Hjartesukk frå den norske fjellheimen

Eg skulle vere flink å blogge, eg. Så skjedde livet. Frå dag til dag føler eg at det ikkje skjer nokon verdens ting nytt i livet mitt, men når eg no såg på kor tid eg sist skreiv noko her, så innsåg eg at livet mitt har vore ganske så innhaldsrikt!

Soundtrack: Haunted – Shane MacGowan, The Pogues & Sinead O’ Connor

På dagtid freistar eg å skrive. Eg har vore i kontakt med eit større forlag, som har meld interesse for ei av bøkene mine. Så, hurra! 😀 Dermed har eg sett meg som mål å skrive 2000 ord kvar vekedag, men eg har til no nådd det målet tre gongar. Eg klarar vanlegvis 7-800 ord, før noko lagar krøll i strukturen.
Handlinga i boka er lagt til 1300-talet, og eg har brukt over ein månad berre på research. Eg blir i overkant irritert når bøker ikkje klarar å vere nokon lunde historisk korrekte, så eg har site med nasa i bøker, avhandlingar, filmar og dokumentarar som tek for seg denne tidsperioden, berre for å vere sikker på at eg ikkje gjer den tabben sjølv. Eg hiv meg over google berre eg skriv inn eit måltid, for å sikre meg at ingrediensane i maten fanst i Noreg på den tida!
Det einaste som var i overkant kjipt, var at boka måtte vere på bokmål. Og som veldig mange har fått med seg, så er ikkje det mitt fyrsteval av skriftspråk. Eg gjekk MANGE rundar med meg sjølv før eg tok ei avgjersle om å gå vekk ifrå nynorsk. For no. I framtida, på eit eller anna tidspunkt, kjem folk til å plukke ned nynorske bestselgjarar frå hyllene i gledesrus, men det er fyrst når eg har fått dei hekta på galskapen.
Håpet er at eg får send inn eit fyrsteutkast før jol, så får me sjå kvar det endar.

Eg har fleire prosjekt i tillegg. Eg og Tommy jobbar med ein ny film, og eg har fått tilbod om ein produsentjobb på endå eit prosjekt over jol. Så om berre verda kan vere snill med meg framover, så har eg kanskje ei inntekt når våren nærmar seg! Noko som hadde vore fantastisk, når ein ser på alt ein treng pengar til i dette samfunnet. I og med at eg har forflytta meg så langt frå folkeskikken som ein omtrent kan kome i Hordaland, så merkar eg i det minste at økonomien har blitt betre! Eg har nesten ikkje shoppa på eit år, samanlikna med det shoppoholikaren min i meg vanlegvis ville gjort! Og berre eit dumt impulskjøp, og det kom på 40 kroner! Haha!
Kjøpte noko på New Yorker som eg trudde var ein fantastisk stileg topp/tunika, berre for å kome heim og oppdage at:
1) Det eg trudde var ein strikk over bringa var ein temmeleg solid stoff-ting, noko som gjorde at den breie brystkassa mi ikkje hadde nubbesjans til å få den på seg
og
2) Det var faktisk ikkje ein topp i det heile! Det var ein sånn bukse/shorts-ting, som er eit klesplagg eg overhovud ikkje støttar. Kven vil KLE AV SEG for å gå og pisse?!
La oss håpe eg har lært at ein bør PRØVE kleda før ein kjøper dei til neste gong….(har gjort akkurat same tabben ein gong før, nemleg. Men den sydde mamma om til verdas søtaste snø-leopard-kjole for meg! <3 )

I går blei Boromir kastrert. Han er dopa på smertestillande, men eg er veldig spent på om han held seg like roleg når han er ferdig å gå på dei. Krage var i alle fall fullstendig utelukka; han tvang seg under sofaen og vrei seg ut av den medan kragen sat fast i sofakanten.
Det var i alle fall på høg tid å få det gjennomført. Guten har vore så full i hormonar at han har klatra opp på Khavi og bite seg fast i nakken hennar kvar sjanse han har hatt. Så ho vil ikkje vere vener med han, og insisiterar på å vere utepus i så stor grad som mamsen hennar kan tillate.

Boromir før ballefjerning. Og ignorer trusetørke-prosessen i bakgrunnen.

 

Elessär var så happy for at veslebroren kom heim, at han måtte liggje med hovudet inni pusehuset og vaske!

 

Papsen og Pixie <3

 

Og så har det vore Halloween! Eg og Dùnedain feira i ei føkkings veke! Det var party hjå Sara, der me stile som voodoo-prest & prestinne, og der eg brukte nesten all mi tid på å planleggje kostymet hans framfor mitt eige. Det tok eg på sparket dagen før! Men det blei knallbra like fult.
Så køyrde me skrekkfilm-veke, og åt så masse snop at me fekk vondt i magen begge to. Sidan ingen kom på døra vår, blei det ekstra masse snop på oss! Ao.

Me såg ganske bad ut, vil eg påstå!

 

Jack O’ Lantern vår!

Sidan eg og Dùnedain er så godt i gong å skape våre eigne tradisjonar, så bestemde me oss like greit for å leggje opp til ein til: HaustTakk. Mest av alt er det for at eg skal ha ein orsak til å lage kalkun! Det er cirka noko av det beste eg veit, rett bak hjortekjøt og kinesisk mat. Og det å faktisk ha eit spisebord er berre heilt fantastisk, for då er det til og med mogleg å gjennomføre noko sånt! Det er noko eg sakna intenst alle åra eg budde på Askøy….Eg lurer fælt på kvifor eg ikkje allereie har gjort det? Kalkunen ligg i alle fall klar nedi frysaren, klar til å bli støffa og servert med digg tilbehøyr.

Det beste som har skjedd i haust må vere at eg og Dùnedain ENDELEG fekk ordna oss ein skikkeleg ferietur saman!! Sidan Gabbi og Harelabb hadde bestemd seg for å feriere på Mallorca, bestemde me oss like greit for å prøve det same, akkurat den veka dei hadde bestilt tur. Og så fann me eit hotell i Palma Nova, der eg var på jente/flatfylla-tur i 2000!
La meg berre sei det var fantastisk. Eg hadde store planar om å blogge der òg, sidan det er noko eg alltid brukar å gjere på ferie, men når me kom heim på kvelden var me stort sett så slitne at me kræsjlanda på senga og sovna. Verken eg eller Dùnedain har ro nok i ræva til å liggje på kvar vår solseng i timesvis, så me leigde bil, og var på road-trips, dyrehage, museum, vitja gamle kyrkjer og borger og tårn, shoppa (jadda, eg fekk shoppa litt. Kontrollert shopping.) og var i theme-parken Katmandu. Me greidde til og med å spore opp gamle Banana Joe’s; stampuben til meg og jentene då me var der nede for snart 20 år sidan!! Men den snertne DJ’en hadde gitt opp karrieren og forflytta seg til nye jaktmarker. Var uansett veldig nostalgisk å sitje der med ein strawberry daiquiri i handa og mimre. Lysholmer ICE er tydelegvis ikkje ei greie lengjer, så eg måtte gå for noko nytt.
Og eg oppdaga at Woo-Woo er ein himmelsk god drink, så lengje den er laga på rett måte! Men det var då på ein annan pub…
Me greidde å karre oss på stranda to gongar, og begge gongane var etter at sola var gått ned. Badeferie meg i rompa.

Dùnedain fann eit tårn han berre MÅTTE klatre opp i!

 

Glad mann har fått ØL!

 

Den eine av dei to badeturane våre….
Me oppdaga at det var ingen skåler i leilegheita vår! Så i nauden et Fanden fluger.
Til mitt forsvar snurra denne tunnellen, og stakkaren bak meg blei sjøsjuk, så derfor er det eit i overkant blørri bilete.

 

Eg har som kjend store problem med å ikkje posere når sjansen byr seg…

 

KATMANDU!!

 

Wohoo! Ein Woo-Woo!!
Nydelege einhjørning/feen eg fekk i gåve av Gabbi & Harelabb på turen! ….kvifor overausar folk meg med einhjørningar og hovudskallar tru?? xD

Ellers har eg slite med ein hersens hoste i snart to månadar. Det er byrja å bli betre, og legen meinar det berre er eit virus som må gå over av seg sjølv. Me ventar på ny peis i stova, og eg har fått blod på tann kring idèen om å få pussa opp kjellaren til soverom med walk-in closet og nytt bad. I går var det såpass påtrengjande kreativitet på feltet at eg måtte designe badet og innreie det. Det hadde blitt awsomt.
No har eg vel og merke budd her oppe i fjellet i snart eit år, og eg har endå ikkje posta bilete av innsida av huset, slik eg lova folk på nettet!! :O Så, det står på to-do lista mi. Samt ta bilete til jolekort.

Tl;dr: Det skjer ganske mykje meir enn det eg trudde, og eg har det ganske travelt. Derfor er eg blant dei sløvaste bloggarane i cyber space.

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg