Glade jol og mann i arbeid!

Så var endeleg desember i gong, og eg er godt forberedt. Her skal det bakast og vaskast og jolehandlast og pyntast! Men joletreet uteblir i år….

Soundtrack: Netflix -14 Topper: Ingenting er Umulig 

 

I år blir det joleblogg! Eg er klar som eit egg for alt eg har planlagd, så no er det berre å vente på at Grinchen skal snike seg ned pipa og stikke kjeppar i (h)jula for meg….


Den fyrste luka i adventskalendaren vår gjekk til Dùnedain. Han fekk cheese doodles med sjokolade, og blei ein glad gut. I dag var det min tur, og han hadde slått til med Peppa Pig-kalendar til meg, med sjokolaaaade!! Så då har eg TO kalendarar denne månaden! 



Og så var strengt tatt startskotet gått: I går vaska me ned HEILE yttergongen, noko som inkluderte veggar, tak, dørar, vindauge, møblar og blomepotter. Det mangla eigentleg berre at eg henta fram tannkosten og q-tips. I fjor gjorde eg det. Eg sto på kjøkenet og vaska komfyren med q-tips.
I dag fekk eg ikkje teke meir enn nokre kjøkenskap, for gjett kven som spratt ut av senga klokka 05.30 i dag??
Jepp. Eg har teke meg litt halvvegs “ferie” for å vie all den tid og kjærleik eg har til førjolstida til akkurat førjolstida. Det skulle etter planen inkludere nokre late dagar på morgonkvisten, men kven er det som sprett ut av senga før fuglane fis?? Jau, det er underteikna.
Bakdelen er at eg må vente med å byrje vaskesjaua til stakkars Dùnedain får auge, for han er ikkje fullt så morgonfrisk. Og nedvasking blir ikkje det same når eg ikkje får guffe Boney M medan eg rallar med i beste Lokkri-stil. Og eit sånt sirkus er vanskeleg for ein stakkar å sove gjennom.

Piska mann i husmormodus

Og så har han lova meg å hjelpe, så eg lar han ikkje sleppe så lett unna heller!

For å toppe det heile, så har snøen lava ned i det siste, og Elessär er ein veldig glad gut som aller helst skulle vore uteboff. Han sit i vindauga og stirer lengselsfullt ut på den kvite bøen, der hjorten dansar og elgen flyg. Eller noko sånt. (dårleg med elg her oppe når eg tenkjer etter, men det var ein rev som jaga ein hare nedover vegen forbi huset vårt her om dagen!)

Khavi er mindre nøygd; ho er rimeleg raske turar ut og me har knapt lukka døra bak ho før ho står på trappa og gaular igjen. Pixie frys i stompen når ho skal ut og gjere sitt fornødne, og fèr som eit skot ut, pissar, og kjem som eit skot inn igjen. Rett til peisen og varme seg.

Planane framover.

  • Jolemarked i Bergen
  • Lage marsipan
  • Bake cirka 7 kakesortar (og litt konfekt!!)
  • Ein av dagane = tradisjonsbakedag med Kriss (jødekaker og serinakaker!! <3 )
  • Vaske-vaske-vaske
  • Ferdig jolehandel
  • Guffe jolemusikk
  • Pynte

Og ikkje minst kome over sorgen over at me ikkje får opp joletreet i år. Eventuelt kan eg ta inn treet og ikkje pynte det, og i staden la det bli naturleg teke over at pusekattar.
La oss håpe dei er blitt litt tørre bak øyro innan neste jol, sånn at eg får treet mitt på plass då.

Ha ei fantastisk førjolstid alle saman!

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg