Step into my Tomb – I dare you.

Så var eg her.

Når sant skal seiast, veit eg eigentleg ikkje kvar eg skal starte. Eg sakna berre å blogge. Eg sakna å vere online og leggje att små elektroniske spor etter meg sjølv. Eg er PR-kåt av natur.

Layout’n er midlertidig. Ulikt meg. Eg kan bruke ei eve på å pirke på ting før eg er nøygd nok til å publisere det. Men av og til må ein berre gje litt faen. Seinare skal eg ordne meg ein betre heading på sida, men det tek si tid å pirke seg til perfekte resultat i Paint når ein ikkje har PhotoShop tilgjengeleg.  Litt pinleg å offentleggjere seg sjølv med ein såpass n00bish fasade, så eg startar heilt nøytral og ein smule annonym. Mine bekjende i nerdemiljøet skal ikkje få mobbe meg for dette heilt endå. Og det ein ikkje veit, har ein heller stort sett ikkje vondt av.

Ikkje veit eg kva eg kjem til å skrive om heller. Det blir ikkje verken moteblogg eller interiørblogg – eg fixar det sannsynlegvis særs dårleg. Moteblogg spesielt. Eg har ikkje eit snev av motesans, og køyrer fullstendig min eigen stil. Det blir nok svart og dystert, dandert med naglar og hovudskallar i år òg. Interiør er <3 men samstundes må det vere noko av det mest keisame på planeten å blogge om når ein bur slik eg gjer. Det er ikkje akkurat rom for dei heilt store interiør-messige endringane! xD Ikkje kan eg sjå for meg at nokon finn min interiør av interesse what so ever. Eg meinar; eg køyrer like mykje min eigen stil der!

Kanskje blir det berre ein blogg om meg? Det er stort sett det eg endar med. Eg likar å skrive om meg sjølv. Festane og jetset-livet. Heh, who am I kidding. Trass i at eg det siste året har teke igjen alle åra eg held meg heime og gøymde meg for verda, djupt nedgraven i deperasjon og sjølvsympati, så kan eg ikkje skryte på meg verken dyr sjampis eller raude løparar. Her går det i vanking på stamplassar og billeg pils, utan at eg av den grunn føler meg som noko dårleg menneske! Faktisk trivst eg best der; eg likar -ekte- mennesker! Heller ein alkoholisert nerd med colabotn-briller og ei imponerande samling StarWars-figurar, enn ei fake blondine med plastpuppar og kjøteren stappa ned i veska. Og eg elskar å omgåast med folk som seier LOL, og som forstår verdien av å endeleg ha greidd å grinde seg til ein traveler’s tundra mammoth. 
Ikkje likar eg å hengje med mødre heller. Det vil sei, eg syns det er greit så lengje eg kjende dei FØR dei byrja å yngle! Men eg likar ikkje å møte nye mødre som introduserar seg med fortelje heile sjukdomshistorien til kreka sine. Ungar er allright’e dei, men eg slit ofte med foreldra. Eg er villeg til å påstå at dei som vel å ikkje formeire seg står høgare i kurs hjå meg. I alle fall på mine dårlegare dagar. Eg er ein stor drittunge sjølv, som hyler av fryd i leikebutikken, samlar på dokker (type creepy!!) og My Little Pony, som byrjar å glede seg til jul i august, og som lever i si eiga fantasiverd 90% av tida. 
Og eg er full av merkelege innfall og sjuke idèar. Ofte ristar folk på hovudet når dei får eit innblikk i kva som foregår på innsida av skallen min. Det er ikkje vakkert. Men sjølv om eg meinar at det er heilt okay å ha sex med andre enn kjærasten sin, så lengje kjærasten veit om det og syns det er ok, eller at me lever i ein overformyndar-stat som legg opp til at det offentlege skal oppdra borna våre, så forlangar eg overhovud ikkje at nokon skal vere einig med meg. Ta meg berre for den eg er, og respekter meg for det. Så gjer eg det same tilbake.

Har eg sagt for mykje allereie? 
Det er overhovud ikkje unormalt.

 

Små dryp av meg ~ dette var det fyrste.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg