Sjølv om eg er den stolte eigar av ein rosa klapp-telefon med glitter, så har eg eit ganske så elsk/hat-forhold til heile den teknologiske omverda …
Soundtrack: The Rasmus – Rest in Pieces
Faktisk er eg der at eg legg frå meg telefonen i hytt og pine, for så å berre gje ein bæng i å leite etter den fordi eg O-R-K-A-R ikkje. Den pip. Den masar. Den prøver å bestemme ting, og eg likar ikkje at nokon bestemmer over meg. Det er derfor eg aldri har klart å bu på internat meir enn tre-fire månadar før eg innser at eg vil ikkje at nokon andre skal avgjere kor tid eg skal ete og kor tid eg skal vere på rommet mitt.
Om verneteneste var obligatorisk for jenter då eg voks opp, hadde eg site meir i kakebua enn eg hadde sett bar himmel i tida mi der, for å sei det slik. Eg TAKLAR ikkje autoritetar.
Men eg er gamer. Eg elskar å sjå på film, og eg kan sitje og nerde meg framfor pc-skjermen relativt lengje til meg å vere, som ikkje har ro i ræva. Eg klarar ikkje å sjå to filmar etter kvarandre, for eg får lopper i blodet, makk i magen og termittar i skallen.
Og hadde eg hatt kids ville nok Barnevernet vore på døra ganske kjapt og anklaga meg for barnemishandling sidan eg hadde nekta borna mine mobiltelefon før dei var myndige. Av prinsipp. For eg tykkjer den SoMe-galskapen er akkurat det: Galskap.
Eg har berre Facebook og bloggen min. Insta, Twitter (eller X som dei visstnok kallar det no?) TikTok og SnapChat kan ta seg ein bolle. Eg gidd ikkje bruke tida mi på det, og eg tykkjer eigentleg ikkje at eg går glipp av noko fordi om.
Så ja. Eg er ei slik gamal kjerring som meinar alt var betre før når telefonen var montert på veggen, ein hadde dørklokke som sa frå at det kom folk på vitjing framfor at ein fekk ein SMS ti minutt før dei sto på trappa, og datamaskiner var noko eksotisk og spennande framfor noko frustrerande og daglegdags.
Men medan eg sat og las nokre kronikkar og artiklar om mobilfenomenet og korleis det føkkar med hjernene til born og unge (noko eg er heilt einig i sånn sett! Fysjom!!) så slo det meg at DETTE har eg høyrd om før!
Dataspel førde til valdelege tendensar. Teikneseriar var fyrste steg inn i kriminelle miljø. Dei som høyrde på tungrock ville ende opp med hjerneskader og kraftig hårvekst på ryggen. Den siste kan eg ikkje dokumentere at nokon gong har blitt fremsett som tese, men du skjønar kvar eg vil.
Alle nye media har alltid blitt uglesett, og dersom ungdommen fattar stor interesse for det (som unge gjerne gjer når det kjem noko nytt og spennande) så har diskusjonen kome opp igjen: Hjernen kan råtne vekk av å lese. Den syndige måten dei dansa på då Elvis kom på scenen og vrikka på hoftene ville føre dei rett inn i Djevelens armar og lukt til Helvete. Bøker blei brende, TV skulle forbys, og kven visste kva radioen kunne føre med seg av styggedom?
Likevel blei det folk av oss som voks opp med både bøker i hyllene, radioen på full guffe til ei kvar tid, barne-TV på skjermen klokka 18 og som var så heldige å ha tilgong til både Nintendo, Sega, Gameboy og stasjonær pc heime. Og som til og med hadde tilgong til Internett då me kom i tenåra.
Men så er det noko med “for mykje av det gode”. Alt med måte. Du lærer ikkje noko på skulen om du sit med nasa ned i teikneseriar gjennom heile mattetimen. Og du går glipp av alt som skjer i verda om du berre stirer inn i ein dataskjerm heile dagen. Det er om å gjere å finne ein balanse.
Ein gong i tida sat det sikkert ein holebuar-pappa og klaga over kor mykje tid sonen hans brukte på desse fordømte hellerissingane. Og du kan ta deg ein god faen på at den dagen eg har plass i gongen, blir du nøydd å setje att telefonen din i mobilhotellet mitt når du kjem på vitjing.