Hoppar på brua.

Etter å ha lagt sjuk i altfor mange dagar (etter mi meining) var det på høg tid å tvinge seg sjølv ut dørane idag. Ruta gjekk inn til by’n, for å halde Donnie i handa medan han spelte Amnesia: The Dark Descent. Fantastisk bra spel, men ikkje akkurat det eg hadde tenkt å skrive om her og no.

No har det seg slik, at eg bur på ei øy, og for å kome til denne øya køyrer ein over ei bru. Denne brua har frå tid til anna blitt nytta av folk som er lei av livet og det meste anna, til å ta ein einvegsbillett til dei Evige Jaktmarker.
Då bussen min køyrde heimover i kveld, var det akkurat ein slik kar som stod på feil side av rekkverket og stira ned i avgrunnen.
Fleire bilar hadde stoppa, og ein eldre mann såg ut som han freista å prate med fyren på den andre sida. Ein av dei andre passasjerane greip telefonen og ringde naudnummeret, i det same som hopparen snudde seg mot bussen og vinka med eit halv-sleezy glis. Han var på min alder, kanskje yngre, og det såg ut som han hadde promillen nærmare prosenten.
Det fyrste eg tenkte var: -Det der er berre ein fyr som vil ha merksemd. Han virka berre full og dum, ikkje trist og desperat.

Det er overhovud verken etisk eller politisk korrekt å tenkje slike ting når nokon faktisk står der på kanten og truar med å ende alt. Dask på lanken for det. Men i mitt syn er det meir eit skrik om hjelp enn eit faktisk sjølvmordsforsøk, dersom du står og heng over gjerdet på eit høgtraffikert bru. Hjelpa kom i alle fall; få minutt seinare var det blålys og tivoli der oppe.

Men så slo det meg. Kva om det var eg og gubben min som kom køyrande ein kveld, og det står ein kar med lite tru på livet der oppe? Kva i alle dagar gjer ein eigentleg då?
Ein skal stoppe. Det seier seg sjølv. Og så må ein prøve å halde vedkomande på tørr grunn til profesjonelle kan overta. Så. Kva seier ein eigentleg?
I dei fleste medisinske situasjonar, vil dei aller fleste opne med: -Går det bra?
Her vil eg tru at det fungerar særs dårleg. Det er vel klart som krystall at ting ikkje er heilt på stell, i og med at personen står der han/ho står!
Det fyrste som slo meg, og som sannsynlegvis kunne ha plumpa ut, var: -Heng du her, du då?
Ikkje den beste opningsreplikken det heller, nei.

Så kva pokker seier ein då? Då han fyren gliste til passasjerane i bussen i kveld, hadde eg eigentleg mest lyst å gå fram til bussjåføren og be han stoppe, så eg kunne trampe ut, gripe fyren i nakkeskinnet og hale han tilbake på jorda. Den litt eldre mannen som allereie var til stades, og som sprang bortover etter han, såg heilt fortvila ut! Dersom han hadde hoppa, og denne mannen hadde stått igjen der som sistemann som prata med sjølvmordsmannen, hadde det rett og slett vore grusamt! For ei enorm skuldkjensle ein må få?
Ikkje at det sannsynlegvis er så mykje ein kan gjere når alt kjem til alt, men eg ville i alle fall blitt knust innvendig!

Korleis det til slutt gjekk med denne karen, veit eg ikkje. Eg håpar dei greidde å få han inn i sjukebilen til sist, og at han får hjelp.  
Skulle eg vel å merke havne i den kinky situasjonen der eg må prate med ein hoppar, så trur eg at eg opnar med eit enkelt “hei”. Godt mogleg eg lar samtalen gli inn på vèret. Det brukar å vere ein icebreak’er.  

 

 


0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg