAX!!  Kjøpte meg ein sandwich òg, men den var sjølvsagt dynka i majones. Yuck! Må det puttast majones og dressing og sånt noko drit på ALL mat ein kjøper ferdig?! *fnyse* Kjøpte det sånn btw på Rimi! xD Det er faen meg ein Rimi og ein Narvesen på kvart gatehjørne her nede! xD

Då me kom dinglande att frå shoppingrunden, bestemde me oss for å ta middag på hotellet til avveksling. Overhovud ingen dum idè! ^^ Det er seriøst den beste biffen med ovnsbakte poteter eg har smakt på LENGJE! Og så kom den med stekte kantarellar, og eg var skikkeleg flink jente og åt dei utan å mokke! ^^ Whohoo! Godt var det til og med! :oD
Kriss tok pizza han. Han eksperimenterar (risikerar?) ikkje noko med ukjend mat! xD

Mett og nøygd og tilbake på rommet. Fann ein eldgamal og delvis gjenngrodd kyrkjegard på buss-sightseeingen idag som eg har sjuuuukt lyst å utforske før me reiser herifrå! Åååh, gøye byen; har lyst å gjere ALT!!

Det er jo litt vedmodig òg; siste dagen og greier. No går jo flyet vårt seeeeint i morgonkveld, så me har heile dagen på oss til å surre rundt og sjå oss om litt meir. Me utvida tida vår med nokre timar her, så me slepp å sjekke ut før klokka 15.00 i morgon. Det er jo litt greit.

Så, idag har me vore i dyrehagen. ENDELEG! :oD Eg var sjølvsagt som ein liten unge, og sprang rundt og dubba alle kreatur eg kom over. Geiter og løver og sebra og kamelar og til og med heilt ordinære ekorn! xD
Kriss syns det var varmt, og blei til slutt rimeleg hyper der han rusla rundt og kom med gode vitsar. Det blei etterkvart kamelonar kamuflert som dromedarar, men som hadde bomma og heller såg ut som kamelar, og sebra som ikkje var lett å sjå, fordi Kriss ikkje “så bra”. Fyren burde vore standup-komikar! xD
Men jau; det -var- varmt. Men eg hadde jo ikkje tid til å leggje merke til det, for eg skulle jo bli bestis med alle skapnader me møtte! Kom godt overeins med påfuglane! Det kom ei eldre dame som dreiv ein suvinir-kiosk bort til meg og ga meg ein neve popcorn (utan salt!!) som eg fekk mate den fyrste me møtte med. Han blei veldig glad i meg, og kjende meg igjen seinare på runden! xD

No driv Kriss å limer solbrillene han fekk låne av meg. Utanfor vindauga vårt pip det igjen. Det er eit eller anna som står og pip som berre faen halve natta!! Ikkje at det har plaga oss så mykje at me ikkje har fått sove, men nok til at me har irritert oss litt over det når me fyrst tenkjer over det! ;op
Og me har berre ete junkfood idag. Eg må innrømme eg gler meg til å kome heim til grønsaks- og kyllingwok!! <3

Om nokon skulle finne ut at dei vil ta turen til Riga, så vil eg anbefale følgjande:

  • Kjøp eit busskort og bruk det til å ta deg kring i by’en. Bur ein midt i by’n er det eigentleg gåavstand til det meste, men ein kan ta trikk, buss og tog så nær som kvar ein vil i by’n og får på den måten sett litt meir. Sightseeing-bussane var ikkje det heilt store, lissom….
  • Opera Hotel & Spa er fantastisk!! Det er absolutt eit hotell eg anbefalar på det varmaste. Det ligg så sentralt som ein kan kome (følte jaffal me!) og maten og servicen er berre heilt super!
  • Ein kan finne fantastiske og billege butikkar om ein reiser litt nord i by’en. Me var ikkje så mykje der, men eg skulle gjerne ha vore det!

No er Kriss pirkete og innpåsliten, så eg får vie han litt merksemd.

Haha, dårleg humor skal ein ha.
Eg sit akkurat no 10.000 meter oppe i lufta og bloggar. Det er jaffal ein ting eg aldri har gjort før! Snuten er snudd mot Australia, med landingar i hytt og pine undervegs. Med laptop, Det er òg ei ny erfaring, sidan eg mest av alt er eit stasjonær-pc-menneske.

Døgna har eg òg gjort. Og no sit eg på fly aleine for fyrste gong i mitt liv! Det føles stort. Å nesten greie å bli 30 før eg omsider vågar slikt noko aleine! Felte nøyaktig tre tårer då flyet letta. Gjennom tåresløret skimta eg Bergen forsvinne som ein enorm lysfest. Det var nydeleg. Eg har aldri tatt fly når det er mørkt heller!
Eg har kjøpt meg kryssordblad, men oppdaga at eg manglar blyant. Viskelær, som eg var sikker på at eg hadde gløymd, hadde eg tydelegvis greidd å hugse. Jiiz.
Ellers er alt med. Eg følte meg særs lita då eg kom ruslande opp til sikkerheitskontrollen på Flesland, og blei send tilbake fordi eg har nagler på skoa. Og hadde gløymd å ta pc’en ut av sekken. Men ein lærer så lengje ein lever; eg hadde ingen aning om at pc’ar skulle sendast gjennom for seg sjølv? ;op
Eg må ha sett rimeleg bortkomen ut, for vaktane var både smilande og hjelpsame!

Og så kom eg hit då, omsider. Med klump i halsen, fordi eg allereie saknar gubbelusken min og dyra mine og alle dei fine folka mine. Alle som prøver å overtale meg til å reise til utlandet og studere, kan ta seg ein bolle. Det SKJER ikkje at eg reiser frå alle eg er glad i så lengje!!

17 minutt igjen, så er eg i Oslo. Eg funderar meg gul og blå over kvifor eg har sverga til tog og buss for å kome meg austover i alle år, Makan. Dette tek jo kortare tid enn ein handletur på Rema! Litt skumlare, vel å merke, men like fult.

I det fjerne kan eg sjå soloppgongen no. Svakt blått og gult lys i horisonten. Verda blei brått både nydeleg og lita her oppe!
Fleire oppdateringar blir det nok ikkje frå meg no, før eg er vel framme i Australia. Og då kan det jo hende eg har kome så langt i prosessen at eg har fått knipsa nokre bilete òg?

Ha ein fantastisk dag alle saman!