Frukost idag: Ein donut, ei klementin og eit glas pepsi max

For eg skal meir enn gjerne innrømme at det kjipe brødet gubben min driv å kjøper på, smakar gymsokk. Så då tek ein det ein har.

Dagen i dag starta faktisk klokka 7! Eg vakna og kunne puste for eiga maskin, noko som ikkje har vore tilfellet på ei veke no. I rein skjær lukkerus, kunne eg stå opp og lufte voffen, utan ei einaste nær-døden- opplevjing! Damn, that felt good! <3
Det føles ikkje som om eg har lagt sjuk i berre ei veke. Denne veka har vart i fire månadar, I kødd you not! Den lengste avstanden eg har hatt krefter til å rusle, er frå senga og ned til sofaen. Ein tur på do har krevd kraftig oppsykjing, og matlaging har så godt som vore utelukka. Eg har stor sympati for han stakkaren eg delar seng med, som har helde ut med meg. Heilt seriøst; då uttrykket “ingen er så sjuk som den sjuke mann” blei komponert, var det tydelegvis ingen som tok meg med i reknestykket! For eg er sjukare enn den sjuke mann, eg. Når han byrjar å gå mot ljoset, har eg allereie reservert meg rom med utsikt mot baksida av Perleporten. 

 Eg har lita tru på at det eksisterar eit meir  sjølvsympatisk individ enn meg når eg  fyrst blir sjuk. Eg vågar knapt å tenkje på  korleis det hadde vore om eg nokon sinne  blei smelt på tjukken!!

 I det minste byrjar så smått verda mi å  kome i balanse igjen. Det ligg eit  skjermkort på ICA og ventar på meg, og  dermed kan eg vinke bye-bye til vonde  sitjestillingar i sofa og seng, og vende  snuten mot ein skikkeleg skjerm med ein  skikkeleg (i mine auge) kontorstol ved ein  skikkeleg pult. Og ikkje minst kan eg v  ende tilbake til Azeroth og Simmeland.  Forhåpentlegvis med ein viss balanse  mellom skulegong og lekselesing. Me  kan berre håpe.
 I tillegg har jo Skyrim kome ut, og eg sit  med sumarfuglar i magen og ventar på å få rømme til endå ei fantasiverd. Hurra! :oD 

Advent nærmar seg, og eg har funne meg ny adventstjerne. To nye englar er innkjøpt til samlinga, og eit glitrande reinsdyr (eg meinar det er ein hjort, men kva veit vel eg? *kremt*) står rakrygga på hylla over peisen og ventar på den gjæve høgtida. Kvart fiber i kroppen sitrar med tanke på julevask og juleverkstad og julegåveshopping og det som ellers høyrer heime i desember. 
Men før eg kjem så langt, bør eg vurdere å stå på eksamenane mine. Der trur eg kanskje eg har eit stykkje igjen. 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg