Du Vet Hvem Jeg Er – Sidsel Endressen

Vinteren kjem. Så eg pakkar meg ned under tre tepper i sofakroken, tenner stearinljos og røykelse, vurderar ein kopp te, og har flokken samla kring meg. På Spotify surrar lista mi med haustsongar, i påvente av at tida skal kome når eg kan setje på jolemusikk. Men fyrst er det Halloween <3
Klovnekostymet mitt er klart. Graskaret står klart til utskjering oppå kjøleskapet. Planen var å ta den jobben i kveld, men så kolapsa Dunedàin, som skulle vere min medkuttar, og måtte kapitulere og finne loppekassa. Klokka 20. Stakkars mannen. Han har verkeleg snudd døgnet siste månaden….

Eg orkar ikkje gå i detalj for alt som har feila meg siste tida. Det har vore kular og oppskjæring og blod og spy og Fandens oldemor. Ho veit å blande seg, den dama.
I ein periode klarte eg rett og slett ikkje å løfte hovudet frå senga. Eg sov minimum 14 timar i døgnet, og psyka mi var så i kjellaren som den ikkje har vore på årevis. Eg gjekk ned 5 kilo på under tre veker, fordi maten ikkje ville bli der eg putta den. Enkelte dagar klarte eg ikkje ein gong å drikke. Redninga har vore kirsebærsaft frå Lerum og Mariekjeks. Det har på eit vis fått blitt i magen, sjølv om det verken har vore noko næringsrikt eller energirikt. Vombafyll, som me seier heime. Eg skal vere å så ærleg at eg ikkje klarte å sjå for meg at eg skulle klare å bli frisk og oppegåande igjen, og hadde mest lyst å gjere kort prosess.
Men så skjedde underet! Mirakelet! Kvitt ljos og ljomande trompetar! EG BYRJA Å BLI BETRE!!
Brått var eg oppegåande nok til å stå opp om morgonen, og faktisk -bli- oppe! Eg klarte å gjere husarbeid, ta meg av dyra mine, sitje oppreist, ete mat….Det tok litt tid før eg klarte å kome meg ut og rundt omkring, men før eg visste ordet av det, var eg tilbake i jobben mine, og følte meg som verdas heldigaste menneske!

Så, då var verda ein smule oppdatert. Og eg skal halde fram og pleie skrivekløen. Til sist tenkte eg å inkludere eit lite blinkskot av flokken (minus pippegutane mine; dei sit på kjøkenet og syng!), særleg med fokus på Elessär, som tydelegvis har the time of his life i sofaen! xD

Soundtrack: Mrs. Robinson – Simon & Garfunkel

Det er veldig sjeldan at eg har mareritt. Eg kan ha ubehagelege draumar, men det dei fleste ville definert som eit mareritt, er som regel ting eg syns er superunderhaldande, og eg blir frustrert når draumen tek slutt. Eg ville jo vite korleis dette enda!
Men i natt hadde eg då ein av dei draumane som gjorde at eg låg stiv som ein stokk og stira framfor meg i fleire minutt, før eg slo på ljoset og våga å sove igjen. Det var ikkje handlinga som var skremmande, men måten hjernen min leikar regisør gjennom historia.

Det starta med ei blond, ung dame. Det var ikkje meg; eg observerte berre det som skjedde, litt som om eg såg ein film som var filma delvis i hovudpersonen sitt POV. Ho var kledd i ein rosa fluffy fjærvest, tøflar og shorts, og det føltes som om ho var midt i prosessen med å anten gjere seg klar til å gå ut, eller akkurat var komen heim og på veg til sengs.
Brått er det ein annan person i huset med ho, som viste seg å vere hennar eigen dobbelgjengar. Denne personen angreip karakteren, og drap ho med kniv. Så byrja historia på nytt. Igjen blei ho drepen, men på ein ny måte. Og så skjedde det igjen. Denne gongen var hovudkarakteren litt meir obs på at noko ikkje stemde. Ho var redd. Og endå ein gong blei ho drepen.
Då ho igjen var tilbake ved start, greidde ho på ein eller annan måte å unngå mordaren, berre for å oppdage at det ikkje var ein dobbelgjengar, men snarare nokon utkledd som ho sjølv, iførd ei maske. Ho fann ei slik maske under eit bord, tok den på seg, og freista å unngå mordaren. Ho blei klar over at det konstant “spawna” nye versjonar av ho sjølv, samt nye mordarar. Mordarane var nye og ulike menneskjer heile tida, iførd masker.

Så kobla hjernen min inn, for no forstod den at dette ikkje kom til å skremme meg, og eg var ein av dobbelgjengarane i historia. Saman med orginalen, og ein annan dobbelgjengar, barrikaderte me oss på eit bittelite bad. I panikk freista me å klatre ut vindauga, men oppdaga at mordarane hadde spikra att vindaugo. Eg og den eine dobbelgjengaren freista å halde att døra, for den gjekk ikkje an å låse, medan orginaldama freista å bryte opp vindauga. Så står brått nokon på andre sida av glaset og freistar å slå seg veg inn! Ei ung dame greidde å ta seg inn, og me slåss med ho og fekk vridd kniven hennar ut av handa på ho. Men i prosessen, glapp døra opp, og eg såg min med-klone får ein kniv over strupa gjennom glipa i døra, før eg sjølv forsvann inn i mørkret, og forstod at dei hadde klart å ta knekken på meg òg.

Så langt var det intenst, men overkomeleg. Så kom den som fekk blodet til å fryse til is inni meg. Historia utspann seg på ein TV-skjerm. Ei reporter-dame snakka om dei brutale drapa, og eg var bak ein fyr som sat i ein sofa og såg på. Så kom musikken. Åh, herregud. Den musikken. Eg kan ikkje forklare kva som fekk hjarta til banke seg veg gjennom brystkassa mi, men trommene, songen….Det var blod overalt, og det var merkelege, farga ljos-flash i rommet. Så kom det kravlande ei kvinne bortover golvet; ho mangla eit bein, var tilgrisa i blod, og kledd i lakk og lær. Så kom det fleire. Den same kvinna, men alle var skada på ulike måtar. Forvridde, såra og blodige. Alle var kledd ulikt, med ulike frisyrer. Dei var same person, men samstundes ikkje. Eg var ein av dei.
Mannen i sofaen snudde seg. Andlete hans var fult i kutt og glasskår. Av ein eller annan grunn måtte me kome oss vekk ifrå han. Og ruta gjekk oppover langs veggane, mot taket. Mot eit kvitt ljos der oppe. Medan musikken held fram.


Eg slo opp augo, og heiv etter pusten. Eg blunka nokre gongar, slo på ljoset og innsåg at det er kanskje ein god ting at eg ikkje er ansvarleg for sound traxx i filmverda.

 

Soundtrack: Khavi’s song

Det ligg ein pus på fanget mitt, og syng om betre tider. For matmor, om ikkje anna. Khavi sjølv har det heilt supert.

Jepp, dette er eit sutreinnlegg. For eg skal så absolutt innrømme at dette byrjar å ta skikkeleg på. Eg HATAR å vere sjuk. I alle fall når det ikkje er teikn til betring!
I går var eg hjå legen. Igjen. Og nok eit “hm” blei ytra frå medisinmannen sine lepper. Tilbake til operasjonsbordet, fram med skapellen og sprøytene. Heldigvis lamma dei halve sida mi og vel så det denne gongen, og eg slapp å liggje der og vri meg som ei vaskefille kring joletider.
Vondt var det like fult, men mindre vondt. Takk og pris.
I etterkant har det likevel ikkje vore noko betring; eg er framleis kvalm, orkar overhovud ingenting, og ligg i halvsvime mesteparten av tida. Mat er ein u-ting; orkar berre eit par munnfull, og så seier det stopp. Innimellom fungerar eg litt, og kløøøør etter å gjere noko fornuftig, men like fort som den kom, er energien vekk, og eg kunne ha sovna ståande.

Så då lever eg på te. Av ein eller annan grunn hjelp det noko; eg blir litt mindre kvalm. Ikkje ein gong sjokolade er noko trøyst, og i mitt tilfelle seier det ganske mykje!
I mitt paranoide sinn byrjar teoriane å samle seg opp. Eg har sikkert fått sidekreft. Eller munn – og klovsykje. Ebola. Eller som Dunedàin foreslo i går: Harepest. Det er rikeleg av diagnoser å ta av med min rike fantasi!
Legen sa han skulle ta meg inn igjen på måndag, og dei tappa nok blod til å halde liv i ein mindre vampyrlandsby i går, for å freiste å finne ut kva som eigentleg er gale med meg. Eg for min del tviheld på min gamle livsfilosofi om at om ein berre er pessimist, så slepp ein å bli skuffa!
La oss håpe det. Dei andre gongane dei har slite med å finne ut kva som er gale med meg, har dei til sist avslørt både diabetes, helveteseld og ein gong eit merkeleg virus som dei ikkje kunne forklare på annan måte enn at “det minnar om kyssesykja”.
Eg veit ikkje heilt kva glea skulle vere i dei situasjonane, anna enn at dei faktisk fann ut kva som var gale. Ingen av sykjene var eller er noko vidare å rope hurra over.

Så eg ventar i spenning, og freistar å klekkje ut eit fiffig namn på denne nye utfordringa eg skal gje legestanden denne gongen. Eg reknar med dei lar meg namngje den, sånn type in the name of science? Lukritzia Undergongus høyres passande og fengjande nok ut, vil eg påstå.

Soundtrack: World of WarCraft – Boralus Theme

Eg kraup til korset i dag. Eigentleg hadde eg fått legetime neste fredag, men eg trudde den var i går. I morgon er det ei veke sidan verkebyllen min ikkje ville meir. Pixie gjorde eit hopp, og eg sa POPP, og i etterkant av dette har eg skifta plaster og tørka gørr to gongar dagleg. La oss sei det slik: Det byrja å ta på.
Så etter ei nattevakt der eg følte eg hadde feber, kaldsveitta, følte at verda snurra og kvalmen ulma som berre juling, ringde eg i dag til legevakten.
-Såret gror ikkje, og eg føler eg har hatt feber i natt. Sidan eg har diabetes tek eg til å bli litt paranoid, sa eg til sjukepleiardama i telefonen. Ho meinte ikkje eg var paranoid (takk og pris!!) og ba meg stikke innom i 14-tida.

Så eg gjorde akkurat det. Det blei tre timar på legevakten, og eg hadde berre fått i underkant av 4 timar med søvn, var kvalm og uggen, og sat på venterommet og hangla.
Til slutt tok legemannen meg inn. Eg forklarte situasjonen, og han løysna bandasjane mine.
-Hm, sa han. Aldri eit godt teikn.
-Hm??
Eg kjende magen knyte seg. “Hm” er aldri eit godt teikn hjå legen.
-Me må inn på eit anna rom, sa han. Det lova heller ikkje bra.

Han tok meg med inn på eit mini-operasjonrom. Eg likar å kalle det for akkurat det. Dei hadde stor lampe i taket. Ergo: Operasjonsrom.
Igjen klemde han litt på såret mitt.
-Det er som drueklasar inni her, sa han. Eg var freista til å sei: -Tusen takk, eg har laga dei sjølv! (men beit det i meg)
-Så, kva er planen, spurde eg. Han byrja å finne fram verktøyet sitt medan eg vagla meg på bordet.
-Eg må skjære det opp, sa han. -Eg skal lage eit lite kryss og fjerne det som er inni.
-Det høyres ut som ein fantastisk idè, svara eg nervøst.
-Har du fått bedøving hjå tannlege før?
-Ja, eit par gongar. Men det er ikkje noko eg syns noko særleg om, sa eg. Han humra.
-Nei, dei færraste gjer nok det, svara han og fann fram sprøyta. Han fjerna plasteret, medan eg fortalde at han måtte vere veldig snill med meg, for eg slit med agliofobi.
-Eg kan knekke foten, og tru eg kan gå det av meg, pokker så tøff i trynet, sa eg. -Men når eg veit eller forventar at noko kjem til å gjere vondt, får eg heilt panikk!
Han lova på tru og ære at han skulle vere varsam, før han la til: -Eg brukar den sterkaste bedøvelsen eg har, men grunna betennelse i vevet, vil du nok kjenne litt likevel….
Så stakk han. Det varte i cirka fem timar for kvart stikk. Minst. To stikk. Og så seier han: -No skal eg berre setje eit stikk midt nedi såret.
-Ja, det høyres jo ut som ein strålande god idè, utbraut eg. Han lo litt igjen. Og eg skreik litt.

-Det er lov å banne, sa han.
-Eg gjer mitt beste for å la vere, svara eg. Litt blei det likevel. På eit tidspunkt skreik eg mellom samanbitne tenner: -Inni helvetes svartaste gamperæva!!
Verken sprøytene eller at han skar i meg var det vondaste. Og medan han stod der og stira ned i krateret i sida mi, konkluderte han med at det var ikkje så ille som han hadde frykta.
-Ille nok, kjennest det ut som, argumenterte eg, der eg låg halvvegs i fosterstilling og beit meg sjølv i armen.
-Vil du sjå det eg fekk ut?
-NEI!! Då gjer det berre endå meir vondt!!
Han humra igjen. Han klaup og pressa og skylte med noko som isa og svei langt inn i marg og bein. Midt i det heile fekk eg til og med ein liten pustepause. Blodet rann, og eg freista å halde fokuset på “my happy place”. Det stod ikkje så bra til der heller; noko anna hadde eg heller ikkje forventa når nokon stod med ein skapell over ribbeina mine.

Eg anar ikkje kor lang tid det tok, men til slutt var han ferdig. Han hadde fjerna nokre gufne kvite klumpar frå meg. Eg blei plastra saman, og fekk med meg antibiotika og sjukemelding med heim.
Kvit som eit laken og kvalm som ein alke (skudd i mørkret; eg veit ikkje kor kvalme alkane eigentleg er….) sat eg ei stund etter i bilen. Snille Dùnedain kjøpte is og kryssord og sjokolade og chips til meg, og sa han var kjempestolt av meg som hadde kome meg gjennom det. Han VEIT kor hysterisk redd eg blir av sånne ting. Og eg følte meg ganske tøff sjølv òg, trass i at eg føler meg litt mørbanka. Det blir ei lita stund til eg skal løfte på bandasjane og sjå kva som har skjedd der, og glad er eg for det! No får såret berre vere vondt, eg vere dopa og kroppen få kvile. Så kryssar eg fingrane det eg klarar for at dette var siste kapittel i den særs grusame helsehistoria mi frå 2018.

Soundtrack: Kirsten Bråten Berg – Spurv på en snor

Eigentleg hadde eg tenkt at denne bloggen skulle vere fri for all sutring bortsett frå den noko sjølvirnoiske typen. Men når det kjem til stykkje, så er det ikkje heilt likt meg. Eg har ofte fått kritikk for at eg for open, anten eg snakkar eller skriv om sex eller psyke, det merkelege livssynet mitt eller barnslege måtar å sjå livet på. Men eg er ærleg om det, og eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg ofte ser meg sjølv i speiglen og lurer på om eg eigentleg er litt tilbakeståande.
Eg trur ikkje eg er det. Men det skjer at eg lurer litt.

Akkurat no har eg ein liten nedtur. Det er ikkje så ille som det har vore tidlegare; kor mange gongar har eg ikkje site der med ein kniv eller eit tau i handa, omringa av tablettar eller stått på eit stup og vurdert å hoppe?
Det er fortida mi. Dei siste fem-seks åra har eg jobba hardt med meg sjølv. Eg har klart å kome meg i jobb, eg føler meg lukkeleg, og eg slit ikkje lengjer med tanken på sjølvmord eller den evinnelege kjensla av at eg sit i eit svart hòl som eg aldri skal klare å kome ut av. Eg har sett at det er håp, og at det er ljos i enden av tunnelen. For ti år sidan såg eg ALDRI for meg at det skulle vere tilfellet.

Men i det siste har eg merka at det har bygd seg opp ein vannvittig klump i magen, som eg kjempar mot dagleg. Ein trong til å skrike, grine, grave meg ned og forsvinne. Det er slitsamt. Vannvittig slitsamt.
Her om dagen stod eg på jobb med ein så stor klump i halsen at eg måtte svelgje fleire gongar før eg prata til kundane. Den kjensla av at det ljoser av augo dine at panikken veks i deg, og den grusame murringa som startar i botn av magen og breier seg i heile kroppen, og du trur alle kan sjå korleis hendene dine skjelv.
Eg overvann det denne gongen òg, men blei gåande og tenkje på det i dagane som følgde. Og no er me her. Eg er sliten. Forferdeleg sliten reint mentalt.

Så kvifor? Kva er det som er grunnen til at dette skjer igjen?
Vel, eg skreiv tidlegare i dag om korleis dette året har vore eit fysisk mareritt for meg. Ein ting var før, då immunforsvaret mitt var så godt som ikkje-eksisterande, og eg pådrog meg influensa berre nokon naus på fastlandet. Folk kunne i det minste sjå at eg stod der med rennande nase, blanke auge og var likbleik i trynet. Kaldsveitten rann og kroppen ga rett og slett opp.
No er det mindre tydeleg at eg er sjuk. Ingen kunne sjå smerten i kneet mitt medan eg freista å halde meg på beina. Dei kunne sjå at eg halta, men smerten var det berre eg som kjende. Kor vondt det faktisk var. Det er ikkje direkte usynleg at eg går med ein kul i sida som har vokse til størrelsen av handflata mi på to dagar. Men den er gøymd under kleda. Det eg klarar å ha på meg, vel å merke: Tynne toppar som er minst mogleg borti meg. BH er ein gløymesak. Eg får vondt berre eg ser på dei.
Den minste kontakt med noko som helst får meg til å skrike, og eg er freista til å kneble venstrearmen fast på brystet, for å vere sikker på at det ikkje kjem så mykje som eit fiber borti meg.

Og då kjem det: Kjensla av å vere så borti natta ubrukeleg. Ein gryande angst for at omverda ikkje skal tru meg; at vener, familie, kollegaer og alle eg møter på min veg skal tru at eg diktar opp all elendigheita. Anten det skulle vere for sympati, eller for å sleppe å gjere noko. Så då sit eg der, med boblande dårleg samvit for kjærasten min som knapt kan få ta i meg fordi alt gjer vondt, for alt eg skulle ha gjort i hus og heim, for alt og alle eg føler eg forsømmer. Eg blir kvalm av heile opplegget.
Det tek meg tilbake til ei tid der eg trudde eg skulle døy før eg fylte 30, og tankane om at eg ikkje dugde til ein skit og var ei belastning for alt og alle kring meg, og derfor burde ta livet av meg sjølv for å hindre at nokon måtte ta del i mine byrdar. Fysjom. Eg vil ikke dit igjen.

Ein gong kjempa eg med nebb og klør og det vesle eg hadde av krefter for å få hjelp. Eg var så letta då eg omsider fekk kome til ein psykiater, men det tok ikkje mange vitjingane før han konkluderte med at eg var frisk nok til å avslutte behandlinga. Eg var ikkje imponert. Fordi om eg hadde ein liten periode der eg følte meg relativt ok, visste eg at det ville kome tilbake. Det gjorde jo alltid det. Og eg fekk rett; brått var alt det svarte og fæle tilbake, og eg bestemde meg for å kjempe på eigahand.
Det har alltid vore masse fantastiske mennesker i livet mitt som ville hjelpe, men eg ville ikkje vere ein byrde. Ville ikkje at nokon skulle bry seg, bruke krefter på meg eller at eg skulle slite dei ut med mitt negative syn på livet, sjølvhat og alt som følgde med.
Det som hjelpte meg, var å slutte å tenkje utover augenblinken. Eg lærte meg å leve NO, og ikkje tenkjer verken framover eller bakover. Litt typen “lev som om kvar dag er din (fyrste og) siste “. Og det funka!
Eg slutta å bry meg om kva nokon i verda måtte tenkje om meg. Eg byrja å leve som MEG, og syns folk eg er sær og rart, så er det deira problem. Eg lærte å elske meg sjølv.

Hjernen gjer opprør av og til, sånn er det vel for dei fleste av oss. Og nokre gongar er det forferdeleg tungt. Eg er verdas heldigaste menneske, med ein jobb eg elskar, fantastiske vener, nydeleg familie (inkludert dei med poter og vengjer!!) ein kjæraste som elskar meg så høgt at han hintar frampå at han vil gifte seg med meg, og eg manglar ingenting. Så eg blir så sint på meg sjølv når eg er så priviligert og likevel slit med angst og depresjonar! Kor mange gongar har eg ikkje sparka meg sjølv i leggen og skjelt meg sjølv ut med både indre og ytre stemmer for at eg er så lite takksam?
Fleire enn eg kan telje.
Eg kan ikkje noko for at kroppen min har bestemd seg for å bryte saman og gjere livet mitt surt for meg. Det får bli den sitt problem. Eg er fast bestemd på å ikkje gje opp, men kravle ut av det dumme hòlet eg har snubla nedi, før eg når botn. Eg veit kor kjipt det er der nede. Skite er det òg.
Så frå meg til meg sjølv: Ikkje gje opp. Du står snart rak i ryggen med begge beina på jorda igjen. 2018 var kanskje eit fysisk dritår, men du gror saman att, skal du sjå! Før du veit ordet av det, svingar du seidelen og feirar livet atter ein gong. For det er verd det. Kors på halsen.

Soundtrack: World of WarCraft – Boralus Theme

Au.

I går måtte eg kaste inn handkledet og sei at eg blei vekke frå jobb. Om det var omgongssykja eller berre noko heilt anna veit eg ikkje, men det var uggent i begge endar, for å sei det slik. I tillegg har eg strekt eller slite ein muskel over brystkassa, så alt av hosting og brekningar fekk meg til å jamre i smerte.
Fantastisk. Dette året kan snart ikkje bli betre.

Fyrst var det kneet. Eit halvt år utan å kunne gå noko vidare, og med håplaust søvnmønster fordi eg vakna kvar gong er rørte på meg i senga. Eg blei operert, og så var det opptrening og sting og fandens oldemor. Akkurat når eg tenkte at NO fungerar foten heilt fint, skjer det noko rart med skuldera mi, som gjer at eg ikkje klarar å løfte ting og det å snu seg i senga blei atter ei pine. Flott. Heldigvis går det over, tenkte eg, før eg tek eg eit svalestup ned ei trapp i mørkret, og skadar musklane i brystkassa. Ein muskel som tydelegvis går heilt bak i ryggen, for brått verk det kring halve overkroppen.
Men me er ikkje ferdige der! No sir!
Introduserar verkebyllen eg sleit med for 4-5 år sidan. Eit lite helvete på venstre side, som startar som noko som minnar om ei kvise, og veks seg til ein liten golfball med verk. Og det er VONDT. Berre noko kjem så vidt borti, skrik eg av smerte. Det er vondt å liggje, det er vondt å gå, det er vondt å røre armen.

For å toppe det heile; medan eg er dårlegare enn ein middelaldrande kar med man-flu i går, presterar pelsball Elessär å rulle utfor eit stup. Han blei slapp og pjusk, og byrja å kaste opp. Dyrlegen neste. Heldigvis hadde det gått bra; han var noko mørbanka, men ellers var han i fin form då kvelden kom. Heldigvis. Stakkars Dunedàin var stille fortvila, og sikker på at voffen måtte vandre til dei evige jaktmarker der ei stund!

I dag held eg senga. Berre avbrote av eit og anna måltid, litt WoW når formen tillèt det, og ein tur på vetlahuset no og då. Sånn til orientering.

 

Soundtrack: Slipknot – Wherein Lies Continue

I går var fyrste dag på jobben hjå Filmselskapet AS etter ferien. Tommy hadde lagt ferien sin til Tokyo i år, og han har ei viss forståing av min facinasjon for landet han var i. Eg hadde bedt han å sende kort, for eg har overhovud ingen Japan-kort i samlinga mi! Eg ELSKAR å få postkort, og målet er å klare å samle kort frå folk i heile verda på eit eller anna tidspunkt!
Men Tommy hadde sånn omsut for meg, at han returnerte like godt med ein goodiebag til meg, han! Med kortet oppi, for trass i at han hadde kome så langt som å klistre frimerke på, var det aldri havna i nokon postkasse! xD

Eg opna den på kontoret; eg er altfor nyfiken til å klare å vente. Og alt som kan pakkast opp er gøy-gøy-gøy!!
Men ein skikkeleg oppakning klara eg å drøye til eg var komen heim i stova mi.

På toppen låg det då eit kort frå Mount Fuji, altså ovanfornemnde kort som aldri fekk sjå innsida av ein japansk postkasse.

Tommy meinte det var ein hund som var på bilete, medan eg framleis står fast på at det er snakk om ein rev. Eg likar for så vidt begge delar, og sidan Tommy er den som faktisk har vore der og sett kva som spring i tempel-trappene, så skal eg gje han medhald i at det er ein slags hund. Ein revehund, eller noko sånt.

Deretter var det ei MARVEL-sminkeveske MED GLITTER!! Den var rett og slett awsomme! Made in China, bought in Japan! xD Men like fult. Eg har i alle fall ikkje hjarte til å gøyme den vekk i ei skuff, så dette er herved det nye penalet mitt!
Tommy hadde til og med gøymt litt go’saker inni penalet!

Fyrst var det ei magnet med fleire revehundar!

Og så denne pussifistiske boksen då? I og med at eg ikkje er så stødig i japansk, så er eg framleis litt usikker på nøyaktig KVA dette eigentleg er for noko….

Inni pakken sat denne vetle karen! Eg veit ikkje heilt sikkert kva det er, men eg mistenkjer det er ein slags collectible-ting, litt sånn som FunkoPOP! kanskje? Det har eigentleg ingen funksjon bortsett frå at dei er artige? Den lyser jaffal i mørkret, og er ganske så søt! ^^

Og så var det ein liten vaskebjørn med! Sånn som ein har på ladekabelen! Har alltid hatt lyst på ein sånn! Denne var til iPhone, men det klaffa nokon lunde til ein Huawai òg, sånn sett!

Så var det denne då! Grøne brownies?? Særs interessant! Grøn te-brownies!

Visstnok heilt ekte, til og med!

Vonar dei smakar noko betre enn dei ser ut; eg er generelt skeptisk til grøn mat som ikkje har vokse naturleg i skog og mark! :op

Here goes nothing!

Positivt overraska!! 😀 Om nokon stikk til Japan i nærmaste framtid, ta gjerne med litt brownies heim! 😀

og så var det ein søt, liten boks til nedi posen!

Iiiih! Bitteliten snowglobe med ein japansk lukke-katt! 😀

Så utruleg gøy! 😀 Overraskingpakkar er berre bestaste! <3 Du rular, Mr. T! ^^

Soundtrack: Usher – You Make Me Wanna….

Eg vågar å påstå at eg har ein unik eigenskap i forhold til å forstå dyra mine, og at eg er ei ganske god dyremamma. Menneskeborn hadde eg aldri våga å ta på meg heiltidsansvar for, men dyreverda og eg har alltid gått som hand i hanske. Stort sett. Det finst nokre unntak, utan at eg skal gå nærmare inn på dei no.

Nokre pussige løysningar må til når ein kvalpesikrar huset sitt. Særleg når dei som frå før bur her, er van med å få maten sin servert på kjøkengolvet, og kan gå dit og ete når det passar dei. Verken Khavi eller Pixie et meir enn til dei er mette, og så får maten stå til dei blir svoltne igjen. Pixie et sin mat, og Khavi held seg til sin mat.
Ein schäferbaby er ikkje akkurat av same oppfattning; Elessär hiv seg over alt han kan finne av tørrfòr, og momsar i seg rubbel og bit om ein ikkje passar på.
Derfor er det no innført etasje-mating her i huset. Klatre – og klorestativet til Khavi er på fire etasjar. Den øverste er det berre ho som kjem seg opp i, og derfor står maten hennar no på toppen. Etasjen under kan Pixie hoppe bortpå frå sofaen, så det er hennar matstasjon.

Elessär får maten sin på kjøkenet. Han har matskål på golvet, og får mat to gongar om dagen. Eg lever i håpet om at han skal få same haldningen til mating som resten av flokken, men det får tida vise.

Vidare er det innført skift-soving her på bruket. Elessär treng å luftast MINST kvar tredje time for å unngå uhell. Og stort sett går det greit. Han søv masse, så det er nok av moglegheitar for oss å duppe av litt innimellom. Men for å unngå at me må stå opp i hytt og pine utan å få samanhengjande søvn, søv me no på skift. Ferien min er over for denne omgong, så Dùnedain blir heimeverande pappa framover. Og når minstemann fyrst er vaken, må ein vere på vakt, så han ikkje et eller gneg på ting. Alt er kjempespennande, og må undersøkjast. Eg har eigentleg funne ein teknikk som virkar på det meste i forhold til å bite på ting han ikkje skal, eller meg sjølv for så vidt. Om han gneg på sofakanten eller ein sko han har snike seg avgarde og funne, blåse eg han varsamt i andlete. Det er skikkeleg pyton, så han stoppar omtrent momentant. Så avleiar eg merksemda hans til ein leike.
Om han bit på meg, lagar eg ein pipelyd som han tydelegvis ikkje syns er noko særleg, og stoppar i det han slepp taket. Så langt har det vore super-effektivt!

Men alt går etappevis her i garden, inkludert dette innlegget. Eg rekk cirka å skrive ti ord før eg må springe avgarde og redde eit golvteppe, ei bok eller avbryte eit raid i kattekassen.
Sistnemnde er eigentleg det som har vore mest problematisk; kattekassen. Pixie har aldri hatt noko vidare trong til å stikke snuten inn der, fisefin som ho er, men Elessär syns det er eit evig og utømmeleg kammer av fantastisk aroma. Så, litt trøbbel der. Og akkurat i det eg var ferdig med innlegget, så sovna røvaren på føtene mine! Pixie har funne roen ved sidan av meg, Dùnedain er komen i seng, og Khavi ligg lett slengd over sofaryggen. Så då kan kanskje freden senke seg i….tja, ti minutt?

Måndag landa flyet mitt på Flesland klokka 10.26, og totalt hadde eg fått litt over 4 timar søvn natta før. Det tok meg to RedBull nesten på rappen for å halde gluggane opne, og eg drog på ein koffert som kunne ha romma ein liten familie på campingtur. Ein sekk tung som bly, ein plastpose full i taxfree-varer og ei veske med naudsynte fly-artiklar over skuldera. Det bles nordavind frå alle kantar, og iskalde regndråpar var det fyrste som ynskja meg velkomen heim.
Heim til Dùnedain, Pixiebelle, Khavelusk og pippegutta mine <3 Så får det heller vere at det blei mange timar på flyplassen, gørr-ekkel frukost (det var ikkje måte på kor mykje majones dei skulle putte i baguetten min som eg kjøpte i hurten og styrten, for ikkje å snakke om at eg ba om cola zero og fekk cola….Kunne ikkje forstå kvifor eg drakk og drakk, og var like tørst?! xD ) og eit aldri så lite overforbruk i taxfree’en. Men eg var flink; eg kjøpte INGEN kosmetikk, for eg har for nemleg bestemd meg for å bruke opp det eg har! :p

Då Dùnedain omsider svinga inn framfor flyplassen, var verda heilt perfekt igjen. Me konkluderte begge to med at det er FÆLT å vere vekke frå kvarandre, og at me elskar kvarandre så masse at me blir litt svimle begge to, og at neste gong me reiser på ferie, skal me reise i lag. Me er så søte at ein kan få hòl i tenna av mindre….
Så reiste me avgarde og henta Elessär Eärendil, verdas nydelegaste vetle schäfer-gut. Dùnedain var, og er framleis, stolt som ein hane over nurket, og beibisen vår følgjer oss hakk i hæl kvar me enn går. Namnet hans er henta frå Ringenes Herre, sånn i tilfelle nokon lurte. Elessär var allereie bestemd (namnet til Aragorn då han blei konge), men den kvite stjerna i panna til voffen, gjorde at han i tillegg måtte få namnet Eärendil, etter Eärendil Sjøfareren, som bar Morgonstjerna i panna. Så der, sånn i tilfelle nokon lurte.

Han er rett og slett perfekt. Han er audmjuk, utan å bli skremmande underdanig. Han lærer på 1-2-3, han er kosete, roleg, nyfiken, venleg mot alle….Kort sagt; ein herleg kosebamse med eit hjarte av gull. Han er til og med LANGT på veg stoverein, og dei små uhella som har vore må klandrast på oss som ikkje har reagert for nok når han har gitt beskjed. Han kan allereie sit og kom, har forstått namnet sitt, og eg kan rett og slett ikkje skryte meir av denne nye ungen min!! <3

Resten av flokken er vel så som så når det kjem til synet på dette nye flokkmedlemet. Pixie furtar, for ho vil jo helst vere minstejenta og prinsessa i huset. Så ho furtar, og Elessär blir stort sett møtt med snerring og sure grynt. Me freistar å gje ho så masse merksemd som overhovud mogleg, sånn at ho ikkje skal føle at alt fokuset ligg på veslebroren, og eg tenkjer eg prøver å ta ho med til Krisse-papsen når moglegheita byr seg.

Det er snakk om baby steps foreløpig, men det går betre og betre med forholdet mellom dei. Så me jobbar oss mot det målet at dei blir gode vener på sikt. Ingen har til no mista nokre lemmer, og Pixie bjeffar så absolutt meir enn ho bit! Det er ikkje akkurat den heilt store tanngarden å snakke om i kjeften på den jenta…

Khavi derimot, er noko ambivalent.

Ho kavar seg ikkje opp på nokon måte, men er ein smule skeptisk om broren kjem for nær. Litt sutrete fordi ho ikkje får ut, men eg kjenner ho så godt at eg VEIT kva som skjer om eg slepp ho ut no. Det blir ei veke på hurra-tur, det! Ho nektar å kome heim før balansen er gjennoppretta….Og sidan Elessär no er her på permanent basis, så skjer ikkje det akkurat. Dermed er ho inne-bunden fram til ho har akseptert han. Heldigvis er ikkje Elessär på nokon måte overdrive innpåsliten eller aggressiv, så det går nok fortare enn eg i utgongspunktet frykta. Khavi er i tillegg ikkje ein pus som har vanskeleg for å akseptere andre dyr.

Og dei to minste broremannane, Frost og Fimbul? Dei drit i heile den nye bikkja, bokstaveleg talt. I går var dei til og med på golvet og hoppa, og på det tidspunktet var det nok mamsen som var mest nervøs her! xD

Alt i alt er eg pr. no verdas stoltaste 5-borns mor. Og innser at det så absolutt blir naudsynt å leite etter større kåk når det går mot vinter….

Soundtrack: Klimaanlegget…

Så var eg ferdig i Polen. For denne gong, i alle fall. I dag har det blitt masse museum, litt shopping, og ein siste tur på PizzaHut for å momse pizza med ost INNI skorpa. Det er faktisk ganske episk! Fuck you, Domino! Det var PizzaHut me skulle fått, når dei på død og liv skulle fjerne Dolly!! *snufs*

Med det pakkar eg ned data’n, og satsar på å få laste opp litt bilete etterkvart, sidan så mange av bileta er i RAW-format. Vil nok ta litt tid å konvertere, er eg redd…Men den tid, den sorg. No skal eg lalle, og i morgon på denne tida, er eg tilbake i armane til Dùnedain’en min! Med ny beibi som skal halde oss i ande den nærmaste framtida! Slett ikkje den verste måten å avrunde ferien på! 😉