Look! It’s a bird! It’s a plane! NO! It’s….someone blogging?

Haha, dårleg humor skal ein ha. 
Eg sit akkurat no 10.000 meter oppe i lufta og bloggar. Det er jaffal ein ting eg aldri har gjort før! Snuten er snudd mot Australia, med landingar i hytt og pine undervegs. Med laptop, Det er òg ei ny erfaring, sidan eg mest av alt er eit stasjonær-pc-menneske.

Døgna har eg òg gjort. Og no sit eg på fly aleine for fyrste gong i mitt liv! Det føles stort. Å nesten greie å bli 30 før eg omsider vågar slikt noko aleine! Felte nøyaktig tre tårer då flyet letta. Gjennom tåresløret skimta eg Bergen forsvinne som ein enorm lysfest. Det var nydeleg. Eg har aldri tatt fly når det er mørkt heller! 
Eg har kjøpt meg kryssordblad, men oppdaga at eg manglar blyant. Viskelær, som eg var sikker på at eg hadde gløymd, hadde eg tydelegvis greidd å hugse. Jiiz. 
Ellers er alt med. Eg følte meg særs lita då eg kom ruslande opp til sikkerheitskontrollen på Flesland, og blei send tilbake fordi eg har nagler på skoa. Og hadde gløymd å ta pc’en ut av sekken. Men ein lærer så lengje ein lever; eg hadde ingen aning om at pc’ar skulle sendast gjennom for seg sjølv? ;op 
Eg må ha sett rimeleg bortkomen ut, for vaktane var både smilande og hjelpsame!

Og så kom eg hit då, omsider. Med klump i halsen, fordi eg allereie saknar gubbelusken min og dyra mine og alle dei fine folka mine. Alle som prøver å overtale meg til å reise til utlandet og studere, kan ta seg ein bolle. Det SKJER ikkje at eg reiser frå alle eg er glad i så lengje!!

17 minutt igjen, så er eg i Oslo. Eg funderar meg gul og blå over kvifor eg har sverga til tog og buss for å kome meg austover i alle år, Makan. Dette tek jo kortare tid enn ein handletur på Rema! Litt skumlare, vel å merke, men like fult.,

I det fjerne kan eg sjå soloppgongen no. Svakt blått og gult lys i horisonten. Verda blei brått både nydeleg og lita her oppe!  
Fleire oppdateringar blir det nok ikkje frå meg no, før eg er vel framme i Australia. Og då kan det jo hende eg har kome så langt i prosessen at eg har fått knipsa nokre bilete òg?

Ha ein fantastisk dag alle saman!

2 kommentarer
    1. Som meg sist eg skulle ut og fly og bukseknappen spratt av når eg måtte ta av beltet i kontrollen… Holde sekk og ting og tang I TILLEGG til å holde buksen oppe va ikkje det gøyeste eg opplevde den dagen 😛
      Ha en fin tur, Ina! Ta masse bilder! 😀

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg