Sjelevrenging og djupe tankar i natta

Soundtrack: Kirsten Bråten Berg – Spurv på en snor
 

Eigentleg hadde eg tenkt at denne bloggen skulle vere fri for all sutring bortsett frå den noko sjølvirnoiske typen. Men når det kjem til stykkje, så er det ikkje heilt likt meg. Eg har ofte fått kritikk for at eg for open, anten eg snakkar eller skriv om sex eller psyke, det merkelege livssynet mitt eller barnslege måtar å sjå livet på. Men eg er ærleg om det, og eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg ofte ser meg sjølv i speiglen og lurer på om eg eigentleg er litt tilbakeståande. 
Eg trur ikkje eg er det. Men det skjer at eg lurer litt. 

Akkurat no har eg ein liten nedtur. Det er ikkje så ille som det har vore tidlegare; kor mange gongar har eg ikkje site der med ein kniv eller eit tau i handa, omringa av tablettar eller stått på eit stup og vurdert å hoppe? 
Det er fortida mi. Dei siste fem-seks åra har eg jobba hardt med meg sjølv. Eg har klart å kome meg i jobb, eg føler meg lukkeleg, og eg slit ikkje lengjer med tanken på sjølvmord eller den evinnelege kjensla av at eg sit i eit svart hòl som eg aldri skal klare å kome ut av. Eg har sett at det er håp, og at det er ljos i enden av tunnelen. For ti år sidan såg eg ALDRI for meg at det skulle vere tilfellet. 

Men i det siste har eg merka at det har bygd seg opp ein vannvittig klump i magen, som eg kjempar mot dagleg. Ein trong til å skrike, grine, grave meg ned og forsvinne. Det er slitsamt. Vannvittig slitsamt. 
Her om dagen stod eg på jobb med ein så stor klump i halsen at eg måtte svelgje fleire gongar før eg prata til kundane. Den kjensla av at det ljoser av augo dine at panikken veks i deg, og den grusame murringa som startar i botn av magen og breier seg i heile kroppen, og du trur alle kan sjå korleis hendene dine skjelv. 
Eg overvann det denne gongen òg, men blei gåande og tenkje på det i dagane som følgde. Og no er me her. Eg er sliten. Forferdeleg sliten reint mentalt. 

Så kvifor? Kva er det som er grunnen til at dette skjer igjen? 
Vel, eg skreiv tidlegare i dag om korleis dette året har vore eit fysisk mareritt for meg. Ein ting var før, då immunforsvaret mitt var så godt som ikkje-eksisterande, og eg pådrog meg influensa berre nokon naus på fastlandet. Folk kunne i det minste sjå at eg stod der med rennande nase, blanke auge og var likbleik i trynet. Kaldsveitten rann og kroppen ga rett og slett opp. 
No er det mindre tydeleg at eg er sjuk. Ingen kunne sjå smerten i kneet mitt medan eg freista å halde meg på beina. Dei kunne sjå at eg halta, men smerten var det berre eg som kjende. Kor vondt det faktisk var. Det er ikkje direkte usynleg at eg går med ein kul i sida som har vokse til størrelsen av handflata mi på to dagar. Men den er gøymd under kleda. Det eg klarar å ha på meg, vel å merke: Tynne toppar som er minst mogleg borti meg. BH er ein gløymesak. Eg får vondt berre eg ser på dei. 
Den minste kontakt med noko som helst får meg til å skrike, og eg er freista til å kneble venstrearmen fast på brystet, for å vere sikker på at det ikkje kjem så mykje som eit fiber borti meg. 

Og då kjem det: Kjensla av å vere så borti natta ubrukeleg. Ein gryande angst for at omverda ikkje skal tru meg; at vener, familie, kollegaer og alle eg møter på min veg skal tru at eg diktar opp all elendigheita. Anten det skulle vere for sympati, eller for å sleppe å gjere noko. Så då sit eg der, med boblande dårleg samvit for kjærasten min som knapt kan få ta i meg fordi alt gjer vondt, for alt eg skulle ha gjort i hus og heim, for alt og alle eg føler eg forsømmer. Eg blir kvalm av heile opplegget. 
Det tek meg tilbake til ei tid der eg trudde eg skulle døy før eg fylte 30, og tankane om at eg ikkje dugde til ein skit og var ei belastning for alt og alle kring meg, og derfor burde ta livet av meg sjølv for å hindre at nokon måtte ta del i mine byrdar. Fysjom. Eg vil ikke dit igjen. 

Ein gong kjempa eg med nebb og klør og det vesle eg hadde av krefter for å få hjelp. Eg var så letta då eg omsider fekk kome til ein psykiater, men det tok ikkje mange vitjingane før han konkluderte med at eg var frisk nok til å avslutte behandlinga. Eg var ikkje imponert. Fordi om eg hadde ein liten periode der eg følte meg relativt ok, visste eg at det ville kome tilbake. Det gjorde jo alltid det. Og eg fekk rett; brått var alt det svarte og fæle tilbake, og eg bestemde meg for å kjempe på eigahand. 
Det har alltid vore masse fantastiske mennesker i livet mitt som ville hjelpe, men eg ville ikkje vere ein byrde. Ville ikkje at nokon skulle bry seg, bruke krefter på meg eller at eg skulle slite dei ut med mitt negative syn på livet, sjølvhat og alt som følgde med. 
Det som hjelpte meg, var å slutte å tenkje utover augenblinken. Eg lærte meg å leve NO, og ikkje tenkjer verken framover eller bakover. Litt typen “lev som om kvar dag er din (fyrste og) siste “. Og det funka! 
Eg slutta å bry meg om kva nokon i verda måtte tenkje om meg. Eg byrja å leve som MEG, og syns folk eg er sær og rart, så er det deira problem. Eg lærte å elske meg sjølv.

Hjernen gjer opprør av og til, sånn er det vel for dei fleste av oss. Og nokre gongar er det forferdeleg tungt. Eg er verdas heldigaste menneske, med ein jobb eg elskar, fantastiske vener, nydeleg familie (inkludert dei med poter og vengjer!!) ein kjæraste som elskar meg så høgt at han hintar frampå at han vil gifte seg med meg, og eg manglar ingenting. Så eg blir så sint på meg sjølv når eg er så priviligert og likevel slit med angst og depresjonar! Kor mange gongar har eg ikkje sparka meg sjølv i leggen og skjelt meg sjølv ut med både indre og ytre stemmer for at eg er så lite takksam? 
Fleire enn eg kan telje. 
Eg kan ikkje noko for at kroppen min har bestemd seg for å bryte saman og gjere livet mitt surt for meg. Det får bli den sitt problem. Eg er fast bestemd på å ikkje gje opp, men kravle ut av det dumme hòlet eg har snubla nedi, før eg når botn. Eg veit kor kjipt det er der nede. Skite er det òg. 
Så frå meg til meg sjølv: Ikkje gje opp. Du står snart rak i ryggen med begge beina på jorda igjen. 2018 var kanskje eit fysisk dritår, men du gror saman att, skal du sjå! Før du veit ordet av det, svingar du seidelen og feirar livet atter ein gong. For det er verd det. Kors på halsen.
 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg