Hi Santa, it’s me again….

Eg innrømmar det; det er litt flaut å berre skrive ynskjeliste på bloggen sin. Og så blir det kanskje eit og anna fornuftig (eller ikkje) ord innimellom. 
Men kva skal ein gjere, når koronaen ligg som ein tjukk graut over landet og passar på at ingenting skjer? For eg jobbar. Og jobbar. Og jobbar. Og planlegg bryllaup. Og tilbake til å jobbe. Og så skriv eg ynskjeliste. Sånn som eg gjer no. 

Soundtrack: Claudia Scott – Jeanne D’Arc

PENGAR!
Jepp, det kjem høgt på lista. Sidan bryllaupet vårt er flytta eit år fram i tid, så har kan me investere litt meir undervegs og gjere det ENDÅ meir draumebryllaupete enn det i utgongspunktet såg ut til å bli! (can I get a wheee?)

La oss starte med dei mindre tinga dette året:

  • Små flasker med duftolje
  • Duft-pinne-ting (same procedure as last year…)
  • Søte kvitvinar
  • Sjokolade og marsipan
  • Joletrepynt type retro/gamaldags, gjerne i sølvfargar! (eg ELSKAR viktoriansk-inspirert og sånne klipsefuglar!!)
  • Søt løpar til spisestovebord
  • Leikar til pusebeibisane
  • Kule øyredobbar (helst litt goth/punk/rock/boho/hippie-style!)
  • Hårstæsj! (spesielt to bittesmå sånne hair-donuts? Finn det ingen plass!!)
  • Gøye andletsmasker! Du veit, sånn i desse koronadagar?
  • Minnekortlesar (USB)

Dørmattene mine ligg framleis på lista, men det er kanskje forståeleg med tanke på at dei er liiiitt vanskelege å oppdrive?

To bøker ligg òg framleis på ynskjelista:

Svartedauen av Th. Kittelsen og Solruns Saga av Eirik Ildahl og Bjørn Ousland. I fjor hadde dei begge hjå Ark, men i år ser det ikkje ut til at Kittelsen er representert der…Men like fullt; eg hadde elska å ha dei i hylla mi begge to!

Vanlegvis er eg ikkje supergira på hus eller figurar med ljos og dill, men eg falt fullstendig for dette peparkakehuset frå Clas Ohlson.


Sidan eg aldri kjem så langt at eg bakar peparkaker sjølv, så kunne dette vore eit fantastisk supplement?

Fekk òg streng beskjed av Gabbi om at eg burde ynskje meg noko frå Superkul, men eg syns ikkje dei hadde like mykje fint som i fjor? Pussige greier. Men det var TRE figurar der som smelta hjarta mitt:

Moving on:
DVD/BluRay:
Evil Dead 2
Bad Taste (den av Peter Jackson, ya’know? Klassikar!!)
Angel sesong 2-4-5

Brettspel:
Betrayal at the House on the Hill

CD/vinyl:
Lordi – Lordiveristy
Die Antwoord – Ten$ion
Rammstein – Made In Germany 1995-2011

Og ikkje minst: DIABLO II – RESSURECTED !!

….til pc sjølvsagt. Noko anna er temmeleg bortkasta på meg, er eg redd…

 

 

Av litt dyrare ting, så treng er sårt nye vinterstøvlettar (eg kasta faktisk TO utslitne par i haust!) og ei vinterjakke som ikkje er vinterkåpete. For så vidt var det eit ynskje frå mor mi òg, etter å ha sett kor skralt det sto til i utvalet eg sit på pr. no.
Eg har òg eit aukande behov for ny mascara, så om nokon tilfeldigvis skal ein svipp til utlandet, så har eg VELDIG lyst på desse to:

Mascara: Estee Lauder Sumptuous Bold Volume
Mascara-primer: Dior Diorshow Maximizer 3D Triple Volume Plumping Lash Primer

PS! Eg anbefalar dei begge på det varmaste og sterkaste; dei er FANTASTISKE!!

Eg skulle gjerne hatt nokre av parfymane til Salvadòr Dalì òg, men desse er så godt som forsvunne frå alle butikkar. Sånn på verdsbasis. *sukk*

Lang som eit vondt år atter ein gong, denne lista. Men den er litt gøy å lage òg då! Eg skuldar på det. Eg finst ikkje materialistisk, eg! Pfffft!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg