Bakdelen med bondelandet….

Bussen. Eg ser ikkje så mange bakdelar med det å bu i utkanten, med unntak av bussen. Forbanna drittbuss. Dei går jo relativt ofte, men når ein i tillegg er velsigna med hukommelse som ein delvis dement gullfisk, har det lett for å skjære seg! 

 

Visste du forresten at gullfisk ikkje hugsar berre tre sekund om gongen? Dei kan faktisk lærast opp til å reagere på eit signal om at no er det mat, og hugse dette over lengjer tid! Noko eg alltid har påstått sånn eigentleg, i kjølvatnet av at eg hadde ein gullfisk som krevde kos kring foringstid! ^^ 

Men gullfisk-away. Det var bussen eg irriterte meg over idag. Eg står opp om morgonen, eller det vil sei: Eg slepa meg sjølv ut av senga om morgonen. Snubla meg mot badet, skvetta litt vatn i trynet, og kom på at eg hadde gløymd å ta ut pengar i til bussen. Crap. Sparegris og diverse lommebøker blei vrengd, men mynteinheitane mine var stor sett samansett av euro og pund. Hadde valuttaen vår vore euro idag, kunne eg tatt bussen til sola gjekk ned og kyrne kom heim! For fyrste gong i mitt liv tenkte eg at EU hadde vore ein fin-fin ting. Heldigvis gjekk det fort over. Eg sat der med 5 kroner i cash, og det hovudsakeleg i form av 50 øringar. Bussen min kom og gjekk i det fjerne, og eg sat att her i sjokk og vantru. 

La oss fyrst konstantere at dette ikkje er fyrste gongen. Bussen har passert meg mange gongar, medan eg tel myntar i ekte onkel Skrue-stil. Busskort? Jaudå, det skulle ein hatt. Men heller ikkje der strekk hjernekapasiteten min til slik at eg har somla meg bort på Bystasjonen og ordna det. Men på fredag. På fredag SKAL eg få orden i sysakene! 
Det hadde vore fint med ein sånn boks som står i by’n, der eg kan kjøpe meg billett på busstoppet med kort. Men på bondelandet har me ikkje slikt noko.   


 

 

Når alt kjem til alt, så er det vel    knappast bussen sin feil at eg er sløv  heller. Men noko må eg då ha å skulde  på, når eg gong på gong bæsjar på  leggen

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg