Så blei det eit lenger opphald vekke frå bloggeverda for min del. Men ting har vore litt hektisk gitt!
Soundtrack: Rammstein – Halleluja
Eg hadde store planar om å nå ei deadline på måndag, slik at eg kunne kaste meg i gong med bok 8 i den nye serien min. Aller helst ville eg hatt 10 bøker klar før dei fyrste lesarane fekk bok nummer ein i hendene, men det var tydelegvis det dei på godt engelsk kallar “a long shot”.
Fyrstkomande fredag skal den etter planen “Eirill Seidkvinne – Hulderdatteren” liggje i postkassane til dei fyrste abonnentane, og det sitrar litt både her og der i spenning for korleis folk kjem til å ta imot den! Eg håpar jo eg har gjort ein god nok jobb som kan måle seg med Søstre, men det får tida vise.
Men nokre kjeppar i hjula er det alltid. Eg var -nesten- ferdig og skulle levere inn manuset mitt på måndag, men så blei eg liggjande strak ut i helga med mini-fluensa. Dermed havna eg fullstendig på etterskot og måtte skrive som ein helt så snart feberen slapp taket og hovudet byrja å klårne.
Eg er berre sjeleglad for at skallen tok til å bli ullen før ETTER eg og Dùnedain hadde vore og sett Dagfinn Lyngbø på Forum fredagen!! (kort fortalt så var han like herleg som alltid og me kosa oss glugg!)
Bok sju som eg har jobba med siste vekene var eigentleg så godt som ferdig før eg blei sjuk. Eg skulle berre skrive inn eit par kapittel til, rette galskapen og få den avgarde. Men så er det noko med at dei eg skriv om har ei eiga vilje som eg ikkje har kontroll over.
Ein av karakterane mine skulle sjølvsagt setje seg fullstendig på bakbeina og snike seg innatt i historia etter at eg trudde eg hadde send han langt pokker-i-vold vekk. Men neidå. Brått sto han der og gliste, og eg hadde ikkje anna val enn å la han få leggje fram ærendet sitt. Eigentleg er eg glad for han kom inn igjen, for han ga litt meir til skriveria mine når alt kom til alt. Resultatet blei at eg måtte ta vekk fire kapittel som eg hadde planlagd, for han var ikkje så lett å bli kvitt! Så dei siste dagane har gått med til å kjempe med han og endre planane slik at eventyret mitt hang saman.
Men sjølv om manuset blei send til forlaget i gårkveld, så blir eg ikkje arbeidsledig med det aller fyrste.
Me i Alien Ghoti er i gong med eit og eit halvt nytt prosjekt: Ein kortfilm som skal spelast inn til våren/sumaren og ein øvingsfilm der me skal jobbe med å forbetre ljossetjing-skillsa våre. Der skal eg vere både prod.design, sminke og skodespelar, så eg gler meg noko hinsides!
I tillegg skjer det jo litt knytt til release av serien min. Så langt har eg fått litt tilbakemeldingar frå folk som har lest fyrste (og andre? Litt usikker … ) bok, og tilbakemeldingane har vore nydelege. Sånt gjer ein sliten forfattar ganske happy! ^^
I dag skal det ikkje forfattast så mykje vel og merke. Innimellom må eg ta meg av litt meir administrative sider av jobben, så det blir hovudsakeleg budsjett/økonomi, filmprodusent-issues og utforming av synopsis til filmkonkurranse i dag!
Men som bonus, så legg eg ved eit bilete av ei av jentene mine, som sov på magen min i natt.