HaustTakk og utakk!

Eg er eigentleg litt imponert over meg sjølv, sånn kokkeleringsmessig! Det er nesten så eg burde vurdere å starte kokkeblogg! *superhøg på seg sjølv* Noko eg strengt tatt burde vurdere framfor vanleg forfattar for tida; det er jaggu ikkje mykje som føregår sånn kreativt ellers….!

Soundtrack: Nightwish – Ghost Love Score

Det er den tida på året igjen; lista over ting eg vil og bør og skal gjere, er lang som eit vondt år, sjølv om eg i teorien burde konsentrere meg om å skrive. Men med den andre lista i bakhovudet, blir eg i staden sitjande som ein apatisk sau og berre stire tomt framfor meg. Orda som skulle havne i boka forsvinn som ei lett tåke i fjellheimen, og eg sit att og lurer på kvar dagen blei av.
Det er vel det dei som driv med slike ting til dagleg kallar skrivesperre? Dei som skriv altso. Ikkje dei apatiske sauane.

Akkurat no sit eg i det minste god og mett i sofaen, med fyr i peisen og eit stort glas iskald pepsi max, og ein temmeleg avslappa dyrehage kring meg. Dùnedain jobbar på badet; han riv baderomsplater og driv med sånne tekniske ting der ute som eg ikkje er kvalifisert til å forstå. Tidlegare i dag laga han verdas beste kalkunsalat. Sjølv om han gløymde salaten. Og pitabrøda. Men flink er han då, den kadlen min! <3

Når me fyrst er inne på dette med kalkun; i helga arrangerte eg og Dùnedain HaustTakk! Det det blei ein heidundrandes suksess! Eg har ALDRI laga kalkun før, og skal innrømme prosessen totalt (inkludert å lage stuffingen) tok meg cirka 6 timar. Det skulle vel i teorien ta normale folk cirka 4, men resultatet var verdt det. Blei så klam om hjarterota då vår irske ven Derek sa at det smakte som ein irsk jolemiddag! 😀 Anten han sa det for å vere høfleg eller ikkje, så vel eg å ta det til meg, og smiler framleis av fine kommentaren!

Resten av gjestane hadde med ein fantastisk waldorfsalat, ei herleg ostekake (som Dùnedain serverte utan botn! Jiiz, det kjøkenpersonalet eg har kring meg?! Haha!) og superdigg saus med ris….Ris med saus? Psj. Eg åt mest saus med ris. Det er allereie teke opp og avgjort at dette er ein tradisjon som er komen for å bli.

Me fekk til og med GÅVER av dei snille venane våre! Strengt tatt ikkje naudsynt, men IIIIIH for alt som kjem innpakka! Eg hadde btw aldri trudd eg skulle bli den stolte eigar av eit oppblåsbart ljosande reinsdyr?! xD Men takk, Lene og Derek! No er eg i alle fall det! xD

I det store og det heile har det gått kast-i-kast siste veka, sånn omtrent. Huset skulle jo vaskast og ordnast til HaustTakk, og svigerfar var her for å setje opp vedovn, KæssKiss og eg måtte ha oss ein mykje sakna rånetur etter gamalt, og så hadde me Sjonkel Rolf på vitjing, noko som blei sett stor pris på av Elessär som har sakna han masse. Det blei til og med så trist når Sjonkel reiste heim at han måtte sitje litt midt på golvet og grine ein skvett!

Pixie set VELDIG stor pris på den nye vedovnen vår!

Med alt dette, var då planen at me skulle ta igjen den sløve sundagen på etterskot. Me hadde tenkt å liggje fyllesjuke på sofaen heile dagen, glo på Netflix og ete kalkunrestar. Sånn blei det ikkje, så plan B blei å ta det att på måndag. Det gjekk heller ikkje etter planen. Me enda opp med å tilbringe dagen på Lagunen, der me i utgongspunktet skulle handle inn middag for resten av veka, men brått sprang Dùnedain senteret rundt på jakt etter gåver til adventskalendaren vår! Stakkars mannen; alt han må gjennom for dette kvinnfolket han har funne seg….!

Eg på mi side, vakna i dag, fit for fight. Eg hoppa ut av senga (i slow motion, vel og merke.) ordna meg frukost og med ein trufast RedBull i lanken gjekk eg i gong. Med å lese avisa. Og sjå Last Week Tonight. Sjekke Facebook. Skrive to linjer i boka mi, og sletta ei side eg ikkje var nøygd med. Og så såg eg nokre episodar av SlappedHam, og etterpå ga eg opp. Det var ikkje meir i toppetasjen som var verd å få på papir. I staden gjekk eg inn og sov middag. Før middag.
Situasjonen er ikkje unik, vel og merke. Eg er jamnleg temmeleg ubrukeleg etter at det har vore mykje som har stått på. Av og til misunner eg mennesker med “normal” funksjonsevne! Ikkje at eg klagar. Tidlegare hadde ein sånn periode ført til at eg hadde blitt sengeliggjande; deprimert og med angst, rett og slett fordi eg hadde vore mentalt utsliten. No blir eg berre mentalt tappa. Og det er heilt greit! Det går an å hente seg innatt med litt søvn, og berre tømme kroppen for tankane.
Det er spesielt normalt i samanheng med visittane til Tante Raud. That lady’s a bitch. I dagane før ho dukkar opp, gjer ho sånne merkelege ting som å få meg drøyme om born og denslags. At ein kan bli så føkkings melankolsk og sutrete og ikkje minst grumpy og ha så kort lunte som den dama kan gje deg?! Eg HATAR meg sjølv i den perioden av månaden.
Igjen forsterkar det berre så til dei grader alt eg BURDE fått gjort; jolegåver og bilete til jolekort, boka mi, ting som skulle vore rydda og vaska, og midt oppi det heile kjem det frå Dùnedain: -Ja, me skal ikkje gifte oss allereie til sumaren då?
Der og då fekk eg lyst å rive ut alt håret eg til no har spart opp. Endeleg hestehale, og RØTSJ!
NEI søte snille fine deg! Eg klarar ikkje ein gong å fullføre innlegget eg byrja på om planleggjing av bryllaup!? Korleis skal eg då, stressa som eit helvete, klare å planleggje eit reelt eit?!
For all del; det ordnar seg. Men akkurat no var det eit særdeles dumt spørmål….! Og oppfølgjarspørsmålet var kanskje ikkje hakket betre: -Kva med til vinteren….?

 

To av tre i klassen “Største sjarmør med pels”!
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg