Status: Delvis i dass

Det er allereie gått ein månad sidan siste livsteikn, men det fristar eigentleg ikkje så masse å skrive på dette nye bloggoppsettet her….! Mest fordi eg ikkje har orka å setje meg inn i alle nye funksjonane i interface’n her. Men det skal bli betre, det har eg i alle fall lova meg sjølv! 

Soundtrack: AC/DC – Back in Black

Eg skuldar litt på formen òg. Siste vekene har eg vore noko sjaber; eg går og er småpjusk heile tida. I dag vakna eg med merkeleg hovudpine. Ljoset som kom inn på soverommet var rett og slett berre skikkeleg ubehageleg, og eg enda med å krype under dyna igjen etter at eg stod opp, og venta på at sola skulle gå ned og ikkje reflektere i snøen utanfor. Då blei det betre. Men eg har framleis kjensla av ein blyklump i skallen, innhylla i piggtråd og stålull.
Magen er uggen, ryggen fuskar og eg er generelt sliten. Men på eit eller anna tidspunkt kan det ikkje gå meir nedover, og ting må vel snu? Bank i bordet!!

Ellers døydde min høgt elska data her om dagen, og eg sit med Dùnedain sin og freistar å bli vener med den. Ting eg må invistere i byrjar å hope seg opp; eg treng ny printer, ny pc, ny skjerm til stasjonæren, og eg kom over ei bukse på Gina Tricot som driv å ropar på meg.

Men eg er i det minste komen i gong og skrive igjen (håpar eg!!) så snart kan eg vel leggje ut innlegga som eg har byrja på, men som aldri kom lengjer. They are on their way!
No har Dùnedain mekka orientalsk gryte, så mat i skrotten er fyrste prio.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg