Tilbake til normalen. Sort of.

Måndag landa flyet mitt på Flesland klokka 10.26, og totalt hadde eg fått litt over 4 timar søvn natta før. Det tok meg to RedBull nesten på rappen for å halde gluggane opne, og eg drog på ein koffert som kunne ha romma ein liten familie på campingtur. Ein sekk tung som bly, ein plastpose full i taxfree-varer og ei veske med naudsynte fly-artiklar over skuldera. Det bles nordavind frå alle kantar, og iskalde regndråpar var det fyrste som ynskja meg velkomen heim. 
Heim til Dùnedain, Pixiebelle, Khavelusk og pippegutta mine <3 Så får det heller vere at det blei mange timar på flyplassen, gørr-ekkel frukost (det var ikkje måte på kor mykje majones dei skulle putte i baguetten min som eg kjøpte i hurten og styrten, for ikkje å snakke om at eg ba om cola zero og fekk cola….Kunne ikkje forstå kvifor eg drakk og drakk, og var like tørst?! xD ) og eit aldri så lite overforbruk i taxfree’en. Men eg var flink; eg kjøpte INGEN kosmetikk, for eg har for nemleg bestemd meg for å bruke opp det eg har! :p 

Då Dùnedain omsider svinga inn framfor flyplassen, var verda heilt perfekt igjen. Me konkluderte begge to med at det er FÆLT å vere vekke frå kvarandre, og at me elskar kvarandre så masse at me blir litt svimle begge to, og at neste gong me reiser på ferie, skal me reise i lag. Me er så søte at ein kan få hòl i tenna av mindre….
Så reiste me avgarde og henta Elessär Eärendil, verdas nydelegaste vetle schäfer-gut. Dùnedain var, og er framleis, stolt som ein hane over nurket, og beibisen vår følgjer oss hakk i hæl kvar me enn går. Namnet hans er henta frå Ringenes Herre, sånn i tilfelle nokon lurte. Elessär var allereie bestemd (namnet til Aragorn då han blei konge), men den kvite stjerna i panna til voffen, gjorde at han i tillegg måtte få namnet Eärendil, etter Eärendil Sjøfareren, som bar Morgonstjerna i panna. Så der, sånn i tilfelle nokon lurte. 

Han er rett og slett perfekt. Han er audmjuk, utan å bli skremmande underdanig. Han lærer på 1-2-3, han er kosete, roleg, nyfiken, venleg mot alle….Kort sagt; ein herleg kosebamse med eit hjarte av gull. Han er til og med LANGT på veg stoverein, og dei små uhella som har vore må klandrast på oss som ikkje har reagert for nok når han har gitt beskjed. Han kan allereie sit og kom, har forstått namnet sitt, og eg kan rett og slett ikkje skryte meir av denne nye ungen min!! <3 

Resten av flokken er vel så som så når det kjem til synet på dette nye flokkmedlemet. Pixie furtar, for ho vil jo helst vere minstejenta og prinsessa i huset. Så ho furtar, og Elessär blir stort sett møtt med snerring og sure grynt. Me freistar å gje ho så masse merksemd som overhovud mogleg, sånn at ho ikkje skal føle at alt fokuset ligg på veslebroren, og eg tenkjer eg prøver å ta ho med til Krisse-papsen når moglegheita byr seg. 

Det er snakk om baby steps foreløpig, men det går betre og betre med forholdet mellom dei. Så me jobbar oss mot det målet at dei blir gode vener på sikt. Ingen har til no mista nokre lemmer, og Pixie bjeffar så absolutt meir enn ho bit! Det er ikkje akkurat den heilt store tanngarden å snakke om i kjeften på den jenta…

Khavi derimot, er noko ambivalent. 

Ho kavar seg ikkje opp på nokon måte, men er ein smule skeptisk om broren kjem for nær. Litt sutrete fordi ho ikkje får ut, men eg kjenner ho så godt at eg VEIT kva som skjer om eg slepp ho ut no. Det blir ei veke på hurra-tur, det! Ho nektar å kome heim før balansen er gjennoppretta….Og sidan Elessär no er her på permanent basis, så skjer ikkje det akkurat. Dermed er ho inne-bunden fram til ho har akseptert han. Heldigvis er ikkje Elessär på nokon måte overdrive innpåsliten eller aggressiv, så det går nok fortare enn eg i utgongspunktet frykta. Khavi er i tillegg ikkje ein pus som har vanskeleg for å akseptere andre dyr. 

Og dei to minste broremannane, Frost og Fimbul? Dei drit i heile den nye bikkja, bokstaveleg talt. I går var dei til og med på golvet og hoppa, og på det tidspunktet var det nok mamsen som var mest nervøs her! xD 

Alt i alt er eg pr. no verdas stoltaste 5-borns mor. Og innser at det så absolutt blir naudsynt å leite etter større kåk når det går mot vinter….

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg