Ei koronatilståing midt oppi mageopprør

I dag er ein sånn dag der magen min brått bestemmer seg for at den ikkje tåler noko som den heilt fint har tålt til dags dato. Det skjer av og til i kjølvatnet av magesekk-operasjonen min. Så kva passar då betre, når vêret er så ufyseleg at det knapt går an til å gå til Skrivarstovao? Då bloggar ein.

Soundtrack: Nick Cave & The Bad Seeds feat. PJ Harvey – Henry Lee

Heldigvis skjedde det på ein dag der eg ikkje hadde vidare planar. Så då passar det fint å berre liggje på sofaen mellom turane til porselenstruna, og køyre Fear the Walking Dead-maraton med Dùnedain.
Men tingen er at eg føler hjernen min råtnar vekk når eg berre glor passivt på TV. Eg trur det kom av alle åra eg budde utan TV på Askøy: Eg er ikkje van med å sitje og glo i ti

mesvis. På den tida blei det ein film i ny og ne, og resten av tida gjekk til….tja, kva gjekk eigentleg tida til? Masse gaming og sosialisering, jobbing (i dei dagar på ein bensinstasjon) og dyrestell. Trur eg.

Sidan Dùnedain utfordra skjebenen og valde å stige ut i slapse-snøen for å gjere noko kreativt i Skrivarstovao, så bestemde eg meg for å vere kreativ her inne i den ordinære stovao.
Eg tenkte å kome med ei tilståing. Korona-pandemien. Det er min feil. Det var nok eg som presterte å starte galskapen.

Den vesle krabaten som er rota til alt som er gale i verda, lånt frå FHI. Bilete, ikkje viruset. Og som liknar kraftig på Skomakar Andersen si adventsappelsin? Har nokon prøvd å nappe ut nellikspikarane? Alt gjekk veldig bra då Hans Petrus gjorde det; det blei brått jol og greier!

Eg har jaggu fått høyre at det ikkje var ein vidare god idè å reise på goth-party i sydlegare delar av verda og omgås vampyrar og flaggermus, slik eg tydelegvis har for vane.
Men sumaren 2019 pådrog eg meg eit eller anna virus. Eg veit ikkje kva det var, og heller ikkje legane kunne gje meg eit fornuftig svar, slik det gjerne er når eg pådreg meg noko.
Som regel veit dei mindre enn meg, og eg må veilede dei eit stykkje. Ein gong var det ein lege som nekta å tru at eg hadde fått helveteseld nedover venstre arm fordi, og eg siterar, “det får ein då berre i fjeset?!”
Nei. Eg hugsa ganske tydeleg at bestao mi hadde det i eine foten, så eg visste at det kunne oppstå andre stader på skrotten. I og for seg sjølv litt pussig at ein ikkje orienterar studentane om sånt på medisinstudiet? At komplikasjonar KAN oppstå på ikkje-tilviste plassa?
“Uhm, du har frykteleg vondt i armen, seier du? Nei, brot kan det ikkje vere. Det skjer berre i bein. Har du bein i armen, seier du? Det var då ein særs ekstraordinær stad å ha bein? Kan du gå på dei?”

Vel, i dette tilfellet var det hoste og heftige respirasjonsplager. Eg kunne hoste så kraftig at eg ikkje klarte å trekkje pusten, fekk problem om eg berre gjekk tre steg, og i dei verste episodane var det ikkje nok at lungene svikta, men blæra tok halve støyten i same rennet.
Nei, eg hosta ikkje med blæra, men det var jaggu ikkje langt ifrå!
Ingenting anna. Hoste og lunger som ikkje ville fungere. Og det ga seg ikkje heller! Eg trur eg gjekk og bjeffa i  hytt og gevær i kring tre månadar, medan legane trakk på skuldrane og sa at det gjekk nok over.

Og så reiste me på ferie, med meg i denne tilstanden. Turen gjekk til Mallorca.
Eg hosta på flyet. Kom til Syden og hosta på alle eg møtte der. Og så hosta eg meg heimatt. Med fly. Og legg ein til alle eg hosta på under opphald på flyplassar med fly som gjekk til alle avkrokar i verda, så blir det ein del folk som blei hosta på gitt!
Kan inkludere at eg var på ein kinarestaurant i Palma Nova og hosta litt, og kven veit om dei tilfeldigvis hadde slekt og vener i Wuhan som dei reiste på ferie til for å hoste litt på?

Til sist var det dei stakkars kinesarane som skulle få skulda for å ha starta galskapen, når namnet på sjukdomen i seg sjølv (corona = krune på spansk) burde avslørt det mykje før.
Det kom frå Spania, etter at eg hadde vore der. Men sidan dei allereie hadde spanskesykja på samvitet (i alle fall blei det påstått at det var spanjolane som starta det, men dei var berre dei fyrste som faktisk rapporterte den!) så ville dei vel ikkje ha fleire sjukdomar oppattkalla etter seg.
Dermed såg dei til Kina, for det er tydeleg at det står eit politisk spel bak det heile. Kina er eit skikkeleg teit land som bryt menneskjerettigheitar og er skikkeleg lumpne for tida, så kvifor ikkje?
Og medan alt dette spreier seg i verda og alle peikar fingrar på kvarandre, så sit det eit lite kvinnfolk her på Vestlandet og tig heilt stilt om at det eigentleg var ho som starta det heile.
Det har mutert og mutert og herja på, og eg tek til å nærme meg eit punkt der eg bør tenkje på om eg skal ta ansvar og tilby nokre dråpar av mitt eige blod for å skape ein medisin som fungerar, i og med at eg tydelegvis er patient zero!

Føreløpig held eg litt tilbake. Eg er så spent på å sjå om mutasjonane til slutt fører til dei zombiane eg har brukt mesteparten av mitt vaksne liv på å førebu meg på å bekjempe.
Men når den tid kjem, så lovar eg å donere ein skvett!

[PS! Til alle som no vil stille meg for retten, rekrutere meg til KonspirasjonsKlubben AntiVaxx & Co., eller har fått for seg at underteikna er eit spinn hakkande gale individ (som for så vidt stemmer, men … ) så må eg få understreke at innlegget må lesast med “humor”, noko som visse i dag har vanskeleg for å forstå. Men det tydar då “noko ein kan le av” frå gamalt av. Me hadde mykje av det på 90-talet då me framleis hadde lov å vere morosame!]

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg