Pute-krig!!

Det er hardt å vere husmor. No som eg har teke meg joleferie og vil ha stålkontroll på huslege sysler, så har eg litt å hengje fingrane i. Som å skaffe jole-pynte-puter, til dømes. 

Soundtrack: Lordi – Merry Blah Blah Blah

Dei stakkars putene som bur i sofaen min får hard medfart.
Elessär har adoptert ei som er hans kosepute. Teppet eg har i sofaen er Èowyn sin koseklut. Begge to ligg og kosar og suttar på hjørnene, og slikt slit gjerne litt på tekstil i lengda.

Så eg har gått på sofapute-jakt, og det blei etterkvart sofapute-krig. Eg kan ikkje fjerne koseteppe/puta til dei to englane mine, men eg har eit håp om å få snike inn nokre som pyntar litt opp i stova som i det minste kan få liggje til over jol. Så får eg heller ta krigen med nurka etterkvart som dei stel dei frå meg.
Det er alt anna enn enkelt. Kvifor? Fordi ALT som er fint er i velour. Det er faen meg velour opp og i mente i ALLE butikkar!! Og når ein har fire pelsballar som nyttar seg av sofaen, så blir det veldig fort fluffy velour. Og det vil eg ikkje ha.
Eg må ha puter som tåler at det ligg ein furbaby på den utan at halve dyret ligg igjen på trekket etterpå. Ein kvart katt hist og her kan eg leve med, men velour suuuug til seg pelsdottar!
Og dukkar det opp noko eg likar som IKKJE er velour, så kan du banne på at prisen kryp opp under 500-lappen. La oss sei det slik at det er det ikkje verd når eg veit at dei held seg fine til cirka 2. joledag. Kring klokka 12.00.
Så jakta/krigen held fram. Eg skal tråle interiør-sjapper over helga på jakt etter bytte. Og eg kjem ikkje til å gje meg så lett heller!! (endar vel med at eg må sy dei sjølv, og det ville vore krise!!)

Gardiner derimot, det er meir mi greie. Eg har fått nye dompap-gardiner i gongen, og i stova har eg funne meg ljose gardiner med raude snøkrystallar. Dei eg hadde var rimeleg klare for utskiftning, for å sei det slik. Men no har eg kapper, og pusane skal hoppe temmeleg høgt for å få tak i dei!
Verre er det at det ser ein smule hillbilly ut med stikkontakten til adventsstjerna hengjande ved vindauga, så eg funderar meg på om eg må finne meg ein lengjer ledning eller ein meir diskrèt skøyteledning…

Vèr venleg å ignorer eventuelle lidande potteplanter og diverse snutekunst på vindaugo! Eg er ikkje kome så langt endå…

 

It’s beginning to look a lot like Christmas, om ikkje anna!! <3 <3

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg