Konstant online. På ein dårleg dag.

Det er enkelte dagar som rett og slett ikkje blir bra. Uansett kva du legg i dei. Dei startar gjerne med at han du delar seng med forsøv seg, og du må nærmast rulle ut av senga, ned på eit kaldt golv, og håpe det vekkjer deg før du frys ihjel. Så, medan gubbelusken forsvinn ned trappa, ut på badet, og rømmer huset med tannkosten i kjeften og frukostbrødskiva i baklomma, tek du sikte på å rulle ned trappa, og prøver å lokalisere dusjen. Berre for å oppdage at vatnet overhovud ikkje er vått. Det var som om det trengde seg inn i håret mitt og fordampa før det nådde hårrøtene. Badet er sjølvsagt kaldt og guffent, Maggie parkerar rompa si utanfor baderomsdøra og nektar å flytte seg, i håp om at det skal føre til at eg tek ho med meg, og eg spring kring i huset og leitar etter busspengar og strømpebukse med eit knekkebrød i kvar hand. Det toppar seg litt når eg skal prøve å tilbakebringe litt fuktigheit til trynet mitt, berre for å oppdage at hudkremen berre RAMLAR AV! Då er du jaggu tørr i fjeset, får’n sei.

Bussen kjem ikkje. Vèret er heldigvis ikkje så ille, men det er like fult kjipt å stå ein halv time og vente på neste buss, når ein har stressa ræva av seg tidlegare på dagen for å nå den bussen som aldri kom. Eg møter forelesaren i døra, og innser at eg ikkje var så seint ute som frykta når eg omsider kjem med tunga til slips inn i skulebygget.
To overlappande forelesningar. I forelesning nummer to, er eg berre delvis til stades. Snart eksamen. Eg klarar ikkje ta det heilt innover meg. Ingen av lærarane har prata om noko anna enn kjende verk som me skal vite. Basicly; that’s it. Eg klarar ikkje å bli nervøs ein gong, og då klarar eg ikkje fokusere på å vere flittig student. D’oh.

Så springe til bussen heim, det byrjar å regne når eg går av bussen, og resten av ettermiddagen sit eg og ser på Stripped med Eddie Izzard, etterfølgd av resten av Sweeney Tood – The Demon Barber on Fleet Street som eg aldri rakk å sjå ferdig sist eg byrja på den. Hjortebiff til middag; så rå at den framleis bura, og no sit eg her igjen. Ein bør ikkje utfordre skjebna på slike dagar. 

 I tillegg kan eg då opplyse om at eg no, og sannsynlegvis for alltid, vil vere online 24/7. Den har nemleg ankome huset.

Samsung GT-S5690 heiter den. Og eg er framleis heilag overbevist om at denne tingen kjem frå ei mørkare underverd. I motsetjing til den gamle og slitne Sony Ericsson’en eg no har gravlagd i Skuffa med dei Tusen Mobiltelefonar, Adaptere og andre Tekniske Duppedittar som ikkje lengjer er blant oss (heretter referert til som SMDTMAOATDSILEBS) som kunne ta imot samtalar, ringje opp folk, skrive meldingar og ta pixlete bilete + spele eit høgst irriterande bobblespel som eg blei hekta på, så inneheld denne saken ein heil del go’saker. Blant anna tek den relativt bra bilete, eg kan laste ned ting på den. spele WordFeud (og minst 5-6 andre spel som eg lasta ned i ettermiddag), surfe på nettet (og faktisk SJÅ kva som kjem opp på sidene!) etcetera-hei-fallera. Men eg er framleis skeptisk. Og heilt sikker på at den er OND!! Den får meg til å sitje og gjere heilt andre ting enn det eg burde, akkurat som data’n min, berre mykje verre. For denne kan eg sitje og leike med KVAR SOM HELST!! Og eg har allereie gjennomført den fyrste eksorsimen på vegne av den, sidan skjermen brått berre gjekk i svart i stad og ingenting ville fungere. *grynt*

Denne veka skulle eg etter planen starte og vere så fantastisk effektiv, men me ser kor langt det har nådd. I morgon skal Roger feirast, og ein av dagane MÅ eg og gubben på IKEA. Eg skal handle bokhylle, badevekt og kontorstol. Pluss at eg burde vore og henta ut p-plasteret mitt etterkvart. *sukk* Loftet må bli rydda snart, men sidan eg ikkje har ei einaste hylle å plassere rotet mitt i, så blir det berre flytta frå ein plass til ein annan. 
Og eg skulle vore hjå frisøren. 

Om ein klarar å ignorere mangelen på sminke og klesdrakta (Freddy Kreuger-gensaren min <3 Kjøpt på herreavdelinga på H&M for x antal år sidan, og snart sliten i fillebitar!) så legg ein kanskje merke til at hårfargen min tek til å bli alt anna enn frisk og fin. Det ser hovudsakeleg lilla ut, men i så mange nyansar at det er flaut. Tuppane er kvite. Eller grøn-kvite. Eller grå-rosa-grøne. Det blir ein omgong til med lillafarge, og så klipper eg meg kort-kort-kort, og fargar det svart og kvitt. Trur det kan bli litt heftig! ^^ 

 

Mat-prat. Og sko-tjoho!

Etter beste emne har eg då kome igjennom fyrste veka mi på “knekkebrød-kuren”. Med varierande suksess. 
Eg starta då veka med å kome heim, opne kjøleskapet og konstantere at der låg det ein pakke med bacon. Og for dei som ikkje veit det, så grensar det til dødssynd å ikkje bruke opp bacon før det går ut på dato. Det burde seriøst vore inkludert i boda som Moses kom labbande ned frå fjellsida med!  

Dermed blei det pannekaker den dagen. Dei var i det minste sukkerfrie, om ikkje anna!! 
Neste dag bestemde eg meg for å vere flinkare, og svinga meg på kjøkenet med grønsaker og kjøkenknivar og to steikepanner og nudlar og målebeger. Resultatet var hakket sunnare enn det eg hadde på middagstallerken dagen før:


Heilt etter boka: 150 gram kylling, to spiseskeier nudlar og MASSE MASSE grønsaker! ^^ Gjett om eg er stolt når eg fyrst klarar å lure i meg slik sunn mat? 
Og så sklei det sjølvsagt ut igjen. Sognetur i helga, og når besta stiller med hjortesteik og pappa mekkar pizza, så slit eg kraftig med å halde meg. Eg kan motstå ALT, bortsett frå freistingar. I dag var det å ta seg sjølv i nakken og kaste seg ut i det igjen. Knekkebrød til frukost, lunsj og kvelds. Hahaaaa, me får sjå kor lengje eg held ut denne gongen! xD
Så langt har det gått relativt greit, dei dagane eg klarar å halde meg til planen. Men no er ikkje eg den i verda som er utstyrt med mest sjølvdisiplin! :os Det er vel i utgongspunktet derfor eg er der eg er idag? Men faktisk, det aller verste er alle dei forbaska tablettane eg skal trykkje i meg! Eg meinar; sånn det er no er tablettar, kosttilskot og trantablettar nærmast eit eige måltid!! Og ikkje minst blir eg gåande og gulpe tran heile forbaska dagen. Trongen til å styrte ein halvliter pepsi max blir rimeleg sterk når eg går med transmak i kjeften døgnet rundt! :os *blæh*

 Ooooh, eg og Nett’n var på shopping i by’n idag, og eg MÅ berre dele dei fantastiske skoa eg fann!!

Har du seriøst nokon gong sett noko meir Lokkrisk enn dette?! Haha, forsvarsvåpen 2 da maxx! xD Men 1499,- var litt dyrare enn eg er villeg til å punge ut for eit par sko her og no. Det får vente til sal, eller eventuelt ein overraskande LOTTO-gevinst. Og om nokon andre sit inne med rette LOTTO-rekkja, og ynskjer å få meg opp i høgda, så er det mogleg å finne desse prakteksemplara på DNA.
Gubben sit jo i tillegg ganske hardt på bakbeina og hevdar at eg alt har nok sko og vesker. Noko eg overhovud ikkje kan forstå?? Kor mange sko er for mange sko?! Eg skal innrømme at eg har ganske mange, men alle har sin funksjon….? Akkurat som med veskene. Gah, walk-in-closet badly needed! xD
Shoppingrunden var ikkje av dei mest intense då, vel og merke. Det blei mest hobbysaker, ein karaffel-ting til olje (eg HAAATAAAAR dei forbaska plastflaskene gubben kjem med og skal ha ståande på kjøkendisken!!) og ein såpedispensar, sidan den gamle brått ikkje ville meir. 

Og etter ein skogstur med gubbelusk og voffeloff i kveld, fekk eg nytt kryssordblad i belønning av gubben! xD Hahaha, snakk om å ha ei lat kjerring; her må han lokke meg ut i naturen med løfte om kryssord! Fantastisk. Men planen er i alle fall no å krabbe inn under dyna mi og NYTE litt hjernetrim. Kryssord er rett og slett addicting.

 

Eit allereie brote løfte

Eg hadde så store planar om å bli superbloggar igjen etter 30-årsdagen min, men jaggu ser eg kor langt eg kom med DET prosjektet. Det er så SJUKT mange ting eg føler for å skrive om; fotoprosjekta til meg og Wenche, alle slags rare innfall og idèar som eg til dagleg er plaga med, den komande operasjonen min, generelt kvardagen min (som ikkje er så innhaldsrik som eg likar å tru…trur eg?), lister berre for å liste opp ting, og så kløøøør eg etter å lage ein “dagens antrekk”-kategori! Haha, la meg berre sei at det er LITT kontrast til det fleirtalet av moteslavane der ute ifører seg! Noko som kunne blitt særs artig? 
Og eg skulle så gjerne blitt det kvinnelege motstykket til thefrogman.me sidan det er altfor få morosame chubby damer online der ute.

Men ting tek tid.  Og reint teoretisk BURDE eg bruke meir av den tida som eg endar opp med å bruke på alt anna til å lese. Men våren har lissom den verknaden på meg; lesing blir så uaktuelt som det overhovud kan bli! Eg vil aller helst rydde i hagen, løyse kryssord og gå i by’n og momse is, eg! Og når desse lystene tek fullstendig overhand, sjølv om eg VEIT eg burde lese, blir eg i staden sitjande og nerde. Fuck logic; det er mangelvare her hjå meg. 

Så etter å ha prøvd å sove av seg ein irriterande forkjølelse dei siste 16 timane, sit eg her igjen. Og leitar intenst etter motivasjonen til å slå opp på rett side i boka mi og lese. Eller i det minste til å finne noko fornuftig å skrive om. I morgon byrjar for så vidt knekkebrød-dietten min, så eg har MASSE snop og pepsi max som må fortærast!! 

Things to do, things to eat. Blærgh. 

Ynskjeliste!

30 år. Hjelpe meg. Rett kring svingen, til og med.
Det er jo eit fin-fint tal, og til slike trengst minst like fin-fine ynskjelister! ^^ Og ei slik ei skal eg vel klare å utarbeide utan dei heilt store problema.
Eg ynskjer meg så klart eit nytt hus. Eit stort hus, gjerne med symjebasseng i hagen! Eller kanskje berre eit nedlagd småbruk, med hus i sveitser-stil? Og tilskot til dyrehagen min hadde heller ikkje vore å forakte! Ein liten pusekatt, ein hundekvelp, kakadue og shetlandsponni! Det hadde vore fint. Men realistisk? Kanskje ikkje det.

 No skal eg ikkje hevde eg er ein vanskeleg person å shoppe gåver til. Eg er snarare enklare enn Fjordland. Involverar det til dømes dragar, horror, vampyrar eller andre fantastiske element, så veit du at du har skote blink! ^^
Men for dei som er på jakt etter noko meir spesifikk frå ynskjelista mi, så har eg ingenting imot å gjengje den! (har eg nemnd at eg elskar å skrive ynskjelister?)

Eg har stor bruk for ein god kontorstol. Og eit sånt massasje-innlegg som ein gjerne kan putte oppi ein slik stol. Noko i rettning denne her: 

 

Eg treng som alltid pengar *kremt * til alle slags rare prosjekt. Og så har eg veldig lyst på fleire brettspel; dei har til dømes masse gøy på Outland!

Og gåvekort er ikkje å forakte. Anten på piercing/tattoo, frisør, negledesign eller spa/massasje. Andre stader der ein kan gå til innkjøp av gåvekort, som kan lokke fram ei tåre i augekroken hjå meg, er Dragens Hule, Kremmerhuset, Åhlèns, Black Design, Krinkelkroken, Indiska og Witchy Bitchy. For så vidt kan ein kjøpe omtrent kva som helst frå desse plassane, og gjere meg overlukkeleg!! :oD
Andre gode forslag til glupe ting som gjer seg bra hjå meg, er:

PC-spelet Dead Island
Alle Harry Potter-bøkene, gjerne på engelsk
Ein skikkeleg god lip-scrub
Bodyjewlery (sånne perler og diamantar og denslags som ein kan lime på huda)
Fine bilete av snille folk eg omgir meg med (gjerne i forstørra utgåve!)
Yoga-matte (ja, faktisk!)
God kvitvin eller tequila (legg meg ikkje ned og grin om eg får andre typar alkohol!)
Kontroll til PS3
Ei søt adressebok og ei søt bursdagsdagbok
Venise Saphir-glas

 (dei er faktisk gått ut av produksjon, så om du snublar over nokre: TENK PÅ MEG!!)


Eg har jo PlayStation 3 òg,  men veldig få spel. Så spel innan horror-sjangeren er meir enn velkomne!

Og så har me desse to då, som stod på ynskjelista mi til jul òg:

Søte ulve-hue/votte/skjerf-tingen!! :oD Den er berre heilt fantastisk <3 Så JA TAKK!!

(Og tøffe Voodoo-knivmannen. Har sett sånne i enkelte butikkar her i Bergen, men eg hugsar dessverre ikkje nøyaktig kvar i farten! :os)


Parfyme, seier du? Jau, eg seier ikkje nei takk til det heller! Eg elskar Salvadòr Dalì-parfymane, og Hugo Boss-parfymane. Christina Aguilera sine er òg herlege, og Black Rose frå Avril Lavange er heilt fantastisk. Så veit du det.

Sjølvsagt har eg framleis ein del hòl både i DVD/BR-samlinga mi. Eg manglar blant anna

Harry Potter and the Goblet of Fire
Harry Potter and the Deathly Hallows Part II
Independence Day
Bad Boys
Bad Boys II
Dark Floors

Og i CD-samlinga gapar det store hòl der desse CD’ane skulle stått:

HIM
Venus Doom
Greatest LoveSongs 666
Uneasy Listening Vol I & II

Lordi
Bend over and Pray the Lord
The Monsterican Dream
The Arockalypse

The Rasmus
Dead Letters
Black Roses

P!nk
Greatest Hits… So Far!!!
Funhouse

 

Og alle CD’ane til Tori Amos, og alle frå Rhianna (bortsett frå LOUD).

På sånne store dagar, så er det ofte at folk gir blomar. Og det er ikkje meg imot! Gjerne potteplanter! Av favorittane der kan eg nemne orkidèar, hortensia, eføy og palmeplanter i alle slags variantar. Og krydderplanter! Dei kan ein kjøpe enkelt i omtrent kva som helst slagst daglegvarebutikk.

 

There you go! Då er det 9 månadar til neste gong eg skriv ynskjeliste! ^^ Og om du kjøper noko anna enn det som står på ynskjelista, så legg eg meg overhovud ikkje ned å grin! ^^ Dette var berre ein peikepinne til dei som spør så fint! xD

 

 

 

Frukost idag: Ein donut, ei klementin og eit glas pepsi max

For eg skal meir enn gjerne innrømme at det kjipe brødet gubben min driv å kjøper på, smakar gymsokk. Så då tek ein det ein har.

Dagen i dag starta faktisk klokka 7! Eg vakna og kunne puste for eiga maskin, noko som ikkje har vore tilfellet på ei veke no. I rein skjær lukkerus, kunne eg stå opp og lufte voffen, utan ei einaste nær-døden- opplevjing! Damn, that felt good! <3
Det føles ikkje som om eg har lagt sjuk i berre ei veke. Denne veka har vart i fire månadar, I kødd you not! Den lengste avstanden eg har hatt krefter til å rusle, er frå senga og ned til sofaen. Ein tur på do har krevd kraftig oppsykjing, og matlaging har så godt som vore utelukka. Eg har stor sympati for han stakkaren eg delar seng med, som har helde ut med meg. Heilt seriøst; då uttrykket “ingen er så sjuk som den sjuke mann” blei komponert, var det tydelegvis ingen som tok meg med i reknestykket! For eg er sjukare enn den sjuke mann, eg. Når han byrjar å gå mot ljoset, har eg allereie reservert meg rom med utsikt mot baksida av Perleporten. 

 Eg har lita tru på at det eksisterar eit meir  sjølvsympatisk individ enn meg når eg  fyrst blir sjuk. Eg vågar knapt å tenkje på  korleis det hadde vore om eg nokon sinne  blei smelt på tjukken!!

 I det minste byrjar så smått verda mi å  kome i balanse igjen. Det ligg eit  skjermkort på ICA og ventar på meg, og  dermed kan eg vinke bye-bye til vonde  sitjestillingar i sofa og seng, og vende  snuten mot ein skikkeleg skjerm med ein  skikkeleg (i mine auge) kontorstol ved ein  skikkeleg pult. Og ikkje minst kan eg v  ende tilbake til Azeroth og Simmeland.  Forhåpentlegvis med ein viss balanse  mellom skulegong og lekselesing. Me  kan berre håpe.
 I tillegg har jo Skyrim kome ut, og eg sit  med sumarfuglar i magen og ventar på å få rømme til endå ei fantasiverd. Hurra! :oD 

Advent nærmar seg, og eg har funne meg ny adventstjerne. To nye englar er innkjøpt til samlinga, og eit glitrande reinsdyr (eg meinar det er ein hjort, men kva veit vel eg? *kremt*) står rakrygga på hylla over peisen og ventar på den gjæve høgtida. Kvart fiber i kroppen sitrar med tanke på julevask og juleverkstad og julegåveshopping og det som ellers høyrer heime i desember. 
Men før eg kjem så langt, bør eg vurdere å stå på eksamenane mine. Der trur eg kanskje eg har eit stykkje igjen. 

Skjønnheiten & Udyret

Det slo meg i dag tidleg då eg slepte meg sjølv inn på badet for å krype i dusjen. Ute var det framleis mørkt, og Maggie hadde akkurat send meg eit småirritert blikk for at eg kom trampande inn i stova hennar og sett på ljoset altfor tidleg ein fredags morgon. Eg kasta eit raskt blikk i speiglen, og innsåg at det ikkje lengjer var den same jenta som stira tilbake på meg der inne. Det var dei same blå augo med for korte augevippar, med tre kviser på haka som ikkje vil forsvinne, med nokre bilringar for mange og bleike bingovertinne-armar. Men samstundes var det noko nytt med denne dama; ho godtok seg sjølv for det ho var, og ho var GLAD for det ho såg! Eg er faktisk GLAD i meg SJØLV!

 Ein kan kanskje sei at det er jaggu på  tide. Det tok meg nesten 30 år å kome til  det stadiet der eg med hovudet heva  kunne konstantere at eg ikkje treng å  orsake meg for den eg er. Eg er ingen  supermodell, og eg er langt ifrå nokon  sin våte draum (så vidt eg veit?). Men eg  har ingen grunn til å hate meg sjølv!! I’m  super, thanks for asking! ^^

 Og igjen, då eg var innom Deli de Luca  ein kjapp tur på veg til bussen, slo det  meg igjen. I staden for å kome  smygande, usynleg og skjelven, bort til  disken for å betale, stod eg der med eit  smil om munnen, takka med klår  stemme då eg fekk vekslepengane og  ynskte ekspeditøren ein vidare fin dag.  Eg måtte faktisk stoppe opp utanfor og  tenkje over det. For ei overveldande,  herleg kjensle? 
 Ein treng vel ikkje gå lengjer enn eit år  tilbake i tid, då eg knapt klarte å gå til  postkassa utan å få hjartebank og  andenaud. No reiser eg inn til by’n og kik  i butikkar utan å vere avhengig av at  nokon er med meg, sånn i tilfelle nokon  eg ikkje kjenner eller ikkje kjenner godt  skulle finne på å snakke til meg. No kan  eg smilande takke når tilfeldige  mennesker ser på meg, og seier ting  som: -Det var ein fin hårfarge!
 For det skjer ofte! Eg blir stoppa på gata av folk som syns lilla hår er ein fantastisk ting, og små born utbryt frydefult når dei ser meg: -Seeee! Hon har lilla hår!
Eg har alltid elska merksemd; alltid sett pris på at verda ser meg. Men eg har aldri opplevd at verda har vore så positiv som etter at eg fekk meg lilla hår! It’s a stayer! ^^

Men er det på sin plass å finne seg sjølv når ein er på min alder? Skal ein ikkje gjere det før ein er ferdig med tenåra, eller vente til 40-årskrisa slår inn? Fleirtalet av dei på min alder, har gjerne allereie etablert sitt eige private fotballag, teke opp eit boleglån som ikkje er nedbetalt før dei sit med bleie og gebiss på heimen og dei reiser på fine venefestar der alle sit og nippar i eit glas raudvin og pratar om verdsøkonomien og kulturelle tiltak i nærmiljøet. Medan eg fargar håret lilla og byrjar på universitetet, samlar på skumle dokker og går på Halloween-party med kvite linser. Eg drikk ikkje fancy importert raudvin, men styrtar ein halvliter eller ei flaske tequila. Eg fnisar av prompehumor og drøymer meg vekk i fantasiverda mi. Eg les teikneseriar, og går i platåsko. Og når nokon skal tippe alderen min, har eg aldri vore eldre enn 25. 
Etter så mange år i eit svart hòl, med ein så dårleg sjølvtillit og eit sjølvbilete at det burde vore straffbart, er det fantastisk å endeleg klare å klatre opp og helse sola og ljoset velkomen. 

At days like this, I just LOVE being me! 

 

Step into my Tomb – I dare you.

Så var eg her.

Når sant skal seiast, veit eg eigentleg ikkje kvar eg skal starte. Eg sakna berre å blogge. Eg sakna å vere online og leggje att små elektroniske spor etter meg sjølv. Eg er PR-kåt av natur.

Layout’n er midlertidig. Ulikt meg. Eg kan bruke ei eve på å pirke på ting før eg er nøygd nok til å publisere det. Men av og til må ein berre gje litt faen. Seinare skal eg ordne meg ein betre heading på sida, men det tek si tid å pirke seg til perfekte resultat i Paint når ein ikkje har PhotoShop tilgjengeleg.  Litt pinleg å offentleggjere seg sjølv med ein såpass n00bish fasade, så eg startar heilt nøytral og ein smule annonym. Mine bekjende i nerdemiljøet skal ikkje få mobbe meg for dette heilt endå. Og det ein ikkje veit, har ein heller stort sett ikkje vondt av.

Ikkje veit eg kva eg kjem til å skrive om heller. Det blir ikkje verken moteblogg eller interiørblogg – eg fixar det sannsynlegvis særs dårleg. Moteblogg spesielt. Eg har ikkje eit snev av motesans, og køyrer fullstendig min eigen stil. Det blir nok svart og dystert, dandert med naglar og hovudskallar i år òg. Interiør er <3 men samstundes må det vere noko av det mest keisame på planeten å blogge om når ein bur slik eg gjer. Det er ikkje akkurat rom for dei heilt store interiør-messige endringane! xD Ikkje kan eg sjå for meg at nokon finn min interiør av interesse what so ever. Eg meinar; eg køyrer like mykje min eigen stil der!

Kanskje blir det berre ein blogg om meg? Det er stort sett det eg endar med. Eg likar å skrive om meg sjølv. Festane og jetset-livet. Heh, who am I kidding. Trass i at eg det siste året har teke igjen alle åra eg held meg heime og gøymde meg for verda, djupt nedgraven i deperasjon og sjølvsympati, så kan eg ikkje skryte på meg verken dyr sjampis eller raude løparar. Her går det i vanking på stamplassar og billeg pils, utan at eg av den grunn føler meg som noko dårleg menneske! Faktisk trivst eg best der; eg likar -ekte- mennesker! Heller ein alkoholisert nerd med colabotn-briller og ei imponerande samling StarWars-figurar, enn ei fake blondine med plastpuppar og kjøteren stappa ned i veska. Og eg elskar å omgåast med folk som seier LOL, og som forstår verdien av å endeleg ha greidd å grinde seg til ein traveler’s tundra mammoth. 
Ikkje likar eg å hengje med mødre heller. Det vil sei, eg syns det er greit så lengje eg kjende dei FØR dei byrja å yngle! Men eg likar ikkje å møte nye mødre som introduserar seg med fortelje heile sjukdomshistorien til kreka sine. Ungar er allright’e dei, men eg slit ofte med foreldra. Eg er villeg til å påstå at dei som vel å ikkje formeire seg står høgare i kurs hjå meg. I alle fall på mine dårlegare dagar. Eg er ein stor drittunge sjølv, som hyler av fryd i leikebutikken, samlar på dokker (type creepy!!) og My Little Pony, som byrjar å glede seg til jul i august, og som lever i si eiga fantasiverd 90% av tida. 
Og eg er full av merkelege innfall og sjuke idèar. Ofte ristar folk på hovudet når dei får eit innblikk i kva som foregår på innsida av skallen min. Det er ikkje vakkert. Men sjølv om eg meinar at det er heilt okay å ha sex med andre enn kjærasten sin, så lengje kjærasten veit om det og syns det er ok, eller at me lever i ein overformyndar-stat som legg opp til at det offentlege skal oppdra borna våre, så forlangar eg overhovud ikkje at nokon skal vere einig med meg. Ta meg berre for den eg er, og respekter meg for det. Så gjer eg det same tilbake.

Har eg sagt for mykje allereie? 
Det er overhovud ikkje unormalt.

 

Små dryp av meg ~ dette var det fyrste.