Skjønnheiten & Udyret

Det slo meg i dag tidleg då eg slepte meg sjølv inn på badet for å krype i dusjen. Ute var det framleis mørkt, og Maggie hadde akkurat send meg eit småirritert blikk for at eg kom trampande inn i stova hennar og sett på ljoset altfor tidleg ein fredags morgon. Eg kasta eit raskt blikk i speiglen, og innsåg at det ikkje lengjer var den same jenta som stira tilbake på meg der inne. Det var dei same blå augo med for korte augevippar, med tre kviser på haka som ikkje vil forsvinne, med nokre bilringar for mange og bleike bingovertinne-armar. Men samstundes var det noko nytt med denne dama; ho godtok seg sjølv for det ho var, og ho var GLAD for det ho såg! Eg er faktisk GLAD i meg SJØLV!

 Ein kan kanskje sei at det er jaggu på  tide. Det tok meg nesten 30 år å kome til  det stadiet der eg med hovudet heva  kunne konstantere at eg ikkje treng å  orsake meg for den eg er. Eg er ingen  supermodell, og eg er langt ifrå nokon  sin våte draum (så vidt eg veit?). Men eg  har ingen grunn til å hate meg sjølv!! I’m  super, thanks for asking! ^^

 Og igjen, då eg var innom Deli de Luca  ein kjapp tur på veg til bussen, slo det  meg igjen. I staden for å kome  smygande, usynleg og skjelven, bort til  disken for å betale, stod eg der med eit  smil om munnen, takka med klår  stemme då eg fekk vekslepengane og  ynskte ekspeditøren ein vidare fin dag.  Eg måtte faktisk stoppe opp utanfor og  tenkje over det. For ei overveldande,  herleg kjensle? 
 Ein treng vel ikkje gå lengjer enn eit år  tilbake i tid, då eg knapt klarte å gå til  postkassa utan å få hjartebank og  andenaud. No reiser eg inn til by’n og kik  i butikkar utan å vere avhengig av at  nokon er med meg, sånn i tilfelle nokon  eg ikkje kjenner eller ikkje kjenner godt  skulle finne på å snakke til meg. No kan  eg smilande takke når tilfeldige  mennesker ser på meg, og seier ting  som: -Det var ein fin hårfarge!
 For det skjer ofte! Eg blir stoppa på gata av folk som syns lilla hår er ein fantastisk ting, og små born utbryt frydefult når dei ser meg: -Seeee! Hon har lilla hår!
Eg har alltid elska merksemd; alltid sett pris på at verda ser meg. Men eg har aldri opplevd at verda har vore så positiv som etter at eg fekk meg lilla hår! It’s a stayer! ^^

Men er det på sin plass å finne seg sjølv når ein er på min alder? Skal ein ikkje gjere det før ein er ferdig med tenåra, eller vente til 40-årskrisa slår inn? Fleirtalet av dei på min alder, har gjerne allereie etablert sitt eige private fotballag, teke opp eit boleglån som ikkje er nedbetalt før dei sit med bleie og gebiss på heimen og dei reiser på fine venefestar der alle sit og nippar i eit glas raudvin og pratar om verdsøkonomien og kulturelle tiltak i nærmiljøet. Medan eg fargar håret lilla og byrjar på universitetet, samlar på skumle dokker og går på Halloween-party med kvite linser. Eg drikk ikkje fancy importert raudvin, men styrtar ein halvliter eller ei flaske tequila. Eg fnisar av prompehumor og drøymer meg vekk i fantasiverda mi. Eg les teikneseriar, og går i platåsko. Og når nokon skal tippe alderen min, har eg aldri vore eldre enn 25. 
Etter så mange år i eit svart hòl, med ein så dårleg sjølvtillit og eit sjølvbilete at det burde vore straffbart, er det fantastisk å endeleg klare å klatre opp og helse sola og ljoset velkomen. 

At days like this, I just LOVE being me! 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg