Bissi-bissi. Frykteleg bissi.

Uæææh! Kvifor skal eg på død og liv gjere det til ein livsstil å utsetje ting til siste stund?! I tillegg til å skulle ro iland to oppgåver neste veke (1. utkast vel og merke, men det gjer ikkje jobben mindre fordi om!!) og ei framføring på tysdag, har eg greidd å skippe fleire av mine “flink-student”-dagar, der eg sit med alarm på mobilen for å passe på at eg er flink å lese i 45 minutt, og ikkje tek meir enn 15 minutt pause. La meg sei det slik: Det har blitt opptil 14 timar med pause i slengjen….Midt oppi dette, sit eg med verdas dårlegaste samvit, fordi eg føler at eg ikkje har hatt tid til alle folka mine i det siste! 

Så idag tok eg meg skikkeleg i øyro. Drog meg sjølv ut av senga. Sette meg ned i sofaen med bøker og notatar, og sette i gong. Heilt til eg innsåg at eigentleg var eg forferdeleg svolten! Eg hadde jo berre kasta meg i gong med skulearbeidet, utan å få i meg mat! Sånt går då ikkje an. 
Bøker og notatar til sides, og marsj ut på kjøkenet. I frysaren finn eg ein enkel poserett med kylling og grønsaker; swoosj opp i steikepanna, ferdig på 1-2-3. Men oppvaskmaskina skulle vore teken ut av. Det lar seg eigentleg gjere medan maten blir varm.
Oppvaskmaskina er tom, og maten er klar. Men det er håplaust å lese samstundes som ein et! Så derfor kjem South Park på skjermen. Den varar -litt- lengjer enn middagen min, og så må jo maten få sige? Dermed blir mailen sjekka og nettavisene lesne, før eg atter finn fram bøkene.

Men vent litt! Eg burde vel sett på ei maskin med klede? Skitenkleskorga er jo overfull, og gubben kjem heim frå Sogn i kveld. Han burde sleppe å kome heim til slike klespyramidar.
Så dermed blir alle skitenkleda tømd utover badegolvet, og sortert. Det blei fem enorme haugar. Tørketrommelen er full frå før, så den må òg tømmast.
Maggie kjem ut på badet. Ho skakkar på hovudet og ser på meg med kulerunde brune auge.
Stakkars vesle jenta mi, ho treng så absolutt ut å lufte seg ein tur!

Tilbake i huset, og klesvask nummer ein er ferdig. Den skal forflyttast til tørketrommelen, og vask nummer to skal i elden.  Så kan eg setje meg ned og lese. Eller vent? Eg er jo faktisk blitt utruleg svolten igjen etterkvart? Kanskje det er på tide med litt mat igjen? 
Eit kjapt måltid. Frukt og yoghurt og det som ellers er å raske med seg i kjøleskapet. Og tilbake til bøkene.

I det rompa treff sofaen, virvlar det opp ei sky av hundehår. Eg burde støvsuge. Det hadde eg tross alt lova gubben. Og bosset er fult, så eg kan like gjerne tømme det og hente litt ved når eg fyrst er i gong. Men lommelykta er som sunken i jorda, så det blir ikkje ved på meg.

Ny maskin er ferdig. Men vaskemaskina er byrja å bli tett. Så då må eg ned på alle fire og pirke ut den slange-tingen som eg kan tømme det vatnet eg ikkje anar kvar kjem ifrå over i ei lita plastskål, og setje på endå ei maskin. Tilbake i sofaen. Faen. Det er sundag i dag! Eg fekk jo ikkje med meg Spesialenheten på onsdag! Reprise idag; lurer på kor tid?
Sjekke tv-guiden. Klokka halv elleve går reprisen. Samstundes med The Walking Dead. Crap. Og når me fyrst er så godt i gong, så går jo reprisen av Åndenes Makt òg i kveld, som eg ikkje såg på torsdag.

Sjekke klokka. Eg har no to timar igjen å lese det eg skulle ha brukt dagen på. Applaus. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg