Anmelding: Event Horizon

Categories Film

 

Amerikansk skrekk/science fiction (1997)
Med Laurence Fishburne, Sam Neill & Kathleen Quinlan
Regi: Paul W. S. Anderson
Lengde: 1 time 36 minutt

Etter å ha sett denne filmen igjen i vaksen alder, så innser eg at den har klart noko ganske unikt: Den blir meir skremmande til tørrare du blir bak øyro!

Eg var altfor ung fyrste gongen eg såg Event Horizon. Kanskje 12 år eller så.
Den gong hadde eg berre lest kort om filmen, og tenkte det høyrdes ut som verdas skumlaste grøssar, men blei veldig skuffa etter å ha sett den. For all del; dei scenene som var skumle var ille nok, men sjølve konseptet gjekk tydelegvis over hovudet på meg.

I følgje tekstplakatane som innleiar filmen, skulle me ha hatt ein base på månen i 2015, og vore i gong med gruvedrift på mars i 2032. Me byrjar med andre ord å få det litt travelt.
Hopp endå litt lengjer fram i tid, og me er der historia byrjar for gjengen vår.
Eit lite redningsteam, med Captain Miller (Laurence Fishburne) i spissen blir send ut på eit oppdrag ved Neptun, heilt ytterst i vårt eige solsystem. Dei har med seg Dr. Weir (Sam Neill) som i si tid var med og bygde eit unikt fartøy, kalla Event Horizon, som er i stand til å bruke svarte hòl til å forflytte seg kvar som helst i verdsrommet.
Denne vidundermaskina forsvann på jomfruferda, men no har dei plukka opp eit signal som tilseier at det har dukka opp igjen. Problemet er berre at ingen veit kvar det har vore dei siste sju åra, og Dr. Weir er nærmast besatt av å finne og redde romskipet sitt, om han så må gå over lik.

Vel, litt lik blir det. For mannskapet som ein gong gjekk ombord i Event Horizon for å teste det, dukkar opp litt her og der i ulike former. Men det er ikkje desse daudingane som til sjuande og sist er det skumle her. Det er kva som hende med dei etter at dei forlet jorda.

Alt tilseier at det har hend litt av kvart ombord på dette romskipet …

Medan vonde minner og skremmande syn plagar utsendingane, byrjar dei å pusle saman kva som eigentleg har skjedd ombord. Og det er ikkje koseleg.
Verdsrommet er så ufatteleg stort, og me veit ikkje kva som gøymer seg der ute. Men i Event Horizon er det ingen aliens. Ingen chestbursters rundt frukostbordet og anal-probes. Det er noko heilt anna som lurer i den iskalde uendelegheita, og det er ikkje noko du har lyst å stifte nærare kjennskap til.

På mange måtar har ikkje Event Horizon tålt den mykje omtalte tanna til tida. Dei brukar framleis CD’ar, dei røyker ombord i romskipet sitt, trykkjer bilete på papir og dei digitale effektane er litt så som så.
Men det kan me tilgje. Dei visste ikkje betre og hadde ikkje den same teknologien som me faktisk har i dag den gongen på 90-talet.
Science fiction er gjetting. Eg hadde aldri i verda trudd vedkomande dersom nokon hadde fortalt meg at eg kom til å ha halve livet mitt lagra på ein liten duppedings eg kunne stappe i lomma om eg fekk høyre det i 1997.
Konseptet i seg sjølv funkar. Det kunne med fordel vore forsterka litt kva desse stakkarane som har stranda ombord på eit tomt romskip verkeleg har i vente, sjølv om me veldig tydeleg forstår at det ikkje er snakk om skillingsbollar og kakao med krem.
Samanlikna med mykje av det filmskaparar i dag vel å vise oss, er dette nesten litt pusete. Men det er kanskje verre å ikkje ha fått det servert visuelt med t-skei, for då må du skape eigne bilete. Og når ein tenkjer etter er det nok lite som kan samanliknast med dei eigne bileta me dannar oss på eigahand? Eller kanskje det berre er i mitt hovud det blir så ille at eg tykkjer denne faktisk lar seg vippe opp på ein liten 5’ar?

 

0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *