Anmelding: Aliens

Categories Film

Amerikansk skrekk/science fiction (1986)
Med Sigourney Weaver, Michael Biehn & Carrie Henn
Regi: James Cameron
Lengde: 2 timer 17 minutt

-Hey Vasquez! Have you ever been mistaken for a man? 
-No. Have you?

Om ein fyrst skal lage ein oppfølgjar som er verdig sin forgjengar, så må ein kanskje setje sjølvaste James Cameron i registolen. Og han er heilt tydeleg mannen for jobben, for det er sjeldan at det funkar å lage ein god film nummer 2 etter ein knallsuksess som Alien (1979).  Vel å merke tok det nesten ti år, men det var verd ventetida.

Ripley (Sigourney Weaver) går med på å bli med tilbake til planeta Acheron på eit redningsoppdrag då ingen lengjer oppnår kontakt med kolonistane som blei sende dit.
Ho er ikkje veldig entusiastisk, for ho veit kva slags skapnader som ventar der. Og no er det ikkje berre ein. Her kryr det av dei.
Dei finn ei einaste overlevande lita jente som kallar seg Newt (Carrie Henn), og Ripley påtek seg ei morsrolle for denne stakkars foreldrelause jenta. Til tider med livet som innsats.

“Get away from her, you bitch!”

At Ripley er ein badass er det nok få som er villege til å krangle om. Og sjølv om me no veit korleis xenomorph’ane ser ut, er dei framleis ganske fryktinngytande, særleg når dei kjem etter heltane i hopetal.
Historia er ikkje komplisert; eit redningsteam som skal berge nokon frå romvesna sine klør og som strandar på ei ganske så aude planet langt pokker-i-vold uti verdsrommet. Men du helt pusten nokre gongar likevel, for i ei saleg blanding av androidar, syre-blod, tronge gongar og aliens i hælane så blir det intenst.
Cameron kan dette. Og sjølv om dei fleste røykte ombord i romskipa på 70, 80 og 90-talet, så kjøper me det. Teknologien me faktisk har i dag ser mykje meir fancy ut IRL enn kva det gjorde ombord i romskipa i gamledagar, men pyttsann. Eg personleg elskar å sjå korleis folk for snart 50 år sidan såg for seg framtida. Ein kan ikkje forvente at kunstarar skal vere synske heller?

Aliens lenar kanskje litt meir mot science fiction og action enn mot skrekk og gru, men dette er og blir ein monster-flick. Xenomorph’ane er rettleg uhyrlege, farlege og føyer seg inn i creature feature rekkja saman med King Kong, Godzilla, Jaws og Predator. Og dinosaurane i Jurassic Park (1993) for den saks skuld.
H.R. Giger visste kva han gjorde då han designa desse romvesena på 70-talet, og til denne dag held dei stand mot veldig mykje av det som har dukka opp på sølvskjermen i seinare tid.
Hatten av.

“Game over, man! Game over!”

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *